Planter med reinnamn


Reinrose  Foto: Kjell Bitustøyl

Reinrose Foto: Kjell Bitustøyl

Reinsdyret har sett spor etter seg på så mange slags måtar, blant anna innafor botanikken. Reinrose og reinrosehei er velkjente omgrep i floraen vår, men kanskje er det ikkje så mange som veit at der finst fleire planter med namn etter rein. Kvifor dei har namn etter reinsdyret kan vera vanskeleg å finne ut, men einskilde har dette namnet av di reinen er ekstra glad i å beite på denne planta.

Reinrose

Den som har vore så heldig å støytt på teppe av reinsrose i den finaste bløminga, gjerne i eit område ein kallar reinrosehei, har hatt ei vakker oppleving. Reinrosa (Dryas octopetala) breier seg ofte utover store matter og er ein sterk indikator på gode vekstforhold i fjellet. Du finn den kvite blomen i lag med mange andre kravstore og næringsrike artar, t.d. fjellsmelle, mjeltartar, blå veronika og gule murer. På tørre snøfrie rabbar gjerne på laus skifer kan planta dominere, me kallar det reinrosehei. Reinrosa blømer rett etter snøsmeltinga og veks sakte, men planta kan bli svært gamal. Det latinske namnet dryas betyr eik, fordi reinrosdeblada liknar på eikeblad. Ein kallar gjerne reinrosa ei pionerplante, etter som ho var av dei fyrste plantene som innvandra til Noreg etter siste istid. Reinrosa gjeng høgt til fjells, 1850 moh i Jotunheimen.


issoleie-6425.JPG

Issoleie = reinblom

Issoleia (Ranuclus glacialis) er av dei mest hardføre plantene me har i den norske fjellheimen, på Galdhøpiggen er blomen funne så høgt som 2370 moh. Jegerar, reinsgjetarar og andre fjellfolk har merka seg denne planta og har visst at reinen gjerne bit av toppen av planta, reinen likar godt blomane. Og reinsgjetarar er blant dei som kallar planta for reinblom. Dette er elles eit namn issoleia har i mange område, blant andre Dovre, Vang og Rennebu. Andre variantar er reinsblomme (Lesja) og renssoløy, dette siste namnet er etter ein reinskyttar og fjellmann i Oppdal, Johannes Sivertsen Ishol.

Issoleia er saftfull, snau og har som oftast mange blomar. Blomane snur seg etter sola og konsentrerer varmen i midten av blomen. Du finn ofte planta i snøleie, fuktig grus og oppfrysingsmark.


Issoleie eller reinblom Foto: Kjell Bitustøyl

Issoleie eller reinblom Foto: Kjell Bitustøyl


Setermjelt - ein nær slektning av reinmjelt, blomane er nokså like, men reinmjelten har spissere blad. Foto: Kjell Bitustøyl

Setermjelt – ein nær slektning av reinmjelt, blomane er nokså like, men reinmjelten har spissere blad. Foto: Kjell Bitustøyl

Andre planter med reinnamn

Me har vore innom dei to mest kjende plantene, men der finst endå fleire med rein i namnet. Reinmjelt (Oxytropis lapponia) er ei blomsterplante som liknar på ein meir vanleg blom – setermjelt, men planta er mindre og har meir spisse blad enn setermjelten. Også reinmjelten er å finne på kalkrik grunn, reinrosehei. Dei blåfiolette blomane er typiske for erteblomfamilien, med det ein kallar fane, venger og kjøl. Blomane sit saman i eit hovud. På Hardangervidda kan ein finne reinmjelten opp i 1550 moh. 

Floraene opererer elles med to andre meir «anonyme» planter med reinnamn: Reinstorr (Carex arctogena) som er ein variant av hovudstorr. Denne storren veks på rabb og hei i fjellet, mest på baserik grunn, meir sjeldan i sørlegare fjellstrøk enn i Nord-Noreg. Planta er funne opp i 1720 moh i Jotunheimen. Ei anna plante er reinfrytle (Luzula wahlenbergli), dette er ei fjellplante som høyrer til i sivfamilien. Denne planta er å finne på fuktige stadar, snøleie, mest vanleg i Nord-Noreg.

Kjelder:  Gjærevoll/Jørgensen: Fjellflora (1996), Lid og Lid: Norsk Flora (2017), Kristoffersen: Det blomstrende fjellet(2007) og Høeg: Planter og tradisjon (1975)

villrein.no – Kjell Bitustøyl