Villreinnemnda for Hardangervidda: Lokal medverknad er viktig i den vidare prosessen om CWD


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet har i etterkant av framlegginga av VKM-rapporten, kunnskapsrapporten om skrantesjuken på Hardangervidda, sendt ut ei pressemelding med ynskje om involvering av lokal forvaltning. Like før pressemeldinga skulle sendast ut, kom der melding om at Mattilsynet og Miljødirektoratet har invitert nemnd og utval inn i ei arbeidsgruppe.

Villreinnemnda seier i pressemeldinga at dei oppfattar VKM-rapporten som eit godt stykke arbeid der fleire alternativ blir gjort synlege. I det vidare arbeidet etterlyser nemnda ein god prosess der ein har medverknad frå ulike fagmiljø og lokal forvaltning/rettshavarar. Dei uttrykkjer eit sterkt ynskje om at Mattilsynet og Miljødirektoratet involverer nemnda i dei vidare drøftingane før tilrådinga blir sendt til departementet for ei endeleg avgjerd. Og det er dette som nettopp har skjedd: Både villreinnemnd og villreinutval blir teke med inn i ei arbeidsgruppe. Kanskje er det ei arbeidsgruppe i retning av ei slik breitt samansett gruppe som villreinnemnda etterlyser i pressemeldinga: «Eit ‘forvaltningsforum’ som kan bidra med kompetanse og kvalifiserte vurderingar før bestandsmål, bukkeandel, avskyting m.m. blir fastsett.» Viktig å nemne her er at tida er knapp før kvotevedtak for 2021 (1. mai).

Villreinnemnda tek òg med at Hardangerviddarådet med ordførarane i dei aktuelle kommunane i møte 9. februar, slutta seg til bodskapen frå nemnda om involvering av lokal forvaltning. Frå ordførarhald blei det gjeve uttrykk for at lokal forvaltning får ein reell innverknad på prosessen. Leiar i nemnda, Endre Lægreid, brukte desse orda då han la fram villreinnemnda sitt syn i møte til Hardangerviddarådet: «Før ein veit meir er drastiske tiltak uakseptable.»

Etter det aller siste initiativet frå MT/MD uttrykkjer villreinnemnda at dei er optimistiske med tanke på at dei blir involverte, og at noko uttak i vinter ikkje blir aktuelt. Dette siste har vore ei viktig kampsak for nemnda.

Meir info: Villreinnemndas eigen nettside

villrein.no – Kjell Bitustøyl