Reinens pels på ettersommaren


Ung tamreinbukk fotografert siste veka i juli. Foto: Kjell Bitustøyl

Ung tamreinbukk fotografert siste veka i juli. Foto: Kjell Bitustøyl

Variasjon i pelsen til reinsdyra er eit kapittel for seg, og rundt månadsskiftet juli-august skjer det ei endring det er verdt å merke seg. Då blir restane av vinterpelsen hjå dei fleste reinsdyra heilt borte og dyra står fram mørkebrune og fine i pelsen. 

Alle som har sett ein reinflokk i juli månad, har sett at det er stor variasjon i pelsen hjå dyra, dette skuldast langt på veg at dyra røyter litt forskjellig. Og mange vil hevde at dyra i denne perioden ikkje ser vidare fine ut. Det årlege pelsskiftet hjå reinen startar med røytinga av vinterpelsen i mai-juni og er avslutta i juli-august.


Villreinbukkar sist i juli månad, sommarpelsen kjem meir og meir fram, men framleis heng det att fragment av vinterpelsen. Foto: Kjell Bitustøyl

Røytingsperioden

Røytinga er ein indikator på reinens trivsel, og kraftige, velfødde dyr røyter tidlegare enn gamle og svake dyr. Så er der ein annan variasjon: Etter gode vintrar røyter reinen tidlegare enn i magre år. Vinterpelsen dett av i store flak og den nye sommarpelsen er tynnare og mørk og skil seg sterk frå den gamle hårveksten. Om det er varmt i vêret på fjellet, heites det at reinen kan bli seinare ferdig med røytinga. Er det kaldt i vêret, kan reinen gå ned i bjørkeskogen, og der vil han lettare kunne pusse av seg dei lause håra. Røytinga begynnar kring augo, vidare på halsen og ryggen. Sist kjem leggane, buken og innsida av låra.

Ikkje utstyrt med sveittekjetlar

Reinsdyret sveittar ikkje sjølv ved høge temperaturar og høg fysisk aktivitet. Reinen er altså ikkje utstyrt med sveittekjetlar for å regulere temperaturen. Dyra må difor på varme dagar kvitte seg med varme ved varmeleiing  og luftsirkulasjon frå kroppen og beina. Også tunga blir brukt for å kvitte seg med varme. Reinen likar seg dårleg i varmt vêr, på varme sommardagar bevegar dyra seg difor opp i høgda, ofte så langt det er mogleg å koma. Viss reinen er i fysisk god stand, er det sjeldan regn, snø og kulde sjenerer han.

Sommarpelsen har færre ullhår enn vinterpelsen. Vidare utvikling av pelsen fortset utover til oktober då den tettare vinterpelsen er utvaksen. Av hjortedyra er det reinen som har flest både dekkhår og ullhår, deretter fylgjer elg og hjort med nokon lunde likt tal på hår.

 

Kjelder for denne artikkelen: Skjenneberg og Slagsvold: Reindriften og den grunnlag (1968) og Reimers: Våre hjortedyr (2018)

villrein.no – Kjell Bitustøyl