Reinsdyret – avbilda frå tidenes morgon

Reinsdyret – avbilda frå tidenes morgon

 

Frå utstillingane i Musée National de la Préhistoire i landsbyen Les-Eyzies-de-Tauac i Dordogne i Sør-Frankrike. Den utstoppa reinen er ei gåve frå Noreg, og teikninga bak er ein kopi av ei eldgamalt holemåleri frå dette distriktet. Foto: Kjell Bitustøyl

Avbildingar, teikningar, måleri, skulpturar o.l. av reinsdyr ser ut til å vera ein urgamal tradisjon, dei eldste kunstferdige holemåleria i Sør-Frankrike er 20-30 000 år gamle. Av ulike grunnar blir reinsdyret i nyare tid avbilda mykje i vekene før jul, myten om reinsdyret Rudolf må nok ta noko av skulda for det. Mangfaldet er stort, det kan vera alt frå kosedyr til forseggjorte lysskulpturar, frå kunstferdige holemaleri til illustrasjoner i bøker. Kunnskapen om kva som er viktigaste kjenneteikna på eit reinsdyr, er derimot ikkje alltid like imponerande.

Publisert: 20.12.2021

“Slikkande reinsdyr” – den mest kjende avbildinga av rein i grottene i Sør-Frankrike, nærare bestemt Grotte font-de-Gaume i Vézère-dalen i Dordogne. Foto: Kjell Bitustøy
Myten om reinsdyret skreiv me om på nettsida vår i fjor: Korleis oppstod myten om Rudolf? Denne gongen skal det derimot handle om visualiseringa av reinsdyret i ulike former, ikkje alt er like prega av kvalitet så klart. Framstillingane av reinsdyret varierer sterkt, ofte er det hjorten som er avbilda i staden for reinsdyret.

 

 

 


 

Foto utlånt frå Cairngorm Reindeer Centre. Foto: Hen Robinson

Til høgre: Kvar jol har dei tilsette ved Cairngorm Reindeer Centre i Skottland som jobb å reise rundt i dei skotske byane med reinsdyr, slede og julenisse for å glede store og små. Foto utlånt frå Cairngorm Reindeer Centre. Foto: Hen Robinson.

 

Under: Snertne småfigurar i porselen. Liten tvil om anna enn at dette er reinsdyr. Foto: Kjell Bitustøyl

 

 

 


 

 

 

 


 

Til venstre: Her har me både elg og rein, lysestakar, me ser lett kva som er kva. Foto: Kjell Bitustøy

  

Under: «Grass reindeer» frå Skottland, kva no det er? Figurane talar for seg. Geviret er ok, men kva med f.eks. bakenden på dyret, her trengs kanskje litt meir kunnskap? Foto: Kjell Bitustøyl

 

 

 


 

 

 

 


 

Til høgre: I Skottland er nok Rudolf-myten meir utbreidd er enn i Noreg. Øyrevarmarane som Karen Gillespie her viser fram, er kjøpt i Inverness i Nord-Skottland, ikkje langt frå Cairngorm Mountains med den einaste reindyrstamma på dei britiske øyane. Foto: Kjell Bitustøyl

 

Under: Lysskulptur fra julegata i Tromsø, dette er frå landsdelen med mykje tamrein, og der veit ein nok korleis ein rein ser ut. Foto: Kjell Bitustøyl

 

 

 


 

 

 

 


 

Til høgre: Denne lysskulpturen her var å finne i ei fjellbygd med villrein, i ei «julesetting» i desember. Kanskje kunnskapen om reinsdyret ikkje var heilt på plass? Foto: Kjell Bitustøyl 

Under: Eit norsk tidsskrift hadde ein artikkel om reinsdyr, artikkelen blei illustrert med denne figuren, mange vil vel få assosiasjon retning hjort også av denne avbildinga.

 

 

 


 

 

Under: Ein fransk vinterfestival – ein musikkfestival – med nordiske deltakarar, hadde valt seg ein rein som blikkfang på plakaten. Og dei må ha hatt gode konsulentar, for her er det ikkje tvil om kva dyr det er snakk om.

 

 

 


 

villrein.no – Kjell Bitustøyl