Svelgbrems og hudbrems – ulik verknad på kalvane avhengig av temperatur og vêr


Svelgbrems Foto: Arne C. Nilssen

Svelgbrems Foto: Arne C. Nilssen

Eit forskingsprosjekt som har sett på korleis vêr og temperatur verkar inn på kalvevekter og dødstal blant reinkalvar, er nyleg publisert i ein fagartikkel i «International Journal for Parasitology and Wildlife» (2021). Konklusjonen er bygt på undersøkingar frå berre to sesongar, likevel er resultata verdt å merke seg. Resultatet er ikkje overraskande med tanke på tidlegare kjent kunnskap (Sjå link) Ein varm sommar kan føre til høge belastningar og med det avmagring og dødsfall blant kalvane.

Litt om hudbrems og svelgbrems

Det finst to artar av reinbrems, hudbrems og svelgbrems. Båe desse er det ein kallar tovenger med eittårig livssyklus. Larvene lever som parasittar på rein, og det er berre ei kort tid rundt månadsskiftet juni-juli at reinen er fri for larver. Hudbremslarvene forlet reinen for det meste i mai og juni, så grev dei seg ned i bakken, og etter nokre veker klekker dei vaksne flugene, til vanleg i byrjinga av juli. Og like etter at flugene har kome ut av puppene, kan dei pare seg. Men denne aktiviteten har samanheng med korleis vêret er. Etter paring er det berre hoflugene som er i live og det er dei som flyg og oppsøkjer reinen, så blir egga lagt i tynne sommarhår hjå reinen i løpet av juli og august. Etter at egga har blitt til larver, hamnar desse under huda på bakre del av ryggen. Talet på larver pr. dyr er ofte større hjå kalvar enn hjå vaksen rein.  

Svelgbremslarvene har same vert, reinen, og desse larvene droppar ut av reinen omtrent på same tid som hudbremsen. Felles er òg tidspunktet når dei angrip reinen.  Ingen av desse bremsflugene tar til seg næring, dei lever av opplagsnæringa som dei har tatt til seg på larvestadiet. Men det er ulikt når det gjeld egglegging, hjå svelgbremsen utviklar egga seg i hoflugas kropp, så blir dei nyklekte larvene sprøyta på nasen og munnen til reinen, der hamnar dei i nasen og i biholene. Utpå vinteren startar veksten for alvor samtidig som dei rører seg bakover og fester seg med krokar i svelget. Frå slutten av april til ut juni blir larvene hosta ut av reinen. (kjelde: Åsbakk og Nilssen: Reinens hudbrems og svelgbrems: biologi, betydning, og om bekjempelsestiltak, artikkel).

Varm og kald sommar

Det omtalte forskingsprosjektet, der blant andre veterinær Kjell Handeland er med, undersøkte moglege negative konsekvensar knytt opp mot effekten av desse parasittane vinterstid hjå villreinkalvar. Kalvar født i 2014 og 2015 var med i undersøkingane, det eine kalvekullet (2014) var født då det var ein varm sommar, det andre (2015) var født då det var ein kald sommar. Kroppstilstanden om hausten blei vurdert som slaktevekt, medan kroppstilstanden om våren blei vurdert som slaktevekt, men supplert med ei evaluering av feittreserver på forskjellige kroppsdelar. Undersøkingane inkluderte òg funn av hjernemark. 

Konklusjonen var at ein fann langt fleire svelgbrems, hudbrems og hjernemark i 2014-generasjonen enn i 2015-generasjonen. Mellom haust og vår gjekk gjennomsnittleg slaktevekt ned for 2014-generasjonen, medan vekta auka for 2015-generasjonen. Det var altså merkbar samanheng mellom høg parasittbelastning og sjansane for avmagring. Funna viser med det at i varme somrar kan høg belastning med både hudbrems og svelgbrems, pluss hjernemark, føre til avmagring og moglege dødsfall blant kalvane. 


Foto fra tidleg i mai, Hardangervidda. Me ser at fleire av desse reinsdyra har hudbrems, særleg bak på ryggpartiet. Foto: Kjell Bitustøyl

Foto fra tidleg i mai, Hardangervidda. Me ser at fleire av desse reinsdyra har hudbrems, særleg bak på ryggpartiet. Foto: Kjell Bitustøyl

Kjell Handeland har òg skrive om sjukdomar og parasittar hjå villrein i boka «Villreinen – Fjellets nomade». Han legg vekt på at av alle insekt som plagar reinen sommarstid, er det ingen som reinen fryktar meir enn bremseflugene. Dette at bremseflugene nyttar reinsdyret for larveutviklinga si, har negativ effekt på dyras kondisjon og helsetilstand. Larvene som blir utvikla utover vinteren og våren, krev energi og protein for å vekse, og dei hentar dette frå reinen i ei tid med vanskelege beiteforhold og mangel på næringsrik føde, skriv han.

villrein.no – Kjell Bitustøyl