Ny leiar for Norsk villreinsenter Sør


Köller er ein erfaren natur- og vllreinkar. Foto: Anders Mossing

Köller er ein erfaren natur- og vllreinkar. Foto: Anders Mossing

Petter C. A. Köller (52) frå Ulefoss er tilsett som ny dagleg leiar for Norsk villreinsenter Sør. Han kjem frå ei stilling som områdeforvaltar for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde og har hatt kontorstad ved Norsk villreinsenter på Skinnarbu sidan 2011.

Det er ein erfaren natur- og villreinkar som no overtek stillinga som ny leiar for Norsk villreinsenter Sør. Peter C. A. Köller overtek etter Marianne Singsaas som har vore leiar for sidan 2011. Köller har utdanninga si innafor naturforvaltning og ressursøkonomi frå det som i si tid heitte Norges Landbrukshøyskole på Ås, i dag NMBU – Noregs miljø og biovitskaplege universitet.


Peter C. A. Köller er ny dagleg leiar for Norsk villreinsenter Sør

Han har brei yrkesefaring, og har m.a. vore plan- og miljørådgjevar i Tokke kommune, assisterande utmarksjef for AT Skog, og vore knytt til Drangedal kommune som sektorleiar for landbruk, teknikk og kultur. I høve til stillinga som områdeforvaltar, har han ikkje berre hatt Brattefjell-Vindeggen som arbeidsfelt, han har òg vore involvert i verneområdeforvaltning i Hardangervidda nasjonalpark og tilhøyrande verneområde.

Felles for alt han har drive med er at dette har vore innafor natur-og miljøforvaltning dels kombinert med økonomi og leiing. I tillegg til dei formelle oppgåvene som han har hatt, er Köller ein ivrig jeger og friluftsmann i den tida som blir til overs når han har gjort unna det som krevst på garden hans på Ulefoss.

Köller tiltrer i jobben som dagleg leiar 1. juni 2020.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing