Villreinjakta på Hardangervidda – status pr. 23. august


Illustrasjonsfoto Anders Mossing

Illustrasjonsfoto Anders Mossing

Villreinjakta på Hardangervidda starta 10. august i år, fordi ein ynskjer å felle så mange dyr som råd er med tanke på CWD-prøvetaking. Etter 13 dagar med jakt kan ein oppsummere at dyra står og har stått spreidd og at det har blitt jakta i fleire kommunar, i sør, i vest og i aust, særleg gjeld dette siste helga, dvs. 21.-23. august.

Det knyter seg stor spenning til resultatet av året villreinjakt på Hardangervidda, sjølvsagt fordi det blei funne ein CWD-smitta reinsbukk under jakta i fjor. Dette har, som dei fleste vil kjenne til, ført til at det er ei utvida jakt i år, frå 10. august til 7. oktober, dvs. vel så to veker meir enn i eit normalår. Knut Nylend i SNO kan fortelje at det har vore ei spesiell utfordring dei siste dagane, då ei radiomerka simle nærma seg Rv7, på det næraste berre 300 meter frå vegen. Tiltak blei sett i gang og etter stutt tid fann ein ut at denne simla gjekk i ein flokk med omlag 200 dyr. Tre kveldar på rad brukte SNO helikoper for å drive dyra tilbake, i og med instruksen om at ingen dyr skal krysse Rv7 på bakgrunn av situasjonen med frykt for CDW-spreiing. Same grunngjeving ligg bak at SNO i vår og i sommar òg har patruljert E134 over Haukelifjell for å forhindre kryssing mellom Setesdalsheiane og Hardangervidda. 

Utfordringar ved R7

Knut Nylend kan òg fortelje at der kan dukke opp eit anna problem når villreinen kjem inn i dette området opp mot R7 – det er lenge sidan det har vore jakt i desse områda, og jegerane som vil jakte her, søkjer seg naturleg inn på sørsida av dei flokkane som har stått i området på grunn av vindretninga som har vore på nord i det siste. Dette har ein sjølvsagt ikkje kontroll på. Og der er difor ein viss fare for at i verste fall kan denne jakta slik vera med på å skremme dyra mot R7 att.


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Fokus på bukkejakt

Det er to år sidan det var så tidleg jaktstart på Hardangervidda, i 2019 var det rein bukkejakt på Vidda frå 10. august til 22. september. Bakgrunnen var eit ekstra tiltak for å sjekke mogleg CWD-smitte. For som det bl.a. kom fram i samband med uttaket i Nordfjella, så opptrer CWD-smitte litt hyppigere hjå bukk enn hjå simler. Heilt sidan CWD-funnet i Nordfjella i 2016 har det difor vore stort bukkeuttak på Vidda, og dette toppa seg altså i 2019 med ei rein bukkejakt. Men ingen positive prøver blei påvist, dét skjedde fyrst under jakta i 2020, då fann ein ei positiv prøve hjå ein bukk – det einaste CWD-positive dyret på Vidda så langt.

Veterinærinstituttet har på sine nettsider opplysningar om ca. 250 innkomne CWD prøver så langt, berre negative prøver. Trekkjer ein frå dei prøvene som er henta frå reinsdyra som gjekk i snøras i vinter og nokre få fallvilt, landar ein på rundt 200 innkomne prøver så langt som resultat av 13 dagars jakt. Svein Erik Lund, sekretær i Villreinutvalet for Hardangervidda, forklarar dette talet utifrå at mange jegerar har faste årlege rutinar for jakt, altså at dei t.d. har èi veke dei til vanleg set av til jakt, altså at dei ikkje kjem seg til fjells denne tidlege perioden. Likeins er der private grunneigarar som ikkje opnar opp for jakt før den 20. august av di dei har årlege avtaler med utleige av hytter og terreng til fiske o.l. Lund er likevel optimist og seier at kvart dyr som blir felt er viktig.


GPS-posisjonar 10.-23. august

GPS-posisjonar 10.-23. august

God spreiing av dyra 

Både Nylend og Lund stadfester at det i denne fyrste delen av jakta har vore forholdsvis god spreiing på dyra, difor har det blitt jakta i fleire område, både i aust, sør og vest. Dårlegast så langt i høve til tidlegare år, har det vore i Vinje, som ofte har mykje jakting fyrste veka i jakta, på grunn av at dyra dei seinare åra har stått nettopp i dette området. I år derimot kryssa dyra Kvenna og vidare nordover tidlegare enn det har vore vanleg. Viktigaste området – «nøkkelområdet» – for å få til eit effektivt uttak, meiner Lund er Hordaland. Det at dyra har stått og står i dette området no, meiner han er positivt. Så kan dyra seinare i jakta kanskje bevege seg både over i Vinje eller austover mot Numedal/Tinn, og dermed kan ein få til ei bra jakt der òg.

Tek litt tid før prøvene kjem inn

For Hardangervidda sin del kom det inn ca. 90 % prøver av talet på felte dyr i 2020. Ca ¾ av dei innsendte prøvene inneheldt også lymfeprøver i tillegg til hjerneprøver. Så langt i årets jakt er det altså registrert ca. 200 prøver. Om det ser litt få ut så langt i år, meiner Lund at der dei nærmaste dagane truleg vil koma inn ein god del prøver, sjølv kjenner han til at i Nore og Uvdal er det pr. 23. august berre to registrerte prøver, medan der er felt 30 dyr. Altså ligg det inne ei forseinking både på grunn av at det tek tid for jegerane å koma seg ned frå fjellet, pluss at det tek tid med postgangen. Når ein veit at det blei jakta godt i fleire område i helga, forklarar dette dei relativt låge tala.

Det blir elles frå Veterinærinstituttet nemnt at dei får litt klager frå Posten om fleire konvoluttar med blod på, ei mild oppmoding til jegerane er difor at ein er meir varsam med nettopp dette.( link hjortevilportalen)

villrein.no – Kjell Bitustøyl