Fonnefangst i Jotunheimen – del 1


Rein frå Fram Reinlag i Jotunheimen, juli 2021 Foto: Kjell Bitustøyl

Rein frå Fram Reinlag i Jotunheimen, juli 2021 Foto: Kjell Bitustøyl

I nærare 20 år har det smelta fram fangstminne etter villreinjakt i fjellheimen ettersom brear og fenner har minka og trekt seg tilbake. Dei fyrste funna blei gjort i Jotunheimen etter dei varme somrane 2003, 2006 og 2010. Slik har det år for år, som eit synleg resultat av klimaendringane, blitt avdekt at jakta på reinsdyr på snøfenner sommarstid har vore langt meir omfattande enn ein tidlegare har visst. Med utgangspunkt i funna som er gjort i Jotunheimen skal me sjå nærare på dette både i litt historisk perspektiv og kva som er status pr. i dag.


Dette viser ei komplett pil fra jernalder, truleg folkevandringstid, dvs. ca 500 år f. Kr. Foto: Dag Inge Bakke, Norsk fjellsenter, Lom

Dette viser ei komplett pil fra jernalder, truleg folkevandringstid, dvs. ca 500 år f. Kr. Foto: Dag Inge Bakke, Norsk fjellsenter, Lom

I år har me hatt ein varm sommar, noko som har ført til at reinsdyra har trekt opp i høgda og inn på snøfennene der det er mogleg og der dei finst. Kvifor trekkjer reinsdyra på fennene? Viktigaste grunn er for å minske insektplagene og då særleg frå den plagsame bremsen. Dette var noko dei fyrste menneske som jakta på reinen merka seg, og difor har slik fangst gått føre seg over lang tid. Forskarane greier naturleg nok ikkje å tidfeste nøyaktig når slik jakt har vore drive, men di meir som smeltar fram, di meir nyansert bilete vil ein kunne få av den aktiviteten som har knytt seg til bruken av fjellet i «fordums» tid. Og det handlar ikkje berre om jakt, det handlar òg om at einskilde fenner, eksempelvis Lendbreen i Skjåk, òg har vore brukt som ferdselsåre.

Mange gjenstandar har smelta fram

Nokre fenner har vore betre eigna for jakt enn andre, og langvarig og intens jakt gjer at einskilde område har blitt regulære fangststasjonar med omfattande gjerdesystem av skræmepinnar og bogastille som høyrer til. Og etter som fennene ligg i ro, i motsetning til breane som trekkjer seg fram og attende, er det her du finn intakte piler som har blitt skotne bort, skræmepinnar og trespadar m.m. når nedsmeltinga av desse fennene aukar på. Det er helst fenner som ligg i tilknyting til meir bygdenære strøk at dei mest omfattande funna  av arkeologisk materiale er gjort. Dette handlar naturleg nok om at transport til og frå bygda har vore krevjande. Men ein gjer òg meir spreidde funn på fenner som ligg lenger inne i fjellet.

Juvfonna


Juvfonna og klimaparken, ikkje langt fra Juvvasshytta i Jotunheimen. Foto: Kjell Bitustøyl

Juvfonna og klimaparken, ikkje langt fra Juvvasshytta i Jotunheimen. Foto: Kjell Bitustøyl


Truleg eit pilskaft frå yngre steinalder, 4-5000 år gamalt. Foto: Dag Inge Bakke, Norsk fjellsenter, Lom

Truleg eit pilskaft frå yngre steinalder, 4-5000 år gamalt. Foto: Dag Inge Bakke, Norsk fjellsenter, Lom

I 2007 starta eit omfattande arkeologisk prosjekt ved Juvfonne i det som no heiter klimaparken ved Juvflya, ikkje langt frå Juvvasshytta (1835 moh). Dei fyrste funna var av skræmepinnar, som er trestikker som har vore festa i bakken eller på fonna i loddrett stilling. På toppen er ei bevegeleg «flis» festa til pinnen med ei snor. Lenge var Juvfonna den fonna med flest arkeologiske funn i verda, 600 pr. 2010. I tilknyting til denne fonna er det òg funne 50 bogastille, også det pr. 2010. Desse funna er tidfest til perioden yngre romertid (200-400 år e.Kr.) til vikingtid. Det er sagt at i denne fonna kjem ein tett på reinsjegerane frå jernalderen. Og ein kan sjå for seg korleis reinen har prøvd å ta seg opp på fonna, men har blitt hindra, eller styrt, av skræmepinnane. Og ved å søkje seg rundt desse pinnane har reinsdyra kome på skothald for jegerane i bogastilla. Teorien er at desse skræmepinnane er sett ut like før reinen kom, slik at ein lettast kunne plassere dei til det beste for dei ventande jegerane som venta med pil og boge. Arkeologane meiner òg at dyra kunne ha blitt jakta på direkte på fonna, fordi dei søkte seg dit for å unngå bremsen, sjølv om der var jegerar i nærleiken. 

Piler som er bortskotne høyrer òg med til dei funna som stadig smeltar fram/dukkar opp, somme av dei kan vera heilt intakte med skaft og styrefjør. Øydelagte bogar har òg smelta fram.

Norges eldste sko

I Oppdalsfjella og i Reinheimen er det òg gjort tilsvarande funn, ein har òg bl.a. funne eldgamle ski. Norges eldste sko så langt, ein 3400 år gamal hudsko, blei funnen i Langfonna på Kvitingskjølen i Jotunheimen i 2006. I «gamle» Oppland fylke var det  til saman pr. 2010 funne fleire tusen gjenstandar. Funna er mangfaldige, frå jaktreiskap som piler, pilskaft, pilspissar, boge, skræmepinnar i 100-tal frå organisert fangst, til knivar, vandrestavar og restar etter jegeranes vottar.

Om du går inn på Norsk fjellsenter sine nettsider, vil du finne meir om dette temaet. Viser og til denne nettsida: secretsoftheice.com

Opplysningane i denne artikklen er for ein stor del henta frå boka: «Jotunheimen – historien, maten, turene» (2011) av Espen Finstad m.fl. Neste artikkel skal ta for seg oppdaterte opplysningar om det som er funne pr. 2021 og kva desse funna kan fortelje oss.

villrein.no – Kjell Bitustøyl