Kvifor og korleis ta CWD-prøver av villrein?


Foto frå video laga av NVS

Foto frå video laga av NVS

Det er laga to videoar i samband med CWD-prøvetakinga i haust. Den eine er om dugnaden i samband med årets villreinjakt og er laga av Miljødirektoratet, den andre er om sjølve prøvetakinga og er laga av Norsk Villreinsenter.

Villreinjakta på Hardangervidda er i år er skuva fram til 10. august på bakgrunn av funnet av ein CWD-smitta bukk i fjor. I samband med jakta på Hardangervidda, men òg i samband me den ordinære jakta i andre område, er det viktigare enn nokon gong å få inn CWD-prøver frå jegerane, både hjerneprøver og lymfeprøver. I den samanheng  er det laga to korte videoar: Éin som handlar om kvifor det er så viktig at jegerar tek desse prøvene, og éin som viser konkret korleis ein tek lymfe- og hjerneprøver på best mogleg måte. Håpet frå ansvarlege styresmakter er sjølvsagt at så mange som mogleg vil ta del i denne dugnaden.


lymfe 2-.jpg

Link 1 – oppfordringa av Miljødirektoratet:

https://www.facebook.com/miljodirektoratet/videos/531371354778397

 Link 2 – praktisk gjennomføring av CWD-prøvetaking:

https://www.facebook.com/norskvillreinsenter/videos/2896149740672580

 

 villrein.no – Kjell Bitustøyl