Litt om namngjevne villreinjegerar I Jotunheimen

Litt om namngjevne villreinjegerar I Jotunheimen

 

Villreinjeger og turistvert på Tvinnehaugen, Gudbrand Andrisson Skattebu. Foto frå Digitalt museum

Jotunheimen har i dag for det meste tamreindrift, men om me gjeng til 1800-talet, var der framleis villrein og villreinjakt. Dei fyrste namngjevne villreinjegerane dukkar opp på 1600-talet.

Publisert: 31.12.2021

Jahas Eldegard

Forfattaren Vera Henriksen skriv om den eldste namngjevne villreinjegeren i Jotunheimen, han heitte Jahas (Johannes) Eldegard og var frå Årdal. Han var født ca 1600 og er stamfar til ei heil ætt med reinsjegerar som når heilt inn på 1900-talet. Denne Jahas blei ei legende og ikkje berre fordi han var ein vidgjeten reinsjeger, men òg fordi han var kjent for å ha god kontakt med dei underjordiske. Han spela munnharpe for dei så dei kom ut av haugane og dansa i terrenget så rovene slong. Og sjølv om han i seinare år bruka børse, er det sannsynleg at han var av dei som fyrst hadde jakta med armbrøst («låsboge»), og han jakta blant anna rundt fjellsjøen Tyin. 

Dei tidlege namngjevne reinsdyrjegerane er gjerne forbundne med eventyr og vandresegner, og dei var ofte meistrar til å fortelje gode historier. Slik har dei sjølve bidrege til heltestatusen som fleire av dei fekk, og folkefantasien har spunne vidare på dette. Vera Henriksen skriv elles at med børsene fekk me eit skifte i jaktforteljingane, frå arkeologien og synlege fornminne til bygdetradisjon og segner.

Bjødna-Jakup

Den tidlegaste namngjevne jegeren i Valdres heitte Jakop Jensen (Bjødna-Jakop) f. 1663 i Vestre Slidre. Han var av dei som «kunne noko» utanom den vanlege, han kunne mane til seg viltet, dyret blei fjetra og kunne ikkje gå frå skyttaren. Han bruka svartebok og kunne til og med kaste sjukdom på folk eller gjera dei friske. Bjødna-Jakob jakta villrein mellom Bygdin og Vinstarvatna. Han jakta òg bjørn på Valdresflya. Også han har ei ætt etter seg av kjende veidemenn.

Henriksen fortel om dei tidlege jegerane at dei, viss dei hadde skote rein, bruka til sovepose den ferske og blodige reinshuda som dei rulla seg inn i, «..slike huder skal ha berget mange en Jotunheimenjeger i styggevær», fortel Henriksen. Men kva kan dagens Jotunheimen-vandrar gjera for å få kontakt med fortidas veidemenn? Henriksen skriv: «Ennå går det rein i Jotunheimen; tamrein riktig nok, men dyr av samme slag og med omtrent samme vaner som villreinen. Ennå trekker reinen opp mot vinden i sommerlyse dager, ennå knirker det i hover, ennå sparker dyrene sneen vekk fra snaublåset vinterrabber for å finne mat; enno kan man stanse åndeløst ved synet av en flokk storbukker kronet med tunge, svære horn.»

Gudbrand Andrisson Skattebu

Om me tek eit stort steg framover i tid, men ikkje lenger enn at det framleis var villreinjakt i Jotunheimen, støyter me på reinsjegeren og turistverten Gudbrand Andrisson Skattebu (1886-1935) frå Øystre Slidre. 1875 blei han styrar ved DNT si turisthytte ved Tyin, Tvinnehaugen. Han hadde jakta sidan ungdomen, men skikkeleg fart i villreinjakta blei det ikkje før han kom til Tvinnehaugen. I perioden på 24 år som han var styrar på Tvinnehaugen skal han ha skote 140 villrein. Han etterlet seg ei mengd veidesoger, han skulle ha vore ein god forteljar. Han skreiv dagbøker då han var på jakt, dette er grunnlaget for dei mange veidesogene som folkeminnesamlaren  O.K. Ødegaard har gjeve att i boka «Valdris-følk.» Desse sogene utgjer hovuddelen av boka “Villreinsjakt i Sør-Jotunheimen 1864-1869” av Knut Hermundstad.

Kjelder:

Henriksen, Vera 1977. «På streif i historien» i Jotunheimen – Fra veidemark til nasjonalpark. Grøndahl

Hermundstad, Knut 1972. Villreinsjakt i Sør-Jotunheimen 1864-1899Universitetsforlaget 

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl