Viktig seminar om arkeologi og villrein


Prosjektleiar for utgravingane ved Møsvatn Jostein Bergstøl fotografert ved Draghaug, ein av dei interessante funnstadane som blei undersøkt denne sommaren. Bergstøl var elles den som fortalde om viktige funn av fangstanlegg, buplassar m.m. ved Vins…

Prosjektleiar for utgravingane ved Møsvatn Jostein Bergstøl fotografert ved Draghaug, ein av dei interessante funnstadane som blei undersøkt denne sommaren. Bergstøl var elles den som fortalde om viktige funn av fangstanlegg, buplassar m.m. ved Vinstravatn, funn med klar tilknyting til eit viktig villreintrekk. Foto: Kjell Bitustøyl

23. og 24. august kom ein tung delegasjon til Møsvatn og Norsk Villreinsenter på Skinnarbu. Her var representantar for Riksantikvaren (RA), Olje- og energidepartementet (OED), Klima- og miljødepartementet (KLD), Kulturhistorisk museum (KHM), Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Vinje kommune og Telemark fylke. Vertskap og deltakarar var òg Hardangervidda Nasjonalparksenter og Norsk Villreinsenter Skinnarbu (NVS). Ramma rundt det heile var den såkalla sektoravgifta, ei avgift som skal brukast til arkeologiske undersøkingar av regulerte vassdrag der opphavleg konsesjon blei gjeven før 1960.

Arkeologi og villrein var ein del av temaet for seminaret. Konkret dreia seminaret seg i hovudsak om dei arkeologiske utgravingane rundt Møsvatn i sommar i regi av KHM i samarbeid med Telemark fylkeskommune, kulturminneavdelinga. Deltakarane fekk vera med ut i felt. Dei fekk sjå helleristningane ved Sporanes i Rauland, og var på synfaring ein heil dag innover Møsvatn med arkeologane som vegvisarar.

Jernvinna
Viktigaste delen var likevel seminaret på Norsk Villreinsenter. Her fekk ein informasjon om resultata av utgravingane rundt Møsvatn i sommar, dette inkluderte ei utstilling i lokala til Hardangervidda Nasjonalparksenter. Møsvatn-området er grundig undersøkt før, ikkje minst av arkeolog Irmelin Martens som har forska spesielt på jernvinna og alt som knyter seg til denne. Det var også jernvinna som denne gongen sto i fokus, men området er også rikt på hustufter, fangstanlegg og funn frå steinalder. Arkeologane kunne mellom anna vise til interessante funn ved lokaliteten Draghaug, der både slagghaugar, tufter og mogleg gravrøyser blei funne og dels undersøkt. 

Samarbeid med Norsk Maritimt Museum
Det spesielle ved undersøkingar i eit regulert vatn som Møsvatn, er at ein kjempar om kapp med ei stigande vassflate like etter at dei aktuelle funnstadane smeltar fram på våren. Dette byr på spesielle utfordringar for arkeologane. Ein måte å takle dette på var at ein denne gong hadde alliert seg med Norsk Maritimt Museum som ved hjelp av sonar kunne leite etter kulturminne under vatn, ein metode som ikkje har vore brukt her tidlegare. Eit område lengst inne i Møsvatn ved Toresmogen blei undersøkt, her var mange interessante funn, men ein blei langt frå ferdig med dette arbeidet. Ei klar melding i så måte til dei som løyver midlar til dette viktige kulturminnearbeidet, var at dette må fortsetje til neste sommar.

Kan ende opp med 30 separate villreinområde
Det mest relevante sett frå villreinsynsstad var leiar ved NVS Marianne Singsaas sitt innlegg om villrein og arkeologi. Ho tok for seg fragmenteringa av villreinen sine leveområde, som ho ser som den største trusselen. Ei av årsakene til fragmenteringa er kraftutbygginga, og då handlar det ikkje berre om sjølve dammen og vassmagasinet, men òg om vegar som opnar opp eit område for auka ferdsel, auka tilgjenge for utbygginga av hyttefelt osv.  Dette er ofte konsekvensen av slike kraftutbyggingar. Slik har reinen sine gamle trekkvegar blitt borte litt etter litt. Ein har splitta opp areala og enda opp med dagens 23 villreinområde. Singsaas hevda at om fragmenteringa fortset på same måten,  kan me risikere å få 30 separate populasjonar. Dette er alvorleg for villreinen, sa ho, og fortalde at Hardangervidda er einaste område i dag der ein har eit tilnærma naturleg trekk mellom vinterbeite og sommarbeite. 

Villreinomsyn må koma på dagsorden
Ei av NVS sine viktigaste arbeidsoppgåver siste året har vore å rette fokus mot det auka presset ein fryktar vil koma på villreinen sine attverande leveområde som ein konsekvens av revisjon av vassdragskonsesjonar, konsesjonar som er gjevne for mange år sidan. NVS har i samarbeid med Villreinrådet skaffe fram kunnskap om revisjonsutgreiingane, kva for område dette gjeld, og korleis ein kan få villreinomsyn opp på dagsorden i desse utgreiingane.

Arkeologien – ei gullgruve for arealspørsmål
Det er her arkeologien kan spela ei viktig rolle, fordi kunnskapen om gamle trekkruter kjem frå dei arkeologiske utgravingane, som er ei gullgruve for å rette fokus mot arealspørsmål, i fylgje Singsaas. Ho nemnde to konkrete eksempel: Sønstevatn på Hardangervidda og Aursjøen på Dovrefjell. I båe desse kraftmagasina er det dokumentert viktige trekkruter og fangstanlegg for villrein. GPS-kartlegginga har vist at villreintrekka meir eller mindre er stengde, villreinen brukar desse områda i langt mindre grad no enn før utbygging. 

Slik har auka turisme og kraftutbygging ramma dei gamle trekkrutene. Singsaas meiner at dette handlar om å sjå heile fjellet under eitt, altså sjå dei nye konsesjonane samla, ikkje berre behandle ein og ein konsesjon for seg i samband med vassdragsrevisjonane.

Link til facebooksida ”Arkeologi ved Møsvatn 2016-2017”: https://www.facebook.com/groups/1136547133042213/?fref=ts


Frå seminaret på Skinnarbu: F.v. bakre rekke: Lars Bru, Riksantikvaren; Elin Dalen, Riksantikvaren; Lise Loktu, Telemark fylkeskommune; Marianne Singsaas, Norsk Villreinsenter; Frode Svendsen, Telemark fylkeskommune; Jostein Bergstøl, Kulturhis…

Frå seminaret på Skinnarbu: F.v. bakre rekke: Lars Bru, Riksantikvaren; Elin Dalen, Riksantikvaren; Lise Loktu, Telemark fylkeskommune; Marianne Singsaas, Norsk Villreinsenter; Frode Svendsen, Telemark fylkeskommune; Jostein Bergstøl, Kulturhistorisk Museum; Ronny Henriksen, Klima- og miljødepartementet; Frode Kvalø, Norsk Maritimt Museum; Kristine Johansen, Riksantikvaren; Toril Nicolaisen, Vinje kommune.
Framme f.v.: Unn Yilaz, NVE; Lisbeth Løchen, NVE; Elisabeth Platou, Klima- og miljødepartementet; Anne Haug, Olje- og energidepartementet; Birgitte Bjøkli, Kulturhistorisk Museum; Ståle Rue, Hardangervidda Nasjonalparksenter. Foto: Kjell Bitustøyl


Detalj frå helleristningane ved Sporanes i Rauland som viser ein rein og ei dyregrav, unike i sitt slag så langt mot sør. Foto: Kjell Bitustøy

Detalj frå helleristningane ved Sporanes i Rauland som viser ein rein og ei dyregrav, unike i sitt slag så langt mot sør. Foto: Kjell Bitustøy


Leiar ved Norsk Villreinsenter Skinnarbu, Marianne Singsaas snakka om ”Vannkraft, arkeologi og villrein.” Foto: Kjell Bitustøyl

Leiar ved Norsk Villreinsenter Skinnarbu, Marianne Singsaas snakka om ”Vannkraft, arkeologi og villrein.” Foto: Kjell Bitustøyl

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl