Norefjell – Reinsjøfjell med regionalplan og eige råd


Reinen i Norefjell-Reinsjøfjell har fått “sin eigen” regionalplan. Foto: Anders Mossing

Reinen i Norefjell-Reinsjøfjell har fått “sin eigen” regionalplan. Foto: Anders Mossing

Regionalplan for Norefjell – Reinsjøfjell blei vedtatt i september, og i januar blei Rådet for Norefjell – Reinsjøfjell konstituert. To av kommunane, Sigdal og Flå, har kome med innvendingar til einskilde areal i eigen kommune, denne saka er no til handsaming i departementet.

Norefjell – Reinsjøfjell villreinområde ligg mellom Hallingdal og Numedal og høyrer ikkje til blant dei nasjonale villreinområda, men etter ynskje frå dei fem involverte kommunane har det blitt utarbeidd ein regionalplan av Viken fylkeskommune i samarbeid med dei fem kommunane, villreinnemnda og statsforvaltaren. Planen blei vedtatt av fylkestinget i Viken 17. september og 27. januar var det konstituerande møtet i Rådet for Norefjell – Reinsjøfjell. Dei som er representert i dette rådet er kommunane Flå, Sigdal, Nore og Uvdal, Nesbyen og Krødsherad, Statsforvalteren i Oslo og Viken, Gunhild Dalaker Tuseth, Villreinnemnda ved Karen Johanne Gulsvik, og Viken fylkeskommune ved Anne Beathe Tvinnereim, sistnemnde blei valt til leiar i rådet.

Formålet

Formålet med ein slik plan blei definert som «å komme fram til en langsiktig og helhetlig strategi for bruk av fjellområdene. Gjennom helhetlige vurderinger skal blant annet villrein, lokal nærings-og samfunnsutvikling og friluftsinteresser søkes ivaretatt. Sambruk og sameksistens mellom disse gruppene synes særlig viktig i dette fjellområdet.»  Samtidig er dette er ein retningsgjevande plan, føringar får fyrst juridisk verknad når planen er innarbeidd i kommunanes arealplanar.

Største utfordringa i dette området er å finne ein balanse mellom villreinomsyn og kommunanes ynskje om utbygging og utvikling. I planprosessen har det vore brei semje om å sikre leveområda over 1000 moh, kalvingsområda og trekkområda ved Flatvollen mellom Norefjell og Reinsjøfjell. På den andre sida ligg der mange føringar som er gjeve med bakgrunn i utbyggingshistorie og alt fatta vedtak om utbygging. I denne samanheng har det kome ynskje om å gje nokon utviklingsmoglegheiter frå kommunane. Det blir òg presisert at dette er eit svært viktig friluftsområde med stigar og løyper på og rundt fjellet. Samtidig har det vore viktig å verne om dei mest sårbare villreinområda.  

«Verdiskaping og attraksjonskraft»

I tillegg til eit prosjekt som omfattar felles sti- og løypeplan, er det knytt stor forventning til prosjektet «Verdiskaping og attraksjonskraft». Dette handlar om å leggje til rette for lokal nærings- og samfunnsutvikling gjennom heilårlege arbeidsplassar rundt om i kommunane. Stikkord her kan vera å endre merksemda frå hyttebygging til reiselivsutvikling. Ei aktuell problemstilling er korleis kan ein styrke fjellområdets attraksjonskraft og dermed det meir langsiktige verdiskapingspotensialet i området. Det heiter i planen at «Forutsetningen for næringsutvikling og verdiskapning er at fjellområdet oppleves som attraktivt, noe som igjen krever at natur, kultur og lokalsamfunn ivaretas.» Det heiter elles at dette prosjektet særleg skal ha fokus på Sigdal kommunes utfordringar og moglegheiter. 

Innvendingar frå to kommunar

I ettertid kom der inn innvendingar til planen frå to av kommunane, Sigdal og Flå. Dette handlar om relativt små areal i dei to kommunane der ein ynskjer å gjere om på areal som er planlagt som landbruks-, natur- og friluftssone til utbyggingssone. Denne saka er no inne til handsaming i Kommunal- og næringsdepartementet som tek den endelege avgjerda.


Kartillustrasjon som viser den geografiske fordelinga i regionalplanens arealsoner saman med dei ulike leveområda for villreinen.

Kartillustrasjon som viser den geografiske fordelinga i regionalplanens arealsoner saman med dei ulike leveområda for villreinen.

Link til Regionalplan for Norefjell-Reinsjøfjell 2020-2035

villrein.no – Kjell Bitustøyl