Arkiv - nettsaker fra gamle villrein.no

Kvalitetsnormen – statusrapport Hardangervidda


Eitt av fokusområda på Hardangervidda er Haukeliseter-Hellevassbu-Litlos. Dette er frå området mellom Haukeliseter og Hellevassbu, til høgre litt opp for vassdraget ligg Simletind, grensenut mellom Vinje og Ullensvang. Vassdraget me ser er Bora innover dalen retning Hellevassbu. Foto: Kjell Bitustøyl

Eitt av fokusområda på Hardangervidda er Haukeliseter-Hellevassbu-Litlos. Dette er frå området mellom Haukeliseter og Hellevassbu, til høgre litt opp for vassdraget ligg Simletind, grensenut mellom Vinje og Ullensvang. Vassdraget me ser er Bora innover dalen retning Hellevassbu. Foto: Kjell Bitustøyl

Arbeidet med kvalitetsnorm for villrein, med delnorm 3, er no godt i gang.  I denne artikkelen skal det handle mest om Hardangervidda, eitt av dei 10 nasjonale villreinområda som skal klassifiserast fyrst. Delnorm 3 handlar om villreinens leveområde og menneskeleg påverknad. Bakgrunn for dette kvalitetsnormarbeidet finn du her: www.villrein.no/aktuelt/kvalitetsnormen-hva-gjor-vi?rq=kvalitetsnor

Norsk Villreinsenter har fått i oppdrag å skaffe fram og levere kunnskap om leveområda og den menneskelege påverknaden på villreinen i dei 10 nasjonale villreinområda me har. I villreinområda er peika på ulike fokusområde, det vil seie område som er spesielt utsett for nettopp påverknad frå menneskeleg åtferd og aktivitet. Desse saman med reinens ulike funksjonsområde gjennom året (sommar- og haustbeite, vinterbeite, kalvings- og oppvekstområde, samt viktige trekkpassasjar) skal kartfestast og skildrast ut frå grad av påverknad og med det reinens bruk eller eventuelt redusert bruk.

Dette arbeidet er i godt gjenge og viktigaste aktiviteten så langt har vore å gjennomføre møte for arbeidsgrupper der lokale ressurspersonar får koma fram med viktig kunnskap. Formidlinga av dette arbeidet går via eigne kartforteljingar. Kvart område får si eiga kartforteljing, denne forteljinga har med kva avgrensingar ein lyt ha med tanke på problemstillingar. Konkret handlar kartforteljinga mest om kva område/areal reinen vik unna, eller unngår å trekke gjennom, men òg kva denne «unnvikelsen» fører til av påverknad på andre område, område som i varierande grad har blitt mindre tilgjengeleg for reinen delar av eller heile året. Alt dette som ein konsekvens av menneskeleg påverknad i form av infrastruktur, ferdsel osv. 

I sjølve karta som er digitale, kan ein klikke og zoome seg inn for å sjå nærare på detaljane. Fargane raud, gul og grøn er symbol som signaliserer stoda i kvart avgrensa mindre område i høve til i kor stor grad reinsdyra vik unna eller unngår dette området, sjølvsagt variabelt i høve til kva årstid det er snakk om.  

Kunnskapen som kjem fram frå dei ulike arbeidsgruppene skal i neste omgang leggjast fram for ei ekspertgruppe som skal gjera den endelege klassifiseringa for kvart villreinområde. Planen er at dette arbeidet skal setjast i gang hausten 2021.

Hardangervidda 

Arbeidsgruppene rundt Hardangervidda fordelar seg på desse fokusområda: 

1.     Rv7 og områda mellom RV7 og Bergensbanen.

2.     Haukelifjell/Haukeliseter-Hellevassbu-Litlos

3.     Imingfjell, Stegaros og Graveide

4.     Tinnhølen og Hjølmoberget

5.     Trolltunga

6.     Songa, Falkeriset og Bitdalsområdet

7.     Husedalen og Dronningstien

8.     Nordvest-vidda og Mogen-Gjuvsjåen-Lågaros.


Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Viktigaste arbeidet ein no driv på med er å finpusse kartgrunnlaget, og så skal det gjevast ytterlegare skildringar av kvart einskild fokusområde i kartforteljingane. Stikkord her er å få med sommar- og haustbeite, kalvingsområde og område for oppvekst, samt vinterbeite og sentrale trekkpassasjar.

Norsk Villreinsenter tek gjerne i mot innspel slik at kartgrunnlaget skal bli så godt som mogleg. Dette gjeld både dei som alt har delteke i gruppemøta og andre som kan ha innspel. Alt vil bli lagt inn i kunnskapsgrunnlaget som ekspertgruppa skal bruke i klassifiseringa. NVS vil takke for bidraga så langt og ber om at innspel knytt til Hardangervidda blir sendt til lena.romtveit@villrein.no, helst innan utgangen av juli 2021.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Svelgbrems og hudbrems – ulik verknad på kalvane avhengig av temperatur og vêr


Svelgbrems Foto: Arne C. Nilssen

Svelgbrems Foto: Arne C. Nilssen

Eit forskingsprosjekt som har sett på korleis vêr og temperatur verkar inn på kalvevekter og dødstal blant reinkalvar, er nyleg publisert i ein fagartikkel i «International Journal for Parasitology and Wildlife» (2021). Konklusjonen er bygt på undersøkingar frå berre to sesongar, likevel er resultata verdt å merke seg. Resultatet er ikkje overraskande med tanke på tidlegare kjent kunnskap (Sjå link) Ein varm sommar kan føre til høge belastningar og med det avmagring og dødsfall blant kalvane.

Litt om hudbrems og svelgbrems

Det finst to artar av reinbrems, hudbrems og svelgbrems. Båe desse er det ein kallar tovenger med eittårig livssyklus. Larvene lever som parasittar på rein, og det er berre ei kort tid rundt månadsskiftet juni-juli at reinen er fri for larver. Hudbremslarvene forlet reinen for det meste i mai og juni, så grev dei seg ned i bakken, og etter nokre veker klekker dei vaksne flugene, til vanleg i byrjinga av juli. Og like etter at flugene har kome ut av puppene, kan dei pare seg. Men denne aktiviteten har samanheng med korleis vêret er. Etter paring er det berre hoflugene som er i live og det er dei som flyg og oppsøkjer reinen, så blir egga lagt i tynne sommarhår hjå reinen i løpet av juli og august. Etter at egga har blitt til larver, hamnar desse under huda på bakre del av ryggen. Talet på larver pr. dyr er ofte større hjå kalvar enn hjå vaksen rein.  

Svelgbremslarvene har same vert, reinen, og desse larvene droppar ut av reinen omtrent på same tid som hudbremsen. Felles er òg tidspunktet når dei angrip reinen.  Ingen av desse bremsflugene tar til seg næring, dei lever av opplagsnæringa som dei har tatt til seg på larvestadiet. Men det er ulikt når det gjeld egglegging, hjå svelgbremsen utviklar egga seg i hoflugas kropp, så blir dei nyklekte larvene sprøyta på nasen og munnen til reinen, der hamnar dei i nasen og i biholene. Utpå vinteren startar veksten for alvor samtidig som dei rører seg bakover og fester seg med krokar i svelget. Frå slutten av april til ut juni blir larvene hosta ut av reinen. (kjelde: Åsbakk og Nilssen: Reinens hudbrems og svelgbrems: biologi, betydning, og om bekjempelsestiltak, artikkel).

Varm og kald sommar

Det omtalte forskingsprosjektet, der blant andre veterinær Kjell Handeland er med, undersøkte moglege negative konsekvensar knytt opp mot effekten av desse parasittane vinterstid hjå villreinkalvar. Kalvar født i 2014 og 2015 var med i undersøkingane, det eine kalvekullet (2014) var født då det var ein varm sommar, det andre (2015) var født då det var ein kald sommar. Kroppstilstanden om hausten blei vurdert som slaktevekt, medan kroppstilstanden om våren blei vurdert som slaktevekt, men supplert med ei evaluering av feittreserver på forskjellige kroppsdelar. Undersøkingane inkluderte òg funn av hjernemark. 

Konklusjonen var at ein fann langt fleire svelgbrems, hudbrems og hjernemark i 2014-generasjonen enn i 2015-generasjonen. Mellom haust og vår gjekk gjennomsnittleg slaktevekt ned for 2014-generasjonen, medan vekta auka for 2015-generasjonen. Det var altså merkbar samanheng mellom høg parasittbelastning og sjansane for avmagring. Funna viser med det at i varme somrar kan høg belastning med både hudbrems og svelgbrems, pluss hjernemark, føre til avmagring og moglege dødsfall blant kalvane. 


Foto fra tidleg i mai, Hardangervidda. Me ser at fleire av desse reinsdyra har hudbrems, særleg bak på ryggpartiet. Foto: Kjell Bitustøyl

Foto fra tidleg i mai, Hardangervidda. Me ser at fleire av desse reinsdyra har hudbrems, særleg bak på ryggpartiet. Foto: Kjell Bitustøyl

Kjell Handeland har òg skrive om sjukdomar og parasittar hjå villrein i boka «Villreinen – Fjellets nomade». Han legg vekt på at av alle insekt som plagar reinen sommarstid, er det ingen som reinen fryktar meir enn bremseflugene. Dette at bremseflugene nyttar reinsdyret for larveutviklinga si, har negativ effekt på dyras kondisjon og helsetilstand. Larvene som blir utvikla utover vinteren og våren, krev energi og protein for å vekse, og dei hentar dette frå reinen i ei tid med vanskelege beiteforhold og mangel på næringsrik føde, skriv han.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Hytteopprør der villreinen er ein del av bakteppet


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Eit opprør mot det fleire kallar ukontrollert hyttebygging har vakse fram i Vinje kommune. Med 5500 hytter er kommunen den fjerde største hyttekommunen i landet. Opprørarane meiner ei grense er nådd. «Det er nok hytter no!» seier dei. I fylgje initiativtakarane går hyttebygginga utover jakt, villrein og sauehald. 


Fra Vierliområdet mot Falkeriset og Hardangervidda villreinområde. Foto: Kjell Bitustøyl

Fra Vierliområdet mot Falkeriset og Hardangervidda villreinområde. Foto: Kjell Bitustøyl

Konkret er det no 600 nye hytter i Rauland striden dreiar seg rundt. Av argumenta som aksjonen «Nok hytter på Rauland (Vinje) no!» brukar, finn me at hyttebygginga i Vinje har påverka villreinen både i randsona til Hardangervidda villreinområde og i Brattefjell-Vindeggen villreinområde. Med endå fleire hytter vil villreinen bli pressa ytterlegare  innover, altså miste beiteområde, blir det sagt. Konkret nemner dei at eit tidlegare villreinområde, Svinefjell, som er ein del av Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde, på grunn av auka trafikk ikkje lenger er i bruk som beiteområde for reinsdyra. Siste gong det blei skote reinsdyr her var i 2007. Ei liknande utvikling er på gang i andre randsoner av dette villreinområdet i fylgje hytteopprørarane, og endå fleire hytter vil forsterke denne utviklinga. 

Det har vore merksemd i både TV, radio og aviser om denne aksjonen, og interessa frå andre fjellbygder med liknande utfordringar er på gang, det stadfester Norsk Hytteforbund i fylgje NRK.


tradisjon og destinasjon-31.jpg

«Tradisjon og destinasjon» – sosial berekraftig verdiskaping i villreinfjell

Med denne aksjonen har eit forskingsprosjekt i regi av Telemarksforsking – «Tradisjon og destinasjon» –  som ligg under «Villreinfjellet som verdiskaper» – paraplyen og skal sjå på sosial berekraft i tre store hyttekommunar, fått ekstra aktualitet. Vinje kommune er den eine av desse, dei to andre er Stor-Elvdal og Ringebu. Ei problemstilling i dette prosjektet er korleis ein syter for at både lokale folk og hyttefolk får moglegheiter til å realisere det gode liv både i bygda og ute i naturen. «Tradisjon og destinasjon» fokuserer på berekraftig verdiskaping i villreinfjell. Ein vil i dette prosjektet sjå nærare på eit aukande konfliktnivå mellom ulike aktørar for og mot reiselivet i fjellbygdene. Det heiter i prosjektomtalen at «En ensidig satsing på økonomisk utvikling på mange destinasjoner bør erstattes med et fokus på bred verdiskaping, der både økologisk, kulturell og ikke minst sosial bærekraft utvikles. Prosjektet vil bidra til å synliggjøre dette gjennom en veksling mellom en aksjonsforskningsrettet prosess og en analytisk evaluering i tre kommuner.» Tidlegare leiar av Norsk Villreinsenter sør, no seinorforskar ved Telemarkforsking, Marianne Singsaas, er prosjektleiar på vegne av  Norsk Villreinsenter.

Det skal nemnast at Vinje kommunestyre i møte 17. juni vedtok å setje dei vidare planane for nye hytter på vent til nye reguleringsplanar innafor kommunedelplan-området (KDP) ligg føre.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Ny utgave av Villreinen

Årets Villreinen er nå kommet på lager. De som allerede er abonnenter eller har bestilt, bør ha den i postkassen en av de nærmeste dagene. For alle dere andre er ikke løpet kjørt, det er bare å følge linken under og fylle ut bestillingsskjema og trykke send. Da har du snart 104 sider spekket med villrein-stoff i din postkasse. God lesing!

Bestille årboka Villreinen 2021


villrein.no – Fred Ivar Aasand

Reinkjøt – ein eventyrleg ressurs


Sjetteklassingar frå Hemsedal skule blir servert reinkjøt i samband med eit opplegg om reinen i Nordfjella hausten 2020 i regi av Norsk Villreinsenter. Fjelloppsynsmann Knut Fredrik Øi hadde ansvaret for matlaginga, han steikte reinskav på bålpanne og serverte elevane, eit måltid som verkeleg fall i smak! I kø: f.v. Lilja Dyrset, Nilas Botten og Erik Møllerplass Mythe. Foto: Kjell Bitustøyl

Sjetteklassingar frå Hemsedal skule blir servert reinskjøt i samband med eit opplegg om reinen i Nordfjella hausten 2020 i regi av Norsk Villreinsenter. Fjelloppsynsmann Knut Fredrik Øi hadde ansvaret for matlaginga, han steikte reinskav på bålpanne og serverte elevane, eit måltid som verkeleg fall i smak! I kø: f.v. Lilja Dyrset, Nilas Botten og Erik Møllerplass Mythe. Foto: Kjell Bitustøyl

Kva gjer ein når ein skal formidle historie og kunnskap om reinsdyr og skal servere reinskjøt, er det mogleg å få tak i villreinkjøt? Eller er det mest relevant å bruke reinskjøt frå tamrein? I denne artikkelen skal me fortelje mest om det siste, men skal koma tilbake med ein eigen artikkel om nokon få som faktisk brukar villreinkjøt som mat for besøkande. Felles for kjøt frå både villrein og tamrein er at dette er av det sunnaste kjøtet som er å få tak i. Frå tamreinhald blir det meldt at etterspørselen er større enn nokon gong.

Det er ein kjensgjerning at når ymse villreinprosjekt skal fokusere på lokalmat og servere reinskjøt i den eine eller andre forma, må ein som oftast ty til tamreinkjøt. Grunnen er enkel: dei fleste villreinjegerar vil behalde kjøtet sjølve, i tillegg kjem regelverk knytt til mathygiene om ein skal bruke villreinkjøt.

Reinkjøt som føde er eit kjøtproduktet mennesket truleg har kjent til i uminnelege tider. Dokumentasjonen på at dei fyrste menneska på europeisk jord for det meste levde av villrein er solid og omfattande. At reinskjøt framleis er ei ettertrakta vare, finst der mange døme på. Og det er sjølvsagt ein grunn til at reinsjegerar flest ikkje er interessert i å selje det reinkjøtet dei har streva med å få tak i, kanskje bore tungt og opplevd slit for å få maten til husars. Å ete kjøt ein sjølv har jakta, har naturleg nok ein eigen dimensjon, på linje med å ete sjølvfiska fisk. 

«Villreinfjellet som verdiskaper»

I prosjektomtalen av «Villreinfjellet som verdiskaper» (2015) ført i pennen av Hans Olav Bråtå, er ei problemstilling slik: Under overskrifta «Reinkjøtt – villreinkjøtt; er den største verdiskapingen knytt til historien?» ynskjer ein i utgangspunktet seg villreinkjøt når ein skal formidle historia om reinen, kulturminna osv. Men her innser forfattaren at dette byr på ei utfordring. Sal av villreinkjøt kunne bli ei salsvare dersom det blei ein høgare pris på kjøtet enn slikt kjøt frå tamrein. Likevel blir konklusjonen at det er lite truleg at dette kan få noko omfang, også på grunn av utfordringane med mathygiene og dei strenge krava som blir stilt. 

Difor er konklusjonen til Bråtå slik: «Da er det større sjanse for at en kan bruke kjøtt fra tamrein, og heller fortelle historien om tam- og villrein i forbindelse med måltidene. Det er da også dette som foretrekkes av mange reiselivsbedrifter. En viktig grunn er at det er lett å få tak i tamreinkjøtt som tilfredstiller krav mht mathygiene».

«Sjetteklassinger fikk lære om villrein»

Prinsippet til Bråtå har me eit godt døme på i praksis gjennom eit opplegg i regi av Norsk Villreinsenter Sør hausten 2020, der sjetteklassingar frå kommunane rundt Nordfjella fekk eit heildagsopplegg om villreinen og alt knytt til dette dyret. Naturrettleiar Tuva Flor Lien stod for det vellykka opplegget, og eit høgdepunkt på dagen var servering av reinskav med tilbehør til alle elevane, tillaga over bålpanne av fjelloppsyn Knut Øi frå Aurland. Elevane fekk òg smake noko dei ikkje visste kva var. Øi har fylgjande å fortelje frå dette måltidet: «Unger elsker reinkjøtt! Og morsomt med det speka hjertet. Vi valgte å ikke si hva det var for å unngå forutinntatthet. Da elska de det. Men det ble litt rynking på nesa når vi sa det. Fordelen var at da visste de at det jo var godt». Det høyrer med å fortelje at kjøtet var innkjøpt reinkjøt av tamrein. 


Frå slakting i Fram Reinlag, i kvit frakk: Halgeir Opdal, leiar i laget. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå slakting i Fram Reinlag, i kvit frakk: Halgeir Opdal, leiar i laget. Foto: Kjell Bitustøyl

Stor etterspørsel

NRK hadde for kort tid sidan eit oppslag om at etterspørselen etter reinkjøt er stor. Ei viltforretning kan fortelje om at dei selde 160 tonn reinkjøt i 2019, nesten alt gjekk til hotell og restaurantar. Men under pandemien har denne marknaden kollapsa, i staden har folk teke i bruk rein som eksklusiv råvare i heimen. Slik har matvanane endra seg, og folk unner seg dyrare mat. Under pandemien har nesten alt reinkjøtet gått rett til matvarebutikkane, og nemnde viltforretning selde 270 tonn kjøt i 2020. Etterspørselen har altså gått opp under pandemien.

Ein erfaren slaktar som har kome frå England for å arbeide med reinkjøt, skjønar at reinkjøt er populært, han kallar det eit reint, smakfullt og magert naturprodukt, i motsetning til anna masseprodusert kjøt.

Ein kokebokforfattar er òg intervjua av NRK, han seier dette: «Reinkjøtt er et veldig bærekraftig kjøtt med sterke tradisjoner i Norge. Sunt er det også. Godt på smak, enkelt å tilberede og allsidig. Du har det tradisjonelle med rotgrønnsaker med saus, men du kan også grave det, tilføre asiatiske smaker, osv.»

Kvifor er reinkjøt så sunt?

Ei matspalte i eit magasin skriv om reinkjøt at det kanskje er det aller sunnaste viltkjøtet me har, med ein feittprosent på berre 2 % og eit svært høgt innhald av vitamin B12, jern, sink og selen. Selen er ein av naturens kraftigaste antioksidantar. Om viltkjøt generelt kan ein elles lesa at dette er magrare enn anna raudt kjøt, og at det inneheld mineral, antioksidantar og Omega-3 fordi dyra beiter i det fri og har eit variert og sunt kosthald.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Trekning av villreinjakt i Dovre

Den 10. mai gjennomførte Dovre fjellstyre trekning av villreinjakta i sine områder. Vanligvis gjøres slikt på fjellstyrekontoret og resultatet meddeles søkerne per mail eller post. I år derimot gikk fjellstyret for ei litt anna løsning.

Årets trekning ble sendt direkte på nett, slik at alle som ville kunne følge den. Selve trekninga gjøres gjennom datasystemene til inatur og blir derfor helt objektiv. Innimellom trekninga av kort for de ulike områdene var det lagt inn litt faglig påfyll. Statens naturoppsyn hadde en gjennomgang av rutiner for CWD-prøvetaking og demonstrerte dette i praksis på direkten. Videre presenterte Norsk villreinsenter sitt arbeid med den nye kvalitetsnormen for villrein, og jegernes viktige rolle i denne.

Vil du se opptak av seansen kan du gjøre det her. Kanskje dette kan være en inspirasjon for andre til å gjøre litt mer ut av trekninga?  


Det er alltid spennende når årets reinskort trekkes. Er du den heldige? Foto: Are Endal Rognes

Det er alltid spennende når årets reinskort trekkes. Er du den heldige?
Foto: Are Endal Rognes

Strid om bestandsreduksjon på Hardangervidda


Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

I slutten av april kom Mattilsynet (MT) og Miljødirektoratet (MDIR) med tiltaka sine for å kjempe mot skrantesjuken (CWD) på Hardangervidda i form av ein rapport til Regjeringa. Det er semje mellom MT og MDIR og lokal forvaltning/rettshavarar/jegerar om det meste, men på eitt punkt står striden: Bestandsreduksjon.

rapporten frå Mattilsynet og Miljødirektoratet som blei overlevert til regjeringa, uttrykkjer ein håp om å kunne utrydde skrantesjuken. Dei snakkar om eit vegskilje i handteringa av skrantesjuken, greier ein det ikkje no, må ein gje avkall på moglegheita til å utrydde sjukdomen, heiter det.

Dei to direktorata kjem i rapporten med kvar si tilråding, men dei er einige om at talet på bukk 3,5 år og eldre bør vera så låg so mogleg, i praksis alle bukkar eldre enn 2,5 år. Mattilsynet ynskjer å redusere stamma over 2-3 år til ein «genetisk levedyktig bestand», medan Miljødirektoratet skriv at «For å øke kunnskapen mener Miljødirektoratet at et uttak på 1000-1500 simler i 2021 er viktig og samtidig et oppnåelig mål». MDIR skriv òg at det vil vera viktig å halde på jakt som viktigaste uttaksform. Også slik at det vil vera grunnlag for fortsett jakt framover, sjølv med ein låg bestand.

Villreinnemd og villreinutval

I etterkant av eit møte 7. juni Villreinnemnda og Villreinutvalet for Hardangervidda hadde med Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet, har det blitt sendt ut ei pressemelding. Her skisserer Villreinnemnda og Villreinutvalet opp det det er semje om, men samtidig seier dei at MT sine tiltak er altfor drastiske med tanke på bestandsreduksjon. Dei hevdar at MT ikkje har tilstrekkeleg godt beslutningsgrunnlag for slike drastiske tiltak. Dei meiner at MT sin strategi er i strid med viktige faglege føringar/tilrådingar i VKM-rapporten (sjå link) med tanke på adaptiv forvaltning og kunnskapsbygging. Det blir vist til at det skal utarbeidast ein del 2 av VKM-rapporten som bl.a. skal omhandle viltforvaltningsmessige og samfunnsmessige forhold knytt til CWD, og at dette etter Villreinnemda og Villreinutvalet si meining bør på plass før ein set i verk slike drastiske tiltak. Avslutningsvis ber dei instendig om at Regjeringa fylgjer Miljødirektoratets tilråding og strategi for handtering av skrantesjuken på Hardangervidda.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Våren – gamle gevir blir felt, nye gevir veks fram


Reinsbukkar i byrjinga av juni, dei nye gevira er langt komne. Foto: Kjell Bitustøyl

Reinsbukkar i byrjinga av juni, dei nye gevira er langt komne. Foto: Kjell Bitustøyl

Reinsdyrets kjennemerke framfor noko er geviret, ikkje minst på grunn av at reinen er det einaste hjortedyret der båe kjønn har gevir. I desse dagar handlar det mest om simler, dei kalvar og etter det feller dei gevira sine. Parallelt har det vakse fram nye gevir hjå bukkane og fjorårskalvane.

Egil Reimers skriv i si bok «Våre hjortedyr» (2018) at «gevir hos simler er trolig både utviklet og beholdt på grunn av deres sosiale flokkadferd kombinert med periodevis skarp konkurranse om matfatet vinterstid.» Slik får simlene ein klar fordel i konkurransen om mat særleg i forhold til bukkane vinterstid. Dette er òg i fylgje Reimers ein av grunnane til at dei eldre bukkane, som feller gevira tidleg på vinteren, samlar seg i eigne bukkeflokkar etter paringa. Gjeldsimlene feller gevira omtrent på same tid som ungbukkane, på seinvintere


Illustrasjon fra boka “Våre hjortedyr” av Eigil Reimers.

Illustrasjon fra boka “Våre hjortedyr” av Eigil Reimers.

Gevirets vekstsyklus

Når gevira blir felt, blir det etterlate eit sår på kvar side av panna. Og straks etter felling begynnar ny hud å vekse innover såret for å dekke beinknuten som kallast rosenstokken. Ved starten av gevirutviklinga blir hudlaget over rosenstokken omdanna til eit fint hårlag, basten, som dekker det veksande geviret. Hjå nyfødte kalvar er det ikkje noko teikn til gevir, men etter at kalvane er mellom fire og seks dagar gamle, begynnar basthuda over rosenstokken å utvikle seg hjå båe kjønn, rosenstokkane er då tre-fire cm høge, ifylgje Reimers. 


Her ser ein tydleg at det nye geviret veks fram, dette er ei simle fotografert i byrjinga av juni. Foto

Her ser ein tydleg at det nye geviret veks fram, dette er ei simle fotografert i byrjinga av juni. Foto

Finske Mauri Nieminen omtalar òg reinens gevir (Rangifer 1985). Han skriv at når geviret hjå bukkar og gjeldsimler tek til å vekse om våren, viser den mørkhåra, fløyelsliknande huda over rosenstokken seg i skarp kontrast til den ljose vinterpelsen. Nieminen skriv vidare: «Gjennom de neste få måneder blir gevirutveksten lenger og deler seg etter hvert som det nye geviret tar form. Veksten er til å begynne med langsom, men blir etter hvert raskere for så å avta igjen når den endelige størrelse av geviret nærmer seg.» 

 

Simler som kalvar beheld geviret til like etter kalvinga, men under gode forhold kan ein del drektige simler òg felle geviret før kalvingstida. Reimers har funne ut at variasjonen i talet på dagar for felling etter fødselen, er frå 0 til 15 dagar, med ein topp på sjuande dagen. Simler som har kalva begynnar å utvikle nye gevir i andre halvdel av juni, avhengig av fellingstidspunkt sjølvsagt.


Simler med kalvar heilt i byrjinga av juni, legg merke til den eine simla som enno har geviret intakt. Foto: Kjell Bitustøyl

Simler med kalvar heilt i byrjinga av juni, legg merke til den eine simla som enno har geviret intakt. Foto: Kjell Bitustøyl

Næringstilhøva viktige

Når det gjeld bukkar, så byrjar nye gevir å vekse fram i mars-april, tilsvarande for gjeldsimlene er slutten av april. Gevira når full storleik i løpet av sommaren. I vekstsesongen om sommaren er geviret dekt av bast der næringa strøymer gjennom blodårene til vekstsonene i spissane. Før paringssesongen tek til og gevira er ferdig utvikla, stoppar tilførselen av næring, og basten tørkar inn. Då er det at feiinga tek til.


Feiing av gevir hjå bukkane går føre seg i slutten av august og utover i september månad. Foto: Olav Strand

Feiing av gevir hjå bukkane går føre seg i slutten av august og utover i september månad. Foto: Olav Strand

Det har vore forska på samanhengen mellom ernæring og gevirvekst/gevirfelling. Tilgangen på mineral er èin faktor, men fleire faktorar spelar inn. Å byggje opp eit nytt gevir krev både energi og mineralar, særleg kalsium og fosfat. Ein kan måle mineralbehovet ved å analysere innhaldet i det ferdige geviret, dette kan i fylgje Nieminen variere mellom 40-64%, der kalsium utgjer 18 – 24% og fosfor 8 -11% av vekta til geviret. I tillegg inneheld reinsdyrgevir nokså mykje jern og selen.

Reimers konkluderer med at den endelege utforminga av geviret både hjå kalv og eldre dyr er avhengig av næringstilhøva. Dersom dei er gode, vil mange av både bukke- og simlekalvane ha utvikla gevir med opptil tre greiner på kvar side fyrste hausten. Er tilhøva dårlege, blir kalvehorna verande ugreina. Ved sida av meir tradisjonelle kriterium for kondisjon, blir storleik, vekt og forgreining på kalvegevira, både hjå rein og karibu, brukt som kriterium for kondisjon, ifylgje Reimers.


Bukk og kalv fotografert i byrjinga av oktober. Horna til kalven er ugreina. Foto: Kjell Bitustøyl

Bukk og kalv fotografert i byrjinga av oktober. Horna til kalven er ugreina. Foto: Kjell Bitustøyl

I tillegg til nemnde kjelder, er her òg henta stoff frå artikkelen «Villreinen – en suksessfull art» av Øystein Holand og Tor Punsvik i boka «Villreinen» (2016).

Villreinnemnda vil ha utvida jakt på Hardangervidda


Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Det er sesong for planlegging av haustens villreinjakt på Hardangervidda, som blir spesiell i år på grunn av omstenda knytt til skrantesjuken (CWD). Det er snakk om både å starte jakta tidlegare enn vanleg og å utvida jakta i etterkant

Miljødirektoratet har sendt ut eit framlegg på høyring knytt til tidleg jakt på Hardangervidda, frå 10. august, sjå MDs høyringsnotat.  Ei arbeidsgruppe frå VKM (Vitenskapskomiteen for mat og miljø) har lagt fram fleire forslag til tiltak, eitt av forslaga er utvide jakta.

Villreinnemnda

Villreinnemnda for Hardangervidda på si side fylgjer opp Hardangervidda villreinutval sitt ynskje om å utvide jakta sør for Rv7 i tida 1. til 7. oktober og sender ut eit framlegg om dette på høyring med høyringsfrist 10. juni. Dette betyr at Villreinnemda gjennomfører Forskriftsprosess med høyringsrunde med mål om å få realisert utvida jakt som foreslått. Villreinnemnda skriv at «Hensikten er å kartlegge mulig forekomst av CWD og prøvetaking gjennom ordinær jakt.» Sjå Villreinnemndas høyringsnotat

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Villreinen 2021 snart på lager!


Forside_innhold_villreinen2021.jpg

Da er Villreinen 2021 sent til trykking og forventes på lager ca 4. juni. Om du ikke allerede er abonnent er det smart å bestille nå, slik at du får årets utgave av Villreinen tilsendt rett etter at den kommer på lager. Se bestillingsskjema på villreinen.no.

Du får et vagt førsteinntrykk av innholdet ved å skjele til innholdsoversikten i bildet, men vi vil også sporadisk publiserere artikler på villreinen.no.


villrein.no – Fred Ivar Aasand