diverse

Høyring av regional plan for Hardangervidda


Hårteigen og ein reinsflokk på Hardangervidda. Båe delar omfattast av den regionale planen. Foto: Anders Mossing

Hårteigen og ein reinsflokk på Hardangervidda. Båe delar omfattast av den regionale planen. Foto: Anders Mossing

Regional plan for Hardangervidda (2019-2035) er no på offentleg høyring. Frist for innspel er sett til 1. juli. Samstundes blir det halde fleire lokale høyringsmøte rundt vidda.

Den regionale planen for Hardangervidda blei vedteken i 2011. Arbeidet med rulleringa starta opp i 2017. Målsettinga med slike planar er blant anna å fastsetje ei langsiktig arealforvaltning som balanserer bruk og vern. Dei vil vera retningsgjevande for kommunal planlegging og gje føringar for statleg og fylkeskommunal sektorplanlegging. Planane skal vera eit ledd i oppfylginga av regjeringas samla politikk for fjellområda.

Les meir om dei regionale planane her.

I desse dagar gå det føre seg høyringsmøte rundt Hardangervidda i samband med rullering av den regionale planen. Alle tre fylkeskommunane har samrøystes vedteke å leggje planen ut til høyring, utan endringar i forhold til Hardangerviddarådets framlegg.

Høyringsdokumenta kan lastast ned her:

Høyringsfrist er 1. juli 2019.


Ellen Korvald frå Buskerud fylkeskommune er prosjektleiar for arbeidet. Arkivfoto: Anders Mossing

Ellen Korvald frå Buskerud fylkeskommune er prosjektleiar for arbeidet. Arkivfoto: Anders Mossing

Fleire detaljar om både høyringa og dei lokale høyringsmøta er å finne på www.fylkesdelplan-hardangervidda.no.

I kveld, 22. mai, er det ope møte på Skinnarbu i Tinn kommune. Det har elles vore ope møte i Nore og Uvdal den 20. mai. Tysdag 28. mai er det siste møtet. Dette skal haldast på Hotell Ullensvang i Lofthus.

I etterkant skal alle innkomne innspel samanstillast og utgjera grunnlaget for vidare møte i administrativ gruppe og styringsgruppa. Det er Ellen Korvald frå Buskerud fylkeskommune og Lars Bjaadal frå Telemark fylkeskommune som leier møta.

villrein.no – Anders Mossing/Kjell Bitustøyl

Fellingskvoter i Sogn og Fjordane


Villreinnemnda for Sogn og Fjordane har vedtatt kvote for sine fem områder. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Villreinnemnda for Sogn og Fjordane har vedtatt kvote for sine fem områder. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Villreinnemnda for Sogn og Fjordane har nylig vedtatt fellingskvote for Svartebotnen, Sunnfjord, Førdefjella, Lærdal-Årdal og Vest-Jotunheimen. Totalt 103 dyr kan felles i disse områdene.

Fellingskvoten har følgende fordeling:

  • Svartebotnen: 23 løyver, derav 10 fridyr, 7 simle/ungdyr og 6 kalv.

  • Sunnfjord: 15 løyver, derav 5 fridyr, 5 simle/ungdyr og 5 kalv.

  • Førdefjella: 10 løyver, derav 2 fridyr, 4 simle/ungdyr og 4 kalv.

  • Lærdal-Årdal: 15 løyver, der alle er fridyr. Kvote tildelt med bakgrunn i å maksimere verdien av hvert løyve i forhold til prøveinnsamling for skrantesjuke.

  • Vest-Jotunheimen: 40 løyver, derav 24 fridyr, 16 simle. Kun voksne dyr tildelt med bakgrunn i prøveinnsamling for skrantesjuke.

Villreinnemnder er offentlige nemnder hvor medlemmer og varamedlemmer er oppnevnt av Miljødirektoratet. Oppnevningen foretas etter forslag fra hver kommune som har villreinareal, om en kvinnelig og en mannlig kandidat innenfor den enkelte nemnds virkeområde. Nemnda er underlagt direktoratets instruksjonsmyndighet, og nemndas oppgaver er gitt i direktoratets forskrifter.


Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Gjennom forskriftsendringen ble de tidligere 23 villreinnemndene slått sammen til ni regionale nemnder i 2007. De fleste nemndene har ansvar for forvaltningen av flere villreinområder. Villreinnemnda for Sogn og Fjordane dekker områdene Svartebotnen, Sunnfjord, Førdefjella, Lærdal-Årdal og Vest-Jotunheimen. Villreinnemndenes oppgaver består blant annet i godkjenning av bestandsplaner og fastsetting av årlige fellingskvoter for villrein, samt å delta i arealforvaltningen i fylker og kommuner med sikte på bevaring og bærekraftig forvaltning av villreinens leveområder.

Oppnevning av villreinnemnder følger kommunevalgperioden, det vil si at representantene i villreinnemndene sitter i 4 år. Siste kommunevalg var høsten 2015, og de eksisterende villreinnemndene ble konstituert i februar 2016. 2019 er valgår til kommunestyrer og fylkesting. Nye nemnder skal etter planen bli konstituert på nyåret i 2020.

Last ned oversikten over fellingskvoter for ovennevnte områder her.

Ytterligere detaljer knyttet til vedtaket kan fås ved henvendelse til sekretariatet for nemnda v/Siri W. Bøthun post@sbnatur.no eller 975 14 784.

villrein.no – Anders Mossing

Nye bestandsplanar i Setesdalsområdet


Foto: Anders Mossing

Foto: Anders Mossing

Villreinnemnda for Setesdalsområdet har nyleg vedteke nye bestandsplanar for perioden 2019-2023. Slike planar er utarbeidd av villreinlaga og skal bidra til ei berekraftig forvaltning av villreinen i villreinområda, med omsyn til bestandstorleik og bestandsutvikling.

Setesdal Ryfylke

I førre perioden, dvs. frå 2014 til 2018, var målet at vinterstamma i Setesdal Ryfylke villreinområde i sør skulle aukast til 1500 dyr, medan ein søkte å stabilisere stamma i nord på 2000 dyr. Status per i dag er at ein har til saman 3300 vinterdyr – 2000 i nord og ca. 1300 i sør. Dyras kvalitet i høve til kalvetilvekst er god og stabil og storbukkprosenten ligg på 20-22 %. Dette meiner ein er innafor bestandsmåla frå førre periode.

Hovudmålet for komande periode er å bidra til at dyra brukar ein større del av området. No vil ein òg setje seg som mål å gradvis auke talet på vinterdyr i sør frå 1300 til ca. 2000 dyr. Samla for Setesdal Ryfylke villreinområde ynskjer ein ikkje at bestanden skal bli større enn 4000 vinterdyr.

Kondisjon og kalvetilvekst skal ein halde ved lag innafor eit akseptabelt nivå. I høve til storbukkprosenten skal denne i løpet av perioden aukast opp mot 25 %.

Ved å auke stamma i sør vil ein kunne utvide villreinen sin bruk av areal i sør. Det same med målsetjinga om å auke storbukkprosenten. Ei føresetnad for å få dette til er i fylgje villreinnemnda at dyra ikkje blir hindra av ulike barrierar.

For 2019 har nemnda òg vedteke Setesdal Ryfylke villreinlag sin avskytingsplan med ei kvote på 2170 dyr, fordela på 14 % frie dyr, 36 % simle og 50 % kalv.

Setesdal Austhei

Hovudmålet for Setesdal Austhei villreinområde er at villreinbestanden skal haldast på eit nivå som ikkje reduserer beitegrunnlaget og som blir forvalta på ein måte som gjev sunne og livskraftige dyr. Målet for villreinbestanden er at denne i løpet av planperioden skal aukast opp mot 1500 vinterdyr. Dette i motsetning til førre periode, der ein hadde som delmål å redusere stamma til 1500 dyr. Forklaringa på dette er at ein i førre perioden fekk ein uventa kraftig reduksjon i stamma, noko som kan ha å gjera med utvandring.


Foto: Anders Mossing

Foto: Anders Mossing

Storbukkprosenten skal haldast på minst 20 %. Kvaliteten på dyra i Setesdal Austhei blir i dag rekna som god, og kalveproduksjonen er høg. At ein i mars 2019 har GPS-merka fire dyr i villreinområdet, vil kunne gjera det lettare å få til gode teljingar i planperioden.

Som for mange andre villreinområde blir det også her lagt vekt på at hovudutfordringa er knytt til arealforvaltning. Dette kjem også til uttrykk i bestandsplanen der Setesdal Austhei villreinlag, som har utarbeidd planen, skal bidra til å hindre utbygging og andre aktivitetar som hindrar reines bruk av trekkvegar og tilgang til beiteressursar.

For 2019 har nemnda òg vedteke Setesdal Austhei villreinlag sin avskytingsplan med ei kvote på 300 dyr, fordela på 15 % frie dyr, 20 % simle, 20 % simle/ungdyr og 45 % kalv.

Last ned bestandsplan 2019-2023 for Setesdal Ryfylke her.

Last ned bestandsplan 2019-2023 for Setesdal Austhei her.

Last ned møteboka for villreinnemndas “vårmøte” her.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Skule Waksvik har laga fleire reinsdyrskulpturar


Dette er eit utkast, ein liten skulptur, til ein Selvaag-skulptur, med tittel "Fire reinsdyr på flukt". Foto: Guro Waksvik

Dette er eit utkast, ein liten skulptur, til ein Selvaag-skulptur, med tittel “Fire reinsdyr på flukt”. Foto: Guro Waksvik

Skule Waksvik (1927-2018) er født i Trondheim og er den fremste dyreskulptøren me har hatt her i landet. Han har laga fleire skulpturar av dyr enn nokon annan norsk kunstnar.

Waksvik var elev av Per Palle Storm og har utført fontener og offentlege skulpturar i ei rad norske og utanlandske byar. Slik han fokuserer på dyr, knyter han seg heilt tilbake til reinsdyra i helleristningane, skriv arkitekten Arnstein Arneberg.

Inspirasjon


Skulptur bygd på utkastet "Fire reinsdyr på flukt", plassert ved bustadfeltet Fossum Terrasse i Eiksmarka i Bærum. Foto utlånt frå A/S Selvaagbygg

Skulptur bygd på utkastet “Fire reinsdyr på flukt”, plassert ved bustadfeltet Fossum Terrasse i Eiksmarka i Bærum. Foto utlånt frå A/S Selvaagbygg

Inspirasjon til å modellere reinsdyr har Skule Waksvik henta frå Jotunheimen, fyrst og fremst. Der var han ein svært interessert deltakar under tamreinslaktingane. “Her fotograferte, tegnet og målte han opp dyrene, han ønsket å få rede på så mange detaljer som mulig om de firbente modellene sine før han skulle gi dem et kunstnerisk uttrykk”. Dette skriv Arvid Møller i boka “Skule Waksvik” (2007).

Dotter av Skule Waksvik, Guro Waksvik, fortel at ho var saman med far sin fleire gonger til fjells blant anna i Breheimen. Der opplevde dei ein morgon i Styggevassbu (no neddemd) ein reinsflokk rett utanfor vindauget.

Dei viktigaste reinsdyrskulpturane til Skule Waksvik er frå perioden 1966-1968, då hadde han etablert eit samarbeid med Olav Selvaag i A/S Selvaagbygg som dreiv bustadbygginging i stor stil og gjorde mange innkjøp av skulpturar, ikkje minst frå Skule Waksvik. Men det offentlege gjorde òg innkjøp, blant anna ein reinsbukk som finst på 3-4 ulike stadar.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Bukkejakt og fremskyndet jakt?


Det ligger an til mange tunge bører med høy bukkeandel i kvotene. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Det ligger an til mange tunge bører med høy bukkeandel i kvotene. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Miljødirektoratet har akkurat sendt forslag om endring av jakttid for villrein på Hardangervidda og i Nordfjella for 2019 og 2020 ut på høring. Fristen for høringsinnspill er 31. mai 2019.

Bakgrunn for denne høringen er søknader fra Hardangervidda villreinutval, villreinnemnda for Hardangerviddaområdet og villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell om dispensasjon fra ordinære jakttider på villrein. Et sentralt moment for disse søknadene er et mål om raskest mulig å kunne avklare hvorvidt skrantesjuke eksisterer i bestandene i disse to områdene.

Hardangervidda

På Hardangervidda vedtok utvalet et kvoteforslag med 6000 reine bukkekort (bukk 2,5 år og eldre). For å unngå felling av brunstige bukker, ønsket villreinutvalget å stoppe jakta 22. september. For å beholde den effektive jakttiden, ønsket de også å kunne fremskynde jaktstarten til 10. august. Villreinnemnda har i etterkant fulgt opp utvalets forslag i sitt vedtak. Nemnda har i tillegg søkt om at jakttiden på arealer nord for Rv 7 på Hardangervidda samkjøres med Nordfjella sone 2. Dette er òg fulgt opp i vedtaket til villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell

Nordfjella sone 2

I Nordfjella har både utvalet og villreinnemnda gjort kvotevedtak om 300 dyr i sone 2, fordelt på 150 reine bukkekort (bukk 2,5 år og eldre), 100 frie dyr og 50 kalv. De søker videre om dispensasjon fra jakttidsforskriften, for å kunne åpne for bukkejakt i forkant av ordinær jakt, nærmere bestemt fra 1. august til 19. august.

Miljødirektoratet skriver bl.a. i sin vurdering at de normalt ønsker at felling av villrein skal skje innenfor de sentralt fastsatte jakttidene som er 20. august til 30. september, men at man nå med bakgrunn i oppdagelse av skrantesjuke er i en forvaltningssituasjon som avviker fra normalen. Et sentralt moment i deres vurdering er videre at de ønsker å legge til rette for tiltak som kan bidra til å friskmelde bestandene, for deres egen del, men også for å kunne reetablere Nordfjella sone 1 med rein fra sone 2 og/eller Hardangervidda.

Miljødirektoratet ønsker nå å høre på forslagene om endret jakttid og skisserer i sitt høringsnotat to ulike forslag.

Forslag 1

  • § 1. Endret startdato for jakt på villreinbukk i Nordfjella villreinområde: startdato for jakt på villreinbukk 2,5 år eller eldre endres fra 20. august til 1. august for Nordfjella villreinområde i 2019 og 2020.

  • § 2. Endret jakttid for villreinbukk i Hardangervidda villreinområde: jakttid på villreinbukk 2,5 år eller eldre endres fra 20. august – 30. september til 10. august – 22. september for Hardangervidda villreinområde sør for Rv 7 i 2019 og 2020. Jakttid på villreinbukk 2,5 år eller eldre endres fra 20. august – 30. september til 1. august – 22. september for Hardangervidda villreinområde nord for Rv 7 i 2019 og 2020.

  • § 3. Følgende myndighet til å fastsette forskrift er delegert til Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet: i perioden 23. september til 30. september kan Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet utvide jakttida for villreinbukk 2,5 år eller eldre når særlige bestandsmessige behov foreligger. Dette gjelder i 2019 og 2020.

  • § 4. Ikrafttredelse: Forskriften trer i kraft straks.

Forslag 2

  • § 1. Endret startdato for jakt på villreinbukk i Nordfjella villreinområde: startdato for jakt på villreinbukk 2,5 år eller eldre endres fra 20. august til 10. august for Nordfjella villreinområde i 2019 og 2020.

  • § 2. Endret jakttid for villreinbukk i Hardangervidda villreinområde: jakttid på villreinbukk 2,5 år eller eldre endres fra 20. august – 30. september til 10. august – 22. september for Hardangervidda villreinområde i 2019 og 2020.

  • § 3. Følgende myndighet til å fastsette forskrift er delegert til Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet: i perioden 23. september til 30. september kan Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet utvide jakttida for villreinbukk 2,5 år eller eldre når særlige bestandsmessige behov foreligger. Dette gjelder i 2019 og 2020.

  • § 4. Ikrafttredelse: forskriften trer i kraft straks.

Les mer om vurderingene og forslagene i høringsnotatet her.

Last ned høringsbrevet her.

villrein.no – Anders Mossing

Utvida jakttid i Brattefjell-Vindeggen og Blefjell?


I Brattefjell-Vindeggen og på Blefjell ynskjer ein forlenga jakt til hausten, blant anna fordi reinen bruker skogsområde i store delar av jakta. Foto: Anders Mossing

I Brattefjell-Vindeggen og på Blefjell ynskjer ein forlenga jakt til hausten, blant anna fordi reinen bruker skogsområde i store delar av jakta. Foto: Anders Mossing

I Brattefjell-Vindeggen og på Blefjell ynskjer å utvide jakta hausten 2019, frå og med 1. oktober til og med 14. oktober. Framlegget er no sendt ut på høyring.

I sakspapira frå villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell heiter det at ein for båe to områda ynskjer å utvide jakttida for å få med to helgar i oktober. Villreinnemnda har òg gjort fylgjande vedtak om kvote:

Kvota i Brattefjell-Vindeggen er på 450 dyr fordelt på 20 % fridyr, 40 % simle/ungdyr, og 40 % kalv. Ein føresetnad for å få høve til utvida jakt er at avskytinga innan 20. september er færre enn 120 dyr.

For Blefjell gjeld tilsvarande tal av ein kvote på 103 dyr: 10 % bukk under 60 kg, 10 % bukk over 60 kg, 20 % simle 2,5 år og eldre, samt 60 % kalv/ungdyr. Ein føresetnad for å få høve til utvida jakt er at avskytinga innan 20. september er færre enn 25 dyr.

Bakgrunn

I 2018 vart det i Brattefjell-Vindeggen berre felt 58 dyr av ein kvote på 400 ved utgangen av september, etter utvida jakttid blei det felt 60 dyr i tillegg.

Tilsvarande tal for Blefjell er 13 dyr innan ordinær tid, medan 6 dyr blei felt i den utvida jakttida. I både 2016 og 2017 blei det på Blefjell felt totalt 29 dyr, medan den forventa avskytinga for alle tre åra var på 35 dyr.

Den låge fellinga i Brattefjell-Vindeggen kjem av at dyra held seg i skogen utanfor villreinområdet og berre i stutte periodar er å finne på fjellet, og då helst mot slutten av jakta. Ei mogleg årsak kan vera betre tilgang på beite, for eksempel sopp, samt forstyrring av fotturistar på fjellet. Det blir sett på som viktig at stamma ikkje veks seg større i høve til beitegrunnlaget i området. Villreinnemnda oppmodar elles jegerar til ikkje å felle vaksen bukk i den utvida jakttida.

Ein liknande situasjon er det på Blefjell, dei siste åra har dyra kome seint opp i fjellet, og det er difor nødvendig med ei utvida jakt for å sikre tilstrekkeleg felling. Villreinnemnda ser det som problematisk for eit lite villreinområde som Blefjell viss vinterstamma veks over 150 vinterdyr.

Last ned alle dokument med vedlegg her:

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Reinsdyrskulpturar – bilethoggaren Dyre Vaa


Bronseskulpturen "Reinsbukken" av Dyre Vaa ved Bø Gymnas i Bø. Frå 1955. Foto: Kjell Bitustøyl

Bronseskulpturen “Reinsbukken” av Dyre Vaa ved Bø Gymnas i Bø. Frå 1955. Foto: Kjell Bitustøyl

Reinsdyr har vore modell for fleire kjende bilethoggarar, men me finn ikkje mange slike skulpturar. Villrein.no vil presentere dei bilethoggarane det har vore mogleg å finne fram til – ein om gongen.

Den eldste me kjenner til er Dyre Vaa (1903-1980). Han voks opp i Kviteseid i Telemark, men slekta var frå Rauland, og kan hende opplevde han villrein alt frå han var liten då han var på besøk i Rauland. Seinare, midt på 1930-talet, busette han og familien seg i Rauland for ein lengre periode . Han var interessert i rein og fjell og hadde ein fjelleigedom ved Bitdalsvatn, eit område med lange tradisjonar frå jakt og fangst, men òg frå ein periode med tamreindrift.

Dyre Vaa var godt etablert som bilethoggar då han midt på 1930-talet vann ein konkurranse om utsmykking av Ankerbrua i Oslo. Dyre Vaa’s vinnarutkast “Mennesket møter naturen” bestod av fire “eventyrfigurar”, éin av dei var Peer Gynt på ryggen av reinsbukken. Dei andre var Veslefrikk med fela, Kari Trestakk og Kvitebjørn kong Valemon.


Bronseskulpturen “Peer Gynt” av Dyre Vaa på Ankerbrua i Oslo. Frå 1937. Foto: Kjell Bitustøyl

Bukken “Per” stod modell

“Til den prektige reinsbukken som han lot Peer Gynt ri på under det ville rittet langsmed Besseggen, hadde han stor hjelp i et prakteksemplar han kom over på Haukeliseter.” Dette skriv Einar Østvedt i boka om Dyre Vaa. På Haukeliseter hadde familien Pretsegård ein tam reinsbukk, køyrereinen “Per”, som opphavleg hadde kome frå Setesdal, frå Byklehei tamreinlag. Bukken Per var ein kjent “maskot” på Haukeliseter i 1930-åra, bukken blei brukt til å frakte folk og varer, høy o.l. Skissene Dyre Vaa gjorde var altså basisen for Peer Gynt-skulpturen som er å finne på brua over Akerselva.

Mange år seinare, i 1956, vann Dyre Vaa ein ny konkurranse, om ein skultptur på plassen ved Bø Gymnas, i Bø i Telemark. Då henta bilethoggaren fram skissene av bukken frå Haukeliseter på nytt og modellerte ein ny rein, berre kalla Reinsbukken, denne gongen i ein heilt annan positur.

Båe skulpturane er støypt i bronse og er kjende skulpturar i norsk biletkunst.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

God påske til alle våre lesere


Det nærmer seg kalving, og drektige simler er spesielt sårbare for forstyrrelser. Foto: Anders Mossing

Det nærmer seg kalving, og drektige simler er spesielt sårbare for forstyrrelser. Foto: Anders Mossing

Norsk villreinsenter og Villreinrådet i Norge ønsker med dette alle våre lesere en riktig god påske. Seinvinter og vår er en sårbar periode for villreinen, og dyrene trenger ro før kalving. Ta hensyn til dyrene når du skal på fjelltur.

Etter en lang vinter på “sparebluss” har villreinen lite energiressurser å avse til unødig flukt. Dette gjelder dyr av begge kjønn, men drektige simler er spesielt sårbare. De har behov for fred og ro til å bygge opp fettreservene frem mot kalvingen i mai måned.


Rein som blir skremt forbruker mye unødig energi. Foto: Anders Mossing

Rein som blir skremt forbruker mye unødig energi. Foto: Anders Mossing

Du som ferdes i fjellet i påsken kan med relativt enkle grep unngå å forstyrre villreinen. Unngå områder der det er kjent at villreinen kan oppholde seg på denne årstiden. Snakk med lokalkjente om du er usikker. Skulle du allikevel treffe på villrein på turen, hold god avstand og pass på vindretningen. Reinen har meget god luktesans og kan lukte oss på langt hold om vinden går fra deg mot dyrene. Nyt synet gjennom en kikkert, fremfor å bevege deg nærmere. Husk også at det er båndtvang fra 1. april.

God tur og god påske!

villrein.no – Anders Mossing

Justerer kvoteforslaget på Hardangervidda


Utvalget justerer kvoteforslaget etter intern høring. De ønsker 6000 bukk på årets kvote. Foto: Anders Mossing

Utvalget justerer kvoteforslaget etter intern høring. De ønsker 6000 bukk på årets kvote. Foto: Anders Mossing

Villreinutvalget for Hardangervidda har hatt kvoteforslag på høring og avholdt sitt vårmøte. Nå er deres endelige kvoteanbefaling klar. 6000, og ikke 7000, er konklusjonen fra utvalget.

I en intern høring blant rettighetshavere og fjellstyrer foreslo utvalget opprinnelig en kvote på 7000 dyr, og kun bukk 2,5 år og eldre.

Les også “Foreslår rein bukkejakt på Hardangervidda” (villrein.no).

Etter høringen er kvoteforslaget justert til 6000 dyr, fortsatt med kun bukk 2,5 år og eldre. Utvalget anbefaler fortsatt en jakttid f.o.m. 10. august t.o.m. 22. september. Dette krever vedtak i Miljødirektoratet. Anbefalingen er nå oversendt villreinnemnda for Hardangerviddaområdet for behandling. Utvalget skriver også i sitt vedtak, at dersom det ikke blir mulig å tildele en kvote i henhold til deres anbefaling, forbeholder de seg retten til å komme med et annet kvoteforslag.

Les mer i endelig kvoteanbefaling her.

villrein.no – Anders Mossing

Ny driftsplan i Nordfjella


Den nye driftsplanen for sone 2 har bl.a. en målsetning om “overskudd” av dyr, som kan overføres sone 1 mot slutten av planperioden. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Den nye driftsplanen for sone 2 har bl.a. en målsetning om “overskudd” av dyr, som kan overføres sone 1 mot slutten av planperioden. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Villreinutvalet for Nordfjella har akkurat vedtatt en ny driftsplan for sone 2. Planen gjelder for perioden 2019-2023, og skal til behandling i villreinnemnda i dag, 11. april. En vesentlig målsetning er å bygge opp bestanden, som grunnlag for overføring til sone 1.

Dette er den sjette driftsplanen for Nordfjella villreinområde. Den aller første ble vedtatt i 1993. Slike driftsplaner/bestandsplaner er hjemlet i § 27 i “Forskrift om forvaltning av hjortevilt”. Det står det bl.a. at:


Foto: Anders Mossing

Foto: Anders Mossing

“Villreinnemnda kan godkjenne en flerårig, maksimalt femårig, bestandsplan utarbeidet av villreinutvalg/grunneiersammenslutning. Bestandsplanen skal som hovedregel omfatte hele villreinområdet, og inneholde mål for bestandsstørrelse og -utvikling, årlig avskytingsplan fordelt på alder og kjønn, oversikt over hvilke bestandsdata som skal samles inn og hvilke tiltak som er planlagt gjennomført”.

Den nye planen er selvsagt påvirket av situasjonen med skrantesjuke i sone 1. Bestanden i sone 1 ble sanert etter påvisning av sykdommen. Hovedmålsetningen i sone 2 er at man i løpet av planperioden, både kan friskmelde egen bestand, men også ha et bestandsnivå som muliggjør overføring av dyr til sone 1. I tillegg legger de opp til at bestanden har en kjønns- og aldersstruktur som vil være i henhold til mulige føringer i en kommende kvalitetsnorm for villrein.

Les også “Forslag til kvalitetsnorm” (villrein.no)

Villreinutvalet har som siktemål at man mot slutten av planperioden har en bestand i sone 2 på 600-800 dyr. Gjennom et årlig jaktuttak på 110-120 dyr, med høy andel bukk, vil man antakelig også oppnå 99 % sikkerhet for smittefrihet i samme periode. Mot slutten av planperioden legger de opp til at årlig tilvekst i sone 2 ikke tas ut gjennom jakt, men overføres sone 1.

Les utvalets driftsplanutkast her.

villrein.no – Anders Mossing