Strid om bestandsreduksjon på Hardangervidda


Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

I slutten av april kom Mattilsynet (MT) og Miljødirektoratet (MDIR) med tiltaka sine for å kjempe mot skrantesjuken (CWD) på Hardangervidda i form av ein rapport til Regjeringa. Det er semje mellom MT og MDIR og lokal forvaltning/rettshavarar/jegerar om det meste, men på eitt punkt står striden: Bestandsreduksjon.

rapporten frå Mattilsynet og Miljødirektoratet som blei overlevert til regjeringa, uttrykkjer ein håp om å kunne utrydde skrantesjuken. Dei snakkar om eit vegskilje i handteringa av skrantesjuken, greier ein det ikkje no, må ein gje avkall på moglegheita til å utrydde sjukdomen, heiter det.

Dei to direktorata kjem i rapporten med kvar si tilråding, men dei er einige om at talet på bukk 3,5 år og eldre bør vera så låg so mogleg, i praksis alle bukkar eldre enn 2,5 år. Mattilsynet ynskjer å redusere stamma over 2-3 år til ein «genetisk levedyktig bestand», medan Miljødirektoratet skriv at «For å øke kunnskapen mener Miljødirektoratet at et uttak på 1000-1500 simler i 2021 er viktig og samtidig et oppnåelig mål». MDIR skriv òg at det vil vera viktig å halde på jakt som viktigaste uttaksform. Også slik at det vil vera grunnlag for fortsett jakt framover, sjølv med ein låg bestand.

Villreinnemd og villreinutval

I etterkant av eit møte 7. juni Villreinnemnda og Villreinutvalet for Hardangervidda hadde med Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet, har det blitt sendt ut ei pressemelding. Her skisserer Villreinnemnda og Villreinutvalet opp det det er semje om, men samtidig seier dei at MT sine tiltak er altfor drastiske med tanke på bestandsreduksjon. Dei hevdar at MT ikkje har tilstrekkeleg godt beslutningsgrunnlag for slike drastiske tiltak. Dei meiner at MT sin strategi er i strid med viktige faglege føringar/tilrådingar i VKM-rapporten (sjå link) med tanke på adaptiv forvaltning og kunnskapsbygging. Det blir vist til at det skal utarbeidast ein del 2 av VKM-rapporten som bl.a. skal omhandle viltforvaltningsmessige og samfunnsmessige forhold knytt til CWD, og at dette etter Villreinnemda og Villreinutvalet si meining bør på plass før ein set i verk slike drastiske tiltak. Avslutningsvis ber dei instendig om at Regjeringa fylgjer Miljødirektoratets tilråding og strategi for handtering av skrantesjuken på Hardangervidda.

villrein.no – Kjell Bitustøyl