Arkiv - nettsaker fra gamle villrein.no

Viktig seminar om arkeologi og villrein


Prosjektleiar for utgravingane ved Møsvatn Jostein Bergstøl fotografert ved Draghaug, ein av dei interessante funnstadane som blei undersøkt denne sommaren. Bergstøl var elles den som fortalde om viktige funn av fangstanlegg, buplassar m.m. ved Vins…

Prosjektleiar for utgravingane ved Møsvatn Jostein Bergstøl fotografert ved Draghaug, ein av dei interessante funnstadane som blei undersøkt denne sommaren. Bergstøl var elles den som fortalde om viktige funn av fangstanlegg, buplassar m.m. ved Vinstravatn, funn med klar tilknyting til eit viktig villreintrekk. Foto: Kjell Bitustøyl

23. og 24. august kom ein tung delegasjon til Møsvatn og Norsk Villreinsenter på Skinnarbu. Her var representantar for Riksantikvaren (RA), Olje- og energidepartementet (OED), Klima- og miljødepartementet (KLD), Kulturhistorisk museum (KHM), Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Vinje kommune og Telemark fylke. Vertskap og deltakarar var òg Hardangervidda Nasjonalparksenter og Norsk Villreinsenter Skinnarbu (NVS). Ramma rundt det heile var den såkalla sektoravgifta, ei avgift som skal brukast til arkeologiske undersøkingar av regulerte vassdrag der opphavleg konsesjon blei gjeven før 1960.

Arkeologi og villrein var ein del av temaet for seminaret. Konkret dreia seminaret seg i hovudsak om dei arkeologiske utgravingane rundt Møsvatn i sommar i regi av KHM i samarbeid med Telemark fylkeskommune, kulturminneavdelinga. Deltakarane fekk vera med ut i felt. Dei fekk sjå helleristningane ved Sporanes i Rauland, og var på synfaring ein heil dag innover Møsvatn med arkeologane som vegvisarar.

Jernvinna
Viktigaste delen var likevel seminaret på Norsk Villreinsenter. Her fekk ein informasjon om resultata av utgravingane rundt Møsvatn i sommar, dette inkluderte ei utstilling i lokala til Hardangervidda Nasjonalparksenter. Møsvatn-området er grundig undersøkt før, ikkje minst av arkeolog Irmelin Martens som har forska spesielt på jernvinna og alt som knyter seg til denne. Det var også jernvinna som denne gongen sto i fokus, men området er også rikt på hustufter, fangstanlegg og funn frå steinalder. Arkeologane kunne mellom anna vise til interessante funn ved lokaliteten Draghaug, der både slagghaugar, tufter og mogleg gravrøyser blei funne og dels undersøkt. 

Samarbeid med Norsk Maritimt Museum
Det spesielle ved undersøkingar i eit regulert vatn som Møsvatn, er at ein kjempar om kapp med ei stigande vassflate like etter at dei aktuelle funnstadane smeltar fram på våren. Dette byr på spesielle utfordringar for arkeologane. Ein måte å takle dette på var at ein denne gong hadde alliert seg med Norsk Maritimt Museum som ved hjelp av sonar kunne leite etter kulturminne under vatn, ein metode som ikkje har vore brukt her tidlegare. Eit område lengst inne i Møsvatn ved Toresmogen blei undersøkt, her var mange interessante funn, men ein blei langt frå ferdig med dette arbeidet. Ei klar melding i så måte til dei som løyver midlar til dette viktige kulturminnearbeidet, var at dette må fortsetje til neste sommar.

Kan ende opp med 30 separate villreinområde
Det mest relevante sett frå villreinsynsstad var leiar ved NVS Marianne Singsaas sitt innlegg om villrein og arkeologi. Ho tok for seg fragmenteringa av villreinen sine leveområde, som ho ser som den største trusselen. Ei av årsakene til fragmenteringa er kraftutbygginga, og då handlar det ikkje berre om sjølve dammen og vassmagasinet, men òg om vegar som opnar opp eit område for auka ferdsel, auka tilgjenge for utbygginga av hyttefelt osv.  Dette er ofte konsekvensen av slike kraftutbyggingar. Slik har reinen sine gamle trekkvegar blitt borte litt etter litt. Ein har splitta opp areala og enda opp med dagens 23 villreinområde. Singsaas hevda at om fragmenteringa fortset på same måten,  kan me risikere å få 30 separate populasjonar. Dette er alvorleg for villreinen, sa ho, og fortalde at Hardangervidda er einaste område i dag der ein har eit tilnærma naturleg trekk mellom vinterbeite og sommarbeite. 

Villreinomsyn må koma på dagsorden
Ei av NVS sine viktigaste arbeidsoppgåver siste året har vore å rette fokus mot det auka presset ein fryktar vil koma på villreinen sine attverande leveområde som ein konsekvens av revisjon av vassdragskonsesjonar, konsesjonar som er gjevne for mange år sidan. NVS har i samarbeid med Villreinrådet skaffe fram kunnskap om revisjonsutgreiingane, kva for område dette gjeld, og korleis ein kan få villreinomsyn opp på dagsorden i desse utgreiingane.

Arkeologien – ei gullgruve for arealspørsmål
Det er her arkeologien kan spela ei viktig rolle, fordi kunnskapen om gamle trekkruter kjem frå dei arkeologiske utgravingane, som er ei gullgruve for å rette fokus mot arealspørsmål, i fylgje Singsaas. Ho nemnde to konkrete eksempel: Sønstevatn på Hardangervidda og Aursjøen på Dovrefjell. I båe desse kraftmagasina er det dokumentert viktige trekkruter og fangstanlegg for villrein. GPS-kartlegginga har vist at villreintrekka meir eller mindre er stengde, villreinen brukar desse områda i langt mindre grad no enn før utbygging. 

Slik har auka turisme og kraftutbygging ramma dei gamle trekkrutene. Singsaas meiner at dette handlar om å sjå heile fjellet under eitt, altså sjå dei nye konsesjonane samla, ikkje berre behandle ein og ein konsesjon for seg i samband med vassdragsrevisjonane.

Link til facebooksida ”Arkeologi ved Møsvatn 2016-2017”: https://www.facebook.com/groups/1136547133042213/?fref=ts


Frå seminaret på Skinnarbu: F.v. bakre rekke: Lars Bru, Riksantikvaren; Elin Dalen, Riksantikvaren; Lise Loktu, Telemark fylkeskommune; Marianne Singsaas, Norsk Villreinsenter; Frode Svendsen, Telemark fylkeskommune; Jostein Bergstøl, Kulturhis…

Frå seminaret på Skinnarbu: F.v. bakre rekke: Lars Bru, Riksantikvaren; Elin Dalen, Riksantikvaren; Lise Loktu, Telemark fylkeskommune; Marianne Singsaas, Norsk Villreinsenter; Frode Svendsen, Telemark fylkeskommune; Jostein Bergstøl, Kulturhistorisk Museum; Ronny Henriksen, Klima- og miljødepartementet; Frode Kvalø, Norsk Maritimt Museum; Kristine Johansen, Riksantikvaren; Toril Nicolaisen, Vinje kommune.
Framme f.v.: Unn Yilaz, NVE; Lisbeth Løchen, NVE; Elisabeth Platou, Klima- og miljødepartementet; Anne Haug, Olje- og energidepartementet; Birgitte Bjøkli, Kulturhistorisk Museum; Ståle Rue, Hardangervidda Nasjonalparksenter. Foto: Kjell Bitustøyl


Detalj frå helleristningane ved Sporanes i Rauland som viser ein rein og ei dyregrav, unike i sitt slag så langt mot sør. Foto: Kjell Bitustøy

Detalj frå helleristningane ved Sporanes i Rauland som viser ein rein og ei dyregrav, unike i sitt slag så langt mot sør. Foto: Kjell Bitustøy


Leiar ved Norsk Villreinsenter Skinnarbu, Marianne Singsaas snakka om ”Vannkraft, arkeologi og villrein.” Foto: Kjell Bitustøyl

Leiar ved Norsk Villreinsenter Skinnarbu, Marianne Singsaas snakka om ”Vannkraft, arkeologi og villrein.” Foto: Kjell Bitustøyl

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl

CWD påvist på nytt i Nordfjella


250 villrein fra Hardangervidda (lynnedslaget) skal analyseres for mulig CWD (Chronic Wasting Disease). Det er hodene som sendes inn. Her fra mottaket i Borgund i Lærdal. Foto: Lars Nesse

250 villrein fra Hardangervidda (lynnedslaget) skal analyseres for mulig CWD (Chronic Wasting Disease). Det er hodene som sendes inn. Her fra mottaket i Borgund i Lærdal. Foto: Lars Nesse

Et nytt tilfelle av CWD (Chronic Wasting Disease), eller skrantesyke som den dødelige sykdommen nå heter på norsk, er påvist på en villrein felt under jakta i Nordfjella. –  Det var ingen teikn på at bukken var sjuk då jegeren skaut den, den framstod som livskraftig. Dette er klassisk, som skildra frå Amerika, opplyser Kåre Rudningen til porten.no

Så langt i høst er prøver fra over 100 villrein felt i Nordfjella sendt til Veterinærinstituttet og analysert for mulig skrantesyke. Alle, med unntak av bukken, har vært negative. Resultatet av prøvene offentliggjøres – fortløpende –  på nettsida til Hjorteviltregisteret

 

Et omfattende opplegg

I Nordfjella villreinområde skal hodene av all felt villrein samles inn og sjekkes av Veterinærinstituttet/Mattilsynet. Det samme skal hodene av 100 rein felt på Hardangervidda (opprinnelig plan, men utvidet p.g.a. lynnedslaget) og hodene av 100 rein felt i Forollhogna. Mattilsynet og Miljødirektoratet har planene klare for å teste 20 000 hjortedyr, inklusive tamrein. I tillegg skal det tas prøver av hjortedyr som blir felt under jakt i utpekte områder.

Sykdommen CWD ble første gang påvist i Norge på ei villreinsimle i Nordfjella i mars i år. I forbindelse med merking ble det registrert ei død simle som senere fikk sykdommen påvist av Veterinærinstituttet. Dette var første gang sykdommen ble påvist i Europa. Og, CWD har aldri tidligere vært påvist i ville bestander av rein. Senere ble CWD påvist på to elger i Selbu. Prionsykdommer rammer sentralnervesystemet. Det finnes ingen behandling for sykdommen, og den er alltid dødelig.

Mandag 15. august var det informasjonsmøte om skrantesyke (CWD) for villreinjegere bosatt i Lærdal, Årdal og Aurland. Dagen etter for jegere bosatt i Hemsedal, Ål og Hol kommuner. Les mer om møtet i Aurland

 

villrein.no – Arne Nyaas

 

 

63 000 ampere i “smellen”


Ifølge Meteorologisk institutt var det 63 000 ampere i lynnedslaget som tok livet av 323 villrein på Hardangervidda. (Illustrasjonsfoto).

Ifølge Meteorologisk institutt var det 63 000 ampere i lynnedslaget som tok livet av 323 villrein på Hardangervidda. (Illustrasjonsfoto).

323 villrein ble slått rett i bakken av lynet på Hardangervidda. NRK Telemark opplyser at Meteorologisk institutt har sjekket koordinatene der villreinen befant seg. Laila Fodnes Sidselrud bekrefter at det trolig var lynet som drepte reinen.

– Det lynet jeg har funnet ble registrert i dette området. Dette er innenfor 400 meter fra der reinen ble funnet, så treffet kan godt ha vært midt i reinflokken. Lynet ble registrert fredag 26/8-16 kl. 13.27 lokal tid. Maksimal strøm i dette lynnedslaget var 63 ka, altså 63 000 Ampere, opplyser Laila Fodnes Sidselrud til NRK Telemark

Les mer om lynnedslag, forholdsregler og førstehjelp

 

 

villrein.no – Arne Nyaas

 

100 tamrein drept av lyn på 1930-talet


Arvid Jåma. Foto: Kjell Bitustøyl

Arvid Jåma. Foto: Kjell Bitustøyl

Reindriftseigar Arvid Jåma frå Fosen fortel at foreldra hans saman med dei andre i sijten Meidalsgruppa på Høylandet i Vestre Namdal tidleg på 1930-talet opplevde ein liknande tragedie som det som skjedde no på Hardangervidda. Dei mista over 100 reinsdyr i  lynnedslag. ”Foreldra mine måtte utsette flyttinga til Fosen til 1948/49 for å spare seg opp nye dyr”, fortel Jåma.

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Mediestorm for SNO-tilsette


Naturoppsyn i SNO på Skinnarbu, Knut Nylend (bildet), var den som fekk ansvaret for å gjera nyhendet kjent for omverda. Han og Håvard Kjøntvedt har aldri opplevd maken til mediestorm omkring ei slik hending. Arkivfoto: Arne Nyaas

Naturoppsyn i SNO på Skinnarbu, Knut Nylend (bildet), var den som fekk ansvaret for å gjera nyhendet kjent for omverda. Han og Håvard Kjøntvedt har aldri opplevd maken til mediestorm omkring ei slik hending. Arkivfoto: Arne Nyaas

Numedølen Håvard Kjøntvedt i Statens naturoppsyn på Rødberg i Buskerud trudde vel knapt sine eigne auger då han fredag 26. august kom over reinsflokken som var slegne i bakken og drept av lynet litt nord for innsjøen Vesle Saure på Vinje kommune sin del av Hardangervidda. Det var 323 daude reinsdyr i alt, simler og bukkar og 70 kalvar. Ingen kan hugse at så mange dyr, og då visst ikkje villrein, på denne måten har late livet på grunn av lynnedslag. 

Naturoppsyn i SNO på Skinnarbu Knut Nylend var den som fekk ansvaret for å gjera nyhendet kjent for omverda, han og Håvard Kjøntvedt har aldri opplevd maken til mediestorm omkring ei slik hending. Telefonane sto ikkje stille, og ikkje berre norske media, men òg frå Sverige og Danmark kom det telefonar. Naturoppsyn Kjøntvedt kan fortelje at til og med folk frå CNN tok kontakt. 

Sundag 28. august var folk frå SNO og representantar frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) i området for å ta ut prøver av dei daude dyra. Området der dette skjedde ligg på privat grunn i Vinje kommune, i ei nordvendt helling ca 1250 meter over havet. Villreinjakta er i full gang og det har vore mykje dyr i området. Prøver blir tekne med tanke på mogleg smitte av CWD, resultata av desse er enno ikkje kjent. 

Veret har vore ekstremt denne dagen med regn, torever og lyn. Og jegerar som var eit godt stykke unna, i Stordalen, kunne kjenne det riste i bakken. Kva som skal skje vidare med dei daude kroppane er enno ikkje bestemt. Mange kallar det ein dyretragedie. ”Det hadde det vore om nokon hadde eigd dyra”, seier Knut Nylend, men ettersom dette er villrein, vil han heller bruke ordet naturkatastrofe.


323 villrein daude på grunn av lynnedslag. Foto: Håvard Kjøntvedt, SNO/Miljødirektoratet

323 villrein daude på grunn av lynnedslag. Foto: Håvard Kjøntvedt, SNO/Miljødirektoratet


Det var i dette området dei 323 dyra blei funne, drepne av lynet.

Det var i dette området dei 323 dyra blei funne, drepne av lynet.


Medietrykket omkring denne saka har vore enormt stort, her blir villreinforskar i NINA Olav Strand intervjua av NRK på Skinnarbu. Foto: Kjell Bitustøyl

Medietrykket omkring denne saka har vore enormt stort, her blir villreinforskar i NINA Olav Strand intervjua av NRK på Skinnarbu. Foto: Kjell Bitustøyl


Dette er innsjøen Vesle Saure sett mot nord. Me ser Vråsjåhallene som ei mørkare flate litt bak i øvre del av biletet. Heilt til venstre i biletet, opp frå vatnet og til venstre ligg ryggen der lynet har slege ned, i nordhallet av denne skjedde det.…

Dette er innsjøen Vesle Saure sett mot nord. Me ser Vråsjåhallene som ei mørkare flate litt bak i øvre del av biletet. Heilt til venstre i biletet, opp frå vatnet og til venstre ligg ryggen der lynet har slege ned, i nordhallet av denne skjedde det. Foto: Kjell Bitustøyl

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Dyretragedie på Hardangervidda


Fredag i forrige uke kom Statens naturoppsyn (SNO) over flokken på 323 dyr som var slått av lynet, ved Vesle Saure i Vinje kommune, blant andre denne storbukken. Foto: Håvard Kjøntvedt, Miljødirektoratet/Statens naturoppsyn (SNO).

Fredag i forrige uke kom Statens naturoppsyn (SNO) over flokken på 323 dyr som var slått av lynet, ved Vesle Saure i Vinje kommune, blant andre denne storbukken. Foto: Håvard Kjøntvedt, Miljødirektoratet/Statens naturoppsyn (SNO).

Miljødirektoratet opplyser følgende på sin nettside: “Fredag 26. august kom Miljødirektoratets feltapparat, Statens naturoppsyn (SNO), over flokken som var slått av lynet, ved Vesle Saure i Vinje kommune. Det hadde vært dårlig vær i området. SNO var ute på oppsynsaktivitet i forbindelse med villreinjakta på Hardangervidda. De observerte 323 dyr i flokken, av begge kjønn. Fem villrein ble avlivet av SNO.”

SNO har vært på stedet igjen, sammen med seniorforsker Olav Strand fra Norsk institutt for naturforskning. Den tragiske hendelsen ble utnyttet for å finne ut om noen av dyrene var rammet av dyresykdommen Chronic Wasting Disease (CWD).

– Det er jo merkelig at slikt kan skje og det var et uvirkelig syn som møtte oss der inne. Værforholdene på fredag var helt spesielle med store nedbørsmengder. Flokken var på trekk oppover en bakke da lynet slo ned. Den store luftfuktigheten både på bakken og i lufta var nok en forklaring på hvorfor det døde så mange dyr, sier Olav Strand.


323 villrein ble slått av lynet. Foto: Håvard Kjøntvedt, Miljødirektoratet/Statens naturoppsyn (SNO).

323 villrein ble slått av lynet. Foto: Håvard Kjøntvedt, Miljødirektoratet/Statens naturoppsyn (SNO).

 

 

Les mer om dyretragedien i Vinje kommune:

 

 

villrein.no – Arne Nyaas

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Færre dyr og mindre kvotar i Setesdal Austhei


Svein Ekre er leiar i Setesdal Aushei Villreinlag. Foto: Britt-Elin Ekre

Svein Ekre er leiar i Setesdal Aushei Villreinlag. Foto: Britt-Elin Ekre

Setesdal Austhei villreinområde strekkjer seg frå Haukeli/Edland i nord på Austsida av Riksveg 42 gjennom Setesdal og sørover i Aust-Agder og Telemark til og med Bygland og Fyresdal kommunar i sør. Vinterstamma er på ca 2000 dyr, men i år har ein under teljingane funne såpass mykje færre dyr enn tidlegare at kvoten for årets villreinjakt er sett ned med heile 50%.


Svein Ekre med ein fin bukk. Foto: Britt-Elin Ekre

Svein Ekre med ein fin bukk. Foto: Britt-Elin Ekre

 

Svein Ekre er leiar i Setesdal Austhei Villreinlag, han fortel at ein i år har valt å gå drastisk ned på kvotane for årets villreinjakt på grunn av at ein ikkje har funne så mange dyr i teljingane som tidlegare. Årsakene til nedgangen i bestanden meiner han fyrst og fremst er lekkasje over til Setesdal Vesthei og til Hardangervidda, utan at dette er dokumentert med sikre bevis. Generelt er området vanskeleg med omsyn til teljing, blant anna er det område særleg i sør der skog gjer det vanskeleg å telje dyr.

Også tidlegare har kvotane og avskytinga svinga sterkt i dette området, Ekre fortel mellom anna at vinteren 2014/15 hadde ein ising på vinterbeitet, då tyder mykje på at ein del dyr vandra over på Hardangervidda. Ingen radiomerka simler har derimot så langt kunna stadfest denne vandringa. Men merkeprosjektet er heller ikkje forlenga for dette området, slik at det pr i dag berre er to radiomerka simler. Dét gjer sjølvsagt ikkje situasjonane enklare i høve til å fylgje på med kvar dyra tek vegen. Og når ein ikkje har radiomerka dyr, må ein ty til andre utvegar, sjølvsagt mest nærliggjande er dette med ”sett” rein, slik ein hadde det før GPS-teknologien kom i bruk. I så måte kan ein indikator vera at dei fastbuande på Bjåen, dei øvste fjellgardane i Bykle, har hatt bukkar innpå jorda på groen kvar vår, i år skjedde ikkje dette i fylgje Ragnhild Bjåen. 

Ei anna utfordring for reinen på Setesdal Austhei er vegen mellom Valle og Tokke over Store Bjørnevatn som kryssar området. Her har ein fått god GPS-dokumentasjon på at dyra står og stangar og kvir seg for å krysse over vegen. Ei bekymring for dei som forvaltar denne reinstamma, er at det er godkjent planar for å byggje endå fleire hytter i Valle i dette viktige trekkområdet for reinen.

Når det gjeld kalvetilveksten er der i fylgje Svein Ekre ei betring frå fjoråret, teljinga i juni i år viste 52 kalvar pr. 100 simler, mot 49 året før. Han fortel at der er mange av dei som har jaktrettar som sjølvsagt er spente på kva retning dette vil ta, sjølv håpar han at avskytinga ikkje blir for god i år, slik at ein vil kunne få ei større stamme til neste år.


Våren 2015: Ein liten bukkeflokk frå Setesdal har kryssa E 134 og har funne  seg grøne beite i eit solvendt hyttefelt i Vågslid. Foto: Kjell Bitustøyl

Våren 2015: Ein liten bukkeflokk frå Setesdal har kryssa E 134 og har funne  seg grøne beite i eit solvendt hyttefelt i Vågslid. Foto: Kjell Bitustøyl


Frå fjellet Galten mot Venevasshallet i Bykle, eit typisk landskap frå nordlege delen av Setesdal Austhei. Me ser traktorvegen som går i retning Venevatn, som ligg i grenseområdet mot Telemark. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå fjellet Galten mot Venevasshallet i Bykle, eit typisk landskap frå nordlege delen av Setesdal Austhei. Me ser traktorvegen som går i retning Venevatn, som ligg i grenseområdet mot Telemark. Foto: Kjell Bitustøyl

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl

 

Stor jegerinteresse for møter om CWD [oppdatert]


Fullsatt sal og stor interesse for informasjonsmøtet i Aurland mandag kveld om CWD. Nemndsleder Lars Nesse ønsker villreinjegerne bosatt i Lærdal, Aurland og Årdal velkommen. Foto: A. Nyaas

Fullsatt sal og stor interesse for informasjonsmøtet i Aurland mandag kveld om CWD. Nemndsleder Lars Nesse ønsker villreinjegerne bosatt i Lærdal, Aurland og Årdal velkommen. Foto: A. Nyaas

[Artikkelen er revidert 24.8.16]

Forekomsten av sykdommen CWD (Chronic Wasting Disease) skal kartlegges. I Nordfjella villreinområde skal hodene av all felt rein, samles inn og sjekkes av Veterinærinstituttet/Mattilsynet. Det samme skal hodene av 100 rein felt på Hardangervidda og hodene av 100 rein felt i Forollhogna. Mattilsynet og Miljødirektoratet har planene klare for å teste 20 000 hjortedyr, inklusive tamrein. I tillegg skal det tas prøver av hjortedyr som blir felt under jakt i utpekte områder.

 

Sykdommen CWD ble første gang påvist i Norge på ei villreinsimle i Nordfjella i mars i år. I forbindelse med merking ble det registrert ei død simle som senere fikk sykdommen påvist av Veterinærinstituttet. Dette var første gang sykdommen ble påvist i Europa. Og, CWD har aldri tidligere vært påvist i ville bestander av rein. Senere ble CWD påvist på to elger i Selbu. Prionsykdommer rammer sentralnervesystemet. Det finnes ingen behandling for sykdommen, og den er alltid dødelig.

 

To viktige informasjonsmøter

Mandag kveld var det informasjonsmøte/jegermøte i Aurland for villreinjegere fra Lærdal, Aurland og Årdal. Arrangører var Villreinutvalet for Nordfjella sammen med Villreinnemnda for Nordfjella/Fjellheimen og Norsk institutt for naturforskning (NINA). Tirsdag kveld var det infomøte for villreinjegere bosatt i Hemsedal, Ål og Hol. Møtested var Torpomoen i Ål i Hallingdal.

Interessen for møtene var stor både i Aurland og i Ål. Årets jaktkvote i Nordfjella er på 900 dyr, og villreinjegerne var «sugne» på å høre hva de går til i årets villreinjakt som starter lørdag 20. august – og hva som kreves av «meg» som jeger når hodet skal leveres for sjekk og analyse.

Lars Nesse, nemndsleder i Nordfjella/Fjellheimen, samlet to fulle hus. Nesten alle villreinjegerne «på vestsida» var på plass i Aurland idretts- og samfunnshus mandag kveld, både for å lytte til orienteringene, men også for å stille spørsmål. Det samme gode oppmøtet var det på Torpomoen tirsdag kveld. I tur og orden orienterte følgende sentrale personer: Kjell Handeland (Veterinærinstituttet), Bjørnar Ytrehus (viltveterinær i NINA), Erik Lund (seniorrådgiver i Miljødirektoratet), Olav Strand (forsker i Norsk institutt for naturforskning), Kåre Rudningen (pensjonert veterinær, utvalsmedlem i Nordfjella og organisator for innsamlingen i Nordfjella) og Julie Grimstad (veterinær i Mattilsynet med særskilt ansvar for dyrehelse). Den som styrte det hele med stø hånd, var Lars Nesse, leder i nemnda for Nordfjella/Fjellheimen.

 

Kjøttet skal være trygt å spise, men…………

– Vårt budskap til jegerne i Nordfjella og ellers, er at viltkjøttet er trygt å spise, uansett utfall av prøven. Dersom prøven er positiv, med andre ord at det påvises CWD, kommer vi ikke til å trekke inn kjøttet. Uansett, vi anbefaler at dere steiner ned slakteavfallet. Dette for å være på den sikre siden. Det vanskelige med denne saken er at EU er på oss hele tiden. Tre tilfeller på kort tid, en villrein og to elger, har skapt stor oppmerksomhet. Det er ikke tillatt å sende norske hjortedyr ut i Europa – og det er innført forbud mot saltslikkesteiner for hjortevilt, men ikke for småfé. Vi har et stort spekter av regler som vi må forholde oss til, røpet Julie Grimstad.

                                                                              ………………………………..

NB, siste (24.08.2016):  En uke etter informasjonsmøtene i Aurland og Hallingdal har Mattilsynet endret holdning til bruken av kjøttet. Dersom prøven er positiv, m.a.o. at CWD påvises, har Mattilsynet bestemt at kjøttet ikke skal spises. Mattilsynet skriver følgende på sin nettside:

“- Rådene vi nå har fått fra Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet gjør at vi inntar en aktiv føre-var holdning knyttet til kjøtt fra dyr som tester positivt. Vi vurderer det fortsatt slik at det er svært liten risiko for at sykdommen skal smitte til mennesker, men for å være på den sikre siden kommer vi ikke til å godkjenne at kjøtt fra dyr som tester positivt skal spises.

– CWD er en dyresykdom. Det er aldri noen mennesker som har blitt smittet, og vi forstår at det er lett å bli urolig når vi nå innfører et slikt tiltak. Men dette er et viktig føre-var prinsipp for oss, sier Kristina Landsverk, fagdirektør i Mattilsynet.

– Denne føre-var holdningen er årsaken til at vi har bestemt at dyr som tester positivt ikke skal spises. Prøvesvarene vil komme fortløpende og tar ca 2 til 4 dager”. Les mer på Mattilsynets nettside

                                                                              …………………………………..

 

“Rask prøvesjekk”

– Vi kommer til å jobbe raskt med hodene som sendes inn. Resultatet legges ut via Hjorteviltregisteret, så følg med der, oppfordret Kjell Handeland.

– Dersom resultatet er positivt, med andre ord at det påvises CWD, vil vedkommende jeger få utstedt et nytt jaktkort. Vær trygg på det. Vi har likevel håp om at dette ikke blir aktuelt, røpet nemndsleder Lars Nesse.

 

                                                                                 …………………………………………

NB. Siste nytt ang. CWD fra Nordfjella (25.08.2016): Kåre Rudningen, utvalgsmedlem i Nordfjella og organisator for innsamlingen av hoder av all felt rein i Nordfjella, sendte i kveld (25.08.2016) denne eposten til de jaktfeltansvarlige i Lærdal:

“Hei!

5 jaktdagar og 90 hjerneprøver! Dette er ein imponerande innsats av alle, grunneigarar so vel som jegerar. 
No er også ein del svar på plass, 55 so langt eg kan sjå, ingen av dei med påvist sjukdom. Og når rutinane tydelegvis er på plass, lyt me tru at svara kjem raskare i framtida. 

Mattilsynet har bestemt at kjøt frå eventuelle positive dyr skal trekkjast inn. Når, eller viss eit dyr testar positivt, blir at jegeren blir kontakta av Mattilsynet som vil be om at alt kjøt og avfall blir innlevert. For oss her i Nordfjella blir ikkje dette store endringa, bortsett frå at det me har som ei frivillig ordning, no blir eit påbod frå styresmaktene. So får me berre vone at det ikkje blir mange dyr med påvist skrantesjuke. (Det er no bestemt at det norske namnet for CWD skal vera skrantesjuke.) 

Helsing Kåre”

                                                                                     ……………………………………………….


Erik Lund, seniorrådgiver i Miljødirektoratet (t.v.) sammen med Olav Strand, seniorforsker i Norsk institutt for naturforskning (NINA). Foto: A. Nyaas

Erik Lund, seniorrådgiver i Miljødirektoratet (t.v.) sammen med Olav Strand, seniorforsker i Norsk institutt for naturforskning (NINA). Foto: A. Nyaas


Lars Nesse, nemndsleder i Nordfjella/Fjellheimen og arrangør av jegermøtene i Aurland og Ål. Foto: A. Nyaas

Lars Nesse, nemndsleder i Nordfjella/Fjellheimen og arrangør av jegermøtene i Aurland og Ål. Foto: A. Nyaas


Kjell Handeland, Veterinærinstituttet. Foto: A. Nyaas

Kjell Handeland, Veterinærinstituttet. Foto: A. Nyaas


Bjørnar Ytrehus, viltveterinær i NINA. Foto: A. Nyaas

Bjørnar Ytrehus, viltveterinær i NINA. Foto: A. Nyaas


Kåre Rudningen, utvalsmedlem i Nordfjella og organisator for innsamlingen av hoder av all felt rein i Nordfjella. Foto: A. Nyaas

Kåre Rudningen, utvalsmedlem i Nordfjella og organisator for innsamlingen av hoder av all felt rein i Nordfjella. Foto: A. Nyaas


Julie Grimstad, veterinær i Mattilsynet, med særskilt ansvar for dyrehelse. Foto: A. Nyaas

Julie Grimstad, veterinær i Mattilsynet, med særskilt ansvar for dyrehelse. Foto: A. Nyaas


Stor interesse og godt oppmøte også på Ål. Foto: Lars Nesse

Stor interesse og godt oppmøte også på Ål. Foto: Lars Nesse

 

villrein.no – Arne Nyaas

 

Nokre tips til reinsjegeren


Det nærmar seg reinsjakt, og då kan det vera interessant å lytte til kva eldre jegerar seier. Mange legg vekt på dette med å vera tolmodig og ta det med ro. Så må du vera god til å finne reinen, vita kvar han trekkjer og kvar det er sannsynleg at han dukkar opp. Veit du det, kan du setje deg ned og vente til han kjem.

Reinsjegeren Odd Slåtten i Hol i Hallingdal har fortalt dette: ”Eg mura meg opp eit slags bogestille. Dei andre jegerane reiste heim att – ’Ingen vits å sitje her’, sa dei. Eg sat og venta, visste at dyra ville sleppe seg ned her, visste at bukken ville begynne å trekke om kvelden. Eg fylte kvoten.”

Lokalhistorikaren Knut Hermundstad frå Valdres har skrive om villreinjakt i eldre tid i Valdres: ”Ein reinsjeger som stilte på reinen, laut leda seg varsamt fram til han var så nær reinen at ein såg vel augo hans. Det var eit gamalt merke på at ein var komen på passe hald.” Vidare skriv han: ”Snur reinen hovudet rett fram, eller vender bakenden rett mot skyttaren, lyt ein dra seg fort fram. Snur han sida til, lyt ein liggje dørgande still.” 

Vinden er sjølvsagt viktig: ”Dei gamle skyttarane tok då eit mjukt grasstrå om dei fann det, og eller eit hår tå hovudet eller or skjegget og heldt i været. Då kan ein ense vêrdraget om det er mest stilt. Ein lyt då stille seg fram mot veret. Om vêrdraget er veikt, kan likevel reinen få teften av skyttaren.”

 Så kjem Hermundstad med nokre råd når ein er fleire enn èin jeger. Då er det viktig å minne om at denne boka kom ut i 1964, og at mykje byggjer på eldre erfaringar frå jakt: ”Når to eller fleire skyttarar er komne så langt at dei har villreinen på skøthald, gjeld det å få livet tå så mange dyr som råd er. Den som var ustøast til å skyte, skaut gjerne fyrst. Det kalla dei stilleskøte. Den som skaut etterpå, skaut jagarskøte, eller skaut attpå. Dersom to skyttarar var vane med kvarandre, kunne båe skyte samstundes. Dei skaut unde smell, som dei sa.” 

Eit anna råd er at ”Såra rein søkjer alltid ned til vatn, om det er høve til det. Ofte la han seg ned like til vatnet og la hovudet ut etter vassflata.”

 Litt om det å overnatte i reinsfjellet. Mykje er sjølvsagt endra slik jakta er i våre dagar, det kan likevel vera eitt og anna tips: ”Av og til var det uteligging i reinsfjellet for veidarane. Stundom kunne det koma illver, så dei laut vera ute. Andre gonger dreiv dei med jakti så lenge at det vart uråd å koma under tak. Hadde dei skote rein, sveipte dei ikring seg hudene og la seg til i ei løgne. Var det ved å finne, gjorde dei opp varme. Men stundom laut dei springe rundt store steinar heile natti, så ein heldt varmen. Ei still, fin haustnott låg Ola K. Skjefte under ein stor stein  på Gravafjellet (Jotunheimen). Ei onnor natt krabba han inn i ei ur i Leirungsdalen. Han flekte turr torv av steinane og la seg under.”

Til slutt eit råd til dei som legg seg til i ei reinsbu eller ei skyttarbu: ”I buene låg det mest alltid turr ved. Det var frå gamalt fast sed at når villreinskyttaren gjekk or ei bu, skulle han hyre innatt ved til dei som kom. Den som forsømde dette, var ikkje aktande for ein skikkeleg jeger.”

Kjelde: Knut Hermundstad- Valdres bygdebok, kapittel V, Næringsvegane, digitalt tilgjengeleg på: http://www.nb.no/nbsok/nb/ffad4e149e9cb14b946980a4d8c1dd72?index=15#19


Odd Slåtten, reinsgjetaren frå Hol som blei ein svært dyktig og ettertrakta jeger. No har han for lenge sidan pensjonert seg frå reinsjakta. Foto: Kjell Bitustøyl

Odd Slåtten, reinsgjetaren frå Hol som blei ein svært dyktig og ettertrakta jeger. No har han for lenge sidan pensjonert seg frå reinsjakta. Foto: Kjell Bitustøyl

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl

 

 

Skal kartlegge omfanget av CWD i Norge


Alle villreinjegere i Nordfjella (kvote på 900 dyr), 100 jegere på Hardangervidda og 100 jegere i Forollhogna (bildet) skal i høst levere hodet av felt dyr. Foto: A. Nyaas

Alle villreinjegere i Nordfjella (kvote på 900 dyr), 100 jegere på Hardangervidda og 100 jegere i Forollhogna (bildet) skal i høst levere hodet av felt dyr. Foto: A. Nyaas

I løpet av jakta i høst skal Norsk institutt for naturforskning (NINA) samle inn hoder fra elg, hjort og villrein i utvalgte overvåkingsområder for å kartlegge forekomsten av chronic wasting disease (CWD) i Norge. 

Hoder fra all villrein som felles i Nordfjella villreinområde, skal samles inn. Årets jaktkvote i Nordfjella er på 900 dyr. I tillegg skal 100 dyr fra Hardangervidda og 100 dyr fra Forollhogna undersøkes. De som skal samle inn hoder på Hardangervidda og i Forollhogna, får beskjed i forbindelse med utdelingen av jaktkort.

NINA presiserer: Chronic wasting disease (CWD) er en smittsom prionsykdom som kan ramme hjortedyr. Sykdommen ble første gang påvist i Norge våren 2016. Først på en villrein i Nordfjella og deretter på to elger i Selbu. Sykdomstegn er blant annet avmagring og unormal oppførsel, men hjortedyr kan også ha CWD uten å vise sykdomstegn. CWD er dødelig for dyret. Forekomsten av CWD i Norge skal nå kartlegges.

 

Informasjonsmøter i Aurland og Ål
Villreinutvalet for Nordfjella i samarbeid med Villreinnemnda for Nordfjella/Fjellheimen og Norsk institutt for naturforskning oppfordrer alle villreinjegere som har fått tildelt jaktkort i høst, om å møte på informasjonsmøtene i neste uke. Mandag 15. august er det møte i Aurland for villreinjegere bosatt i/med kort i Lærdal, Aurland og Årdal kommuner. Tirsdag 16. august er det møte på Torpomoen i Hallingdal for jegere bosatt i/med kort i Hemsedal, Ål og Hol kommuner. Møtene starter kl. 19.00  Last ned møteinvitasjonen (pdf).

På informasjonsmøtene skal Miljødirektoratet, Mattilsynet, Veterinærinstituttet og NINA orientere om prionsykdommen CWD – og svare på spørsmål fra jegerne. I tillegg blir det orienteringer om opplegget i forbindelse med innsamlingen av prøver – og generell informasjon om årets villreinjakt.

 

villrein.no – Arne Nyaas