Arkiv - nettsaker fra gamle villrein.no

Norefjell – Reinsjøfjell med regionalplan og eige råd


Reinen i Norefjell-Reinsjøfjell har fått “sin eigen” regionalplan. Foto: Anders Mossing

Reinen i Norefjell-Reinsjøfjell har fått “sin eigen” regionalplan. Foto: Anders Mossing

Regionalplan for Norefjell – Reinsjøfjell blei vedtatt i september, og i januar blei Rådet for Norefjell – Reinsjøfjell konstituert. To av kommunane, Sigdal og Flå, har kome med innvendingar til einskilde areal i eigen kommune, denne saka er no til handsaming i departementet.

Norefjell – Reinsjøfjell villreinområde ligg mellom Hallingdal og Numedal og høyrer ikkje til blant dei nasjonale villreinområda, men etter ynskje frå dei fem involverte kommunane har det blitt utarbeidd ein regionalplan av Viken fylkeskommune i samarbeid med dei fem kommunane, villreinnemnda og statsforvaltaren. Planen blei vedtatt av fylkestinget i Viken 17. september og 27. januar var det konstituerande møtet i Rådet for Norefjell – Reinsjøfjell. Dei som er representert i dette rådet er kommunane Flå, Sigdal, Nore og Uvdal, Nesbyen og Krødsherad, Statsforvalteren i Oslo og Viken, Gunhild Dalaker Tuseth, Villreinnemnda ved Karen Johanne Gulsvik, og Viken fylkeskommune ved Anne Beathe Tvinnereim, sistnemnde blei valt til leiar i rådet.

Formålet

Formålet med ein slik plan blei definert som «å komme fram til en langsiktig og helhetlig strategi for bruk av fjellområdene. Gjennom helhetlige vurderinger skal blant annet villrein, lokal nærings-og samfunnsutvikling og friluftsinteresser søkes ivaretatt. Sambruk og sameksistens mellom disse gruppene synes særlig viktig i dette fjellområdet.»  Samtidig er dette er ein retningsgjevande plan, føringar får fyrst juridisk verknad når planen er innarbeidd i kommunanes arealplanar.

Største utfordringa i dette området er å finne ein balanse mellom villreinomsyn og kommunanes ynskje om utbygging og utvikling. I planprosessen har det vore brei semje om å sikre leveområda over 1000 moh, kalvingsområda og trekkområda ved Flatvollen mellom Norefjell og Reinsjøfjell. På den andre sida ligg der mange føringar som er gjeve med bakgrunn i utbyggingshistorie og alt fatta vedtak om utbygging. I denne samanheng har det kome ynskje om å gje nokon utviklingsmoglegheiter frå kommunane. Det blir òg presisert at dette er eit svært viktig friluftsområde med stigar og løyper på og rundt fjellet. Samtidig har det vore viktig å verne om dei mest sårbare villreinområda.  

«Verdiskaping og attraksjonskraft»

I tillegg til eit prosjekt som omfattar felles sti- og løypeplan, er det knytt stor forventning til prosjektet «Verdiskaping og attraksjonskraft». Dette handlar om å leggje til rette for lokal nærings- og samfunnsutvikling gjennom heilårlege arbeidsplassar rundt om i kommunane. Stikkord her kan vera å endre merksemda frå hyttebygging til reiselivsutvikling. Ei aktuell problemstilling er korleis kan ein styrke fjellområdets attraksjonskraft og dermed det meir langsiktige verdiskapingspotensialet i området. Det heiter i planen at «Forutsetningen for næringsutvikling og verdiskapning er at fjellområdet oppleves som attraktivt, noe som igjen krever at natur, kultur og lokalsamfunn ivaretas.» Det heiter elles at dette prosjektet særleg skal ha fokus på Sigdal kommunes utfordringar og moglegheiter. 

Innvendingar frå to kommunar

I ettertid kom der inn innvendingar til planen frå to av kommunane, Sigdal og Flå. Dette handlar om relativt små areal i dei to kommunane der ein ynskjer å gjere om på areal som er planlagt som landbruks-, natur- og friluftssone til utbyggingssone. Denne saka er no inne til handsaming i Kommunal- og næringsdepartementet som tek den endelege avgjerda.


Kartillustrasjon som viser den geografiske fordelinga i regionalplanens arealsoner saman med dei ulike leveområda for villreinen.

Kartillustrasjon som viser den geografiske fordelinga i regionalplanens arealsoner saman med dei ulike leveområda for villreinen.

Link til Regionalplan for Norefjell-Reinsjøfjell 2020-2035

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Årsmelding villreinnemnda for Rondane og Sølnkletten


Rondanemassivet med Rondvassbu. Foto: Raymond Sørensen

Rondanemassivet med Rondvassbu. Foto: Raymond Sørensen

Viktige saker i året som har gått for villreinnemnda i Rondane og Sølnkletten har vore arbeid med vidareføring av regionalplan, kvalitetsnorm, spørsmål omkring ferdsel, bestandsforvalting samt deltaking i ulike prosjekt innafor villreinområdet.

Som i andre villreinområde har unntaksåret 2020 òg vore prega av digitale møte i Rondane og Sølnkletten villreinnemnd. Likevel har mange saker vore til handsaming. Me nemner miljøkvalitetsnorm for villrein, fokus på overvåking og eventuell smittesporing av CWD og overvåking og rapportering av fotròte. Innafor arealplanarbeidet har nemnda merka eit auka press om utviding av fritidsbustadar i sone 1 og sone 2. Dette er ei utvikling der summen av alle sakene kan får uheldige konsekvensar for villreinen. Med tanke på problemstilling knytt til ferdsel ynskjer villreinnemnda ein debatt omkring ferdselsregulerande tiltak.

Nemndas arbeid 2020

Ei viktig oppgåve for nemnda er arealproblematikk knytt til bruks- og utbyggingspresset i Rondane. Her nyttar nemnda seg av klageretten på vedtak, fire klagesaker førte fram i 2020. 

I samband med miljøkvalitetsnormen for villrein har villreinnmenda tilrådd og fått gjennomslag for at fylkeskommunen i 2021 fylgjer opp med å revidere/rullere regionale planar i etterkant av tilstandskartlegginga.

Innafor bestandsforvaltninga i dei tre villreinområda er det villreinutvalet som kontrollerer, driv med teljingar, fastset kvotar og lagar fellingsstatistikk. Det har blitt registerte ein nedgang i einskilde av delområda i Rondane utan at ein kjenner årsaka. Denne nedgangen har ein prøvd å motverke ved å redusere jaktkvotane. Vinterteljingane i Sølnkletten i 2020 syner ein nedgang, difor blei kvoten for 2020 sett ned, og simlene blei totalfreda i 2020. I Rondane Nord nord for Ula hadde ein eit utbrot av fotròte i 2019, men for 2020 blei det ikkje rapportert om tilfelle av fotròte i dette området. I området sør for Ula (Vulufjell) blei det ein relativt stor kvote i 2020, dette for å halde stamma på eit stabilt nivå. Trass i ein auke i bestanden i Rondane Sør i perioden 2016-2019, er ein bekymra for bestandsutviklinga i dette området ettersom den generelle trenden peikar nedover, blant anna var tilveksten siste år nede i 9%.

Av deltaking i ulike prosjekt innafor villreinområdet, tek me med at arbeidet held fram innafor temaet villrein, ferdsel og forvaltning, eit stort prosjekt i regi av NINA. Vidareført blir òg GPS-merkinga og GPS-registreringa, særleg med tanke på arealplansaker. Besøksstrategien for Rondane har blitt fylgd opp gjennom å opprette ei arbeidsgruppe som skal sjå på avbøtande tiltak. Nasjonalparkstyret skal arbeide vidare med forslaga som kjem frå arbeidsgruppa. 

Årsmelding for Villreinnemnda for Rondane og Sølnkletten 

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Korleis finne fram i fjellet vinterstid?


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

No til dags er me vane med kart og kompass, mobiltelefon, GPS o.l. for å orientere oss og finne fram i fjellet vinterstid. Samtidig veit me at folk fann fram før òg. Men korleis orienterte folk seg i fjellet vinterstid før ein hadde kart og kompass og endå meir moderne hjelpemiddel, korleis fann reinsjegerar, tamreingjetarar og andre fjellfolk vegen?


Reinsgjetar og sørsame Morten Brandfjell var kjent for å vera uvanleg sprek og god til å finne fram.

Reinsgjetar og sørsame Morten Brandfjell var kjent for å vera uvanleg sprek og god til å finne fram.

Forfattaren Mikkjel Fønhus har fortalt dette om fjellmannen Lars Berunuten som busette seg på fjellgarden Berunuten ved Songa oppunder Hardangervidda i 1870-åra: «Han hadde kompassnåla i hovudet, og Lars var kjent for denne evna i heimbygda.» Spørsmålet som melder seg er: Kan nokon vera født med innebygd kompass? Eg har stilt spørsmålet til ein del eldre fjellfolk og reinsgjetarar, dei fleste har ikkje vore vane med å bruke kart og kompass. Dei meiner at dette med å finne fram i naturen ikkje er noko medfødt, men at nokon sjølvsagt har større talent for å finne fram enn andre. Det handlar om å lære, det er det vanlegaste svaret ein får når ein stiller eit slikt spørsmål.

Hunden kan vera til hjelp

Ein reinsgjetar, Morten Brandfjell, frå Essand i Trøndelag, var uvanleg sprek og godt til å finne fram. Han har fortalt at ein må vera godt kjent, legge merke til korleis det er der du har vore. I skodde og tett vêr handlar det om å halde greie på nord og sør, og mange reinsgjetarar var gode til nettopp dét. Brandfjell viser òg til hundane som ein kunne få god hjelp av. Frå Eidfjord er det fortalt om ein gjetar som vinterstid let hunden gå føre seg, og så forsvann hunden utanfor eit stup, men han overlevde fallet og kom att. Og slik berga han truleg livet til eigaren sin. 

Ei liknande historie finst i Setesdal, der var to gjetarar på leiting etter ein tamreinflokk i tett vintervêr, dei såg lite framfor seg, og plutseleg la hunden seg ned oppå skiene deira. Då letna det litt, og dei såg at dei var på veg utpå ein hengjeskavl.

Ein kar i Rauland hadde sin eigen metode når han skulle finne himmelretninga når han var til fjells vinterstid, han leita etter brisk (einer) og såg korleis denne voks, for å finne forskjell på nord og sør.

Vind og teikn i naturen 

Fleire fjellfolk har vore inne på at ein må fylgje med på vinden om ein skal halde stø kurs, kva retning vinden kjem frå. Og sjølv vinterstid kunne ein nytte seg av at ein var lokalkjent, at ein nærast kjende kvar ein stein. Eit fenomen som nokon nemner er å bruke mange stadnamn. Det har vore med å hjelpe folk til å finne ut kvar ein er til ei kvar tid. Ein samisk reinsgjetar seier det slik: «Det gjeld å ha tankane i orden, eg har aldri rota meg vekk, heller ikkje i skodde. Når du går i klarvêr, skal du leggje merke til teikn i naturen, kjem det skodde, så veit du kvar dei forskjellige kjennemerka høyrer til.»

Lærte tidleg å ta ansvar

Av forklaringar som gjeng att handlar mykje om at ein hadde vore saman med vaksne ute i naturen frå ein var liten av. Dette var ein god måte å lære på, slik kunne ein bli flink til å observere ting i naturen og leggje merke til vêr og vind. 

Jon Hove, røynd fjellmann frå ein av dei høgste fjellgardane i landet, Hove på Møsstrond, har fortalt at frå han var nokså liten gutunge måtte han vinterstid ut å skygne rypesnarene i nærleiken av garden. Og ingen kom å leita etter han, difor måtte han fylgje med på kvar han var og slik finne heim att. Dermed lærte han òg å greie seg under vanskelege forhold. Det kunne elles hende at berre på den vesle stubben ned til vatnet frå garden Hovet, fekk han så mange ryper at då han kom heim att var han heilt kvit, dekt av rypene som hekk rundt halsen. Jon Hove høyrde til ein generasjon i denne fjellbygda då det òg blei jakta vinterstid, det var nærast ei uskriven lov at ein tok seg eit matdyr når det trongs. Då òg måtte ein lære å finne vegen, sjølv om det bles opp og uvêret kom kastande på ein.

God metode

Liknande historier om ungar har eg høyrt frå samisk hald. Ein eigen pedagogikk kan ein nærast kalle det. Eit døme: Ei samisk forteljing handlar om ein far og ei dotter som var ute og dreiv reinsflokken framom seg. Så måtte dei forsere vassrike vårbekkar, og faren forklara og viste korleis ein kunne koma seg trygt over ein stri bekk ved hjelp av ein stav. Så gjekk han føre eit stykke, og då dei kom til ein ny bekk, hoppa han raskt over og gøymde seg bak ein stein i nærleiken. Derifrå observerte han korleis dottera takla utfordringa. For no måtte ho finne ut av dette sjølv og prøve å hugse det som faren hadde lært henne. Det enda godt denne gongen, og jentungen hugsa nok metoden til seinare. 

Derifrå og til dagens tekniske verd er det sjølvsagt ein avgrunn. Men trass i alle tekniske hjelpemiddel, kan det likevel vera verdt å merke seg korleis naturfolk og fjellfolk har greidd seg ute i naturen i all slags vêr før i tida. Denne kunnskapen er diverre i ferd med å hamna i gløymeboka. Men den dagen batteriet på telefonen er flatt eller GPS-en ikkje verkar, kan det vera eit poeng også å ha fått med seg noko av tradisjonskunnskapen frå tidlegare generasjonar.


Reinsgjetarar frå Tinn Tamreinlag på utkikk etter flokken. Arkivfoto: Ulf Kløve

Reinsgjetarar frå Tinn Tamreinlag på utkikk etter flokken. Arkivfoto: Ulf Kløve

Aanund Havradalen fann fram

At det fort kunne oppstå mytar omkring personar som hadde «innebygd» kompass er ikkje så rart, der er mange historier om nettopp dette. Ei slik ei handlar om Aanund Havradalen (1795-1856) frå fjellgarden Havradalen i Haukeli. Historia er henta frå Rauland-Vinje soga av Rikard Berge: 

Me hev høyrt at Aanund var ein farande mann. Han hitta so væl leidi i fjøllet um det var aldri so uvêr. Han og ein tinndøl fylgdes aust-yvi fraa Røldal, og daa dei kom til Ulevòdbotnen stod føykja so stinn at dei saag ikkje stort lenger enn til skihàvi. «No kjem me alle fram», segjer tinndølen. «Høh! hera kjenner eg jarrikje (landet) mæ føtane», svarar Aanund, «no støyrer me snart imot Òsmondssteinen». Og daa dei hadde gjengji ein lite stubb, kom dei mot ein stor stein. Der kvilte dei og fekk seg mat, og daa kvikna dei til att og sette austyvi. Gjengi langt og lenge, totte tinndølen det vart for drjugt og spurde um det var langt til Havradalen enno. «Aa nei, no æ de ’kji sò langt.» So gjekk dei att ei tid, daa løyste Aanund av seg ski’i og reiste dei upp. «Ska me grava ’kan ne her, kanskje?» segjer tinndølen. «Nei, me skò lòsere hera, me æ i Havradalen no». Daa synte det seg at den laage stoga stod nedføykt, so dei hadde laga stett ned til dyrri.

 

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Reinens gevir – bovtsen tjåervieh


Inndriving av dyr i samband med kalvemerkinga i Riast-Hylling reinbeitedistrikt. Her er ei god blanding av simler, kalvar og bukkar, alle med bast på gevira. Foto: Kjell Bitustøyl

Inndriving av dyr i samband med kalvemerkinga i Riast-Hylling reinbeitedistrikt. Her er ei god blanding av simler, kalvar og bukkar, alle med bast på gevira. Foto: Kjell Bitustøyl

Som ei helsing til Samefolkets dag som er 6. februar, skal me ta med litt om namna som finst i samisk språk på ulike type gevir. På sørsamisk, som me har valt å fokusere på her, finst det over tredve namn på gevir. Og når det gjeld reinens gevir, er det stort sett same syklus for villrein som for tamrein, unntaket er kastrerte bukkar i tamreindrifta.

Det fylgjande er for ein del henta frå boka «Bovtsen guelmieh» (reinens utsjånad) (2010) av Gun Margit Utsi pluss nokre andre kjelder. Reinens gevir på sørsamisk er altså bovtsen tjåervieh, det tilsvarande ordet på nordsamisk er bohcco čoarvvit.


Spansk villgeit med horn. Foto: Anders Mossing

Spansk villgeit med horn. Foto: Anders Mossing

Gevir og horn

Det er klare forskjellar mellom horn og gevir, sjølv om desse omgrepa blir brukt litt om kvarandre, ikkje minst i kvardagsleg omtale. Eigil Reimers opererer med fylgjande definisjon i si villreinbok frå 1989: Gevir er greinete, horn er ikkje det. Gevir er kompakt, daudt beinvev, mens horn er samanvakse hornstoff som tilsvarar neglar og klauver. Gevir blir felt og veks ut på ny ein gong i året, mens horn er permanente. Gevir veks frå spissane, mens hornet veks frå grunnen.


Bukk med basten på geviret intakt, “naemieih-tjåervieh” heiter det på sørsamisk. Denne bukken har eit litt uvanleg vidt gevir, det heiter “sleajvoeh-tjåernieh”. Frå kalvemerkinga i Riast-Hylling reinbeitedistrikt. Foto: Kjell Bitustøyl

Bukk med basten på geviret intakt, “naemieih-tjåervieh” heiter det på sørsamisk. Denne bukken har eit litt uvanleg vidt gevir, det heiter “sleajvoeh-tjåernieh”. Frå kalvemerkinga i Riast-Hylling reinbeitedistrikt. Foto: Kjell Bitustøyl

Reinens gevir

At båe kjønn har gevir, er noko reinen er åleine om blant hjortedyra. Gevir er danna av hud og veks fram frå vekstpunktet/rosenkransen som ligg på dei to geviranlegga/rosenstokkane. Geviret veks ut som ein tapp kledd med hud og forgreinar seg etter kvart og gjev geviret ei endeleg form. Huda (basten) på geviret inneheld blodårer og nerveceller og er ømfintleg. Veksten kan bli forstyrra om t.d. geviret blir skadd av ein lasso. Når geviret er utvakse, døyr huda og tørkar inn. Då er det tid for reinsdyra å feie geviret. I fylgje Utsi kan beitetilhøve vera ein faktor som spelar inn ved at reinsimlene kan felle geviret før kalving ved ekstremt gode beite. Då kan òg nytt gevir vekse fram tidlegare enn normalt. 

Felling

Felling av gevir varierer sterkt, men enkelt sagt feller bukkane geviret rett etter brunst, medan på kastrerte bukkar blir geviret sitjande på til våren. Eit fenomen er at om bukkane blir kastrerte, kan dei ofte miste trongen til å feie geviret, slik at fløyelshuda blir sitjande på sjølv om ho tørkar inn. Gjeldbukkane feller altså geviret ein gong i året som dei andre dyra, på same tid som gjeldsimlene, dvs. før dei kalvetunge simlene. Kastrerte bukkar kan utvikle større gevir enn andre bukkar. Normalt byrjar ei simle som har kalva å vekse gevir direkte etter at ho har mista det gamle geviret. Kalven byrjar å få gevir like etter fødselen, og i løpet av sommaren får dei som regel ugreina gevir, men i riktig gode somrar eller i bestandar med høg kondisjon, kan dei både ha det som somme kallar augetagg og fleire spissar. Kalvar av båe kjønn feller gevira om våren.


Simler i september i samband med slakting på Valdresflya, Vågå Tamreinlag. Simlene er i ferd med å miste hudlaget på geviret, “aalkeme vuerhkedh” seier ein på sørsamisk, det tyder: “har begynt å feie geviret”. Foto: Kjell Bitustøyl

Simler i september i samband med slakting på Valdresflya, Vågå Tamreinlag. Simlene er i ferd med å miste hudlaget på geviret, “aalkeme vuerhkedh” seier ein på sørsamisk, det tyder: “har begynt å feie geviret”. Foto: Kjell Bitustøyl


T.v.: Gjeldbukk som har knekt den eine gevirstanga, “tsööpkeme-tjåervieh” heiter det og tyder gevir som er avbrote føre framtaggane. T.h.: Simla i midten har eit “trongt” gevir,  det heiter “skåhtjoeh-tjåervieh”. Båe desse bileta er frå Lom tamreinl…

T.v.: Gjeldbukk som har knekt den eine gevirstanga, “tsööpkeme-tjåervieh” heiter det og tyder gevir som er avbrote føre framtaggane. T.h.: Simla i midten har eit “trongt” gevir, det heiter “skåhtjoeh-tjåervieh”. Båe desse bileta er frå Lom tamreinlag sin flokk i Jotunheimen. Foto: Kjell Bitustøyl


Simler, bukkar og kalvar i samband med inndriving til slakting i Vang i Valdres, Fram reinlag. Bukken i midten har eit gevir som veks nokså rakt opp - “tseagkoeh-tjåervieh” på sørsamisk. Foto: Kjell Bitustøyl

Simler, bukkar og kalvar i samband med inndriving til slakting i Vang i Valdres, Fram reinlag. Bukken i midten har eit gevir som veks nokså rakt opp – “tseagkoeh-tjåervieh” på sørsamisk. Foto: Kjell Bitustøyl

Ulike namn på gevir

Me har valt å fokusere på dei sørsamiske namna på ulike type gevir, svært mange av dei inneheld ordet tjåervieh, t.d. naemieh-tjåervieh som betyr bast-gevir. Utsi skriv i føreordet til boka si at reindriftsterminologien varierer sterkt mellom ulike område, sjølv har ho teke utgangspunkt i reindrifta på Helgeland, der ho høyrer heime. Men ho har òg med både nordsamisk og lulesamisk, men innrømmer at ho ikkje har fått med dei lokale variasjonane som finst frå området Snåsa, Røros og sørover. Ho skriv òg at reindriftsterminologien viser detaljrikdomen i det samiske språket og at presisjon er viktig når det gjeld å beskrive utsjånaden og eigenarten til reinsdyra. Kvar rein har sin spesielle utsjånad, og sjølvsagt ikkje berre på grunn av geviret, men like mykje ut frå pels/hårvekst. 


Årskalvar i september i samband med slakting på Valdresflya, Vågå tamreinlag. Dei feste kalvane har berre to gevirstenger som veks rakt opp, “vaalta-tjåervieh” heiter desse på sørsamisk. Foto: Kjell Bitustøyl

Årskalvar i september i samband med slakting på Valdresflya, Vågå tamreinlag. Dei feste kalvane har berre to gevirstenger som veks rakt opp, “vaalta-tjåervieh” heiter desse på sørsamisk. Foto: Kjell Bitustøyl


sameflagget-23.JPG

Gratulerer med Samedagen 6. februar!

Læhkoeh biejjine!

Lihkku beivviin!

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Norsk villreinsenter Nord søker fagkonsulent i engasjement


Fagkonsulent Ingrid Sønsterud Myren forteller klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn om arbeidet med Norsk villreinsenter Nords nyeste attraksjon, Fjellportalen.

Fagkonsulent Ingrid Sønsterud Myren forteller klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn om arbeidet med Norsk villreinsenter Nords nyeste attraksjon, Fjellportalen.

Til Norsk villreinsenter Nord på Hjerkinn søker vi:

Fagkonsulent i engasjement

 

Har du lyst til å jobbe for å bedre villreinens levekår? Med base på Hjerkinn får du jobbe med bla. kvalitetsnorm for villrein, dokumentasjon av villreinens arealbruk, kursing og rådgiving om villrein.

Stiftelsen Norsk villreinsenter (NVS) ble opprettet i 2006 og har en nøkkelrolle i arbeidet for å sikre villreinstammene og villreinområdene i Norge. Villreinen er en viktig del av vår natur- og kulturarv, og Norge har et særskilt ansvar for å sikre framtida for Europas siste villreinstammer og deres leveområder. Stiftelsen Norsk Villreinsenter har to driftsenheter, en på Skinnarbu (NVS Sør) og en på Hjerkinn (NVS Nord).

Norsk villreinsenter på Hjerkinn ligger midt i smørøyet av de store verneområdene og leveområdene for villrein. Senteret er et av de største forvaltningsknutepunktene i landet, og huser i dag daglig leder, fagkonsulent, to naturveiledere og informasjonsrådgiver som alle jobber for Norsk Villreinsenter, to nasjonalparkforvaltere for Dovrefjell, to nasjonalparkforvaltere for Rondane-Dovre, naturoppsyn fra Statens naturoppsyn, daglig leder ved pilegrimssenter Dovrefjell, Dovre fjellstyre og en medarbeider fra Statens vegvesen som leder samarbeidsprosjektet Kongevegen over Dovrefjell.

Sentrale arbeidsoppgaver vil være:

  • Arbeide med dokumentasjon, feltoppfølging, kursing og rådgiving knyttet til kvalitetsnormen for villrein

  • Oppfølging av pågående og framtidige villreinprosjekter

  • Delta i utvikling og drift av villreinsenterets attraksjoner på Hjerkinn

  • Bidra til at villreinsenteret er et effektivt bindeledd mellom forskning, forvaltning, rettighetshavere, interesseorganisasjoner og allmennhet

 Vi søker deg som har:

  • Høyere utdanning, fortrinnsvis med økologi i fagkretsen

  • God faglig kompetanse innen villreinsenterets ansvarsområde

  • Relevant yrkeserfaring

  • Gode kommunikasjonsevner

  • Personlig engasjement og interesse for villrein og fjellforvaltning

  • Gode samarbeidsevner og kan jobbe godt både selvstendig og i team

  • Gode språkegenskaper og både skriver og snakker godt norsk og engelsk

  • Har førerkort og ønsker å jobbe fra Hjerkinn

Vi tilbyr:

  • Spennende og utfordrende arbeidsoppgaver

  • Kreativt, faglig sterkt og trivelig arbeidsmiljø

  • Høy grad av selvstendighet i utførelse av arbeidsoppgaver

  • Lønn etter avtale og god pensjonsordning

  • Kontorplass på Norsk villreinsenter Nord på Hjerkinn

Engasjementets varighet: Prosjektet varer i første omgang ut 2023, men det jobbes for at dette skal bli en fast 100 % stilling.

Stillingsprosent under engasjementet: 100 %

Ønska oppstart: Snarest mulig.

Søknadsfrist: 20. februar

Kontakt daglig leder Raymond Sørensen ved spørsmål: 916 23 715

Mer info om Norsk Villreinsenter på  www.villrein.no

Søknad med CV og tre referanser sendes til: raymond.sorensen@villrein.no.

Å, nå telte han deg også!

…. rauta kalven i eventyret om Geitekillingen som kunne telle til ti. Villreinkalvane blir også tald, ettersom forvaltninga kvart år gjennomfører ulike tellingar av villreinen i Norge; minimumstellingar, kalvetellingar og strukturtellingar. I desse dagar er det minimumstelling i mange villreinområde. Men kva er ei minimumstelling? Og kvifor driv forvaltninga med tellingar til ulike årstider? Her kan du lære meir om det.

Minimumstelling
Minimumstellingar blir gjort om vinteren. Da blir det bruka småfly eller helikopter til å fly over heile villreinområdet. Målet er å finne alle flokkane i området og fotografere dei. For å finne dyra, er vêr og føre viktig. Det bør vera sol og lite vind. For å kunne sjå ferske spor av flokkane, er det best å gjennomføre tellinga 1 -3 dagar etter siste snøfall. Dyra tellast ikkje i felten, men ein tek bilde av alle dyra ein ser, slik at ein kan telle dei når ein kjem heim. Etterarbeidet skjer ved hjelp av eit eige telleprogram på datamaskina. Ein set ein prikk på kvart dyr på bildet, så tel programmet opp prikkane. Slik er det mogleg å halde styr på tellinga, og finne ut kor mange dyr det er i kvar flokk. Når alle flokkane er tald opp, har du bestandsstørrelsen i det aktuelle villreinområdet.


Minimumstelling. Foto: Kjell Bitustøyl

Minimumstelling. Foto: Kjell Bitustøyl

Kalvetelling
Kalvetellingar er viktige for å finne ut kor stor tilvekst det er i dei ulike villreinområda kvart år og korleis tilveksten svingar mellom år. Vanlegvis blir dette gjort i siste halvdel av juni/starten av juli. Da har dyra framleis den lyse vinterpelsen, og er lettare å oppdage. Fostringsflokkane blir fotografert frå fly. Ein fostringsflokk består av ungdyr og simler med kalvar. Dei vaksne bukkane held seg stort sett i eigne flokkar om sommaren. Resultatet av kalvetellinga blir ofte framstilt som talet på kalvar per 100 simle/ungdyr, og blir da omtala som kalveprosenten.


Kalvetelling. Foto: Anders Mossing, Norsk villreinsenter.

Kalvetelling. Foto: Anders Mossing, Norsk villreinsenter.

Strukturtelling
Minimums- og kalvetellingar fortel om storleiken på bestanden og produksjon, medan ein gjennom strukturtellingar får oversikt over kjønns- og alderssamansetninga i bestanden. I brunsten har bukkeflokkane slått seg saman med fostringsflokkane, og da blir eit representativt antal dyr i bestanden kjønns- og aldersbestemt. Desse strukturtellingane blir som regel gjort frå bakken. Tellemannskapet brukar kikkert og teleskop for å skilje dyra på kjønn og alder. For å kunne gjera denne jobben, krevst god opplæring og erfaring.


Strukturtelling. Foto: Ingrid Sønsterud Myren, Norsk villreinsenter.

Strukturtelling. Foto: Ingrid Sønsterud Myren, Norsk villreinsenter.

Over 80% av den ville europeiske fjellreinen lever i Norge. Vi har derfor eit særskild ansvar for å forvalte villreinen slik at arten har levedyktige bestandar også i framtida. Villreinforvaltninga er komplisert og har mange nivå og aktørar. For å kunne forvalte reinen på ein berekraftig måte, må ein ha kjennskap til både storleik, tilvekst og kjønns- og alderssamansetning av stammen. Villreinutvalget i kvart villreinområde har ansvaret for å gjennomføre dei årlege tellingane. Resultata av tellingane gjev grunnlag for å setje mål for bestandsutviklinga, utarbeide ein plan for å nå måla og å fastsetje dei årlege fellingskvotene. Gode og sikre tellingar er derfor ein viktig del av villreinforvaltninga. Tellingane vil også være viktige i arbeidet med kvalitetsnormen for villrein som no er i gang.

Kunnskapsoppdatering om skrantesjuke (CWD)


Foto: Anders Mossing.

Foto: Anders Mossing.

Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) offentliggjorde i dag en kunnskapsoppdatering om skrantesjuke og smittespredning. Formålet med rapporten har vært å oppdatere kunnskapsgrunnlaget som stammer fra 2018, og presentere ulike scenario for håndtering av sykdommen.

Det er Mattilsynet og Miljødirektoratet som har bestilt denne kunnskapsoppdateringen. På VKM sine sider finner du en omtale av rapporten og rapporten i sin helhet.

Rapporten ble presentert på nett i dag med representanter for VKM, forskning og forvaltning til stede. Her ble innholdet i rapporten lagt fram og det var avsatt god tid til spørsmål i fra tilhørerne. Her kan du se et opptak av dette.

Det er viktig å presisere at denne rapporten ikke tar stilling til hvilke tiltak som skal settes i verk for å bekjempe sykdommen i Norge, men inneholder oppdatert kunnskap om sykdommen og erfaringer fra andre land der den finnes.

Gevirgnaging og CWD – ein samanheng?


Her ser me to simler som gneg på gevira til andre simler. Foto: Peter C. A. Köller, Norsk villreinsenter

Her ser me to simler som gneg på gevira til andre simler. Foto: Peter C. A. Köller, Norsk villreinsenter

Nylege smitteforsøk har vist at smittestoffet som fører til CWD i Noreg er noko forskjellig frå det ein finn i USA. Men kva er då opphavet til CWD i Noreg? Ein ny teori er lansert, stikkordet er gevirgnaging hjå rein. Ein artikkel om dette temaet er no publisert på forskning.no.

CWD er ein prionsjukdom og ein skil mellom sporadisk CWD og smittsam CWD. Den sporadiske oppstår spontant hjå eldre individ, men denne er ikkje smittsam av di priona er ”lukka inne” i hjernen. Skrantesjuke hjå villrein høyrer derimot til dei variantane som er smittsame under normale forhold, dette kjem av at priona her òg blir danna i lymfatisk vev i slimhinnene i fordøyelseskanalen og i spyttkjertlane. Slik blir priona lettare skilt ut frå sjuke individ og kan smitte andre dyr.

Kannibalisme

Kannibalisme var årsak til at kugalskap oppstod, storfe blei fôra med beinmjøl som stammma frå slakteavfall. Fyrst oppstod sporadisk tilfelle av prionsjukdom, men dette førte i neste omgang til at kannibalismen utløyste eit utbrot blant storfe av den smittsame varianten, og i neste omgang til matboren prionsjukdom (CJD) hjå menneske. Ei liknande historie – Kuru-epidemien – finn me hjå kannibalar på Ny-Guinea. At ein kan bli smitta ved å få prion inn i fordøyelseskanalen, er difor vel dokumentert.

Kan skrantesjuke hjå hjortedyr og skrapesjuke hjå sau ha opphavet sitt i ein sporadisk prionsjukdom? Eit prion kan i fylgje forskarane i teorien endre eigenskapane frå å vera sporadisk hjå eitt individ til å få andre eigenskapar via fordøyelseskanalen. Det er små sjanser for at slikt skjer, men faren aukar i takt med talet på eksponeringar. Og faren for mutasjonar oppstår. 


Foto: Olav Strand

Foto: Olav Strand

Gevirgnaging i Langfjella

Fenomenet gevirgnaging har blitt omtalt tidleg i syttiåra i Langfjella, men var langt sjeldnare på den tida. Forskarane blei difor sjokkerte då det viste seg etter ei kartlegging i Nordfjella i samband med uttaket i 2016, at over 90% av simlene hadde ekstreme nivå av gevirgnaging. Av dei 19 infiserte dyra i Nordfjella var alle infisert i lymfatisk vev. Når ein slik smittsam variant fyrst har oppstått, er det ikkje nødvendig med vidare kannibalisme for spreiing av sjukdomen.

Kvifor gneg dyra på gevira til kvarandre?

Gnaging av fallgevir er velkjent og blir knytt opp mot mineralmangel. Men ein har ikkje funne ut om dette er forklaringa på gevirgnaginga i Langfjella. Meir forsking må til for å koma nærare eit svar. Forskarane understrekar likevel i artikkelen på forskning.no at det er sannsynleg at der er ein samanheng. Forskarane bak denne artikkelen er Atle Mysterud, Bjørnar Ytrehus, Michael A. Tranulis, Geir Rune Rauset, Christer M. Rolandsen og Olav Strand.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Har du en vill(rein) ide i magen?


Deltakere på ei «Oval bygdehelg i reinens rike». Foto: Line Horvli / Villreinløypa

Deltakere på ei «Oval bygdehelg i reinens rike».
Foto: Line Horvli / Villreinløypa

Miljødirektoratet lyser nå ut 3 millioner i midler til programmet «Villreinfjellet som verdiskaper». Dette ble startet i 2017 og har som mål å stimulere til bred verdiskaping knyttet til de 10 nasjonale villreinområdene våre. Ordninga sikter seg særlig inn mot reiselivet. Målet er å spre kunnskap til ulike brukergrupper og bidra til ei god gjennomføring av de regionale planene. Søknadsfristen er 15. februar 2021.

Her kan du se hvilke prosjekter som har fått midler fra før. Har du en god ide? Les mer om hvem som kan søke og hvordan du går frem her.

Et av prosjektene som har fått midler og er kommet godt i gang er “Villreinløypa“. Et av produktene fra dette prosjektet er en tur som kalles «Reinstrakket». Dette er en fottur i lett fjellterreng langs den gamle seterveien fra Filling over til Lesja. Turen er et samarbeid mellom Lesjaskogsvatnet turistsenter, Dovre og Lesja Aktiv som stiller med guider, Avdemsbue som stiller med nistepakke og Lesja Bilruter som står for transport.


Turfølget stopper ved Tussheimbue og nyter utsikten.   Foto Erland Kirkebøen Husom/Nasjonalparkriket.

Turfølget stopper ved Tussheimbue og nyter utsikten.
Foto Erland Kirkebøen Husom/Nasjonalparkriket.


Lokalmat fra Avdemsbue er super turmat!   Foto: Erland Kirkebøen Husom/Nasjonalparkriket.

Lokalmat fra Avdemsbue er super turmat!
Foto: Erland Kirkebøen Husom/Nasjonalparkriket.

Les mer og se bilder fra turen her.

Et annet produkt fra en av pilotprosjektene i «Villreinløypa» er ei «Oval bygdehelg i reinens rike». Dette er et samarbeid mellom Sov Lodge, Andre etasje og Jutulskinn. Denne helga er det fokus på historieformidling knyttet til rein, tur i Reinheimen nasjonalpark for å se på gamle fangstminner, lokal mat og skinnarbeid. Gjengen bak dette arrangementet tilbyr nå i vinter “Mathelg med besøk hos reinflokken, trugetur og bålkos“. Dette kan du lese mer om her.


Skinnarbeid i verkstedet til Jutulskinn i Vågå.  Foto: Line Horvli / Villreinløypa

Skinnarbeid i verkstedet til Jutulskinn i Vågå.
Foto: Line Horvli / Villreinløypa

Har du en spennende ide som egner seg for dette prosjektet? Søk da vel!

Korleis går arbeidet med kvalitetsnorma?


Flyteljing av rein på Hardangervidda. Foto: Kjell Bitustøyl

Flyteljing av rein på Hardangervidda. Foto: Kjell Bitustøyl

Det omfattande arbeidet med ei kvalitetsnorm for villrein vil prege arbeidet ved Norsk villreinsenter det komande året, dvs. 2021. Denne kvalitetsnorma skal beskrive tilstanden for villreinen i kvart av dei 24 villreinområda i landet. Kva er status ved starten på det nye året?

Lokal medverknad er viktig

Koronasituasjonen har naturleg nok òg prega arbeidet med kvalitetsnorma, fysiske møte har difor blitt erstatta av digitale oppstartsmøte, og noko er skuva litt på i tid. Så langt har arbeidet vore mest konsentrert rundt delnorm 1 – bestandstilhøve. Men ein er òg straks i gang med ein møteserie innafor delnorm 3 – leveområde og menneskeleg påverknad. Innafor båe desse to delnormene er lokal medverknad viktig.

Delnorm 1 – bestandsforhold

Delnorm 1 omfattar fem måleparameterar der Norsk villreinsenter (NVS) er med og koordinerer datainnsamling av to av dei (kalveteljing og strukturteljing). I fyrste omgang er det viktig at alle områda får informasjon og kursing slik at teljingane blir utført mest mogleg likt i alle dei 24 villreinområda.  

Innafor delnorm 1 er det pr. dato gjennomført seks digitale oppstartsmøte med fokus på kalveteljingar og strukturteljingar, desse omfattar 15 av villreinområda. Her har NVS sør v/Anders Mossing gjennomførte fleire møte, desse omfattar ni villreinområde: Fjellheimen, Raudafjell og Oksenhalvøya i november, vidare Norefjell, Blefjell og Brattefjell-Vindeggen samt Skaulen-Etnefjell, Setesdal Austhei og Våmur Roan i desember. NVS nord v/Ingrid Sønsterud Myren har gjennomført tilsvarande møte, som omfattar desse seks villreinområda: Reinheimen-Breheimen, Sunnfjord, Vest-Jotunheimen, Lærdal-Årdal, Svartebotnen og Førdefjella. Oppstartsmøte for Tolga-Østfjell og Sølnkletten skal gjennomførast våren 2021. Samtidig ynskjer me å invitere områda som inngår i overvakingsprogrammet til orienteringsmøte i løpet av våren.

Delnorm 3 – leveområde og menneskeleg påverknad

Denne delnormen krev oppdaterte kartgrunnlag over funksjonsområde (vinterbeite, sommerbeite, kalvings- og oppvekstområde) og fokusområde. I løpet av januar skal det vera oppstartsmøte for fleire av dei nasjonale villreinområda, då det er desse som skal klassifiserast fyrst. Eitt møte har alt funne stad: Forollhogna hadde møte den 8. januar. I tillegg til NVS som han ansvar for denne delnorma, vil ein involvere andre ressurspersonar, bl.a. Siri Bøthun i Sogn naturforvaltning og NINA. NVS har planane klare om det skulle bli aktuelt med berre digitale møte det komande året, eller at ein, som det opphaveleg var lagt opp til, kan møtast fysisk, kanskje når det nærmar seg sommaren.

Informasjonsskriv er sendt rundt til villreinutvala i dei ulike villreinområda i september 2020. NVS tek kontakt med kvart enkelt område etter kvart som vi får meir konkrete planar.


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl