Variasjonar i reinens pels


Villrein i Brattfjell-Vindeggen i november. Dei fleste dyra har “normal” pels, men her er både mørke dyr og ein nesten kvit rein, nummer tre fra venstre, me ser i ryggen. Foto: Kjell Bitustøyl

Villrein i Brattfjell-Vindeggen i november. Dei fleste dyra har “normal” pels, men her er både mørke dyr og ein nesten kvit rein, nummer tre fra venstre, me ser i ryggen. Foto: Kjell Bitustøyl

Det er vel kjent at reinsdyrets pels gjev god isolasjon og er den viktigaset einskildårsak til at reinen held varmen vinterstid. Mindre omtale har kanskje utsjånaden på sjølve pelsen fått. Der kan det vera stor variasjon, særleg gjeld dette tamrein. I denne artikkelen skal det blant anna handle om korleis pelsen gjer at ein kan kjenne att dyr med særeigne fargar eller mønster. 

Generelt kan ein seie at reinsdyra har ein farge og eit mønster som gjer at ein ofte har vanskeleg for å oppdage dei, pelsen gjev god kamuflasje. Dette gjeld ikkje minst i eit landskap med mykje stein og grågrøn vegetasjon. Både fjellvandrarar og jegerar har erfart dette: At eit landskap som ser tomt ut, brått kan begynne å bevege seg og bli levande.

Reinens pels er til vanleg prega av grått, med noko brunt og eit drag av gult. Fargestyrken varierer sterkt, nasen, ryggen, og framsida av beina er mørke, så går det òg eit mørkt band mellom buken og sida. Rundt augo er det gjerne ein lysare ring, halsen er lys. Denne lyse fargetonen kan fortsette tvers over bogen og sida og gå over i «spegelen», som er svært lys. Dette er det ein kan kalle «normalfarga» rein. Desse opplysningane er henta frå boka «Reindriften og dens naturgrunnlag» (1968) av Skjenneberg og Slagsvold. 

Når det gjeld forskjellen på vinterpels og sommarpels, er det slik at dekkhåra er mørkast i spissen og lysare ved rota, pelsen er difor mykje mørkare om sommaren enn utover vinteren når dekkhåra har vakse ut og byrjar å bli slitt i spissen. Dette ifylgje Skjenneberg og Slagsvold. Dei fortel òg at somme dyr har stivare pels. Og at andre har mjukare og meir elastiske hår, dette gjer desse meir ettertrakta til pelsverk.


T.v. Rein fra Lom Tamreinlag, den kvite bukken nærast heiter Rudolf og er ein av dei tamme leiedyra, legg merke til simle nr. to fra venstre, som er kvit etter heile nasen, elles nokså mørk. Foto: Kjell BitustøylT.h. Dette er Snøfrid, eller Sjogfrid…

T.v. Rein fra Lom Tamreinlag, den kvite bukken nærast heiter Rudolf og er ein av dei tamme leiedyra, legg merke til simle nr. to fra venstre, som er kvit etter heile nasen, elles nokså mørk. Foto: Kjell Bitustøyl

T.h. Dette er Snøfrid, eller Sjogfrid på den lokale dialekten, ei av simlene som er blant kjennedyra. Foto: Kjell Bitustøyl

Kvit rein

Forfattarane av denne boka fortel vidare at ein hjå tamrein svært ofte finn dyr med meir uregelmessig utsjånad. Det kan for eksempel finnast dyr med lange lyse dekkhår einskildvis spreidd over heile pelsen, slike dyr blir kalla «russefarga». Kvit rein er eit kapittel for seg, mange reinsgjetarar, men jegerar òg, har fortalt at kvite reinkalvar kan bli liggjande att når flokken har reist, dei kvite reinane er mindre ville, kan virke dorske. Ein teori sett fram av Lilly Smith, leiar av Cairngorm Reindeer Herd i Skottland og utdanna biolog, er at dei kvite reinane er dauve. Kanskje siktar ho til dei kvite reinane som er albinoar. Dette kan vera at ei forklaring på at kalvar kan bli liggjande att, at dei rett og slett ikkje høyrer når resten av flokken dreg. 

Blant dei som har laga hudsko eller fetasko av reinskinn, særleg i samisk tradisjon, er det vel kjent at skinn av kvit rein var ekstra gjævt, «stasfitir» kallar somme slike sko.

Forfattar Ailo Gaup, sjølv same, fortel at samane har eit djupt åndeleg forhold til kvite reinsdyr. I samisk folketru kjem det kvite reinsdyret frå sola og har ein høgare bevisstheit, akkurat som dei kvite løvene i afrikansk folketru. Les meir om dette på nettsida til Reinheimen-Breheimen.


Reinsflokken til Riast-Hylling reinbeiteområde på Røros. Her ser me stor variasjon i pelsen på nokre dyr bakarst i flokken. Elles er det store fleirtalet meir “normale”. Foto: Kjell Bitustøyl

Reinsflokken til Riast-Hylling reinbeiteområde på Røros. Her ser me stor variasjon i pelsen på nokre dyr bakarst i flokken. Elles er det store fleirtalet meir “normale”. Foto: Kjell Bitustøyl


Tamrein fra Filefjell Reinlag, dei har nokre dyr i flokken som er svært lett kjennelig ved dei har har ein type dropla pels. Foto: Kjell Bitustøyl

Tamrein fra Filefjell Reinlag, dei har nokre dyr i flokken som er svært lett kjennelig ved dei har har ein type dropla pels. Foto: Kjell Bitustøyl

Kjennedyr

Blant reinsdyrgjetarar er det ei kjent sak at dei tek vare på dei kvite reinane fordi dei blir gode kjennedyr, det vil seie dyr med ein utsjånad som skil seg frå dei andre. Dette kan òg vera dyr med spesielle mønster eller fargar i pelsen. Innafor tamreindrifta kan ein styre avlen slik at ein stadig vekk får tilvekst av nettopp slike dyr med karakteristisk utsjånad. Eitt eksempel kan vera reinsdyr med dropla pels, slike som til dømes Filefjell Reinlag har fleire av. Kvar tamreinflokk har eit visst tal kjennedyr. I praksis betyr dette at når ein samlar flokken og skal skaffe seg oversikt om ein har kontroll på alle dyra, tel ein opp alle kjennedyra, og viss alle er der, er det stor sjanse for at heile flokken er samla. Ein reinsgjetar i Bykle som seinare blei villreinjeger, har fortalt at dette prinsippet var òg greitt å bruke i samband med villreinjakt, då kvite reinar kunne hjelpe ein til å lettare oppdage ein flokk på stor avstand. Difor skulle ein ikkje skyte slike dyr, meinte han. 

Mange namn på utsjånad

Innafor samisk tradisjon er der eit stort ordforråd når det kjem til reinens pels eller hår. Forfattar Gun Margret Utsi har skrive om dette («Bovtsen guelmieh» 2010). Utsi fortel om farge (eg tek her med berre dei norske omsetjingane) : kvit rein, rein med kvite bein, svart rein, mørkegrå rein osv. Vidare reinens andlet: rein med kvite flekkar på nasen, kvit etter heile nasen, rein med ring rundt augo, mørk rein med kvit nase m.m. Mange omgrep karakteriserer òg mønsteret i pelsen: rein med store flekkar, småprikkete rein, pels som rimfrost, flekkete kvit rein, rein som er lysare på sidene m.m.


Hardangerviddasimler like før kalving, dei er meir like kvarandre, likevel ser me også her at lysare individ finst. Elles kan ein merke seg at den eine simla har radiohalsband, verdt å merke seg er òg dei nedgnagne gevira.  Foto: Kjell Bitustøyl

Hardangerviddasimler like før kalving, dei er meir like kvarandre, likevel ser me også her at lysare individ finst. Elles kan ein merke seg at den eine simla har radiohalsband, verdt å merke seg er òg dei nedgnagne gevira. Foto: Kjell Bitustøyl

Sylvbukken 

I romanen «Reinsbukken på Jotunfjell» (1979) skildrar Mikkjel Fønhus ein reinsbukk utanom det vanlege. Me tek med eit lite avsnitt då reinsjegeren Stuttleggen møter Sylvbukken for fyrste gong, det er vinter: «På en liten rund kolle, midt i mot solskiva, sto en reinsbukk. Men den var ikke som reinsbukker flest i létten. Nei, den lyste, lyste som sjølve fjellet omkring den. Solskiva gnistret mot øynene på Stuttleggen, som han sto der og niglodde, og midt i dette gnisteret ble reinsbukken som skinnende sølv . – Sylvbukk! mullet Stuttleggen. Ånei so fint! […] Så vakkert et syn hadde Stuttleggen aldri sett i fjellet.»

Den fyrste samiske forfattaren som fekk gjeve ut ei bok, var Johan Turi, i 1910 – «Min bok om samene» (til norsk 2011). Turi skildrar ein villrein på denne måten i samband med at villrein av og til kom inn i tamreinflokken: «Noen villrein blir aldri trygge, om de er aldri så lenge. […] …den sorten som er sky, blir aldri trygg, og derfor har man ikke fått all villrein i flokk, når de er så sky. Og de er mye større og glinsende i hårlaget, som om de hadde sølvhår.» Turi fortel om ein same som hadde simler som hadde fått avkom av ein villreinbukk: «Hans rein ble som villrein – så glinsende og langbeinte – og denne mannen fikk en særegen reinflokk. Og alle og en hver misunte han reinene fordi de var så mye vakrere enn andres.»

villrein.no – Kjell Bitustøyl