Kjetil Heitmann, busett i Veggli i Numedal, er tilsett som ny sekretær for Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet, Brattfjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell etter Egil Rønning. Mange vil kjenne Heitmann frå arbeidet knytt til villrein og ferdsel på Hardangervidda. Han er blant anna kjent fra arbeidet med den såkalla besøksstrategien for verneområda på Hardangervidda, dette som ein del av verdiskapingsprosjektet for villrein. Sjølve besøksstrategien handlar om verneverdiar, besøkjande, grunneigarar/andre som har rettar, og reiselivet/lokal verdiskaping.
Heitmann har lang fartstid som naturforvaltar på vegne av firmaet sitt Naturforvalter AS, der han er eigar av selskapet og den einaste tilsette. Han har over 20 års erfaring med å utarbeide reguleringsplanar og forvalte naturområde. Kjetil Heitmann etablerte firmaet Naturforvalter AS i 1999 etter å ha arbeidd fleire år i kommunal og statleg forvaltning. Firmaet hans har hatt som mål å tilby tenester som handlar om å disponere naturressursane for å ta vare på samfunnets behov på ein best mogleg måte i eit langsiktig perspektiv, altså det ein kallar berekraftig forvaltning.
Villreinjakta på Hardangervidda starta 10. august i år, fordi ein ynskjer å felle så mange dyr som råd er med tanke på CWD-prøvetaking. Etter 13 dagar med jakt kan ein oppsummere at dyra står og har stått spreidd og at det har blitt jakta i fleire kommunar, i sør, i vest og i aust, særleg gjeld dette siste helga, dvs. 21.-23. august.
Det knyter seg stor spenning til resultatet av året villreinjakt på Hardangervidda, sjølvsagt fordi det blei funne ein CWD-smitta reinsbukk under jakta i fjor. Dette har, som dei fleste vil kjenne til, ført til at det er ei utvida jakt i år, frå 10. august til 7. oktober, dvs. vel så to veker meir enn i eit normalår. Knut Nylend i SNO kan fortelje at det har vore ei spesiell utfordring dei siste dagane, då ei radiomerka simle nærma seg Rv7, på det næraste berre 300 meter frå vegen. Tiltak blei sett i gang og etter stutt tid fann ein ut at denne simla gjekk i ein flokk med omlag 200 dyr. Tre kveldar på rad brukte SNO helikoper for å drive dyra tilbake, i og med instruksen om at ingen dyr skal krysse Rv7 på bakgrunn av situasjonen med frykt for CDW-spreiing. Same grunngjeving ligg bak at SNO i vår og i sommar òg har patruljert E134 over Haukelifjell for å forhindre kryssing mellom Setesdalsheiane og Hardangervidda.
Utfordringar ved R7
Knut Nylend kan òg fortelje at der kan dukke opp eit anna problem når villreinen kjem inn i dette området opp mot R7 – det er lenge sidan det har vore jakt i desse områda, og jegerane som vil jakte her, søkjer seg naturleg inn på sørsida av dei flokkane som har stått i området på grunn av vindretninga som har vore på nord i det siste. Dette har ein sjølvsagt ikkje kontroll på. Og der er difor ein viss fare for at i verste fall kan denne jakta slik vera med på å skremme dyra mot R7 att.
Foto: Kjell Bitustøyl
Fokus på bukkejakt
Det er to år sidan det var så tidleg jaktstart på Hardangervidda, i 2019 var det rein bukkejakt på Vidda frå 10. august til 22. september. Bakgrunnen var eit ekstra tiltak for å sjekke mogleg CWD-smitte. For som det bl.a. kom fram i samband med uttaket i Nordfjella, så opptrer CWD-smitte litt hyppigere hjå bukk enn hjå simler. Heilt sidan CWD-funnet i Nordfjella i 2016 har det difor vore stort bukkeuttak på Vidda, og dette toppa seg altså i 2019 med ei rein bukkejakt. Men ingen positive prøver blei påvist, dét skjedde fyrst under jakta i 2020, då fann ein ei positiv prøve hjå ein bukk – det einaste CWD-positive dyret på Vidda så langt.
Veterinærinstituttet har på sine nettsider opplysningar om ca. 250 innkomne CWD prøver så langt, berre negative prøver. Trekkjer ein frå dei prøvene som er henta frå reinsdyra som gjekk i snøras i vinter og nokre få fallvilt, landar ein på rundt 200 innkomne prøver så langt som resultat av 13 dagars jakt. Svein Erik Lund, sekretær i Villreinutvalet for Hardangervidda, forklarar dette talet utifrå at mange jegerar har faste årlege rutinar for jakt, altså at dei t.d. har èi veke dei til vanleg set av til jakt, altså at dei ikkje kjem seg til fjells denne tidlege perioden. Likeins er der private grunneigarar som ikkje opnar opp for jakt før den 20. august av di dei har årlege avtaler med utleige av hytter og terreng til fiske o.l. Lund er likevel optimist og seier at kvart dyr som blir felt er viktig.
GPS-posisjonar 10.-23. august
God spreiing av dyra
Både Nylend og Lund stadfester at det i denne fyrste delen av jakta har vore forholdsvis god spreiing på dyra, difor har det blitt jakta i fleire område, både i aust, sør og vest. Dårlegast så langt i høve til tidlegare år, har det vore i Vinje, som ofte har mykje jakting fyrste veka i jakta, på grunn av at dyra dei seinare åra har stått nettopp i dette området. I år derimot kryssa dyra Kvenna og vidare nordover tidlegare enn det har vore vanleg. Viktigaste området – «nøkkelområdet» – for å få til eit effektivt uttak, meiner Lund er Hordaland. Det at dyra har stått og står i dette området no, meiner han er positivt. Så kan dyra seinare i jakta kanskje bevege seg både over i Vinje eller austover mot Numedal/Tinn, og dermed kan ein få til ei bra jakt der òg.
Tek litt tid før prøvene kjem inn
For Hardangervidda sin del kom det inn ca. 90 % prøver av talet på felte dyr i 2020. Ca ¾ av dei innsendte prøvene inneheldt også lymfeprøver i tillegg til hjerneprøver. Så langt i årets jakt er det altså registrert ca. 200 prøver. Om det ser litt få ut så langt i år, meiner Lund at der dei nærmaste dagane truleg vil koma inn ein god del prøver, sjølv kjenner han til at i Nore og Uvdal er det pr. 23. august berre to registrerte prøver, medan der er felt 30 dyr. Altså ligg det inne ei forseinking både på grunn av at det tek tid for jegerane å koma seg ned frå fjellet, pluss at det tek tid med postgangen. Når ein veit at det blei jakta godt i fleire område i helga, forklarar dette dei relativt låge tala.
Det blir elles frå Veterinærinstituttet nemnt at dei får litt klager frå Posten om fleire konvoluttar med blod på, ei mild oppmoding til jegerane er difor at ein er meir varsam med nettopp dette.( link hjortevilportalen)
Frå lavbeitetaksering i Stigstuvdalen på Hardangervidda, Erik Skjoldal. Foto: Siri Wølneberg Bøthun
Som ein del av arbeidet med ei kvalitetsnorm for villrein, delnorm 2, er det i gang lavbeitetaksering i fleire område. Dette arbeidet har gått føre seg sidan 2016 og i sommar har Siri Wølneberg Bøthun frå Sogn Naturforvaltning på oppdrag av NINA blant anna drive beitetaksering av lavbeite på Hardangervidda, altså vinterbeite for villreinen. Men kartlegging av reinbeite på Hardangervidda har òg ei eldre historie.
Siri Wølneberg Bøthun på feltarbeid
Siri Wølneberg Bøthun
Siri Wølneberg Bøthun har undersøkt lavbeite på Hardangervidda denne sommaren – eit typisk vinterbeite som ligg rundt Kalhovd og ved Sønstevatn på Aust-Vidda. Eit anna område er òg undersøkt, det ligg ved Skardbuåsen noko lenger vest. Og Bøthun, som er erfaren på dette området, har denne gongen hatt med seg to «lærlingar» frå Norsk Villreinsenter sør: fagkonsulent Lena Romtveit og naturrettleiar Tuva Flor Lien. Bøthun har òg hatt med seg Erik Skjoldal i ei prosjektstilling i sommar, han var òg med i fjor då dei arbeidde i Nordfjella, Vest-Jotunheimen og Fjellheimen, i dei to sistnemnde områda var òg Geir Rune Rauset frå NINA med.
Metoden ein nyttar har røter langt tilbake. I eit kapittel i boka «Reindriften og dens grunnlag» (Skjenneberg og Slagsvold 1968), under «praktisk beitegransking», snakkar ein om ei såkalla linjetaksering, der ein legg takseringsliner fleire stadar i terrenget, slik at ein skal passere mest mogleg representative område. Bøthun brukar omgrepet transekt som rett og slett tyder linje eller profil av vegetasjon ein ønskjer å undersøkje. Ved hjelp av analyse innanfor ruter på 50 x 50 cm som blir plassert slik at det ligg ei samling av fem ruter med om lag 500 meter mellom kvar lokalitet, skal ein måle tilstanden til lavet, tjukkleik, dekningsgrad osv. Området er identisk med eit område ein undersøkte i 2016, altså handlar det om å undersøkje endringar i løpet av fem år. Arbeidet er avslutta såpass nyleg at det enno tek litt tid før resultata av desse takseringane er klart.
“Lærlingane” Tuva Flor Lien og Lena Romtveit frå Norsk Villreinsenter på lavbeitetaksering. Foto: Siri Wølneberg Bøthun
Overvåkingsprogrammet for hjortevilt og kvalitetsnorma
Arbeidet med lavtaksering høyrer til innafor Overvåkingsprogrammet for hjortevilt, der reinsdyrforskar Olav Strand frå NINA representerer villreinen. Eit transekt blei lagt ut i regi av NINA i 2016 på Hardangervidda med tanke på overvåking av lavbeita, i 2017 og 2018 blei det same gjort i Nordfjella med tanke på den spesielle situasjonen der. Data frå overvåkingsprogrammet blir òg gjort tilgjengelege for utviklinga av metodar innafor satelittovervåkinga av lavbeite innafor kvalitetsnorma for villrein. Delnorm 2 i kvalitetsnorma handlar om tilstanden i lavbeita, det ein kallar lavbiomasse, altså vinterbeita. Her har NINA fått i oppdrag å utvikle ein ny metodikk som skal rekne ut lavmengde ved hjelp av satelittfoto der dei har teke i bruk kunstig intelligens i tolkinga av bileta, bakgrunnen er ei rivande teknisk utvikling innafor dette feltet.
Foto: Siri Wølneberg Bøthun
Meir bakkedata må til
Ein konklusjon i samband med utviklinga av ny metodikk, noko som gjer ein i stand til å rekne ut lavbeite i heile villreinområdet, er at det må hentast inn meir bakkedata som skal nyttast i kombinasjon med datatolkinga av satelittbileta. Utfordringane er mange, blant anna det fenomen at lav ofte er dekt av anna vegetasjon. Forskarane vurderer ulike modellar og målet er at ein skal ha ein kvalitetssikra modell på plass innan hausten 2021 då dei 10 nasjonale villreinområda skal vurderast etter den nye kvalitetsnorma. Ein kan konkludere med at kvalitetsnorma slik er med på å gje arbeidet med ein ny lavmodell eit lyft som kan hjelpe forvaltninga med å betre vurdere tilstanden i lavbeita og med det fylgje utviklinga i framtida. (Viser her til ein artikkel i Villreinen 2021, forfattar Geir Rune Rauset m.fl.).
Gulskinn Foto: Kjell Bitustøyl
Kvitkrull Foto: Kjell Bitustøyl
Litt historikk, Aksel Tveitnes – ein pioner
Tek me eit tilbakeblikk når det gjeld kartlegging av villreinens beite på Hardangervidda, har dette gått føre seg over lang tid. Ein pioner i så måte er Aksel Tveitnes, han var den fyrste som studerte samspelet mellom lavmattenes dekningsgrad og storleiken på villreinstamma over ein lengre tidsperiode. Sluttrapporten kom i 1980: «Lavgranskning på Hardangervidda 1951 – 1979, tilvekst og avbeiting i lavheisamfunnene, en granskning for praktisk-økonomiske forhold.» Utifrå undersøkingane han gjorde, kom han med eit overslag på ca 15 000 vinterdyr. På den tida prosjektet starta opp fanst det både tamrein og villrein på Vidda, og i fyrste perioden bruka han 60 analyseruter i villreinområda og 40 analyseruter i tamreinområda. For heile perioden 1951-1979 inspiserte han 495 ruter, men få av desse var på Austvidda. Det handla om vekst hjå lavartane gulskinn, reinlav og kvitkrull. Ved hjelp av sju ulike føresetnader, f.eks. det totale nyttbare arealet, vinterbeiteperioden osv., kom han altså fram til det omtrentlege talet 15 000 vinterdyr på Vidda, men ha tek atterhald om ein viss feilmargin. Det høyrer med til historia at villreinforskar Terje Skogland i si tid viste til rapporten til Tveitnes, då han publiserte NINA-rapporten «Villreinens bruk av Hardangervidda» frå 1993. (Desse opplysningane er henta frå Villreinen 2013, forfattar Dag K. Bjerketvedt).
Mange undersøkingar opp gjennom åra
Den same Bjerketvedt hadde saman med Arvid Odland og Jan Heggenes publisert ein artikkel i 2012 med tittelen «Hvor stort er vinterbeitearealet på Hardangervidda?». Her blir det referert til seinare målingar av areal, lavbiomasse og lavproduksjon, blant anna det internasjonale IBP-prosjektet som gjekk føre seg i åra 1968-1978. Og i 1979 kom ei anna analyse av samspelet mellom optimal reinsdyrproduksjon, tilgangen på lav og lavbiomasse. Bak denne analysen stod Eldar Gaare og Terje Skogland, modellen dei arbeidde utifrå bygde på data frå Hardangervidda og andre sørnorske område.
Somrane 1988 og 2004 var det Gaare, Tømmervik og Hoem som gjorde ei taksering av beita på Hardangervidda med vekt på vinterbeita. Etter dette kjem det blant anna ei vurdering av vinterbeita på Vidda i perioden etter 2004 ved hjelp av nye fjernmålingsteknikkar, resultata her er publisert i 2006 (Olav Strand m.fl.) Strand viser her bl.a. til at ein kan påvise betydelege endringar i lavbeita i ein del område frå 1951 og fram til våre dagar (2012). Nyare teknologi, bruk av satelittfoto og digitale kart, har ført diskusjonen inn på nye spor. Skal ein summere opp, viser dei ulike undersøkingane opp gjennom åra at resultata spriker såpass mykje at dette var krevjande for dei som forvalta villreinstamma. Og det blei stilt spørsmål ved om satelittbilete kunne gje eit anna resultat enn direkte feltanalysar. (Denne summariske gjennomgangen er henta frå ein artikkel i Villreinen 2012.)
Ung tamreinbukk fotografert siste veka i juli. Foto: Kjell Bitustøyl
Variasjon i pelsen til reinsdyra er eit kapittel for seg, og rundt månadsskiftet juli-august skjer det ei endring det er verdt å merke seg. Då blir restane av vinterpelsen hjå dei fleste reinsdyra heilt borte og dyra står fram mørkebrune og fine i pelsen.
Alle som har sett ein reinflokk i juli månad, har sett at det er stor variasjon i pelsen hjå dyra, dette skuldast langt på veg at dyra røyter litt forskjellig. Og mange vil hevde at dyra i denne perioden ikkje ser vidare fine ut. Det årlege pelsskiftet hjå reinen startar med røytinga av vinterpelsen i mai-juni og er avslutta i juli-august.
Villreinbukkar sist i juli månad, sommarpelsen kjem meir og meir fram, men framleis heng det att fragment av vinterpelsen. Foto: Kjell Bitustøyl
Røytingsperioden
Røytinga er ein indikator på reinens trivsel, og kraftige, velfødde dyr røyter tidlegare enn gamle og svake dyr. Så er der ein annan variasjon: Etter gode vintrar røyter reinen tidlegare enn i magre år. Vinterpelsen dett av i store flak og den nye sommarpelsen er tynnare og mørk og skil seg sterk frå den gamle hårveksten. Om det er varmt i vêret på fjellet, heites det at reinen kan bli seinare ferdig med røytinga. Er det kaldt i vêret, kan reinen gå ned i bjørkeskogen, og der vil han lettare kunne pusse av seg dei lause håra. Røytinga begynnar kring augo, vidare på halsen og ryggen. Sist kjem leggane, buken og innsida av låra.
Ikkje utstyrt med sveittekjetlar
Reinsdyret sveittar ikkje sjølv ved høge temperaturar og høg fysisk aktivitet. Reinen er altså ikkje utstyrt med sveittekjetlar for å regulere temperaturen. Dyra må difor på varme dagar kvitte seg med varme ved varmeleiing og luftsirkulasjon frå kroppen og beina. Også tunga blir brukt for å kvitte seg med varme. Reinen likar seg dårleg i varmt vêr, på varme sommardagar bevegar dyra seg difor opp i høgda, ofte så langt det er mogleg å koma. Viss reinen er i fysisk god stand, er det sjeldan regn, snø og kulde sjenerer han.
Sommarpelsen har færre ullhår enn vinterpelsen. Vidare utvikling av pelsen fortset utover til oktober då den tettare vinterpelsen er utvaksen. Av hjortedyra er det reinen som har flest både dekkhår og ullhår, deretter fylgjer elg og hjort med nokon lunde likt tal på hår.
Kjelder for denne artikkelen: Skjenneberg og Slagsvold: Reindriften og den grunnlag (1968) og Reimers: Våre hjortedyr (2018)
Det er laga to videoar i samband med CWD-prøvetakinga i haust. Den eine er om dugnaden i samband med årets villreinjakt og er laga av Miljødirektoratet, den andre er om sjølve prøvetakinga og er laga av Norsk Villreinsenter.
Villreinjakta på Hardangervidda er i år er skuva fram til 10. august på bakgrunn av funnet av ein CWD-smitta bukk i fjor. I samband med jakta på Hardangervidda, men òg i samband me den ordinære jakta i andre område, er det viktigare enn nokon gong å få inn CWD-prøver frå jegerane, både hjerneprøver og lymfeprøver. I den samanheng er det laga to korte videoar: Éin som handlar om kvifor det er så viktig at jegerar tek desse prøvene, og éin som viser konkret korleis ein tek lymfe- og hjerneprøver på best mogleg måte. Håpet frå ansvarlege styresmakter er sjølvsagt at så mange som mogleg vil ta del i denne dugnaden.
Som eit tiltak for å stimulere til meir effektiv jakt på Hardangervidda i haust, har Miljødirektoratet oppretta ei tilskotsordning for transport av reinslakt på Vidda.
Det er no mogleg å søkje om refusjon for utgifter i samband med transport med sjøfly eller helikopter i samband med jakta på Hardangervidda. Ein kan få refundert 80 % av kostnadane til utflyging av slakt, maksimalt 5000 kr pr. tur. Dette nye tilbodet, som gjeld i perioden 10. august til 10. oktober, omfattar både villrein, elg og hjort som er felt i Hardangervidda Villreinområde. Bakgrunnen for ordninga er at det er funne skrantesjuke på Hardangervidda og at ein ynskjer å auke uttaket av villrein, fyrst og fremst, men òg anna hjortevilt som elg og hjort.
For Nordfjella gjeld det ei anna ordning, der er det Statens naturoppsyn som administrerer utflyginga.
Les meir om ordninga på Hardangervidda og kva krav som blir stilt:
Reinsdyret har sett spor etter seg på så mange slags måtar, blant anna innafor botanikken. Reinrose og reinrosehei er velkjente omgrep i floraen vår, men kanskje er det ikkje så mange som veit at der finst fleire planter med namn etter rein. Kvifor dei har namn etter reinsdyret kan vera vanskeleg å finne ut, men einskilde har dette namnet av di reinen er ekstra glad i å beite på denne planta.
Reinrose
Den som har vore så heldig å støytt på teppe av reinsrose i den finaste bløminga, gjerne i eit område ein kallar reinrosehei, har hatt ei vakker oppleving. Reinrosa (Dryas octopetala) breier seg ofte utover store matter og er ein sterk indikator på gode vekstforhold i fjellet. Du finn den kvite blomen i lag med mange andre kravstore og næringsrike artar, t.d. fjellsmelle, mjeltartar, blå veronika og gule murer. På tørre snøfrie rabbar gjerne på laus skifer kan planta dominere, me kallar det reinrosehei. Reinrosa blømer rett etter snøsmeltinga og veks sakte, men planta kan bli svært gamal. Det latinske namnet dryas betyr eik, fordi reinrosdeblada liknar på eikeblad. Ein kallar gjerne reinrosa ei pionerplante, etter som ho var av dei fyrste plantene som innvandra til Noreg etter siste istid. Reinrosa gjeng høgt til fjells, 1850 moh i Jotunheimen.
Issoleie = reinblom
Issoleia (Ranuclus glacialis) er av dei mest hardføre plantene me har i den norske fjellheimen, på Galdhøpiggen er blomen funne så høgt som 2370 moh. Jegerar, reinsgjetarar og andre fjellfolk har merka seg denne planta og har visst at reinen gjerne bit av toppen av planta, reinen likar godt blomane. Og reinsgjetarar er blant dei som kallar planta for reinblom. Dette er elles eit namn issoleia har i mange område, blant andre Dovre, Vang og Rennebu. Andre variantar er reinsblomme (Lesja) og renssoløy, dette siste namnet er etter ein reinskyttar og fjellmann i Oppdal, Johannes Sivertsen Ishol.
Issoleia er saftfull, snau og har som oftast mange blomar. Blomane snur seg etter sola og konsentrerer varmen i midten av blomen. Du finn ofte planta i snøleie, fuktig grus og oppfrysingsmark.
Issoleie eller reinblom Foto: Kjell Bitustøyl
Setermjelt – ein nær slektning av reinmjelt, blomane er nokså like, men reinmjelten har spissere blad. Foto: Kjell Bitustøyl
Andre planter med reinnamn
Me har vore innom dei to mest kjende plantene, men der finst endå fleire med rein i namnet. Reinmjelt (Oxytropis lapponia)er ei blomsterplante som liknar på ein meir vanleg blom – setermjelt, men planta er mindre og har meir spisse blad enn setermjelten. Også reinmjelten er å finne på kalkrik grunn, reinrosehei. Dei blåfiolette blomane er typiske for erteblomfamilien, med det ein kallar fane, venger og kjøl. Blomane sit saman i eit hovud. På Hardangervidda kan ein finne reinmjelten opp i 1550 moh.
Floraene opererer elles med to andre meir «anonyme» planter med reinnamn: Reinstorr (Carex arctogena) som er ein variant av hovudstorr. Denne storren veks på rabb og hei i fjellet, mest på baserik grunn, meir sjeldan i sørlegare fjellstrøk enn i Nord-Noreg. Planta er funne opp i 1720 moh i Jotunheimen. Ei anna plante er reinfrytle (Luzula wahlenbergli), dette er ei fjellplante som høyrer til i sivfamilien. Denne planta er å finne på fuktige stadar, snøleie, mest vanleg i Nord-Noreg.
Kjelder: Gjærevoll/Jørgensen: Fjellflora (1996), Lid og Lid:Norsk Flora (2017), Kristoffersen: Det blomstrende fjellet(2007) og Høeg: Planter og tradisjon (1975)
Simle og kalv frå Fram Reinlag, Jotunheimen. Foto: Kjell Bitustøyl
Få kjenner så godt til livet som villreinkalv i fjellheimen som reinsdyrforskar Olav Strand. Han har drive forsking på villrein i ein mannsalder og trivst ekstra godt ute i felt. Dette har han formidla på ulikt vis, blant anna i boka «Midt i flokken» (2015) og i eit eige kapittel i «Villreinen – fjellets nomade» ( 2016), «Kunsten å være villreinkalv». Skal ein lesa om reinkalvane frå dei er født til dei er vaksne, er det mykje å hente i det Strand har skrive. Det fylgjande er henta frå desse skriveria.
Historiene om reinskalvane handlar ofte om at dei født under tøffe forhold. Det kan vera kaldt og vinterleg i mai, og for ein nyfødt og blaut reinkalv handlar det om å bli fort tørr. Men genetikken er viktig, ei stor simle gjev ein stor og feit kalv. Varme dagar og feitt på kroppen er avgjerande for å få ein god start på livet. Undersøkingar viser at ei svak mor ikkje berre fører til ein liten kalv, men slike små kalvar greier ikkje å kompensere for ein dårleg start og blir små og relativt svake gjennom heile livet.
Villrein: Simler og kalvar. Det er tid for mjølk. Foto: Olav Strand
Ein nyfødt kalv har lange bein, altfor lange bein, likevel er dei kjapt oppe på beina, gjerne etter berre ein time etter fødselen. Så skal det til mjølk, feit reinmjølk, og så er det soving, gjerne i ein dunge saman med andre kalvar, men alltid i nærleiken av mor. Etter om lag fjorten dagar har kalven fått orden på beina, og kalvane oppdagar då gleda over å få orden på beina. Då er det tid for leik og fart på rabbane: «Kalven prøver å stoppe der, men tempoet er høyt, og fire bein går i kast. Det er ikke noe å si på farten, men bremseevna er ikke på topp ennnå.»
Reinsdyret er bygd for å røre seg, og det å flytte seg, vera i rørsle, er reinens beste forsvar mot fare. Det same gjeld for det å finne riktig og nok mat gjennom året. Etter nokre veker er rollene bytta om, no er det simla som må springe etter spreke, litt ustyrlege kalvar. Nokre dagar tidlegare var det simlene som måtte lokke og vente på kalvar som streva med å halde fylgje. Dette er ei viktig tid for kalvane, det handlar om kroppsleg utvikling, motorikk og det å lære å høyre til i ein flokk.
Foto: NINA
Sommarstid fører ofte varmen til at reinflokkane trykkjer seg saman på kjølande snøfenner om dagen på grunn av insektplaga. Men om kvelden når varmen har gjeve seg, trekkjer flokken ned mot dei beste beiteplassane, og då får kalvane høve til å strekke på beina og kanskje blir det kalvedans!
Utover sommaren byrjar kalvane etterkvart å supplere morsmjølka med anna føde, dei lærer seg å beite, men er det ei simle som er i god kondisjon, held dei fram med å die heilt fram til brunsten. Men kalvane skal òg lære å leva i flokk, for reinen er eit svært sosialt dyr, og det høyer med å lære seg eit vidt spekter med sosiale signal.
Til slutt ei historie frå Setesdal, ein situasjon Olav Strand og ein til var augnevitne til:
«De (ravnene) har funnet ei død simle. Hun ligger under et lite stup på mellom ti og femten meter. Det er slett ikke rare juvet mot de som ligger lenger ut i dalen, men likevel mer enn høyt nok . Hun har glidd oppe på kanten og tumla utfor. På toppen står kalven igjen. Han skriker på mora mens han saumfarer stupkanten. Etter noen minutter med iherdig lokking og leting gir han seg i vei oppover lia. Han finner andre reinsdyr, men søker videre når han oppdager at mora ikke er blant dem. Gang på gang kommer han ned til stupkanten igjen. Antagelig kjenner han lukten fra sine egne spor og følger dem.»
Men forfattaren trur kalven har små sjansar til å overleva, ein reinkalv er ikkje i stand til å klare seg åleine før han er ca. eit halvt år, så kanskje vil han bukke under i løpet av nokre få dagar. Naturen er brutal på denne måten, og fjellet og miljøet plukkar systematisk vekk dei svakaste dyra, slik blir reinen ein art som meistrar det arktiske landskapet, skriv Strand. Dei fylgjer kalven enno ei heil stund, og i det dei forlet området leitar kalven stadig ettermora – opp i lia og tilbake ned til stupkanten.
Aursjødammen sett fra nordvest. Foto: Are Endal Rognes, Norsk villreinsenter
Det ble i statsråd onsdag 23. juni fastsatt reviderte konsesjonsvilkår for Aurareguleringen og reguleringen av Hemsilvassdraget. Det skal opprettes et fond på 10 mill. kroner til undersøkelser og tiltak for villreinbestanden i Snøhetta og tilsvarende fond på 2 mill. kroner for undersøkelser og tiltak for villreinbestanden i Nordfjella.
Departementet skriver blant annet følgende i sin nyhetssak om Auravassdraget:
Auravassdraget ligger i Molde, Sunndal og Lesja kommuner og er regulert til kraftproduksjon. Hovedformålet med revisjonen er å bedre miljøtilstanden i vassdraget. Etableringen av Aursjømagasinet har medført at trekkrutene for villrein har blitt oversvømt og tilgangen til viktige beiteområder er redusert. Det er en klar sammenheng mellom vassdragsreguleringen og påvirkningen på villreinen i området. Det opprettes derfor et villreinfond på 10 mill. kroner som kan brukes på undersøkelser og tiltak av hensyn til villreinbestanden i Snøhetta. Fondet skal forvaltes i samarbeid mellom kommunene, NVE, miljømyndighetene og Statkraft.
I sin nyhetssak om Hemsilavassdraget skriver departementet blant annet følgende:
Hemsilvassdraget ligger i Hemsedal, Ål og Gol kommuner og er regulert til kraftproduksjon. Hovedformålet med revisjonen er å bedre miljøtilstanden. Etableringen av Gyrinos-Flævatn-magasinet har medført at trekkrutene for villrein har blitt oversvømt, og tilgangen til viktige beiteområder er redusert. Det er en klar sammenheng mellom vassdragsreguleringen og påvirkningen på villreinen i Nordfjella. Det opprettes derfor et villreinfond på 2 mill. kroner som kan brukes på undersøkelser og tiltak av hensyn til villreinbestanden. Fondet skal forvaltes i samarbeid mellom kommunene, NVE, miljømyndighetene og regulanten.
Nyhetssakene om disse revisjonene på regjeringen.no finner du her:
Stillinga som sekretær for Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet og Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell er ledig, søknadsfrist er 1. august. Stillinga er på 100% og det er klima- og miljøvernavdelinga hjå Statsforvaltaren i Oslo og Viken som lyser ut stillinga, utlysinga skjer i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark som har ansvaret for Villreinnemnda i Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell.
Klima- og miljøvernavdelingane har ansvar for å fylgje opp at nasjonal klima- og miljøpolitikkblir blir sett ut i livet i fylka, ha oversikt over miljøtilstanden i fylket og bidra til at denne utviklar seg i ei klima- og miljøvenleg retning.
Den aktuelle stillinga er plassert i seksjon naturforvaltning – skog og fjell, og arbeidsstad er i utgangspunktet Norsk Villreinsenter Skinnarbu i Tinn kommune, eventuelt i kombinasjon med Statsforvaltarens kontor enten i Drammen eller i Tønsberg.
Villreinnemndene skal arbeide for ei langsiktig berekraftig forvaltning av villreinen og leveområda. Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er å ha ansvaret for sekretariatsjobben for dei to villreinnemndene og sikre god kontakt med aktørar innan villrein- og arealforvaltning.
Ønskjer du nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med seksjonssjef Ellen Lien, tlf 22 00 36 62 / 984 05 669 eller seniorrådgjevar Even Knutsen tlf: 32 26 68 17
Søknad skal sendast via elektronisk søknadsskjema.