Stenger hytter for utleige på grunn av villreinen
![]()
Bakketjønnhytta lengst vest i Øvre Numedal Statsallmenning Foto: Sten-Rune Jensen
Publisert: 16.12.2021
Øvre Numedal Fjellstyre (ØNF) har vedtatt å stenge hyttene dei har på Hardangervidda – dvs. innafor området til Øvre Numedal Statsallmenning – for utleige frå og med desember 2021 fram til sommarsesongen 2022. Styret i ØNF har sett på moglege tiltak for av avgrense ferdselen i villreinfjellet i vinter og har kome fram til at dei vil stenge alle hyttene sine for utleige med unntak av nødvendig transport eller vedlikehald. Fjellstyret ynskjer på denne måten å bidra til ein felles dugnad på Hardangervidda for å gje villreinen ro i vinterfjellet og betre villreinens arealbruk. Det blir heller ikkje opna for vinterjakt på rype i januar og februar i Øvre Numedal Statsallmenning. Dei seks hyttene det gjeld er Ribbohæ, Bakketjønn, Grønenuten, Kolven, Jegerbu og Vegarhovd.
![]()
Dette er området rett sør for Stigstuv turisthytte på flataste Hardangervidda der to av hyttene til Øvre Numedal Fjellstyre ligg: Ribbohæ og Bakketjønnhytta. Foto: Kjell Bitustøyl
Villrein.no – Kjell Bitustøyl
