Reinsdyrskulpturar – bilethoggaren Dyre Vaa


Bronseskulpturen "Reinsbukken" av Dyre Vaa ved Bø Gymnas i Bø. Frå 1955. Foto: Kjell Bitustøyl

Bronseskulpturen “Reinsbukken” av Dyre Vaa ved Bø Gymnas i Bø. Frå 1955. Foto: Kjell Bitustøyl

Reinsdyr har vore modell for fleire kjende bilethoggarar, men me finn ikkje mange slike skulpturar. Villrein.no vil presentere dei bilethoggarane det har vore mogleg å finne fram til – ein om gongen.

Den eldste me kjenner til er Dyre Vaa (1903-1980). Han voks opp i Kviteseid i Telemark, men slekta var frå Rauland, og kan hende opplevde han villrein alt frå han var liten då han var på besøk i Rauland. Seinare, midt på 1930-talet, busette han og familien seg i Rauland for ein lengre periode . Han var interessert i rein og fjell og hadde ein fjelleigedom ved Bitdalsvatn, eit område med lange tradisjonar frå jakt og fangst, men òg frå ein periode med tamreindrift.

Dyre Vaa var godt etablert som bilethoggar då han midt på 1930-talet vann ein konkurranse om utsmykking av Ankerbrua i Oslo. Dyre Vaa’s vinnarutkast “Mennesket møter naturen” bestod av fire “eventyrfigurar”, éin av dei var Peer Gynt på ryggen av reinsbukken. Dei andre var Veslefrikk med fela, Kari Trestakk og Kvitebjørn kong Valemon.


Bronseskulpturen “Peer Gynt” av Dyre Vaa på Ankerbrua i Oslo. Frå 1937. Foto: Kjell Bitustøyl

Bukken “Per” stod modell

“Til den prektige reinsbukken som han lot Peer Gynt ri på under det ville rittet langsmed Besseggen, hadde han stor hjelp i et prakteksemplar han kom over på Haukeliseter.” Dette skriv Einar Østvedt i boka om Dyre Vaa. På Haukeliseter hadde familien Pretsegård ein tam reinsbukk, køyrereinen “Per”, som opphavleg hadde kome frå Setesdal, frå Byklehei tamreinlag. Bukken Per var ein kjent “maskot” på Haukeliseter i 1930-åra, bukken blei brukt til å frakte folk og varer, høy o.l. Skissene Dyre Vaa gjorde var altså basisen for Peer Gynt-skulpturen som er å finne på brua over Akerselva.

Mange år seinare, i 1956, vann Dyre Vaa ein ny konkurranse, om ein skultptur på plassen ved Bø Gymnas, i Bø i Telemark. Då henta bilethoggaren fram skissene av bukken frå Haukeliseter på nytt og modellerte ein ny rein, berre kalla Reinsbukken, denne gongen i ein heilt annan positur.

Båe skulpturane er støypt i bronse og er kjende skulpturar i norsk biletkunst.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing