diverse

Reinbeiteovervaking – 3D skanning, fjernmålingsbasert kartlegging og bakkeskanning

Reinbeiteovervaking – 3D skanning, fjernmålingsbasert kartlegging og bakkeskanning

Publisert: 22.11.2021

I 2008 blei det arrangert eit seminar på Norsk villreinsenter sør om «Fjernmålingsbasert kartlegging for overvåking av reinbeiter og fjellvegetasjon». Sidan den gong har det runne mykje vatn i havet, og ikkje minst: ny teknologi har opna opp for nye metodar. Me har gjort ein intervjurunde med nokre av dei som er involvert i temaet.

Kolle med rikt lavbeite. Fra kartlegginga i Nordfjella. Foto: Leif Kastdalen

Anders Mossing, fagkonsulent ved Norsk villreinsenter sør (NVS), deltok på nemnde seminar og var òg med å skrive rapporten frå 2008I høve til temaet stiller han fylgjande spørsmål: Kva er det me vil fortelje med slike typar beiteundersøkingar? Svaret er: Det handlar om å undersøkje kvalitet og volum på beita som finst, og det handlar om å kartleggje og dokumenter dei endringane me ser over tid, ofte knytt til klimaproblematikk, men òg til svingingar i reinbestandane. Til det siste kan sjølvsagt føyast til at nedbeiting av lavmatter og vinterbeiteproblematikk var eit tema innafor villreinforskinga lenge før dagens teknologi kom i bruk.

I 2008 skriv ein at bruken av fjernmålingsdata til kartlegging av areal er inne i ei rask utvikling, noko som er særs relevant for villreinforvaltninga. Og hovudmålet for seminaret i 2008 var å samle fagfolk og prøve å koma fram til eigna metodar og eventuelle samarbeidspartnarar for å få til meir permanente overvakingsprogram basert på fjernmåling.

Professor ved USN Jan Heggenes
Tråkkskader på beite Trass i at dette er mange år sidan, har ein enno ikkje fått meir permanente overvakingsprogram basert på fjernmåling. Men mykje har likevel skjedd. Kvalitetsnorm 2 omhandlar dette temaet. Og for tida er det to doktorgradsstudentar, Leif Kastdalen og Marijanne Holtan, ved Universitetet i Sør-Øst Norge (USN) som driv med kartlegging av beiteforholda til villreinen, litt på kvar sin måte og med ulike metodar. Han som samordnar dette og har det overordna blikket, er professor Jan Heggenes ved USN. Saman med to andre forskarar ved USN, Dag K. Bjerketvedt og Arvid Odland, har Heggenes blant anna drive med kartlegging av lavmatter på snøfattige rabbar. Eit tema har vore tråkkeffekt og spill i slike lavmatter. I dette arbeidet har dei blant anna nytta 3D-laserskanning for å rekne ut endringar i volum, altså eit forsøk på å kvantifisere effekten av at reinsdyra trør i «maten». Slikt tap viser seg å kunne vere vesentleg. Men ein særs viktig variabel her er kor fuktige slike lavmatter er med tanke på om lavet reiser seg att etter tråkk, eller om lavet går «til spille». Det skal ikkje mykje fuktigheit til før tapet blir sterkt redusert eller borte. Ein interessant detalj verdt å nemne er at om volumtapet er stort, skjer det at det i botnen av slike «klauvavtrykk» i lavet vil liggje att små lavfragment. Desse kan bli spreidd med vinden og med det bli opphav til spreiing av lav. Eit anna moment som Jan Heggenes er inne på i ei samtale, er dette med at forstyrring kan vera éin grunn til at reinen trør ned beitet. Vidare lesing: Heggenes_et_al-2017-Ecology_and_Evolution

Leif Kastdalen Foto: Randi Storaas

Fjernanalyse av beitetilhøve – nye metodar

Leif Kastdalen er den eine av dei to nemnde doktorgradsstudentane. Han har over tid arbeidd med temaet fjernanalyse av beite basert på fly- og satellitt foto. Å analysere detaljerte flyfoto over store fjellområde krev mykje datakraft. Til dømes utgjer eit samansett bilete berre av Hardangervidda ein datamengd på meir enn 2,5 Tb, og slike datamengder kan ikkje analyserast på egne datamaskinar. For å få bearbeidd flyfoto over villreinområda i sør drog Kastdalen heilt til Australia for nokre år sidan. Der fekk han frå meir enn 12 000 enkeltfoto laga nokre få samanhengande fotomosaikkar til ein oppløysing på 25 cm.

Det utsnittet viser områda der ein fekk tilrettelagt flyfoto i Australia. For dette området har ein no bilete frå flyfoto i 25 cm oppløysing som er tilrettelagt slik at dei kan analyserast på same måte som for satellittdata.

Kastdalen arbeider no mest med Hardangervidda. Det handlar om å kjenne att kva som finst på bakken gjennom fly- og satellittfoto, slik at vegetasjon i store fjellområder kan kartleggast ned til ein meter eller betre. Den nye teknologien gjer det mogleg å kjenne att lavbeite, fylgje med på tidspunkt for snøsmelting, og med det kva plantesamfunn som smeltar fram. Spesielt interessant med tanke på klimaendringane er, på detaljert nivå, å kunne rekne ut tidspunkt for snøsmelting, ein av dei viktigaste faktorar som avgjer kva planter som kan vekse på ein gjeven stad. Noko anna er måling av beiteressursar, som til dømes lavbeite. Ved opptak gjennom snøsmeltingsperioden frå dei nyaste satellittane, som fotograferer med ein detaljrikdom heilt ned til ei oppløysing på 30 cm, jobbar Kastdalen med å utvikle ein modell der snøsmeltingstidspunkt for eit areal på 1×1 meter kan bli berekna utifrå nedbør og temperatur.

Kastdalen nyttar seg òg av eldre satellittfoto. Heilt sidan 1985 har Noreg blitt fotografert med satellittar, og når ein sett desse saman til ein tidsserie, kan det fortelje mykje om dei endringar i vegetasjonen som har skjedd dei siste 35 åra, og ved koplingar til nedbør og temperatur kan ein lage ulike framtidsscenario.

Marijanne Holtan

Den andre doktorgradsstipendiaten Marijanne Holtan har lenge vore interessert i økologi og natur, og reinsdyret som ein kulturberar for oss nordmenn spesielt. Hennar doktorgradsarbeid dreier seg rundt tolking av kva villreinen et utifrå det ein kan sjå av video-opptak gjort av dyra sjølve. Dette er i nært samarbeid med Norsk Institutt for Naturforskning. Nokre av dei villreinområda ho konsentrerer seg om er Setesdal Austhei og Brattefjell-Vindeggen. Desse områda er ikkje tilfeldig valt etter som reinen i båe desse områda trekkjer ned i skogen for å beite. Og kva beiter villreinen på i eit skogområde? Dei to områda er også ulike med omsyn til  lavressursar. Det er lite lav til vinterbeite i Setedal Austhei, men dyra synes likevel greie seg godt. Korleis?

Marijanne Holtan Foto: Kjell Bitustøyl

Holtan har Jan Heggenes som hovud-rettleiar og villreinforskar Olav Strand (NINA) som ekstern rettleiar i denne delen av doktorgradsarbeidet. Dei eldste videoopptaka Holtan nyttar er frå 2012, dei nyaste er frå 2020. Det er svært mange timar med film å gå gjennom, og dette har teke mykje av tida hennar i dette doktorgradsarbeidet. Ho har no med seg ein masterstudent (Leah Bjørkmo Gjerdin) til gjennomgangen av det nyaste materialet, noko som har gjort arbeidet lettare.

Men kva leitar ho etter? Det handlar om beiteplanter og vegetasjonstypar, både i bjørkeskog og på snaue rabbar. Holtan fortel at det er fyrste gong slike studiar blir gjort i skog når det gjeld villreinforskinga i Noreg. Arbeidet hennar skal inn i ein større samanheng der det handlar om estimering og overvaking av beite og tilgjengelege ressursar i dei ulike vegetasjonsområda. I høve til Leif Kastdalen sitt prosjekt ser ho for seg at materialet ho samlar inn kan tolkast inn i liknande resultat basert på fjernmåling gjennom nye høg-oppløyselege satellittfoto. GPS-posisjonar og gjevne tidspunkt vil gjere det mogleg å samanlikne data og få eit meir fullstendig bilete på kva for vegetasjonstypar som er spesielt viktige for beiting og kva den faktisk beiter på i desse områda.

Simle på besøk i “lav-kafeteriaen”. Foto: Marijanne Holtan

Ei anna prosjekt ved Holtan sitt arbeide, er beite-undersøkelsar på semi-domestisert rein i Finland. Dette skjer i samarbeid med professor Øystein Holand ved NMBU og forskar Jouko Kumpula ved Institutt for Naturressursar i Finland. Saman med ein annan masterstudent (Kristian Kvaalen Herregården), drog dei til Nord-Finland og eit forskingssenter for reinsdyr for undersøkje kva reinsdyra prefererte av ulike lavtypar. Dette blei gjort gjennom ein metode dei kallar «kafeteria-forsøk». Enkelt sagt handlar dette om at ein mindre reinflokk, med 26 simler, i ei innhegning fekk «tilbod» om litt forskjellige lavtypar servert side om side. Så var det opp til forskarane å studere kva dyra valde, kva dei lika best. Dei hadde gjort denne avgrensinga, altså lav som vinterbeite for reinsdyra.

Eitt av spørsmåla Marianne Holtan stiller seg er òg kva reinsdyra beiter på i område der det ikkje er så mykje lav? Ved hjelp av denne nye teknologien, både videofilm gjort av dyra sjølve og fjernmåling gjennom satellittfoto, håpar ho at ein kan kome nærare eit svar på dette spørsmålet. Som hjå Leif Kastdalen handlar det hjå Holtan også om modellar for klimaendringar. Ho fortel at ein fryktar at lav, med eit varmare klima, vil tape for andre vekstar. Eit anna scenario er det som kan skje ved nedising av beite, noko som har vore kjent over tid, men noko som kanskje vil bli eit hyppigare fenomen med eit varmare og meir skiftande klima.

Avslutningsvis kan nemnast at Anders Mossing ved Norsk villreinsenter var inne på tanken at kanskje tida no er inne for å samle fagmiljøa på nytt til eit felles seminar når det gjeld dette med beitekartlegging, dette ikkje minst med tanke på den rivande teknologiske utviklinga på dette feltet som me har vore vitne til i dei seinare åra.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Oppsiktsvekkande og samanfallande forskingsresultat på villrein i Knutshø

Oppsiktsvekkande og samanfallande forskingsresultat på villrein i Knutshø

Publisert: 11.11.2021

Høgfjellet er fostringsplass for mange artar, mellom anna villrein og sau. Knutshø, som ligg mellom Oppdal, Folldal og Tynset kommunar, har gjennom årtusenar vore leveområde for villreinen, og etter kvart også sauen. Men dei siste åra har det vore observert ei endring i kalvetilveksten hjå villrein. Det er også sett mager rein, og statistikken viser at kalvetala er nesten halvert frå midt på 1980-talet til 2019, samanlikna med til dømes villrein i Snøhetta-området.

Mager rein i Knutshø, slik vi ikkje vil sjå han, og ein av grunnane til at forskingsprosjektet vart sett i gang », seier Bjørnar Ytrehus. FOTO: Ingolf Røtvei 2007 – Oppdal Bygdeallmenning

Ein ser at villreinstammen i området har redusert funksjon, seier Bjørnar Ytrehusforskar ved Veterinærfakultet ved Sveriges Lantbruksuniversitet. Han seier òg at villreinen i Noreg i sum blir påverka av mange ytre faktorar, som til dømes fragmentering av leveområda, stress som følgje av forstyrringar, inngrep i naturen, auka parasittbelasting grunna klimaendringar, infeksjonssjukdommar, konkurranse frå andre drøvtyggarar om beiteareal osv., der alle faktorane etter kvart er med på å forsterke kvarandre.

Del éin av studiet – har reinen saueparasittar?

Forskarar frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) rapporterte inn dei nedslåande tala i 2014, og det vart sett i gang eit brett forskingsarbeid for å finne svar på kva årsaka til kalvereduksjonen er, og kvifor ein observerer mange magre rein i Knutshø-området. Folk som ferdast mykje i dette området har også sett mange reinskalvar med diaré og møkk på bakparten og bakbeina. Mykje av arbeidet er utført av  Kjersti S. Utaaker, Per Anders Robertsen, Bjørnar Ytrehus, Geir Rune Rauset, Olav Strand mfl. 

Ei hypotese som vart framsett var at reinen kunne vere infisert av parasittar frå sau på saltplassane i fjellet. Talet på sau i Knutshø-området har auka med 27% sidan 2000. Samtidig kan det sjå ut som om talet på saltplassar i høgfjellet har auka dei seinare åra. Dette er plassar som står i områda der fostringsflokkane til Knutshøreinen oppheld seg. 

Reinen har reinparasittar han er vant til å leve med. Det same har sauen. På 1980-talet vart det gjort parasittologiske undersøkingar på villreinen i Knutshø og Forollhogna. Rapporten den gongen konkluderte med at det ikkje var overføring av saueparasittar mellom rein og sau (Bye, 1985). Men under Villreinrådets fagdagar på Geilo, la Bjørnar Ytrehus fram resultat frå Per-Anders Robertsen sitt master- studie (https://brage.inn.no/inn-xmlui/handle/11250/2660559 ) og talmateriale frå prøvar teke i 2018/2019 av mage- og tarminnhaldet hjå villrein. Desse prøvene vart teke mellom anna i Knutshø, Nordfjella sone 2 og Forollhogna, samt hjå tamrein i Finnmark. Tilsvarande undersøkingar vart også gjort av tarminnhaldet hjå sau i dei same områda. Resultatet viste at villreinen i Knutshø ber rundorm som til vanleg finst i sauens mage-tarmsystemet. (Teladorsagia circumcincta og Nematodirus battus). Den eine parasitten (Teladorsagia circumcincta ) bidreg til at sau mellom anna får redusert allmenntilstand og produserer mindre mjølk til lamma. Dette skjer som regel på våren når søya har redusert immunforsvar og allmenntilstand grunna lamming. Parasitten blir årsak til betennelse i løypemagen. 

NINA har sett opp kamera som filmar reinen som trekkjer til saltplassane for sau, og et jorda som er infisert med egg av saueparasittar og utklekte nematodar. FOTO: viltkamera frå NINA

Den andre rundormen (Nematodirus battus) er ein framand art i Noreg, og vart importert til Noreg på 50-talet med sau frå Storbritannia (https://artsdatabanken.no/Fab2018/N/2672).  Denne kan forårsake tarmbetennelse og diaré hjå lam, redusert allmenntilstand og i nokre høve lammedød. Denne rundormen har synkronisert eggklekking, som vil sei at alle parasittegga klekker samtidig ved 10 grader ute på beite, noko som kan gjere at immunsystemet til lamma vert overmanna av ei stor dose parasittar. Begge saueparasittane lever som snyltarar i mage og tynntarm til sau og lam, og ein ser dei som små rundormar. Det er vanleg å behandle sau og lam med antihelmintika for å motverke sjukdom av snyltarane. Det er endå uvisst  om parasittane har same effekt på rein, men det er samanfallande hendingar, der reinskalvane er magre. Mange kalvar slit med å legge på seg, og fleire og fleire simler i området går utan mjølk i juret, fortel Bjørnar Ytrehus. I dei tilsvarande studia gjort på andre reinstammar, vart det også funne saueparasittar i villreinområda, men førekomst og byrde av disse var høgast i Knutshø.

Del to av studiet – ligg det parasittegg i jorda på saltplassane?

Ytrehus viser òg til del to i studiet, som gjekk ut på at ein undersøkte førekomst og tal på egg frå saueparasittar i jord på saltplassar for sau, og tilsvarande i jord 300-500 meter unna saltplassane – såkalla kontrollprøver. Jordprøver i Knutshø viste at det finst førekomstar av egg av saueparasittar i jorda på 19 av dei 20 saltplassane dei undersøkte. På det meste fann ein så mykje som 43 egg pr. 15 gram jord, noko Bjørnar Ytrehus meiner er særs oppsiktsvekkande. Til samanlikning finn forskarane berre sjeldan nokre få parasittegg i kontrollprøvene. 

Ein ser altså at villreinen i Knutshø, Forollhogna og Nordfjella er infisert med saueparasittar, men i størst grad i Knutshø, og at dei dermed har ein annan parasittfauna samanlikna med tamrein i Finnmark, men også samanlikna med undersøkingar gjort i 1985. Forskarane trur òg at saltplassane er særs gunstige for overleving og overføring av parasittar og truleg fungerer som kjelde for smitte mellom beitande dyr på utmark. På saltplassane smeltar snøen tidleg, og den mørke jorda gjev gunstig temperatur for snyltarane. I tillegg trivst parasittane der det er fuktig, og eit fuktigare klima gjer at snyltarane har større sjanse til å overleve.  

Saltplassar har ei rolle som møtepunkt der smitte mellom drøvtyggarar i fjellet skjer, og dess fleire drøvtyggarar, dess større kontaktflata mellom dyra. Samstundes er dette plassar der mange dyr er innom i løpet av kort tid, og dei et jorda som er forureina med parasittane. 

Det vart også isolert N. battus – egg frå villrein. Disse egga viste seg å klekke, og levende larver kom til verda under mikroskopet. Dette viser at denne rundormen er i stand til å legge egg med levedyktig avkom, trass i at verten er ein villrein, og ikkje ein sau. Om disse larvene er i stand til å infisere sau eller villrein er framleis ukjent. 

 

Saueparasitt (Nematodirus battus) som blir klekt ut av egget ved 10 grader. Video: Kjersti Selstad Utaaker, Nord Universitet.

Forskinga er ikkje over for Bjørnar Ytrehus, Kjersti S. Utaaker, Olav Strand og dei andre i teamet. Dei skal jobbe vidare med studien, og vil finne ut meir om det er samanheng mellom mengde sau og talet på parasittar i jorda, om førekomsten av saueparasittar i kalvane hjå reinen i Knutshø, kva for slags skade desse gjer på dyra, og om korleis rein og sau brukar saltplassane.

Referansar

–      Bye, Karstein. “Abomasal nematodes from three Norwegian wild reindeer populations.” Canadian Journal of Zoology 65.3 (1987): 677-680.

–       Per Anders Robertsen si masteroppgåve: https://brage.inn.no/inn-xmlui/handle/11250/2660559

–       https://www.artsdatabanken.no/Fremmedarter/2018/N/2672

villrein.no – Kristin Gansmo Brenna

Vassdragskonsesjonar skal fornyast

Vassdragskonsesjonar skal fornyast

Publisert: 9.11.2021

Siri W. Bøthun frå Sogn Naturforvaltning AS heldt eit viktig innlegg under fagdagane på Geilo om eit litt komplisert saksfelt: Revisjon av vassdragskonsesjonar. Litt enkelt sagt handlar dette om at det no er råd å kanskje forbetre livsvilkåra for einskilde reinstammer gjennom ein prosess der det vil verte stilt nye krav til dei som har fått lov til å byggje ut vasskraft i leveområda til villreinen.

Illustrasjon henta frå Siri Bøthuns prentasjon

 

Siri Bøthun Foto: Kjell Bitustøyl

Aursjøen

Ein litt tung materie tenkjer ein kanskje når ein møter omgrep som «vilkårsrevisjon av vassdragskonsesjonar». Den beste inngangen må kanskje vera å ta tak dei einskilde konkrete vassdraga og sjå på kva som «er i spel». Eit eksempel som blei brukt av Siri Bøthun er Aurareguleringa, dvs. oppdemming av Aursjøen som ligg delvis i Lesja kommune – her blei kraftstasjonen sett i drift i 1953. Kraftverket er eitt av dei største i landet. Bøthun viste fram litt historikk om denne kraftutbygginga som har fått store konsekvensar for gamle villreintrekk, desse har blitt demt ned, til stor skade for villreinens trekkruter og beiteområde. Aurareguleringa har vore tema på mange villreinmøte opp gjennom åra, og ein eigen NINA-rapport om reetablering av villreintrekk kom alt i 2007. I juni i år blei vilkårsrevisjonen for Aurareguleringa endeleg avslutta, då nye vilkår for konsesjonane blei fastsett ved Kongeleg resolusjon.

Mange vilkårsrevisjonar på gang

Tida er komen for mange villreinområde: «Vilkårsrevisjonane kjem til eit villreinområde nær deg», sa Bøthun og viste til at mange av dei revisjonssakene som er under handsaming inneheld reguleringar innanfor villreinområde (2 av i alt 17 revisjonssaker som er ferdighandsama i Olje- og energidepartementet (OED), 3 av i alt 16 saker som er til handsaming i OED pr. dato, og 4 av 6 saker som er ute på høyring no).

Illustrasjon henta fra Siri Bøthuns presentasjon.
Kraftutbygging i villreinområde er eit kjent fenomen, det same gjeld utfordringane desse fører med seg: vinteropne elvar, kanalar med rette kantar, neddemte trekkruter og anleggsvegar med mykje ferdsle. Saman med andre inngrep byr dette på store utfordringar for villreinen, det vere seg vegar av ulike slag, stigar og skiløyper, og/eller fritidsbustadar. Bøthun viste døme på nettopp dette frå Fjellheimen villreinområde. 

Bøthun lista opp kva ein kan arbeide for og kanskje oppnå i samband med desse revisjonane. Dette handlar blant anna om korleis ein kan dempe det ein kallar «samvirkende effekt». Ei utfordring her er om ein har tilstrekkeleg med kunnskap til å setje i gang med kostbare avbøtande tiltak? Utfordringa er òg å finne ut kva for aktørar som skal på banen, for dette handlar ikkje berre om kraftselskapa.

Eit stort gjennomslag

Bøthun viste til NINA-forskar Manuela Panzacchi som har stått i spissen for å utvikle ein ny metode, gjennom RenRein-prosjektet, ved hjelp av simulerte modellar. Med dette nye digitale verktøyet bygd på GPS-data kan ein lage seg modellar som kan brukast i høve til ulike scenario, altså ved å simulere kva framtidige konsekvensar ulike tiltak vil få, det vere seg stenging av anleggsvegar, flytting av turiststigar e.l.

Bøthun meinte at kravet frå villreinmiljøet må vera

·       at påverknaden på eit villreinområde må sjåast på som ein heilskap.

·       at avbøtande tiltak òg må til utanfor sjølve konsesjonsområdet.

·       at ein må involvere andre aktørar, og at mangel på kunnskap ikkje må brukast som påskot for å ikkje gjera noko.

Desse punkta er då òg kome inn i departementets formuleringar i Kgl. res. for dei nye vilkåra  for konsesjonane i Auravassdraget, noko som må sjåast som eit stort gjennomslag.

Ikkje for seint å påverke

Bøthun sa avslutningsvis at det ikkje er for seint å påverke dei pågåande prosessane gjennom høyringar, eller eventuelt be om å få kome med tilleggsmerknadar, dersom ein oppdagar at viktige moment, og særleg då eventuell ny kunnskap, ikkje er kome fram under høyringa. På NVE si nettside kan ein finne ei liste over vassdraga med dei respektive konsesjonane. Her kan du leite fram dei som ligg i ditt eige villreinområde og sjå om det er opna revisjonssak og eventuelt kor langt dei er komne i prosessen. Om du lurar på kva revisjonar som ligg til ditt villreinområde, kan du finne dette på denne linken.

Siri Bøthun, kom òg med nokre tips for hjelp undervegs: Ta kontakt med RenRein, eller spør om hjelp frå Norsk villreinsenter. Ho oppmoda òg til å sende inn kopi av høyringssvar som gjeld villrein til villreinsenteret, så det kan leggjast til i databasen. Elles så kan du berre ringe til Siri Bøthun!

Nyttig nettside:

•       https://nve.no/konsesjon/konsesjonssaker/

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Ber om meir forsking på CWD

Ber om meir forsking på CWD

Publisert: 3.11.2021

Ei rad med organisasjonar har kome med eit utspel om at det no er behov  for meir forsking på skrantesjuke. I eit brev stila til Energi- og miljøkomiteen og Næringskomiteen på Stortinget heiter det at det er heilt nødvendig å setje i verk eit breitt fagleg forskingsprosjekt. Dette bør skje før ein vel strategi for vidare tiltak, heiter det i brevet.

Foto: Kjell Bitustøyl
 
Organisasjonane som stiller seg bak dette brevet er mange. Her finn me i tillegg til ei rad med villreinorganisasjonar – villreinnemnder og villreinutval, Villreinrådet mm – tunge organisasjonar som NJFF, DNT, Norges Naturvernforbund, WWF, Statsskog, Norges Bondelag, Norsk Friluftsliv og Norges fjellstyresamband.  Det blir vist til den alvorlege situasjonen der det er påvist skrantesjuke både i Nordfjella og på Hardangervidda. For å kunne handtere denne utfordringa heiter det i brevet at det er nødvendig med ei betydeleg oppgradering av kunnskapsgrunnlaget og at det er viktig å setje i gang eit omfattande kartleggings- og overvåkingsprogram. Formålet med eit forskingsprosjekt er å skaffe fram tilstrekkeleg med kunnskap for å kunne gjennomføre «en adaptiv, læringsbasert forvaltning der man setter inn tiltak og løpende overvåker og evaluerer disse før man velger strategi for videre tiltak».  I tillegg ber ein om at dette forskingsprosjektet skal styrke kunnskapsgrunnlaget i arbeidet med ei reetablering av villreinstamma i Nordfjella. Med andre ord: Eit slikt forskingsprosjekt bør ha ein lang tidshorisont.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Heiplanen – «ein muskel som må trimmast»

Heiplanen – «ein muskel som må trimmast»

Publisert: 28.10.2021

Det er fem år sidan me skreiv om Heiplanen, den regionale planen for villreinområda i Setesdal-Ryfylke. No har dei på ny avvikla ei årleg samling, det skjedde i Bykle 20. og 21. oktober. Mykje folk deltok, ikkje minst mange politikarar frå kommunar og fylke, planen omfattar fire fylke og 17 kommunar. Det lovar godt at engasjementet lokalt er stort for villreinens ve og vel i desse områda. Temaet om avbøtande tiltak i Setesdal Vesthei i samband med revisjon av vassdragskonsesjonar var av det mest interessante som var oppe.

Jarle Lunde, sekretær for Villreinnemnda for Setesdalsområdet. Foto: Kjell Bitustøyl

Kart over planområdet til Heiplanen.
Dag éin under Heiplansamlinga handla mykje om distriktspolitikk og kva som må til for å få levande og livskraftige bygder i framtida. Her var også ungdom invitert til å halde innlegg.  Frå den meir byråkratiske sida, om ein kan kalle det det, var det fleire innlegg, både om regionplanarbeidet generelt og om Heiplanen spesielt. Viktigaste bodskapen var nok at denne planen må reviderast som andre tilsvarande planar: «Revidering av ein slik rådgjevande plan vil langt på veg vera ein føresetnad for forankring av planen hjå nye politikarar». Eller sagt på ein annan måte: Ein regional plan er «ein muskel som må trimmast».
Dette kartet viser meir enn noko anna kvifor villreinen er så hardt ramma av menneskeleg påverknad i form av kraftutbygging og anleggsvegar i Setesdal Vesthei, Blåsjø nede til venstre i biletet. Dei blå stripene viser villreintrekk som er demt ned, dei gule viser trekk som enno er i bruk.

Villrein og vilkårsrevisjonar

Slike regionalplan-samlingar kan ofte bera preg av heller tørt stoff. Då står og fell det mykje på den som legg det fram. Jarle Lunde, sekretær for Villreinnemnda for Setesdalsområdet, fekk fram alvoret i situasjonen for villreinen i Setesdal Vesthei. Basisen er «berekraftig forvaltning», mantraet som dei fleste er innom, og som dei fleste byggjer på. Lunde fekk gjort temaet synleg gjennom kart og illustrasjonar kor sterkt reinen i Setesdal Vesthei/Ryfylkeheiane er ramma av kraftutbygging og tilhøyrande anleggsvegar. Andre utbyggingar som hyttefelt og aukande trafikk i heiane gjer ikkje situasjonen betre. Dette er i og for seg ikkje noko nytt, det som er nytt er at ein no er i gang med det som heiter vilkårsrevisjonar i høve til kraftutbygging og villrein. Dette er forhandlingar som opnar opp for å setje i gang avbøtande tiltak som kan «hjelpe» villreinen, utvide leveområda eller rettare: Vinne tilbake ein del tapte areal gjennom å gjera dei meir attraktive for reinen, altså skape ei meir livskraftig reinstamme. Slik sett er det god «timing» at ein del av desse konsesjonane no er opp til nye forhandlingar, slik like i førekant av at klassifiseringa innafor Kvalitetsnorma skal realiserast på nyåret. Sett utanfrå kan det store fokuset på temaet Kvalitetsnorm og klassifisering vera eit godt forhandlingskort å ha på hand for dei som talar villreinens sak. Det er nærliggjande å tenkje at ingen vil slå seg til ro med at området deira kjem ut med dårlegaste klassifisering. Slikt kan verke mobiliserande.

Mange barrierar – handling må til

Dette temaet er komplisert materie, ikkje lett å setje seg inn i for folk flest. Det som derimot er lett å forstå er dei barrierar som Lunde gjorde synlege på eit kart frå Setesdal Vesthei, dette gjeld særleg området rundt det store magasinet Blåsjø, men òg andre område i nærleiken. Her er landskapet totalt endra og ei mengd trekkruter er borte. Men kva kan gjerast av avbøtande tiltak? Å gjera om på sjølve vassdragsreguleringane er utenkjeleg, men vegar inn i området og trafikkerte turiststigar som til saman er med på å skape barrierar, trekte Lunde fram som viktige tiltak. Her er sjølvsagt eit nært samarbeid mellom fylke, kommunar, grunneigarar, berørte partar osv. avgjerande. Eit tiltak som ikkje har direkte med vassdragsreguleringar å gjera, er forslaget om å flytte DNT-hytta Øyuvsbu, som ligg litt sør for Suleskarvegen, for å opne meir opp for eit villreintrekk. Frå Jarle Lunde si side blei det lagt vekt på at det me no treng er handling, ting har teke for lang tid, meinte han. Og han kunne melde at Statkraft er positive. Kva lokale kraftselskap stiller opp med var litt meir usikkert, men han kunne fortelje at der er oppretta eit «villreinfond» som skal gjelde for blant anna Ulla-Førre og Øvre Otra. Det som er sikkert er at dette er og kjem til å vera eit heitt tema i desse områda i tida framover. Og det er ingen tvil om at framtida for villreinen for alvor har blitt eit tema som engasjerer, ikkje minst politikarar både på kommunalt nivå og på fylkesnivå. Slik sett vil ein revisjon og ei oppdatering av Heiplanen òg kunne tvinge seg fram.

Per Kjetil Omholt representerte Stasforvaltaren i Agder. Foto: Kjell Bitustøyl

«RenRein»

Per Kjetil Omholt frå Statsforvaltaren i Agder viste m.a. til NINA-prosjektet «RenRein», der forskar Manuela Panzacchi er leiar. Kort fortalt handlar dette om at ein ved hjelp av kunnskap frå GPS-merkeprosjekta kan simulere moglege konsekvensar av avbøtande tiltak, t.d. stenging av ein veg eller flytting av ein turiststig. Eit konkret tiltak Omholt nemnde var å erstatte autovern med stabbesteinar på utstette parti langs Suleskarvegen over fjellet mellom Setesdal og Sirdal, dette for at villreinen lettare skal kunne krysse vegen. Omholt meinte elles at Heiplansamlinga er ein av dei viktigaste møteplassar ein har i denne regionen.

I ordskiftet kom det fram at GPS-merkinga ikkje er meint som forvaltningsmerking, men at dette handlar mest om å hente inn meir kunnskap om villreinens arealbruk. Frå turistforeninga blei det uttrykt at dei er oppriktig opptekne av villreinen, men at dei ventar til Kvalitetsnorma kjem, før dei set i gang omfattande tiltak.

Kulturminne og verdiskaping

Av andre tema ein var innom kan nemnast kulturminne og Verdiskapingsprosjektet for villrein. Under sistnemnde «etikett» var det fleire innlegg som lyfte fram lokale prosjekt. Kulturminne er desse fjellområda svært rike på, og mykje er gjort med kartlegging og registrering. Å lyfte fram desse vil i så måte kunne bidra positivt til å gjera opplevingane for dei som vandrar i desse fjella rikare, samtidig som ein lokalt skaper engasjement. For sjølv om mykje dreier seg om villreinen og dei farar som trugar, er der likevel mykje ein kan fokusere på og stolt vise fram for tilreisande. Dyregraver og andre fangstminne, buer og hellerar høyrer slik òg med til fjellets ressursar for bygdene som ligg rundt.

Avslutningsvis kan ein trekkje fram eit tema som òg blei diskutert: Har dei ulike aktørane lik tolking av Heiplanen? Her kom det ingen svar, men ein revisjon av planen vil garantert måtta ta opp dette temaet.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Fagdagane del 2: Kvalitetsnorm pluss pluss


Kristin Lund Austvik snakka om lokale erfaringar med kvalitetsnormarbeidet. Foto: Kjell Bitustøyl

Kvalitetsnorma for villrein var tema for fleire innleiarar under Villreinrådets Fagdagar på Geilo. I denne artikkelen skal me omtale både dette og litt av det andre som skjedde.

Villreinen på raudlista?

Kvalitetsnorma for villrein er enno ikkje avslutta, det skjer ikkje før på nyåret. Difor bar presentasjonane under fagdagane på Geilo meir preg av undervegsrapportar. Vemund Jaren frå Miljødirektoratet kom inn på Kvalitetesnorma under si årlege framlegging av nytt frå Miljødirektoratet. Men fyrst var han innom det faktum at villreinen kan koma til å bli raudlista av Artsdatabanken. Denne raudlista skal leggjast fram i november, og villreinen kjem i tilfelle under kategorien «nær truga».


Christian Moe Rolandsen fra NINA. Foto: Kjell Bitustøyl

Kvalitetsnorma

Jaren tok eit tilbakeblikk på bakgrunnen for etablering av kvalitetsnorma, som kom som eit resultat av det tapet av leveområde som har gått føre seg i form av oppsplitting av villreinområde. Kvalitetsnorma er kunnskapsbasert og omfattar dei 10 nasjonale villreinområda våre i fyrste omgang. Jaren fortalde om arbeidet som går for seg med blant anna samordning av feltinnsats, t.d. kalveteljingar og strukturteljingar. Ei nasjonal ekspertgruppe er etablert og saman med lokal kompetanse skal ein altså klassifisere dei ulike villreinområda. Christer Moe Rolandssen frå NINA er leiar for klassifiseringsgruppa. Dette arbeidet skal vera ferdig rundt mars 2022. Klassifisering av dei andre villreinområda skal leggjast fram hausten 2023. Viss eit villreinområde kjem ut med dårleg kvalitet (raud farge) utifrå ei heilskapsvurdering, skal tiltak setjast i verk. 

Imingfjell blir ikkje vinteropen 

Jaren var òg innom status for dei sju vedtekne retningsgjevande regionale planane, den siste blei vedteke i 2017 (Dovrefjell). Han la vekt på at det er viktig å halde desse planane levande gjennom rulleringar, den siste i så måte er regional plan for Hardangervidda som blei godkjent av KMD 1.10.2021. Eit viktig punkt her var at det ikkje blir noko vinterbrøyting over Imingfjell. Eit stikkord for rulleringa av desse planane er elles samordning av tiltak.

Verdiskapingsprogramma

Status for verdiskapingsprogramma er at det er ca 20 prosjekt som er etablert, og at det i fylgje Jaren verkar som desse er positivt mottekne. Nokon prosjekt er avslutta, difor er det nye friske midlar til prosjekt for 2022. Søknadsfristen i år er 15. januar. Meir info er å finne på nettsidene til Norsk villreinsenter. 


Raymond Sørensen NVS nord. Foto: Kjell Bitustøyl

Kvalitetsnorm NVS og lokale erfaringar

Leiar for Norsk villreinsenter nord, Raymond Sørensen, hadde ein presentasjon der han bl.a. var innom kvalitetsnormarbeidet ved NVS. Han viste til arbeidet som er i gang og forklarte eit omgrep som er mykje brukt: Kva er eit funksjonsområde? Svaret er slik: Det er kartflater som viser reinens arealbruk, dvs. kalvings-og oppvekstområde, sommar- og vinterbeite og trekkpassasjar. Altså ei kartforteljing. Han la vekt på at ein i dette arbeidet er heilt avhengig av lokalkjente deltakarar.


Sekretær for Forollhogna og Knutshø villreinområde, Kristin Lund Austvik. Foto: Kjell Bitustøyl

Kristin Lund Austvik, dagleg leiar og fjelloppsyn for Kvikne Utmarksråd, som omfattar Forollhogna og Knutshø, heldt eit innlegg om kvalitetsnormarbeidet sett frå lokal synsstad. Ho viste oss bl.a. GPS-data frå Knutshø, medan Forollhogna ikkje har slikt merkeprosjekt. Omgrepet «sett rein» er difor viktig og har vore brukt der i mange tiår. Med tanke på jaktuttak og kvalitetsnorm hadde ho eit poeng som kanskje òg andre bør merke seg: I Forollhogna har ein oppmoda jegerar til velje å skyte små kalvar, og der har det faktisk blitt litt status at ein på denne måten bidreg og får fokus litt vekk frå dette med heile tida å ta ut dei største dyra. Ho var òg inne på at det er ei utfordring å få inn tilstrekkeleg med data i samband med jakt, noko som har blitt endå meir komplisert etter at CWD-en kom. Ei løysing på dette meinte ho vil vera å kutte ut fysiske kontrollkort, altså berre bruke digitale løysingar. Ho oppsummerte med at teamsmøta i samband med kvalitetsnormarbeidet har fungert bra, og at det har vore inspirerande med samarbeid, men at der er utfordringar blant anna med artsobservasjoner, som er ein god database, men at det er eit problem at ein ikkje kan leggje inn ein blandingsflokk til dømes.


Hildegunn Mugås, leiar i Fjellheimen villreinutval

Fjellheimen villreinområde 

Hildegunn Mugås, leiar i Fjellheimen villreinutval, fortalde om dette villreinområdet mellom Voss og Sogn. Blant anna kom ho inn på utfordringane dei har med vinteropne vegar og trekkruter for rein. Elles kunne ho melde at dei har gode slaktevekter, og at delar av området har bra med dyr medan andre område strevar med å få opp reintalet. Som i mange andre villreinområde blir det også her stilt spørsmål ved kvifor stamma ikkje veks. Er det utvandring? Er det for store uttak? Eller er det tjuvjakt? Ho understreka at dei er sårbare fordi dei er små, dette har blant anna ført til at for 2021 var alle flokkane i området freda, dette for å få opp reintalet. Sjå Rapport Norsk Villreinsenter.

Kva er forskjellen på villrein og tamrein?

Pensjonert veterinær Kåre Rudningen heldt eit grundig innlegg om dette temaet. Ettersom dette innlegget langt på veg identisk med ein artikkel som står i siste nummer av bladet Villreinen, skal me ikkje gå særleg inn i dette temaet her. Berre nemne at Rudningens hovudpoeng er at det i samband med reetableringsprosessen i Nordfjella vil vera klokt å bruke rein med ein type genetisk profil som ser ut til å tole CWD betre, altså tamreinsimler, gjerne i kombinasjon med bukk frå til dømes Rondane eller Dovrefjell. Dette temaet vil garantert kome opp att i samband med at Reetableringsnemnda for Nordfjella skal ha eit møte no i desse dagar.


Pensjonert veterinær Kåre Rudningen (t.v.) og Villreinrådets sekretær Christian Hillmann. Foto: Kjell Bitustøyl

Av andre tema som var oppe kan nemnast at Christer Moe Rolandsen frå NINA fortalde om GPS-merking på villrein, hjort og elg på Hardangervidda, at Vegard Gundersen orienterte om «Kunnskapsstatus for ferdsel og forstyrrelse», at Bjørnar Ytrehus hadde eit innlegg om «Sjukdomssmitte på saltplassar» og at Siri Bøthun snakka om «Revisjon av vassdragskonsesjonar». Når det gjeld dette siste temaet vil me kome tilbake til dette med ein eigen artikkel. Det kan òg nemnast at dette òg stod på dagsorden for Heiplanmøtet i Bykle som gjekk føre seg veka etter Geilomøtet. 

På bladet Villreinen sine facebooksider finn du live-stream frå Fagdagane.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

CWD viktigaste tema på Fagdagane


Bjørnar Ytrehus i aksjon. Foto: Kjell Bitustøyl

Oppmøtet var svært bra på Fagdagane til Villreinrådet på Geilo, ca 140 deltakarar hadde møtt fram. At dette var det fyrste større fysiske villreinmøtet etter koronaperioden, var sjølvsagt til å ta og føle på. Det dominerande temaet dreia seg rundt CWD/skrantesjuke, og engasjementet var det ingen ting å seie på. Ein paneldebatt om CWD viste at frontane er relativt steile og at der er fleire spørsmål enn svar. Kvalitetsnorma var òg eit viktig tema, det vil bli omtala i ein eigen artikkel.

I denne fyrste artikkelen frå Fagdagane skal me ta for oss innlegg og utspel som kom om det mest aktuelle temaet om dagen i villreinverda: CWD-problematikken og kva som har skjedd og kva som skal skje i næraste framtid.  

Bjørnar Ytrehus – i ei klasse for seg

Når spesialist i vilthelse og CWD-ekspert Bjørnar Ytrehus entrar scenen på eit villreinmøte, blir det musestille i salen. Alle lyttar intens for å få med seg alt som blir sagt. Trehus er ein fagmann med stor autoritet og truverd, ein framifrå pedagog som greier å framstille vanskelege og kanskje til og med uinteressante tema på ein slik måte at det blir verdt å lytte til enten du er forskar eller meinigmann. Under Fagdagane på Geilo representerte han Vitenskapskomiteen for Mat og Miljø og Sveriges Lantbruksuniversitet (SLU).


Foto: Kjell Bitustøyl

Verst tenkjelege sjukdomen

Ytrehus understreka i innlegget sitt at der framleis er mange spørsmål ein ikkje har svar på når det gjeld CWD. Han oppsummerte historia frå det fyrste tilfellet av skrantesjuke blei oppdaga i 2016 og fram til i dag, inkludert erfaringane ein gjorde seg etter uttaket i Nordfjella og funnet av ein smitta reinsbukk på Hardangervidda under jakta i 2020.  

Ytrehus henta eit eksempel frå krigsutbrotet i 1940 då den tyske kryssaren Blücher blei senka av norske kanonar utanfor Oscarsborg i Oslofjorden: Der måtte ein, som tilfellet var med Nordfjella, setje i gang drastiske tiltak på bakgrunn av eit avgrensa kunnskapsgrunnlag, dette av den enkle grunn at dei potensielle konsekvensane kunne bli enorme. Ytrehus minna forsamlinga om at CWD er den verst tenkjelege sjukdomen som kan ramme eit dyr. Han forklarte kva ein modell er, noko forskarar brukar for å forklare ein situasjon, eller sagt på ein annan måte: Ein slik modell kan hjelpe oss til å forstå kompliserte samanhengar. 

Eit eksempel på ein modell: Ytrehus brukte ein analogi frå menneskeverda: Brystkreft hjå kvinner. Ein har mistanke om ein svulst, pasienten blir behandla og det ser ut til å gå bra. Så vil nokon i ettertid seie at det ikkje hadde vore nødvendig med slik brutal behandling. Så blir éi ny prøve positiv, men pasienten føler seg frisk. Men legane meiner ho må begynne på ei ny aggressiv behandling.

Overført på bukken som blei skoten på Hardangervidda, summerte Ytrehus opp ein del av den vurderinga som så langt er gjort: Bukken er mest sannsynleg smitta på Hardangervidda og mest sannsynleg er det ein del av same utbrotet som i Nordfjella. Dette tilfellet har difor slått fast at skrantesjuken ikkje er utrydda, og at ein er usikker om smitten òg finst i andre bestandar av hjortevilt. 


Villreinen på Hardangervidda var i fokus på Geilo-møtet til Villreinrådet. Dette er frå Kråmdalane i Rauland april 2021. Foto: Kjell Bitustøyl

Kven er pasienten? 

Ytrehus stilte ei mengd med spørsmål som forskarane prøvar finne svar på: Kven er pasienten? Kvar kan det vera prion i miljøet? Kan det vera dårlege miljøforhold både i Nordfjella og på Hardangervidda? Kan det finnast smitta hjort, elg eller rådyr? Kan sau spreie smitte? Med utgangspunkt i den såkalla VKM-rapporten viste Ytrehus til dei tiltaka som har blitt foreslått for om mogleg greie å utrydde eller avgrense skrantesjuke i Noreg. 

Ekstraordinære tiltak?

I april 2021 kom Mattilsynet med sine tilrådingar når det gjeld Hardangervidda, sitat: «vi velger å begrense med en forsatt mulighet for å utrydde smitten. Det krever at tiltakene som iverksettes blir effektive nok, iverksettes raskt nok og på mange nok områder, slik at de til sammen gir en ønsket effekt». Konklusjon: ein bør redusere delen vaksen bukk ned mot 0-3% og gjera ein vesentleg reduksjon av bestanden av simler. I kjølvatnet av dette er det foreslått ei rad med tiltak. Essensen av desse tiltaka er at det etter at årets jakt på Vidda skal avgjerast om talet på innkomne prøver er tilstrekkeleg, eller om ein må setje inn ekstraordinære tiltak, dvs. i praksis vinterjakt, for å få inn det talet prøver som styresmaktene meiner er nødvendig. Her rørte Ytrehus ved sakas kjerne og det som kom til å prege debatten i etterkant: for eller mot uttak av dyr etter ordinær jakt.  


Siri W. Bøthun, sekretær i villreinnemnda for Nordfjella. Foto: Kjell Bitustøyl

Overraskande: Positiv jordprøve frå sone 2 i Nordfjella

Me fekk ei orientering om kva som er gjort så langt og denne lista var lang, eit døme: Salteplassar er undersøkt, jordprøver er sendt til Canada. Så langt har ein gjort eit overraskande funn: éi positiv jordprøve i Nordfjella sone 2, dvs. i eit område der ingen dyr er påvist smitta, og der ein ikkje forventa å finne ei slik. “Det gjekk kaldt nedover ryggen på meg då eg høyrde om det,” har sekretær for villreinnemnda i Nordfjella, Siri W. Bøthun, fortalt til avisa Hallingdølen. Dette og mykje til vil bli eit tema når reetableringsgruppa for Nordfjella snart skal møtast.

Ytrehus sin konklusjon

Bjørnar Ytrehus konkluderte med at me no er inne i ein slitsam og demotiverande ventefase, fordi pasienten ser frisk ut, behandlinga har vore hard og prognosen er usikker. Han la vekt på at dette vil ta tid, at ein må tole slitasje, og at dette blir gjort for dei som kjem etter oss. Han tok òg med at så langt må ein støtte seg på kunnskapen frå Nord-Amerika, sjølv om ein kan håpe på og ynskje at norske prion oppfører seg annleis i norsk natur og gjev lågare smittetal. Og han slo fast at det ikkje er noko alternativ å ikkje gjera noko. Ein konklusjon er at han som forskar på CWD ynskjer seg fleire prøver frå Hardangervidda, men at han samtidig signaliserer at han lyttar til dei kritiske røystene som hevar seg.

Paneldebatt om CWD


Fem alvorlege menn i paneldiskusjon, f.v. Jørn Våge, Bjørnar Ytrehus, Stein Lier Hansen, Vemund Jaren og Torbjørn Lange. Foto: Kjell Bitustøyl

Desse sat i panelet då skrantesjuken blei debattert med utgangspunkt i innlegget til Bjørnar Ytrehus: Jørn Våge frå Veterinærinstituttet, Bjørnar Ytrehus, Stein Lier Hansen – jeger og mangeårig engasjert i villreinspørsmål, Vemund Jaren frå Miljødirektoratet og Torbjørn Lange frå Klima- og miljødepartementet Det blei ein interessant debatt som viste oss litt kvar frontane går, for her er meiningane delte, særleg knytt til spørsmålet om ekstraordinært uttak på Hardangervidda eller ikkje. 


Ende Lægreid, leiar i Villreinrådet. Foto: Kjell Bitustøyl

Leiar for Villreinrådet, Endre Lægreid, var ordstyrer, han la ikkje skjul på kva han meinte, han høyrer til dei, og truleg har han mange med seg, som er sterkt i mot vinterjakt. Men han slo fast ingen er CWD-fornektarar. Stein Lier Hansen meinte at tiltaka mot CWD ikkje må bli til meir skade for reinen enn sjølve sjukdomen. Bodskapen hans var klar: Ein må ta vare på støtta som finst i lokal forvaltning og må ha inn meir kunnskap før ein set i gang med drastiske tiltak. Lægreid etterlyste kva kunnskap som må til, Bjørnar Ytrehus svara at dette med ulik genetikk hjå reinsdyra og kor mottakelege dei er for smitte, er viktig. Vidare dette ein veit lite om: Korleis oppfører prion seg i jordsmonnet?

Det blei snakk om årets jakt på Hardangervidda og at denne har vore bra. For sjølv om ein ikkje har fått inn det talet på prøver ein håpa på, er der likevel stor lette over at ingen positive prøver er registrert så langt. Jørn Våge var likevel djupt bekymra, han tok tak i det som Ytrehus var inne på at CWD med bakgrunn i utviklinga i USA er eit stort trugsmål mot villreinen og framtidige generasjonars moglegheit til å drive med villreinjakt. Torbjørn Lange på si side uttrykte klart at det er lagt opp til ein prosess der dei lokale skal bli høyrt. Vemund Jaren supplerte med at ein ikkje kjem vidare utan lokale medhjelparar.


Jørn Våge – Veterinærinstituttet. Foto: Kjell Bitustøyl

Det blei snakk om at dette med friske hjorteviltbestandar i Noreg aldri har eksistert, her meinte Lier Hansen at der er ulike ideologiar som står mot kvarande, ein teori er at i naturen er sjukdom normalt. Her må det meir forsking til for å forstå heile økosystemet, sa Lier Hansen. Våge på si side meinte at ein må handle ut frå den kunnskapen som finst, og at det er feil å seie at me har god tid. Frå salen kom der òg innlegg, bl.a. sa Svein Erik Lund, sekretær i villreinutvalet for Hardangervidda, at der er ein fare for at jegerar kan koma til å seie nei til å bidra dersom Staten pressar gjennom vinterjakt, og at ein med det kan tape meir enn ein oppnår.

Opphavet til CWD i Noeg er naturleg nok eit tilbakevendande tema. Ingen har så langt noko svar. Men temaet sau og skrapesjuke blei teke opp i debatten. Kan det tenkjast at opphavet til skrantesjuken kan knytast til utbrotet av skrapesjuke hjå sau i desse fjellområda midt på 1990-talet? Våge var òg her inne på at det ein kallar sporadisk CWD kan ha utvikla seg til smittsam CWD. Stikkord i denne debatten var òg artsbarrierar mellom sau og rein, kva veit me om det? Eit anna spørsmål var kvifor tamrein ser ut til å vera mindre utsett for smitte enn villrein. Her meinte Ytrehus at der er to forklaringar: 1. Reindrifta har selektert for andre eigenskapar enn det ein gjer gjennom villreinjakt 2. Genetikken hjå tamrein kan vera annleis, det kan òg ha å gjera med bestandsstruktur.

Avslutningsvis blei det annonsert at der skal vera fleire viktige møte, og at mykje vil bli bestemt innan næraste framtid. Og til sjuande og sist er det opp til politikarane i den nye regjeringa å avgjera dette stridspørsmålet. Dette var vel konklusjonen på denne debatten, men mykje talar for at temaet dukka opp att i samtalene utover i dei små timar.

På bladet Villreinen sin facebooksider finn du live-stream frå Fagdagane.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Snart Heiplansamling i Bykle


Fra Bjåen mot Vestheia . Foto: Kjell Bitustøyl

Fra Bjåen mot Vestheia . Foto: Kjell Bitustøyl

Komande veke, nærare bestemt 20. og 21. oktober, blir det Heiplansamling i Bykle i Setesdal. Målgruppa for møtet er omfattande: politikarar, ungdom, næringsutøvarar, kulturformidlarar, villrein- og friluftsinteresserte, forvaltarar, villreinnemnda, villreinutval, tilsette i kommunar, fylkeskommunar og statsforvataren.

Det er lagt opp til eit omfattande program med mange innlegg, det heile byrjar med temaet: «Framtidas distriktspolitikk på dagsorden», her deltek til dømes Viktor Norman og avtroppande distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.  Viktigaste post på programmet i fylgje Jørn Trygve Haug, verneområdeforvaltar for Setesdal Vesthei, er likevel tema knytt til kvalitetsnorma for villrein. Han som veit mest om dette omfattande temaet, Vemund Jaren frå Miljødirektoratet, skal snakke om kva slags konsekvensar denne kvalitetsnorma for villrein vil ha for Heiplanen og kommunal planlegging. Denne økta vil bli avslutta med ein debatt der innleiarar og fylkesordførarar deltek.  

Kvelden blir delt mellom utflukt til Sarvfossen og orientering om Heiplanen og villrein for nybegynnarar. Ein lite rosin i pølsa på kvelden er eit innlegg om Setesdalsfolk og UNESCO i Setesdal ved leiar for prosjektet Annbjørg Lien. 

Dag 2 vil dreie seg rundt kulturminne og menneskeleg bruk av villreinfjellet. Me får òg blant anna ei orientering om status for villreinen i heia, ved Statsforvaltaren i Agder Per Kjetil Omholt. Dette som ein del av temaet «Kva har skjedd sidan sist!?

Heile programmet kan du sjå her.

Fonnefangst i Jotunheimen del 2


Klimaparken ved Juvfonne. T.v. ei 1000 år gamal pil som er funne i området. Oppe t.h.: Det er kunstnaren Peder Istad som er ansvarleg for design og utforming av istunnellen i Klimaparken. Nede t.h.: Fjellet Kjelen med Juvfonne til høgre. Foto: Kjell Bitustøyl

Klimaparken ved Juvfonne. T.v. ei 1000 år gamal pil som er funne i området. Oppe t.h.: Det er kunstnaren Peder Istad som er ansvarleg for design og utforming av istunnellen i Klimaparken. Nede t.h.: Fjellet Kjelen med Juvfonne til høgre. Foto: Kjell Bitustøyl

I 2006 blei det funne ein 3400 år gamal skinnsko i Jotunheimen. Dette blei startskotet for omfattande arkeologiske undersøkingar i kjølvatnet av smeltande fonner og brear. Og år for år har det smelta fram nye gjenstandar som vitnar om ei omfattande sommarjakt på villrein på snøfennene i Jotunheimen og andre fjellområde. Det er særleg i Oppland fylke ein har mange funn, og sjølv om det er Jotunheimen som dominerer, har det også dukka opp slike funn i andre høgtliggjande område, det er nok å nemne Reinheimen, Dovrefjell og Trollheimen. I denne artikkelen skal me likevel avgrense oss til Jotunheimen, der har ein i tillegg til Juvfonne blant anna gjort mange funn ved Langfonne i Kvitingskjølen, nordaust i denne fjellheimen.

Langfonne – 6000 år gamle piler

Me har høyrt om den over 3000 år gamle skinnskoen som blei funne ved Langfonne like under fjellet Kvitingskjølen i 2006. To varme somrar, 2014 og 2016, førte til at ei mengd nye gjenstandar knytt til reinsdyrjakt smelta fram, særleg gjeld dette piler, i tillegg kjem bein, gevir og kranium av reinsdyr.  Langfonne er ein av fleire lokaliteter der arkeologane har arbeidd over tid med å kartleggje og systematisere funn som er gjort. Ein måte å skildre prosessen på er at isen fungerer som ein tidskapsel og slik tek vare på ting som elles ville ha forvitra bort. Dette handler om å kartleggje gjenstandar som folk har mista eller kasta bort, samtidig tek ein altså òg vare på biologisk materiale som smelter fram.


Langfonne ligg like oppunder Kvitingskjølen på austsida. Smådalen ligg i sør og Tesse i aust. Frå www.norgeskart.no

Langfonne ligg like oppunder Kvitingskjølen på austsida. Smådalen ligg i sør og Tesse i aust. Frå www.norgeskart.no

Kammar av reindyrgevir

Alle pilene som er funne her vitnar om ei omfattande jakt på reinsdyr som har trekt opp på snøen for å unngå reinbremsen. Nesten 70 piler er funne her, og karbondateringar fortel oss at desse skriv seg frå eit stort tidsrom, dei eldste er omlag 6100 år gamle, dei nyaste frå rundt 1200-talet e.Kr. Ein konklusjon frå ein av dei sentrale arkeologane, Lars Pilø ved Innlandet fylkeskommune, er at pilspissteknologien har utvikla seg over tid. Arkeologane kan òg spore når jakta kan ha vore på det mest intense. Mykje talar for at der kan ha vore aukande jakt på 700 talet, ein periode der importmarknaden frå Danmark har vakse. Fleire jegerar kan ha trekt opp på fennene av den enkle grunn at der fanst ein marknad for nettopp reinsdyrgevir. Kamprodusjon er det som oftast blir nemnt i slike samanhengar. 

Datering av funn byr på utfordringar, naturen syter for at breane og fonnene er i endring: Piler, klede og andre ting som har blitt att på isen, kan liggje urørt i lang tid, for så å fryse inn i isen og smelte att i i fleire omgangar. Slik kan dei bli øydelagde, og smeltevatn og bekkar kan frakte dei nedover i fjellet. Pilø fortel at på denne måten kan piler med fleire tusen års mellomrom hamne på same plass. Slik kan sjølve konteksten, der pilene høyrer heime, bli borte.   


Fallgevir kan òg ha blitt samla inn i samband med fonnejakt. Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Fallgevir kan òg ha blitt samla inn i samband med fonnejakt. Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Natur og kultur

Langfonne er ei isfonn som har bygd seg opp over mange tusen år. Og arkeologane opplever at det er vanskeleg å finne klare mønster, kva er natur, kva er kultur? Ved å samle «natur», dvs. knoklar og gevir som stammar frå reinsdyr, til dømes fallgevir , og så samanlikne karbondateringane frå desse med dateringane frå gjenstandane, kan ein i fylgje forskarane sjå eit mønster: Der ein fann flest piler, var det neste ikkje gevir, noko som blir tolka som at heile slaktet kan ha blitt fjerna frå isen i perioden med meir jakt. Ein ser òg for seg at jegerar kan ha samla inn fallgevir i denne perioden.

Dei eldste pilene frå 6100 sidan har si historie, men mykje er usikkert, og der er mykje ein enno ikkje heilt forstår. Det manglar funn frå ein periode på 1400 år, dvs. for mellom 5700 og 4350 år sidan. Grunnen til dette trur ein kan vera at dette eldste har smelta fram pga. rørsler i isen, og at piler frå «mellom»-perioden kan gøyme seg i isen.


Arkeologane nemner at dei når dei er ute i felt, ofte får besøk av dagens rein, som sjølv om dette er tamrein som her, brukar områda som tidligare tiders reinsdyr har brukt dei. Dette er ein av fleire indikatorer som blir brukt for å lokalisere gode område for jakt. Foto: Kjell Bitustøyl

Arkeologane nemner at dei når dei er ute i felt, ofte får besøk av dagens rein, som sjølv om dette er tamrein som her, brukar områda som tidligare tiders reinsdyr har brukt dei. Dette er ein av fleire indikatorer som blir brukt for å lokalisere gode område for jakt. Foto: Kjell Bitustøyl

Viktig for makteliten

Arkeologene Espen Finstad og Lars Holger Pilø frå Innlandet fylke har stått og står sentralt i dette arbeidet og har formidla stoff om temaet i fleire samanhengar. Dei skriv at eit generelt trekk ved reinfangsten er at denne blir ein betydeleg økonomisk faktor utover i jernalder og mellomalder og med det strategisk viktig for makteliten. Reinfangsten blir mange stadar organisert av høvdinger og kongar. Fangstanlegga blir store og mange og krev god organisering, og mange menneske blir involvert.

Formidling – klimaparken ved Juvfonne

Funn av gjenstandar frå ein jaktkultur langt tilbake i tid handlar ikkje berre om forsking og innsamling av arkeologisk materiale, det handlar òg om formidling av forskingsresultat. I så måte utmerkar Klimaparken ved Juvfonne og Juvvasshytta seg. Norsk Fjellmuseum i Lom er ein viktig aktør her. Og i tillegg til formidling av sjølve funna og dei konklusjonane arkeologane har kome med, er nedsmeltinga og eit varmare klima eit viktig tema. Klimaparken er eit utandørs opplevingsområde med fokus på klimahistorie, jakt og fangst, geologi og biologi. Dei tilbyr gruppeturar gjennom klimaparken der ein både får oppleva og lære. Turen er ei kjelde til kunnskap om historie, natur og klima. I sjølve Juvfonne er der grave/hakka ut ein 70 meter djup tunnel med handmakt. Istunnellen er designa og ljossett av kunstnaren Peder Istad.

Brear i tilbakegang

Klimaendringane er svært synlege i Jotunheimen, breane minkar. Med ein gjennomsnittleg temperaturauke på to grader, er der berekningar som viser at 90% av alle isbrear i Noreg vil forsvinne i løpet av det 21. hundreåret. Eit anna tydeleg teikn på klimaendringane som ein kan observere i Jotunheimen, er endringar i permafrosten. Her høgt til fjells tinar det øvste laget ein til tre meter om sommaren. Og ved analysar av endringane i temperaturen djupt ned i bakken, i permafrosten, kan ein slå fast at temperaturen har stige dei siste åra (1 grad dei siste 30-40 åra). Endringane gjeld òg for plantelivet, studiar av plantene som veks ved Juvasshytta, viser at fleire av desse har blitt raudlista på grunn av endringane i klimaet. 

La slike funn ligge

Dersom du skulle oppdage noko som har smelta fram fra isen, er hovedregelen at du skal la det liggje og melde frå til fylkesarkeologen. Ta eit bilete, noter GPS-posisjon viss det er mogleg eller merk av på eit kart. Det er viktig å ikkje ta slike funn med seg. For arkeologene er det viktig å kunne granske funnet utan at noko er flytta på.

Kjelder:

Finstad, Espen og Pilø, Lars Holger 2016: “Fonnejakt” i Frøstrup, Johan C. og Punsvik, Tor: Villreinen. Fjellviddas nomade

Biørnstad, Lasse 2020: “I over 6000 år har folk mistet piler og andre ting ved dette stedet i Jotunheimen” i www.forskning.no:

https://forskning.no/arkeologi/i-over-6000-ar-har-folk-mistet-piler-og-andre-ting-ved-dette-stedet-i-jotunheimen/1775831

Nesje, Atle 2020: “Opptil 6000 år gamle piler har smelta ut av ei isfonn i Jotunheimen” Universitetet i Bergen:

https://www.uib.no/geo/140766/opptil-6000-år-gamle-piler-har-smelta-ut-av-ei-isfonn-i-jotunheim

Les meir på desse nettsidene:

https://journals.sagepub.com/doi/pdf/10.1177/0959683620972775

https://secretsoftheice.com

https://klimapark2469.no

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Villreinrådets fagdager på Geilo


5R6A0381.JPG

Årets fagdager i regi av Villreinrådet arrangeres den 13. og 14. oktober på Vestlia Resort, Geilo. Vi har også i år valgt å flytte fagdagene fra juni til oktober på grunn av koronasituasjonen, men håper likevel interessen er stor og at vi vil se mange villreininteresserte under årets fagdager.

Fagdagene på Geilo vil blant annet fokusere på kvalitetsnormarbeidet og ferdselsproblematikk – og vi kommer dessverre ikke utenom skrantesjuke i år heller. I tillegg kommer det mange interessante innlegg fra sentrale personer – se forøvrig vedlagte program.

Fjorårets fagdager ble streamet via Facebook, i hovedsak på grunn av begrenset hotellkapasitet og veldig mange på venteliste. I år har vi ingen kapasitetsproblemer, men vi vurderer likevel om hele eller deler av arrangementet skal streames. I så fall vil streamen bli sendt på Facebooksiden til Villreinen og det vil ikke kreves noen innlogging eller «kode». Så om du absolutt ikke får tatt turen til Geilo disse dagene, men likevel er interessert, er det lurt å følge med på Villreinens Facebookside.

Aller helst vil vi møtes, mingle og snakkes – og ikke minst gledes over uformelle og muntre samtaler over litt god mat og godt drikke.

Påmelding til Christian Hillmann.

Vi sees!

Her er programmet for FAGDAGENE.


villrein.no – Fred Ivar Aasand