Arkiv - nettsaker fra gamle villrein.no

Ny leiar for Norsk villreinsenter Sør


Köller er ein erfaren natur- og vllreinkar. Foto: Anders Mossing

Köller er ein erfaren natur- og vllreinkar. Foto: Anders Mossing

Petter C. A. Köller (52) frå Ulefoss er tilsett som ny dagleg leiar for Norsk villreinsenter Sør. Han kjem frå ei stilling som områdeforvaltar for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde og har hatt kontorstad ved Norsk villreinsenter på Skinnarbu sidan 2011.

Det er ein erfaren natur- og villreinkar som no overtek stillinga som ny leiar for Norsk villreinsenter Sør. Peter C. A. Köller overtek etter Marianne Singsaas som har vore leiar for sidan 2011. Köller har utdanninga si innafor naturforvaltning og ressursøkonomi frå det som i si tid heitte Norges Landbrukshøyskole på Ås, i dag NMBU – Noregs miljø og biovitskaplege universitet.


Peter C. A. Köller er ny dagleg leiar for Norsk villreinsenter Sør

Han har brei yrkesefaring, og har m.a. vore plan- og miljørådgjevar i Tokke kommune, assisterande utmarksjef for AT Skog, og vore knytt til Drangedal kommune som sektorleiar for landbruk, teknikk og kultur. I høve til stillinga som områdeforvaltar, har han ikkje berre hatt Brattefjell-Vindeggen som arbeidsfelt, han har òg vore involvert i verneområdeforvaltning i Hardangervidda nasjonalpark og tilhøyrande verneområde.

Felles for alt han har drive med er at dette har vore innafor natur-og miljøforvaltning dels kombinert med økonomi og leiing. I tillegg til dei formelle oppgåvene som han har hatt, er Köller ein ivrig jeger og friluftsmann i den tida som blir til overs når han har gjort unna det som krevst på garden hans på Ulefoss.

Köller tiltrer i jobben som dagleg leiar 1. juni 2020.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Ny informasjonsrådgjevar på Norsk villreinsenter Nord


Ny informasjonsrådgjevar, Martine Hårstad og dagleg leiar av Norsk villreinsenter Nord, Raymond Sørensen i “ura” på Hjerkinn.

Ny informasjonsrådgjevar, Martine Hårstad og dagleg leiar av Norsk villreinsenter Nord, Raymond Sørensen i “ura” på Hjerkinn.

Etter fleire års arbeid har det no lykkast å få på plass ei fulltids, treårig prosjektstilling som informasjonsrådgjevar på Norsk villreinsenter Nord. Martine Hårstad frå Oppdal er engasjert i denne stillinga og starta arbeidet 26. mars i år.

Martine Hårstad har erfaring i marknadsføring blant anna frå Visit Jotunheimen – eit selskap ho var med å starte opp og drive som dagleg leiar, vidare frå Enern Oppdal og frå Visit Oppdal. Av utdanning har ho bakgrunn i opplevings- og attraksjonsutvikling, samt innovasjon og næringsutvikling, der ho har ein mastergrad.

Stillinga som informasjonsrådgjevar er todelt: Eine halvparten er knytt til Norsk villreinsenter Nord der det handlar om arbeid med sosiale medier og nettside og generelt informasjonsarbeid. Ynskjet frå NVS er at stillinga skal bidra til å vidareutvikle NVS Nord sin attraksjonsdel ”Besøkssenter villrein”. Konkret skal arbeidet i tillegg til nettside handle om publikumsbrosjyrer og digital marknadsføring og utvikling av den nye Fjellportalen til NVS Nord.

Den andre delen av stillinga er eit tenestesalg fra NVS til nasjonalparkstyra for Dovrefjell- og Sunndalsfjella og Rondane-Dovre. Dette dreiar seg om informasjonsarbeid for nasjonalparkstyra på alle plattformer, blant anna byggje opp og ha hovudansvar for innhaldet på dei planlagde besøksretta heimesidene. Vidare skal det etablerast nasjonalpark-informasjon på utvalde stadar, og stillinga skal i sum styrke formidlinga av vernområda på nett, i media og gjennom brosjyrer. I tillegg skal det etablerast ein fastare og betre dialog med reiselivet i og rundt verneområda.

Det langsiktige målet for Raymond Sørensen, dagleg leiar for NVS Nord, er å få ein fast informasjonsrådgjevar for heile forvaltningsknutepunktet Hjerkinn.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Raymond Sørensen

 

Tre reinsdyr til to kroner

I 1956 ble det formelt åpnet for villreinjakt i det man nå kaller Forollhogna villreinområde, men hvordan kan det da ha seg at det ble utskrevet et jaktkort i 1911? Var det ikke tamreindrifter i Forollhogna på denne tida?

Denne artikkelen er i sin helhet hentet fra hognareinen.no.

Tidlig på 1800-tallet ble det drevet med tamrein i det som vi i dag kaller Forollhogna-området. Enkelte samer lagde seg boplasser i området. To av disse var Jon Thomasson og Margrethe Najta. Enda idag synes tuftene tydelig etter boplassen deres i Storbekkhaugan på Kvikne. I 1870-årene kom familien flyttende inn i Forollhognaområdet. De var opprinnelig fra Västerbotn i Sverige. Etter at de kom til Forollhogna begynte de med å selge kjøtt og skinn av tamreinen de holdt, og var dermed av de første som startet med en storskala kjøttproduksjon her. I 2016-utgaven av bladet “Forollhogna” er slakting og salg av kjøtt og skinn ved Magnillsjøan nærmere beskrevet. Foruten i Storbekkhaugan hadde familien også koie i Tverrfjelldalen, Såttåhaugen, nord for Trøombua, Storøya, og Fjellroa i Vingelen. Etter flere rettssaker mot bygdefolket måtte de til slutt forlate området i 1892/93.

Samtidig som samene drev i Forollhogna, var det fortsatt villrein i området. Vill og tam rein blandet seg ofte, og det var ikke lett å skille mellom disse under jakt. I 1876 skrev J. A. Friis om villreinbestanden i det han kaller for “Kvikneterrenget”, som lå mellom Kvikne og Holtålen. I dette området skrev han at det fantes ca. 200 dyr og at rundt 20 av disse ble felt årlig. Samme året vedtok bygdestyret i Kvikne å leie bort flere hamnestrøk til fedrifter (Hiåsjøene, Y-tjønnan, Dølbulægeret, Nyhytta, Enmolægeret og Nordydalen), så det var stor aktivitet og bruk av fjellet på denne tida.

I 1901 ble Budalen, Singsås og Soknedalen ved lov stengt for tamreindrift. Tamreindrifta i Forollhogna ble for øvrig avviklet i 1914, selv om det ble sluppet noe tamrein ved Dalbusjøen av en Osing i 1925.

I boka “Opplev Forollhogna”, finner vi enda mer om historien til området og boka refererer til et jaktkort fra Kvikne skrevet ut i 1911 til en Halvor Brandvold på 3 reinsdyr. Kortet er det som vi nå har fått av en Kviknedøl og det dere ser bilde av øverst. På denne tida var det ikke noe felles villreinutvalg og heller ingen villreinnemnd, så kortet er utskrevet av “Kvikne lensmandsdistrikt” og gjelder for “Statens høifjeldsstrækninger”.

Norges første Fjellov for statsallmenninger kom i 1920, og grensene for Kvikne Østre Statsallmenning ble først fastlagt av Høifjellskommisjonens kjennelse av 5.august  i 1940 i det som kalles “Forretningen Kviknes Østfjell”. Her er det en nøye gjennomgang av bruken av området fra gammelt av, og på det grunnlag ble grensa mellom statsallmenning og privat grunn satt.  Bakgrunnen for Høifjellskommisjonens arbeid som startet i 1908 og ble avsluttet i 1957 var uklarhet mellom privat og statlig grunn. Den gikk opp disse grensene i hele Sør-Norge til og med Holtålen kommune. Jaktkortet er dermed skrevet ut før grensene til dagens Kvikne Østre Statsallmenning ble satt og det første Fjellstyret opprettet. Akkurat hvilket område innen Kvikne kortet gjaldt for vet vi derfor ikke sikkert enda, men muligens gjaldt det for omtrent det samme området som utgjør Kvikne Østre Statsallmenning i dag, selv om dagen grense først ble fastsatt i 1940.  


45 år før Forollhogna villreinområde ble opprettet og formelt åpnet for jakt ble dette jaktkortet på tre villrein utskrevet på “Statens høifjeldsstrækninger” av “Kvikne lensmandsdistrikt”.

45 år før Forollhogna villreinområde ble opprettet og formelt åpnet for jakt ble dette jaktkortet på tre villrein utskrevet på “Statens høifjeldsstrækninger” av “Kvikne lensmandsdistrikt”.

Brandvold måtte betale kroner 2,- for kortet, noe som tilsvarer 130 kr i dagens kroneverdi. Prisen på jakt har nok økt mer i verdi enn mange andre tjenester, men mye mer enn 1000 2020-kroner måtte Brandvold neppe ut med. Dette viser at det lå helt andre verdier i jakt på denne tida enn hva som er tilfelle idag da man først og fremst gjerne betaler for opplevelsen, ikke bare for kjøttet.

Jon Meli skriver i “Opplev Forollhogna” at fjellområdet ble fredet for villreinjakt i 1919, før Forollhogna villreinområde ble opprettet i 1956 og igjen formelt åpnet for jakt. I følge boka “Forollhogna- Natur, Kultur, Historie”, ble det skutt rein med øremerke dette første året, noe som vitner om at det ved opprettelsen ikke bare var opprinnelig villrein igjen i området.

Vet du noe mer om villrein og reinsjakt i perioden 1850 – 1956 i Forollhogna? Send i så fall gjerne inn opplysninger om det til villreinutvalget: post@hognareinen.no

Villreinjakt under krigen – del to


Eit eldre foto av reinsjakt i Storheller. Det er i dette området vinterjakta ofte gjekk føre seg. Me ser Storhellervatnet og ut over Storhellerflott og Fjølabutangen, lengst til venstre kan me skimte områda ned mot Songavatnet. Foto utlånt av Margit…

Eit eldre foto av reinsjakt i Storheller. Det er i dette området vinterjakta ofte gjekk føre seg. Me ser Storhellervatnet og ut over Storhellerflott og Fjølabutangen, lengst til venstre kan me skimte områda ned mot Songavatnet. Foto utlånt av Margit Apeland

Dette er del 2 av artikkelen om villreinjakt på Hardangervidda under krigen. Det handlar om garden Havradalen øvst i Vinje og er basert på dagboksnotatar gjort av Tor Havradalen som budde her.

Røynde fjellfolk

Hausten 1942 er det nok ein gong jakt i november, her er òg ei skildring av at dei låg vêrfaste inni fjellet, på Storhellerflott. Der var fleire hytter dei kunne overnatte i, men standarden var variabel, og det kunne vera klent med ved. Men ikkje ein einaste gong høyer me at nokon enten kjem bort eller skadar seg. Dei var alltid to eller fleire. Ofte kunne det bli bomtur, dei såg kanskje rein, men kom ikkje på skothald.

I ettertid kan ein godt analysere denne jakta med dagens briller. Det som klarast står fram er at dette var jakt til matauk. Det er ikkje mange dyr som – i fylgje dagboka – blir skotne i utrengsmål. Me høyrer òg at dei skyt eit dyr som haltar.

Vintrane 1943 og 1944 er dei åra då jakta er på det mest omfattande. I januar ’43 dreg jegerar innover til Storheller fleire turar i slutten av januar, men òg heile februar og mars. I april er det eit opphald, men mot slutten av mai og byrjinga av juni er dei på tur att. Hausten blir det jakta litt i september, men vel så mykje i desember. Dagen før nyttår må dei så langt som på Sauarflott, nord for Songa, for å finne dyr. Dette seier kanskje litt om kor viktig det var å få tak i mat. Med stutte dagar og fare for å koma ut i skikkleg uvêr, er det lett å sjå for seg at dette var risikosport. Men dette var vante fjellfolk, spreke og gode til å finne fram og koma seg i hus før uvêret sette inn. Me høyrer om fleire turar der dei sit vêrfaste inne i ei lita bu langt innpå fjellet, kanskje i éin eller to dagar.

Våren 1944 er det dokumentert mange jaktturar, mars, april, mai og siste turen så seint som rundt 20. juni. Då var snoen faren og dei måtte vasse strie elvar, men dei skaut to dyr og kom heim med tunge børar.

Siste krigsvinteren

Siste krigsvinteren er det jakt på nytt i oktober. Det er ikkje alltid me fær greie på om dei fær dyr, men når ein skriv at dei mol kjøt eit par dagar etterpå, er det klart at det har falle dyr. Mange er av stad på jakt frå Vågsli og bygdene nedover, og dei frå Havradalen er ofte med. No er det nysnø som er problemet, det er strevsamt å vasse. Men mat blir det, og ein måte å konservere kjøtet på er å røykje det.

I slutten av februar ’45 fer folk innover til Storheller på jakt att og kjem att med kjøt. Dei fyrste dagane av mars er det på ny jakt, og Tor Havradalen er med. Dei fer innover til Songadalføret, og treffer på ein hop på 4000 dyr. Fleire jegerar er i området, og dei fær fleire dyr. Det gjeng lett å dra dyreskrottane på kjelke på denne årstida, føret er godt.

Mange slike jaktturar endar utan at ein fær noko. I slutten av mai, etter at freden er komen, er Tor Havradalen innover att på reinsjakt, Mannevasshaddine og Sandvasshaddine. Men ingenting i dagboka om det blei dyr på han.

Fredlege trakter

Den store endringa i jaktkulturen for desse fjellgardane blei det nok ikkje fordi om freden kom, men det er merkbart at i krigsåra var det meir fritt, sjølv om all bruk av slike våpen var forbode. Slik blei det truleg meir ålment akseptert å ta seg eit matdyr, sidan ”alle” gjorde det med den risikoen det var for å bli teken på fersken med skytevåpen. Men under heile krigen var det relativt fredleg i desse traktene, det var sjeldan okkupasjonsstyrkar viste seg i desse områda, det var fyrst og fremst i kjølvatnet av tungvassaksjonen på Vemork i februar 1943.

Lensmannen såg gjennom fingrane Både under krigen og etter krigen har nok lensmenn sett litt stort på dette med slik jakt, i alle fall når det var til eige bruk. Kom ein derimot over folk som skaut for å drive sal av reinskjøt, var det langt meir alvorleg.

Ei historie frå Setesdal kan vera med å illustrere korleis det kunne vera. Dette handlar om Juel Lund som var lensmann i Valle frå 1919 til 1939, fortalt av nevøen Jon Lund: “Han kom til ein fattig familie i Skarberg ved Botsvatn, dei budde på ei hylle der. Dei måtte binde ungane fordi der var så bratt. Dei hadde blitt melde for å ha skote rein ulovleg. Lensmannen måtte ’pliktskyldigst’ opp og undersøkje dette her. Han kom der, og det fanst ikkje mat i huset anna reinskjøt. Og dei hadde akkurat sett på ei god suppe og ei god gryte med mat og tok sjansen på at lensmannen var snill. Dei spanderte på han. Juel Lund åt godt. ’Det var eit veldig godt bjønnekjøt,’ sa han og ynskte dei lykke til”.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Norsk villreinsenter fekk møte olje- og energiministeren


Leiar for Norsk villreinsenter Sør, Marianne Singsaas (t.v.), fekk møte olje- og energiminister Tina Bru (H). Tema for møtet var vindkraft og framtidig konsesjonsbehandling sett i høve til villreininteressene.

Leiar for Norsk villreinsenter Sør, Marianne Singsaas (t.v.), fekk møte olje- og energiminister Tina Bru (H). Tema for møtet var vindkraft og framtidig konsesjonsbehandling sett i høve til villreininteressene.

11. mars skulle det ha vore eit møte om forbetringspotensiale i høve til konsesjonsbehandling av vindkraft på land. Det var Olje- og energidepartementet (OED) som inviterte. Men møtet blei avlyst pga. koronaviruset. Marianne Singsaas, leiar av NVS-sør, fekk likevel til eit “privat” møte med olje-og energiminister Tina Bru (H). Singsaas er godt nøgd med møtet.

NVS har skaffa fram kunnskap

Norsk villreinsenter arbeidde hardt på oppdrag av Miljødirektoratet med å skaffe fram kunnskap om villrein og vindkraft i samband med ”nasjonal ramme for vindkraft” som Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) utarbeidde på oppdrag frå OED. Eit sentralt tema for villreininteressene var tap av areal og arealbruksendring. Men som alle veit, så vart dennne planen blei til slutt skrota av regjeringa.

Norsk villreinsenter har òg over tid delteke i eit forskingsprosjekt om vasskraft og konsekvensar for villrein. Konklusjonen her var den same, barriereeffekten av kraftutbygging blei mangedobla av sekundæreffektane, dvs. vegbygging og menneskeleg aktivitet. Altså ein klar parallell til dagens utbygging av vindmøller. Frå Fosen er det kjent at for kvar vindmølle trengs det 800 meter veg. I dette området er det bygd 240 kilometer med anleggsvegar i urørt natur.

Kunnskapsgrunnlaget må vera best mogleg

I samband med ”nasjonal ramme for vindkraft” oppnådde villreininteressene mykje, alle villreinområda med unntak av Tolga Østfjell blei tekne ut av planen. Men når det no skal arbeidast vidare med konsekvensvurderingar og konklusjonar frå førre runde, er det frå villreinsenterets ståstad viktig å fokusere på at regjeringa tek på alvor det internasjonale ansvaret Noreg har for å bevare Europas siste villreinstamme. Dette inneber at kunnskapsgrunnlaget må vera best mogleg på eit tidleg stadium når ein skal inn i eventuelle konsesjonsprosessar knytt til utbygging av vindkraft.

Vellykka møte

Singsaas fortel om eit vellykka møte med ein minister som er godt orientert om saka, blant anna har ho besøkt Norsk villreinsenter Sør som medlem av energi- og miljøkomiteen. Tina Bru var lydhøyr og gav klart uttrykk for at kunnskapsgrunnlaget vil vera basisen for avgjersler i høve til det grøne skiftet. Og alt tyder på at statsråden har tatt inn over seg det internasjonale ansvaret Noreg har for villreinen, i fylgje Marianne Singsaas.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Villreinjakt under krigen – del ein


Dette er Tor Havradalen på reinsjakt, me veit ikkje namnet på dei to andre, det er òg usikkert når og kvar biletet er teke. Foto utlånt av Margit Apeland

Dette er Tor Havradalen på reinsjakt, me veit ikkje namnet på dei to andre, det er òg usikkert når og kvar biletet er teke. Foto utlånt av Margit Apeland

Der finst mange historier om “ulovleg” reinsjakt under siste verdskrig. Dette er historier som framfor alt finst på folkemunne, det vil seie at dei er i liten grad skrivne ned. Unntaket som stadfester regelen er historia om tungtvassabotørane som i ein periode levde av reinsdyr. Men der finst fleire unntak, eit slikt eit finn me i ei dagbok frå fjellgarden Havradalen (ca 880 m.o.h.) opp mot Haukelifjell.

Han som har ført pennen er Tor Havradalen (1905-1964) født og oppvaksen på garden. Han skreiv dagbok frå 1930 til 1962. Då var heile garden demt ned i samband med Tokkeutbygginga. Her kjem del ein av to av historia vi har kalla “villreinjakt under krigen”.

I mange fjellbygder var det frå gamalt av ålment akseptert å ta seg eit matdyr for dei som budde slik til. Og dette har folk drive med heilt opp til våre dagar. Perioden som likevel skil seg ut, er andre verdskrigen då det var ulovleg å oppbevare gevær, pistolar o.l. Dette førte til at mange gøymde unna børsene, og alt tyder på at mange av dei blei flittig brukt til jakt, ikkje minst reinsjakt. Det var ikkje for sporten at folk jakta i desse vanskelege åra, reinskjøt blei viktig føde for mange i fjellbygdene, difor var det nok òg ein del som tok ein viss risiko for å fa tak i sårt tiltrengt mat for seg og sine.

Gav beskjed til andre

Tor Havradalen var ikkje av dei ivrigaste jegerane, men det hende at han og broren Steffan drog på jakt i lag. Men endå oftare blei han eller dei to med folk frå Vågsli og Edland – dei næraste bygdene – på jakt. Jegerane frå lenger nede brukte ofte å koma innom fjellgarden Havradalen, som var siste utpost før snaufjellet. Dei overnatta gjerne før ferda gjekk vidare innover. Jaktterrenget og “Vidda” for desse jegerane var oftast området som heiter Storhellerflott, det vil seie ein del av Hardangervidda som ligg mellom Bordalen og Songadalføret. Var det lite dyr, drog folk lenger innover, dei kryssa Songa og fór innover Sauarflott, ja, stundom heilt til Bjønnadalføret og Låven. Det seier seg sjølv at dette må ha vore strevsame turar. Men ofte kunne reinsflokkane trekkje nedover mot Bordalen og Havradalen. Då gjekk ”alarmen”, og folket på denne einslege fjellgarden blei dei som måtte gje beskjed om at der var dyr i området. Så hadde dei ikkje telefon på Havradalen, difor måtte dei ned til Vågsli for å ringje eller gje beskjed til folk.

“Gamledagar” kom tilbake

Det interessante med ein slik grundig dokumentasjon er å få greie på når det var mest gunstig å dra til fjells etter rein. Dette visste sjølvsagt fjellfolk frå gamalt av, då dette hadde vore ein praksis i uminnelege tider, trass i at regulering av jakttidene hadde kome alt tidleg på 1900-talet. Men matvaresituasjonen under krigen var spesiell, og det var difor naturleg at mange kasta augo sine på ein slik matressurs som villreinen. Krigen med alle restriksjonar og påbod opna slik opp for ein praksis som hadde vore meir vanleg lenger tilbake i tid, då reinsjakt var ”fritt” særleg i den forstand at geografiske avgrensingar fanst ikkje. Det kom fyrst med jaktloven av 1899.

“Gamledagar” kom på ein måte tilbake. Og ingen følte vel særleg på at dette var “ulovleg” – med tanke på at det var eit framandt og illegitimt regime som styrde landet. Men sjølvsagt handla det om å ikkje bli oppdaga, det ser me òg av dagboksnotata. Særleg forsiktige var dei likevel ikkje heile tida, til dømes ser ein at kjøt blir frakta or fjellet midt i påskeveka.

Når jakta dei?

Ein må sjølvsagt ta høgde for at dagboka ikkje alltid refererer når eller at det blei jakta, det kan virke som at dagbokskrivaren var forsiktig med å skrive ned fyrste krigsåret. Der finst litt, men det er svært avgrensa dokumentasjon. Elles kan det hende at det blei jakta lite dette fyrste krigsåret, at ein rett og slett var forsiktig på grunn av den nye situasjonen som hadde oppstått, samt at det kan ha vore mindre med dyr. Våren 1941 dukkar det derimot opp mange episodar med jakt i dagboka. Då startar jakta i mars, og fleire turar innover frå Havradalen er skildra. Likevel er det mai som er den viktigaste månaden. Då er fem turar omtala, men det var òg jegerar på jakt i juni. Det kunne òg hende at dei hadde grave ned kjøtet og fór av stad og henta det seinare.

Grunnen til denne vinterjakta er opplagt: Det var framleis skiføre, det kunne vera skare om nettane og lett å dra kjøtet med seg på ein kjelke. Og nettopp dei ljose nettane kunne vera gunstige for å få frakte kjøtet heim, før dagsljoset kom. Likevel varierer dette ein heil del, noko som kan tyde på at dei var nokså trygge på å ikkje bli oppdaga av tyskarane. At skiføret ikkje varte heilt heim til Havradalen kunne inntreffe, då hende det at Tor Havradalen tok hesten innover eit stykke og henta kjøtet med hest på barmark.

Å grave eller urde ned kjøtet, var nok ein risikosport i seg sjølv, rovdyr og ramn kunne koma for å forsyne seg. Fleire gonger hende det at mykje var borte når dei kom seg til fjells for å hente kjøtet. Det var nok helst uvêr som hindra dei i å koma seg i veg etter det ferske kjøtet.

Lite dyr i byrjinga av krigen?

I krigsåra verkar jakttida som ein no praktiserer, dvs. august og september, i mindre grad å bli brukt til å jakte rein, det vil seie noko jakt var det i september. Men det var ulovleg jakt i alle høve, og då kunne ein godt vente til det blei lettare å transportere slaktet heim, altså til skiføret kom i andre halvdel av oktober og i november eller desember. I desember var paringstida over og bukkekjøtet kunne vera brukleg att. Dette er ikkje ulikt dagens tamreindrift der ein oftast har to slaktingar, ein tidleg i september og ein i byrjinga av desember.

I 1942 er der jegerar til fjells alt i januar, to turar. Det kan vera at dei var i beit for mat, eller at no var det mogleg å finne dyr å jakte på. Sidan dagboka startar opp alt i 1930 kan ein oppsummere med at tidleg i 30-åra er det lite jakt som er omtala. Dette kan skuldast at der rett og slett var lite dyr. Det er kjent at villreinreinstamma på Hardangervidda var på eit lågmål mot slutten av 1920-åra. Og det gjekk mange år før stamma kom opp på eit meir “normalt” nivå att.

Vinteren 1942 er det vårjakta som ser ut til å vera den viktigaste. At dei dreg på jakt på sjølvaste nasjonaldagen, 17. mai, er verdt å merke seg. Dette hadde nok å gjera med at det ikkje var noko nemneverdig feiring av denne dagen under krigen.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Minimumstelling i Knutshø

Den 5. mars ble det gjennomført ei vellykka minimumstelling av rein i Knutshø
villreinområde. Godt vær og fine forhold sørget for ei god telling som gir bra
oversikt over bestandsstørrelsen. Dette vil igjen gi et godt utgangspunkt for
videre bestandsforvaltning og høstens jaktkvoter. Resultatet av tellinga og
kart over hvor dyra ble funnet kan du lese mer om her.

Villreinløypa lyser ut nye prosjektmiddel

I samband med verdiskapingsprogrammet Villreinfjellet som verdiskaper, kjem det her ei moglegheit for å søke på middel til nye pilotprosjekt innanfor det allereie eksisterande prosjektet «Villreinløypa».


89180528_529469314368449_2924442119449870336_o.jpg

Verdiskapingsprogrammet “Villreinfjellet som verdiskaper” har som formål å stimulere til brei verdiskaping knytt til dei ti nasjonale villreinområda, særleg innretta mot ulike deler av reiselivet. Programmet skal bidra til ei god gjennomføring av dei regionale planene for nasjonale villreinområde, og til å utvikle og spreie kunnskap om villreinen og villreinfjellet til ulike målgrupper.

Villreinløypa lyser ut middel til inntil tre pilotprosjekt der aktørar innan overnatting, opplevingar og servering kan finne saman for å skape aktivitet med utgangspunkt i formidling av rein. Søknadsfristen er 20. april. Prosjektperiode 25. mai 2020 – 31. august 2021. 

Villreinløypa er eit prosjekt eid av Gudbrandsdalsmusea med støtte frå Miljødirektoratet si ordning Villreinfjellet som verdiskapar. Målet er å inspirere reiselivsaktørar i kommunane Lesja, Dovre, Skjåk, Lom, Vågå og Sel til å aktivt bruke rein (vill som tam) i deira verksemd. Det skal me gjere i to delar. Del ein er å arrangere kurs i historieforteljing og formidling, kurs om rein og forvaltning, og kurs i rein som råvare. Del to er å utlyse inntil tre pilotar der aktørar innan overnatting, opplevingar og servering blir oppfordra til å finne saman og søkje. Tanken er at dette skal vere med på å vidareutvikle eksisterande tilbod
og nye produkt under namnet Villreinløypa.

Meir informasjon om prosjektet Villreinløypa finn du her.

For utfyllande informasjon om kven som kan søkje, søknadskriterium m.m. sjå her.

Villrein.no – Heidi Vognild

De to eldste seterbygningene ved Vesllie på Hjerkinn får stå

Den planlagte rivingen av setrene på Vesllie i Dovre, skapte
i fjor sommer stor motstand både lokalt og nasjonalt. Setrene skulle rives som
en del av restaureringen av Hjerkinn skytefelt, og av hensyn til villreinen i
Snøhetta og dens bruk av området. Etter store protester ble avgjørelsen om
riving utsatt. Dette kan du lese mer om her.  

Nå er det bestemt at de to eldste seterbygningene i Vesllie
får stå, mens resten av bygningene skal rives. Bygningene skal eies av
Miljødirektoratet.  Det blir dermed direktoratet
som avgjør hva slags bruk det eventuelt skal være av dem. Dette opplyser
regjeringen på sine sider. Les mer om det her.

Minimumstelling i Rondane Nord

Den 5. mars gjennomførte villreinutvalget for Rondane
Nord årets minimumstelling av rein. Dette gjøres for å ha oversikt over
bestandsstørrelsen som igjen gir et godt utgangspunkt for jaktkvoter og bestandsforvaltning.

Minimumstellinga ble gjennomført fra helikopter i Rondane Nord, dvs. området nord for Ula elv. Dagen før ble det gjort registreringer på bakken sør for Ula elv. Det var gunstige forhold med klarvær og nysnø den dagen tellinga ble gjort. Det gir gode kontraster og god sikt slik at det er enklere å se dyrene og sporene etter de.

Selve minimumstellinga går ut på å finne og fotografere reinen fra lufta. Det tas gode bilder av hver enkelt flokk som blir sett, og området blir saumfart nøye for å prøve å finne så mange rein som mulig. Når feltarbeidet er gjort analyseres bildene ved hjelp av pc og et enkelt program. Hver eneste rein i hver flokk blir manuelt markert med en prikk. PC-programmet summerer opp alle prikkene, og summerer opp antall observerte rein. Det kan aldri utelukkes at man har oversett flokker i terrenget, og dersom antall observerte dyr avviker mye fra forventet bestand, kan det være aktuelt å gjennomføre ny telling.


Bilde viser en flokk fotografert fra lufta.  Foto: Arne Nyaas

Bilde viser en flokk fotografert fra lufta. Foto: Arne Nyaas


Bildet viser den samme flokken som over, men med dyrene markert med rød prikk klar til opptelling.  Foto: Arne Nyaas

Bildet viser den samme flokken som over, men med dyrene markert med rød prikk klar til opptelling. Foto: Arne Nyaas

Tellinga nord for Ula elv ga totalt 1004 observerte dyr fordelt på flere flokker. Det ble også meldt inn en observasjon av en flokk som ikke ble funnet under tellinga, denne ble talt senere og tatt inn i totalen. Sør for Ula elv ble det observert 439 dyr, her er bestandsmålet 500 vinterdyr.

Bestandsplanen som gjelder for Rondane Nord i perioden 2016-2020 har en målsetning om en vinterstamme på 1200 dyr. Resultatet fra tellinga viser at bestandsveksten i planperioden har vært svakere enn det har vært lagt opp til. Villreinutvalget skal nå analysere resultatet sammen med kunnskap om bestandssammensening sist høst, kalveproduksjon sommeren 2019 og konsekvensene av fotråteutbruddet i 2019. Dette blir grunnlaget for et kvoteforslag for villreinnemda for 2020.

villrein.no – Are Endal Rognes