Ny sekretær for Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet


Kjetil Heitmann Foto: Kjell Bitustøyl

Kjetil Heitmann Foto: Kjell Bitustøyl

Kjetil Heitmann, busett i Veggli i Numedal, er tilsett som ny sekretær for Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet, Brattfjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell etter Egil Rønning. Mange vil kjenne Heitmann frå arbeidet knytt til villrein og ferdsel på Hardangervidda. Han er blant anna kjent fra arbeidet med den såkalla besøksstrategien for verneområda på Hardangervidda, dette som ein del av verdiskapingsprosjektet for villrein. Sjølve besøksstrategien handlar om verneverdiar, besøkjande, grunneigarar/andre som har rettar, og reiselivet/lokal verdiskaping.

Heitmann har lang fartstid som naturforvaltar på vegne av firmaet sitt Naturforvalter AS, der han er eigar av selskapet og den einaste tilsette. Han har over 20 års erfaring med å utarbeide reguleringsplanar og forvalte naturområde. Kjetil Heitmann etablerte firmaet Naturforvalter AS i 1999 etter å ha arbeidd fleire år i kommunal og statleg forvaltning. Firmaet hans har hatt som mål å tilby tenester som handlar om å disponere naturressursane for å ta vare på samfunnets behov på ein best mogleg måte i eit langsiktig perspektiv, altså det ein kallar berekraftig forvaltning.

villrein.no – Kjell Bitustøyl