Hytteopprør der villreinen er ein del av bakteppet


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Eit opprør mot det fleire kallar ukontrollert hyttebygging har vakse fram i Vinje kommune. Med 5500 hytter er kommunen den fjerde største hyttekommunen i landet. Opprørarane meiner ei grense er nådd. «Det er nok hytter no!» seier dei. I fylgje initiativtakarane går hyttebygginga utover jakt, villrein og sauehald. 


Fra Vierliområdet mot Falkeriset og Hardangervidda villreinområde. Foto: Kjell Bitustøyl

Fra Vierliområdet mot Falkeriset og Hardangervidda villreinområde. Foto: Kjell Bitustøyl

Konkret er det no 600 nye hytter i Rauland striden dreiar seg rundt. Av argumenta som aksjonen «Nok hytter på Rauland (Vinje) no!» brukar, finn me at hyttebygginga i Vinje har påverka villreinen både i randsona til Hardangervidda villreinområde og i Brattefjell-Vindeggen villreinområde. Med endå fleire hytter vil villreinen bli pressa ytterlegare  innover, altså miste beiteområde, blir det sagt. Konkret nemner dei at eit tidlegare villreinområde, Svinefjell, som er ein del av Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde, på grunn av auka trafikk ikkje lenger er i bruk som beiteområde for reinsdyra. Siste gong det blei skote reinsdyr her var i 2007. Ei liknande utvikling er på gang i andre randsoner av dette villreinområdet i fylgje hytteopprørarane, og endå fleire hytter vil forsterke denne utviklinga. 

Det har vore merksemd i både TV, radio og aviser om denne aksjonen, og interessa frå andre fjellbygder med liknande utfordringar er på gang, det stadfester Norsk Hytteforbund i fylgje NRK.


tradisjon og destinasjon-31.jpg

«Tradisjon og destinasjon» – sosial berekraftig verdiskaping i villreinfjell

Med denne aksjonen har eit forskingsprosjekt i regi av Telemarksforsking – «Tradisjon og destinasjon» –  som ligg under «Villreinfjellet som verdiskaper» – paraplyen og skal sjå på sosial berekraft i tre store hyttekommunar, fått ekstra aktualitet. Vinje kommune er den eine av desse, dei to andre er Stor-Elvdal og Ringebu. Ei problemstilling i dette prosjektet er korleis ein syter for at både lokale folk og hyttefolk får moglegheiter til å realisere det gode liv både i bygda og ute i naturen. «Tradisjon og destinasjon» fokuserer på berekraftig verdiskaping i villreinfjell. Ein vil i dette prosjektet sjå nærare på eit aukande konfliktnivå mellom ulike aktørar for og mot reiselivet i fjellbygdene. Det heiter i prosjektomtalen at «En ensidig satsing på økonomisk utvikling på mange destinasjoner bør erstattes med et fokus på bred verdiskaping, der både økologisk, kulturell og ikke minst sosial bærekraft utvikles. Prosjektet vil bidra til å synliggjøre dette gjennom en veksling mellom en aksjonsforskningsrettet prosess og en analytisk evaluering i tre kommuner.» Tidlegare leiar av Norsk Villreinsenter sør, no seinorforskar ved Telemarkforsking, Marianne Singsaas, er prosjektleiar på vegne av  Norsk Villreinsenter.

Det skal nemnast at Vinje kommunestyre i møte 17. juni vedtok å setje dei vidare planane for nye hytter på vent til nye reguleringsplanar innafor kommunedelplan-området (KDP) ligg føre.

villrein.no – Kjell Bitustøyl