Reinkjøt – ein eventyrleg ressurs


Sjetteklassingar frå Hemsedal skule blir servert reinkjøt i samband med eit opplegg om reinen i Nordfjella hausten 2020 i regi av Norsk Villreinsenter. Fjelloppsynsmann Knut Fredrik Øi hadde ansvaret for matlaginga, han steikte reinskav på bålpanne og serverte elevane, eit måltid som verkeleg fall i smak! I kø: f.v. Lilja Dyrset, Nilas Botten og Erik Møllerplass Mythe. Foto: Kjell Bitustøyl

Sjetteklassingar frå Hemsedal skule blir servert reinskjøt i samband med eit opplegg om reinen i Nordfjella hausten 2020 i regi av Norsk Villreinsenter. Fjelloppsynsmann Knut Fredrik Øi hadde ansvaret for matlaginga, han steikte reinskav på bålpanne og serverte elevane, eit måltid som verkeleg fall i smak! I kø: f.v. Lilja Dyrset, Nilas Botten og Erik Møllerplass Mythe. Foto: Kjell Bitustøyl

Kva gjer ein når ein skal formidle historie og kunnskap om reinsdyr og skal servere reinskjøt, er det mogleg å få tak i villreinkjøt? Eller er det mest relevant å bruke reinskjøt frå tamrein? I denne artikkelen skal me fortelje mest om det siste, men skal koma tilbake med ein eigen artikkel om nokon få som faktisk brukar villreinkjøt som mat for besøkande. Felles for kjøt frå både villrein og tamrein er at dette er av det sunnaste kjøtet som er å få tak i. Frå tamreinhald blir det meldt at etterspørselen er større enn nokon gong.

Det er ein kjensgjerning at når ymse villreinprosjekt skal fokusere på lokalmat og servere reinskjøt i den eine eller andre forma, må ein som oftast ty til tamreinkjøt. Grunnen er enkel: dei fleste villreinjegerar vil behalde kjøtet sjølve, i tillegg kjem regelverk knytt til mathygiene om ein skal bruke villreinkjøt.

Reinkjøt som føde er eit kjøtproduktet mennesket truleg har kjent til i uminnelege tider. Dokumentasjonen på at dei fyrste menneska på europeisk jord for det meste levde av villrein er solid og omfattande. At reinskjøt framleis er ei ettertrakta vare, finst der mange døme på. Og det er sjølvsagt ein grunn til at reinsjegerar flest ikkje er interessert i å selje det reinkjøtet dei har streva med å få tak i, kanskje bore tungt og opplevd slit for å få maten til husars. Å ete kjøt ein sjølv har jakta, har naturleg nok ein eigen dimensjon, på linje med å ete sjølvfiska fisk. 

«Villreinfjellet som verdiskaper»

I prosjektomtalen av «Villreinfjellet som verdiskaper» (2015) ført i pennen av Hans Olav Bråtå, er ei problemstilling slik: Under overskrifta «Reinkjøtt – villreinkjøtt; er den største verdiskapingen knytt til historien?» ynskjer ein i utgangspunktet seg villreinkjøt når ein skal formidle historia om reinen, kulturminna osv. Men her innser forfattaren at dette byr på ei utfordring. Sal av villreinkjøt kunne bli ei salsvare dersom det blei ein høgare pris på kjøtet enn slikt kjøt frå tamrein. Likevel blir konklusjonen at det er lite truleg at dette kan få noko omfang, også på grunn av utfordringane med mathygiene og dei strenge krava som blir stilt. 

Difor er konklusjonen til Bråtå slik: «Da er det større sjanse for at en kan bruke kjøtt fra tamrein, og heller fortelle historien om tam- og villrein i forbindelse med måltidene. Det er da også dette som foretrekkes av mange reiselivsbedrifter. En viktig grunn er at det er lett å få tak i tamreinkjøtt som tilfredstiller krav mht mathygiene».

«Sjetteklassinger fikk lære om villrein»

Prinsippet til Bråtå har me eit godt døme på i praksis gjennom eit opplegg i regi av Norsk Villreinsenter Sør hausten 2020, der sjetteklassingar frå kommunane rundt Nordfjella fekk eit heildagsopplegg om villreinen og alt knytt til dette dyret. Naturrettleiar Tuva Flor Lien stod for det vellykka opplegget, og eit høgdepunkt på dagen var servering av reinskav med tilbehør til alle elevane, tillaga over bålpanne av fjelloppsyn Knut Øi frå Aurland. Elevane fekk òg smake noko dei ikkje visste kva var. Øi har fylgjande å fortelje frå dette måltidet: «Unger elsker reinkjøtt! Og morsomt med det speka hjertet. Vi valgte å ikke si hva det var for å unngå forutinntatthet. Da elska de det. Men det ble litt rynking på nesa når vi sa det. Fordelen var at da visste de at det jo var godt». Det høyrer med å fortelje at kjøtet var innkjøpt reinkjøt av tamrein. 


Frå slakting i Fram Reinlag, i kvit frakk: Halgeir Opdal, leiar i laget. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå slakting i Fram Reinlag, i kvit frakk: Halgeir Opdal, leiar i laget. Foto: Kjell Bitustøyl

Stor etterspørsel

NRK hadde for kort tid sidan eit oppslag om at etterspørselen etter reinkjøt er stor. Ei viltforretning kan fortelje om at dei selde 160 tonn reinkjøt i 2019, nesten alt gjekk til hotell og restaurantar. Men under pandemien har denne marknaden kollapsa, i staden har folk teke i bruk rein som eksklusiv råvare i heimen. Slik har matvanane endra seg, og folk unner seg dyrare mat. Under pandemien har nesten alt reinkjøtet gått rett til matvarebutikkane, og nemnde viltforretning selde 270 tonn kjøt i 2020. Etterspørselen har altså gått opp under pandemien.

Ein erfaren slaktar som har kome frå England for å arbeide med reinkjøt, skjønar at reinkjøt er populært, han kallar det eit reint, smakfullt og magert naturprodukt, i motsetning til anna masseprodusert kjøt.

Ein kokebokforfattar er òg intervjua av NRK, han seier dette: «Reinkjøtt er et veldig bærekraftig kjøtt med sterke tradisjoner i Norge. Sunt er det også. Godt på smak, enkelt å tilberede og allsidig. Du har det tradisjonelle med rotgrønnsaker med saus, men du kan også grave det, tilføre asiatiske smaker, osv.»

Kvifor er reinkjøt så sunt?

Ei matspalte i eit magasin skriv om reinkjøt at det kanskje er det aller sunnaste viltkjøtet me har, med ein feittprosent på berre 2 % og eit svært høgt innhald av vitamin B12, jern, sink og selen. Selen er ein av naturens kraftigaste antioksidantar. Om viltkjøt generelt kan ein elles lesa at dette er magrare enn anna raudt kjøt, og at det inneheld mineral, antioksidantar og Omega-3 fordi dyra beiter i det fri og har eit variert og sunt kosthald.

villrein.no – Kjell Bitustøyl