Tøff dame på Hellevassbu


Ellen Drangevåg er både hyttetilsyn og reinsjeger. Foto: Kjell Bitustøyl

Ellen Drangevåg er både hyttetilsyn og reinsjeger. Foto: Kjell Bitustøyl

Ellen Drangevåg frå Røldal/Fana kombinerer jobben som hyttetilsyn ved DNT’s sjølvbeteningshytte Hellevassbu med å drive reinsjakt på Røldal statsalmenning. Dette har ho drive med i mange år og trivst godt med det. Når ho har fått gjestene ut om morgonen på turisthytta, fer ho av garde på reinsjakt.

Røldal ligg i Odda kommune og er kjent som er fjellbygd med lange tradisjonar innafor reinsjakt og fjellfiske. Ein av dei viktige jaktområda for Røldal er nettopp området kring Hellevatn og Hellevassbu. Her finn me mange eldre steinbuer som har vore i bruk til fiske og reinsjakt, og nye hytter har kome til, fjellstyret har sine hytter her. 

Hyttetilsyn og jeger
Ellen Drangevåg kjenner terrenget her ut og inn etter å ha vore  hyttetilsyn og jeger her i mange år. Ho er ein av heller få kvinnelege jegerar i Røldal, kan ho fortelje. Men ho har mange ulike gjeremål, blant anna drive med vedlikehald og sjå etter at gjestene på sjølvbetjeningshytta  ordnar opp etter seg. Ho er òg med på transport og er med på å leggje ut bruer. Ellen tek òg oppgåva med å vera sosial på alvor og et gjerne kveldsmaten i lag med gjestene. Samtidig har ho god kontakt med jegerane som ligg i hyttene rundt turisthytta. Jaktradioen står på, og folk fylgjer spent med på om det er moglegheiter for dyr i området.

I byrjinga av jakta har det vore etter måten bra med jakting her inne, fortel Ellen, ho har sjølv vore med på denne jakta. Men så har dyra reist austover til Vinje og Telemark att. Då er det berre éin ting å gjera for røldølene: Leggje seg opp i nutane inn til grense mellom Sandviki og Urevatnet, i håp om at vestaveret som på ny har sett inn, kan føre dyra over grensa. 

Flokk på veg
Ein flokk på mellom 600 og 800 dyr blir observert eit stykke innpå telemarksida, og jegerane fylgjer spent med i kikkerten frå nutane, ein av dei er Ellen. Flokken nærmar seg og fleire jegerar fer i veg mot grenseområdet etter å ha høyrt på jaktradioen. Flokken er berre nokre hundremeter i frå, men då roar dei seg, tek til å beite og somme legg seg ned. Mykje storbukk er å sjå i flokken. Så er det berre for Ellen Drangevåg og dei andre jegerane å rusle tilbake til hyttene att, vel vitande at neste dag kan flokken koma til å krysse grensa att, men så spørs det på vinden? 

Men Ellen heng ikkje med hovudet, ho kjem til hytta og har ikkje ein gong tid til å eta. Nei, nei ho spør om nokon av gjestene vil vera med å leggje ut garn og få opp litt steikefisk i Øvre Hellevatn. Her er det helst for mykje fisk ifylgje Ellen, og difor er det bra at det blir fiska. Og neste morgon kan fiskarane dra opp 16 fine aurar, fisk som ho generøst delar med gjestene. 

Dei andre jegerane er nok på plass i nutane tidleg då Ellen er klar til å dra med børsa over skuldra, ho skulle nok gjerne ha vore litt tidlegare ute ho òg, men slik er det når ein må skjøtte fleire gjeremål. 


Flokken som nærma seg grensa, men som blei verande på telemarksida. Foto: Kjell Bitustøyl

Flokken som nærma seg grensa, men som blei verande på telemarksida. Foto: Kjell Bitustøyl


Ellen Drangevåg får òg tid til å fiske litt mellom ulike gjeremål. Ostanuten og Sandfloeggi i bakgrunnen. Foto: Kjell Bitustøyl

Ellen Drangevåg får òg tid til å fiske litt mellom ulike gjeremål. Ostanuten og Sandfloeggi i bakgrunnen. Foto: Kjell Bitustøyl

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl