Skeptisk til liberalisering av sykling i nasjonalparkane


Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Villreinrådet i Noreg meiner det er uklokt å gjera endringar i regelverket slik at ein opnar meir opp for bruk av sykkel, og særleg el-sykkel, i nasjonalparkane våre. Dei viser til handlingsplanen for friluftsliv frå juli 2018 frå Klima- og Miljødepartementet. Villreinrådets utspel kjem etter eit brev signert åtte villreinnemnder.

Det er særleg dei nasjonale villreinområda Villreinrådet er opptekne av i høve til dei planlagde endringane av verneføresegnene. Dei viser i så måte til nasjonale planar der omfanget og effekten av forstyrring, sonering og restriksjonar blir grundig gjennomgått. Vidare legg Villreinrådet vekt på dei pågåande og omfattande studiane av ferdsel og forstyrringar gjennom merkeprosjekt i Rondane, på Hardangervidda og i Setesdalsområdet.


Frå Hardangervidda nasjonalpark. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå Hardangervidda nasjonalpark. Foto: Kjell Bitustøyl

El-sykkel

At menneskeleg ferdsel forstyrrar villreinen er vel dokumentert, og Villreinrådet meiner at om dette skjer til fots eller ved sykling i og for seg er underordna, men poengterer likevel at sykling og spesielt med el-sykkel, utvidar aksjonsradiusen vesentleg, og med det fare for ein auke av påverknaden på reinen.

Kvalitetsnormen

Innafor det pågåande arbeidet med kvalitetsnormen skal ein blant anna kartleggje årsaker der levevilkåra for villreinen ikkje er gode nok, dette arbeidet er no i gang i dei nasjonale villreinområda. Stikkord er menneskeleg ferdsel og forstyrringar. Villreinrådet peikar på at ei endring av regelverket kan auke den samla belastninga på villreinen. Dei har no sendt eit brev til Klima- og Miljødepartementet og bede dei om å vera varsame med all endring av ferdselsregime i villreinområda, endringar som kan tenkjast å føre til auka ferdsel.

LInk til ein tidlegare omtale av temaet sykkel i nasjonalparkane

 

Villrein.no – Kjell Bitustøyl