Skule Waksvik har laga fleire reinsdyrskulpturar


Dette er eit utkast, ein liten skulptur, til ein Selvaag-skulptur, med tittel "Fire reinsdyr på flukt". Foto: Guro Waksvik

Dette er eit utkast, ein liten skulptur, til ein Selvaag-skulptur, med tittel “Fire reinsdyr på flukt”. Foto: Guro Waksvik

Skule Waksvik (1927-2018) er født i Trondheim og er den fremste dyreskulptøren me har hatt her i landet. Han har laga fleire skulpturar av dyr enn nokon annan norsk kunstnar.

Waksvik var elev av Per Palle Storm og har utført fontener og offentlege skulpturar i ei rad norske og utanlandske byar. Slik han fokuserer på dyr, knyter han seg heilt tilbake til reinsdyra i helleristningane, skriv arkitekten Arnstein Arneberg.

Inspirasjon


Skulptur bygd på utkastet "Fire reinsdyr på flukt", plassert ved bustadfeltet Fossum Terrasse i Eiksmarka i Bærum. Foto utlånt frå A/S Selvaagbygg

Skulptur bygd på utkastet “Fire reinsdyr på flukt”, plassert ved bustadfeltet Fossum Terrasse i Eiksmarka i Bærum. Foto utlånt frå A/S Selvaagbygg

Inspirasjon til å modellere reinsdyr har Skule Waksvik henta frå Jotunheimen, fyrst og fremst. Der var han ein svært interessert deltakar under tamreinslaktingane. “Her fotograferte, tegnet og målte han opp dyrene, han ønsket å få rede på så mange detaljer som mulig om de firbente modellene sine før han skulle gi dem et kunstnerisk uttrykk”. Dette skriv Arvid Møller i boka “Skule Waksvik” (2007).

Dotter av Skule Waksvik, Guro Waksvik, fortel at ho var saman med far sin fleire gonger til fjells blant anna i Breheimen. Der opplevde dei ein morgon i Styggevassbu (no neddemd) ein reinsflokk rett utanfor vindauget.

Dei viktigaste reinsdyrskulpturane til Skule Waksvik er frå perioden 1966-1968, då hadde han etablert eit samarbeid med Olav Selvaag i A/S Selvaagbygg som dreiv bustadbygginging i stor stil og gjorde mange innkjøp av skulpturar, ikkje minst frå Skule Waksvik. Men det offentlege gjorde òg innkjøp, blant anna ein reinsbukk som finst på 3-4 ulike stadar.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing