Villreinjakt under krigen – del ein


Dette er Tor Havradalen på reinsjakt, me veit ikkje namnet på dei to andre, det er òg usikkert når og kvar biletet er teke. Foto utlånt av Margit Apeland

Dette er Tor Havradalen på reinsjakt, me veit ikkje namnet på dei to andre, det er òg usikkert når og kvar biletet er teke. Foto utlånt av Margit Apeland

Der finst mange historier om “ulovleg” reinsjakt under siste verdskrig. Dette er historier som framfor alt finst på folkemunne, det vil seie at dei er i liten grad skrivne ned. Unntaket som stadfester regelen er historia om tungtvassabotørane som i ein periode levde av reinsdyr. Men der finst fleire unntak, eit slikt eit finn me i ei dagbok frå fjellgarden Havradalen (ca 880 m.o.h.) opp mot Haukelifjell.

Han som har ført pennen er Tor Havradalen (1905-1964) født og oppvaksen på garden. Han skreiv dagbok frå 1930 til 1962. Då var heile garden demt ned i samband med Tokkeutbygginga. Her kjem del ein av to av historia vi har kalla “villreinjakt under krigen”.

I mange fjellbygder var det frå gamalt av ålment akseptert å ta seg eit matdyr for dei som budde slik til. Og dette har folk drive med heilt opp til våre dagar. Perioden som likevel skil seg ut, er andre verdskrigen då det var ulovleg å oppbevare gevær, pistolar o.l. Dette førte til at mange gøymde unna børsene, og alt tyder på at mange av dei blei flittig brukt til jakt, ikkje minst reinsjakt. Det var ikkje for sporten at folk jakta i desse vanskelege åra, reinskjøt blei viktig føde for mange i fjellbygdene, difor var det nok òg ein del som tok ein viss risiko for å fa tak i sårt tiltrengt mat for seg og sine.

Gav beskjed til andre

Tor Havradalen var ikkje av dei ivrigaste jegerane, men det hende at han og broren Steffan drog på jakt i lag. Men endå oftare blei han eller dei to med folk frå Vågsli og Edland – dei næraste bygdene – på jakt. Jegerane frå lenger nede brukte ofte å koma innom fjellgarden Havradalen, som var siste utpost før snaufjellet. Dei overnatta gjerne før ferda gjekk vidare innover. Jaktterrenget og “Vidda” for desse jegerane var oftast området som heiter Storhellerflott, det vil seie ein del av Hardangervidda som ligg mellom Bordalen og Songadalføret. Var det lite dyr, drog folk lenger innover, dei kryssa Songa og fór innover Sauarflott, ja, stundom heilt til Bjønnadalføret og Låven. Det seier seg sjølv at dette må ha vore strevsame turar. Men ofte kunne reinsflokkane trekkje nedover mot Bordalen og Havradalen. Då gjekk ”alarmen”, og folket på denne einslege fjellgarden blei dei som måtte gje beskjed om at der var dyr i området. Så hadde dei ikkje telefon på Havradalen, difor måtte dei ned til Vågsli for å ringje eller gje beskjed til folk.

“Gamledagar” kom tilbake

Det interessante med ein slik grundig dokumentasjon er å få greie på når det var mest gunstig å dra til fjells etter rein. Dette visste sjølvsagt fjellfolk frå gamalt av, då dette hadde vore ein praksis i uminnelege tider, trass i at regulering av jakttidene hadde kome alt tidleg på 1900-talet. Men matvaresituasjonen under krigen var spesiell, og det var difor naturleg at mange kasta augo sine på ein slik matressurs som villreinen. Krigen med alle restriksjonar og påbod opna slik opp for ein praksis som hadde vore meir vanleg lenger tilbake i tid, då reinsjakt var ”fritt” særleg i den forstand at geografiske avgrensingar fanst ikkje. Det kom fyrst med jaktloven av 1899.

“Gamledagar” kom på ein måte tilbake. Og ingen følte vel særleg på at dette var “ulovleg” – med tanke på at det var eit framandt og illegitimt regime som styrde landet. Men sjølvsagt handla det om å ikkje bli oppdaga, det ser me òg av dagboksnotata. Særleg forsiktige var dei likevel ikkje heile tida, til dømes ser ein at kjøt blir frakta or fjellet midt i påskeveka.

Når jakta dei?

Ein må sjølvsagt ta høgde for at dagboka ikkje alltid refererer når eller at det blei jakta, det kan virke som at dagbokskrivaren var forsiktig med å skrive ned fyrste krigsåret. Der finst litt, men det er svært avgrensa dokumentasjon. Elles kan det hende at det blei jakta lite dette fyrste krigsåret, at ein rett og slett var forsiktig på grunn av den nye situasjonen som hadde oppstått, samt at det kan ha vore mindre med dyr. Våren 1941 dukkar det derimot opp mange episodar med jakt i dagboka. Då startar jakta i mars, og fleire turar innover frå Havradalen er skildra. Likevel er det mai som er den viktigaste månaden. Då er fem turar omtala, men det var òg jegerar på jakt i juni. Det kunne òg hende at dei hadde grave ned kjøtet og fór av stad og henta det seinare.

Grunnen til denne vinterjakta er opplagt: Det var framleis skiføre, det kunne vera skare om nettane og lett å dra kjøtet med seg på ein kjelke. Og nettopp dei ljose nettane kunne vera gunstige for å få frakte kjøtet heim, før dagsljoset kom. Likevel varierer dette ein heil del, noko som kan tyde på at dei var nokså trygge på å ikkje bli oppdaga av tyskarane. At skiføret ikkje varte heilt heim til Havradalen kunne inntreffe, då hende det at Tor Havradalen tok hesten innover eit stykke og henta kjøtet med hest på barmark.

Å grave eller urde ned kjøtet, var nok ein risikosport i seg sjølv, rovdyr og ramn kunne koma for å forsyne seg. Fleire gonger hende det at mykje var borte når dei kom seg til fjells for å hente kjøtet. Det var nok helst uvêr som hindra dei i å koma seg i veg etter det ferske kjøtet.

Lite dyr i byrjinga av krigen?

I krigsåra verkar jakttida som ein no praktiserer, dvs. august og september, i mindre grad å bli brukt til å jakte rein, det vil seie noko jakt var det i september. Men det var ulovleg jakt i alle høve, og då kunne ein godt vente til det blei lettare å transportere slaktet heim, altså til skiføret kom i andre halvdel av oktober og i november eller desember. I desember var paringstida over og bukkekjøtet kunne vera brukleg att. Dette er ikkje ulikt dagens tamreindrift der ein oftast har to slaktingar, ein tidleg i september og ein i byrjinga av desember.

I 1942 er der jegerar til fjells alt i januar, to turar. Det kan vera at dei var i beit for mat, eller at no var det mogleg å finne dyr å jakte på. Sidan dagboka startar opp alt i 1930 kan ein oppsummere med at tidleg i 30-åra er det lite jakt som er omtala. Dette kan skuldast at der rett og slett var lite dyr. Det er kjent at villreinreinstamma på Hardangervidda var på eit lågmål mot slutten av 1920-åra. Og det gjekk mange år før stamma kom opp på eit meir “normalt” nivå att.

Vinteren 1942 er det vårjakta som ser ut til å vera den viktigaste. At dei dreg på jakt på sjølvaste nasjonaldagen, 17. mai, er verdt å merke seg. Dette hadde nok å gjera med at det ikkje var noko nemneverdig feiring av denne dagen under krigen.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing