Gevirgnaging og CWD – ein samanheng?


Her ser me to simler som gneg på gevira til andre simler. Foto: Peter C. A. Köller, Norsk villreinsenter

Her ser me to simler som gneg på gevira til andre simler. Foto: Peter C. A. Köller, Norsk villreinsenter

Nylege smitteforsøk har vist at smittestoffet som fører til CWD i Noreg er noko forskjellig frå det ein finn i USA. Men kva er då opphavet til CWD i Noreg? Ein ny teori er lansert, stikkordet er gevirgnaging hjå rein. Ein artikkel om dette temaet er no publisert på forskning.no.

CWD er ein prionsjukdom og ein skil mellom sporadisk CWD og smittsam CWD. Den sporadiske oppstår spontant hjå eldre individ, men denne er ikkje smittsam av di priona er ”lukka inne” i hjernen. Skrantesjuke hjå villrein høyrer derimot til dei variantane som er smittsame under normale forhold, dette kjem av at priona her òg blir danna i lymfatisk vev i slimhinnene i fordøyelseskanalen og i spyttkjertlane. Slik blir priona lettare skilt ut frå sjuke individ og kan smitte andre dyr.

Kannibalisme

Kannibalisme var årsak til at kugalskap oppstod, storfe blei fôra med beinmjøl som stammma frå slakteavfall. Fyrst oppstod sporadisk tilfelle av prionsjukdom, men dette førte i neste omgang til at kannibalismen utløyste eit utbrot blant storfe av den smittsame varianten, og i neste omgang til matboren prionsjukdom (CJD) hjå menneske. Ei liknande historie – Kuru-epidemien – finn me hjå kannibalar på Ny-Guinea. At ein kan bli smitta ved å få prion inn i fordøyelseskanalen, er difor vel dokumentert.

Kan skrantesjuke hjå hjortedyr og skrapesjuke hjå sau ha opphavet sitt i ein sporadisk prionsjukdom? Eit prion kan i fylgje forskarane i teorien endre eigenskapane frå å vera sporadisk hjå eitt individ til å få andre eigenskapar via fordøyelseskanalen. Det er små sjanser for at slikt skjer, men faren aukar i takt med talet på eksponeringar. Og faren for mutasjonar oppstår. 


Foto: Olav Strand

Foto: Olav Strand

Gevirgnaging i Langfjella

Fenomenet gevirgnaging har blitt omtalt tidleg i syttiåra i Langfjella, men var langt sjeldnare på den tida. Forskarane blei difor sjokkerte då det viste seg etter ei kartlegging i Nordfjella i samband med uttaket i 2016, at over 90% av simlene hadde ekstreme nivå av gevirgnaging. Av dei 19 infiserte dyra i Nordfjella var alle infisert i lymfatisk vev. Når ein slik smittsam variant fyrst har oppstått, er det ikkje nødvendig med vidare kannibalisme for spreiing av sjukdomen.

Kvifor gneg dyra på gevira til kvarandre?

Gnaging av fallgevir er velkjent og blir knytt opp mot mineralmangel. Men ein har ikkje funne ut om dette er forklaringa på gevirgnaginga i Langfjella. Meir forsking må til for å koma nærare eit svar. Forskarane understrekar likevel i artikkelen på forskning.no at det er sannsynleg at der er ein samanheng. Forskarane bak denne artikkelen er Atle Mysterud, Bjørnar Ytrehus, Michael A. Tranulis, Geir Rune Rauset, Christer M. Rolandsen og Olav Strand.

villrein.no – Kjell Bitustøyl