Arkiv - nettsaker fra gamle villrein.no

Innspel til regional plan innan 15. oktober


Høyringsdokumenta for rullering av regional plan for vidda er klare. Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Høyringsdokumenta for rullering av regional plan for vidda er klare. Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Høyringsdokumentet for rullering av regional plan for Hardangervidda har no blitt einstemmig vedtatt av dei respektive fylkesutvala i Hordaland, Buskerud og Telemark. Dei skal no ut på høyring og alle kan koma med innspel til planprogrammet. Høyringsfristen er 15. oktober.

I juli omtalte me på denne sida den komande rulleringa av regional plan for Hardangervidda (les “Reinen sentral i rullering på vidda”. Eit viktig spørsmål der vil vera om kommunane har tatt godt nok vare på villreinens behov. No har alle tre fylkesutvala, i Hordaland, Buskerud og Telemark, einstemmig slutta seg til høyringsdokumentet. Målet med planen er å gje villreinen gode levekår samtidig som ein skal leggje til rette for nærings- og bygdeutvikling og friluftsliv i lokalsamfunna rundt vidda. Rulleringa av planen skjer i nært samarbeid mellom dei tre fylkeskommunane, villreinnemnda og dei ni kommunane som er omfatta av planen.

Arbeidet skal byggje på gjeldande plan, og alt i sluttfasa av denne planen blei einskilde planspørsmål definert. Andre planspørsmål har oppstått i perioden etter dette. Planprogrammet inneheld konkrete forslag om kva som skal takast opp i rulleringa.

Dette er no til høyring. Og viktig: alle kan no koma med innspel til planprogrammet. Høyringsfristen er sett til 15. oktober. Meir info: www.regionalplan-hardangervidda.no.

I løpet av hausten vil det endelege planprogrammet bli vedtatt, deretter startar arbeidet med sjølve rulleringa, ein prosess der kommunane vil spela ei sentral rolle.

Innspel til høyringa kan sendast: Buskerud fylkeskommune, Postboks 3563, 3007 Drammen eller elektronisk til postmottak@bfk.no.

Spørsmål kan rettast til prosjektleiar Ellen Korvald, på tlf 32 80 87 28 eller epost ellen.korvald@bfk.no.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Status på skrantesjukekartleggingen

Villreinjakta har nå pågått noen uker, og flere lurer på hva status er for skrantesjukekartleggingen. Over 1200 prøver er så langt testet under villreinjakta 2017. Det er til nå kun funnet to positive tilfeller, der begge er villrein fra Nordfjella sone 1.

Miljødirektoratet har laget en oversikt over prøver tatt i de ulike villreinområdene. Tabellen under viser antall prøver registrert per 7. september 2017.


*Ingen av disse prøvene er registrert i Sett og skutt. Hvilket område prøven kommer fra er derfor antatt basert på hvilken villreinnemnd merkelappen er sendt til. Kilde: Miljødirektoratet v/Kari Bjørneraas

Oversikt over totalt antall hjortedyr testet for skrantesjuke finnes på Veterinærinstituttet sine nettsider. Det jobbes med å tilrettelegge Hjorteviltregisteret sin oversikt over CWD-prøver slik at prøver som jegere har registrert via Sett og skutt også blir inkludert i denne statistikken. Dette vil gi bedre oversikt over kartleggingen i Norge.

Har du levert skrantesjukeprøve, søk opp svaret på prøven med Hjorteviltregisteret sin søkefunksjon.

Trenger du hjelp til å registrere prøven på Sett og skutt, kontakt Naturdata på support@naturdata.no 
eller telefon 74 33 53 10.


Illustrasjonsfoto. Prøvetakingsutstyr der jegerne selv skal ta hjerneprøve.

Illustrasjonsfoto. Prøvetakingsutstyr der jegerne selv skal ta hjerneprøve.

 

Kilde: Miljødirektoratet v/Kari Bjørneraas kari.bjorneraas@miljodir.no

 

villrein.no / Ingrid Nerhoel

 

Landslinja for natur- og miljø har vært på reinsjakt

Elevane i 1. klasse ved Landslinja for Natur- og miljø ved Rjukan vidaregående skole fekk i haust eit tilbod om reinsjakt i Skarfjell innafor Kalhovd turisthytte. Dette førte til at heile klassa drog til fjells i tre dagar.


Hovudlærar Ane Guro Moen. Foto: Kjell Bitustøyl

Hovudlærar Ane Guro Moen. Foto: Kjell Bitustøyl

Landslinja for Natur-og miljø ved Rjukan vidaregåande skule driv på tredje året. Dei held til på Hardangervidda nasjonalparksenter på Skinnarbu der også Norsk Villreinsenter Sør (NVS) er lokalisert. NVS står for undervisninga på landslinja saman med Høgskolen i Sørøst-Norge. Ane Guro Moen frå Rjukan er leigd inn av Norsk Villreinsenter som lærar for 1. klassingane. Ho er utdanna naturforvaltar med praktisk pedagogikk i tillegg og underviser blant anna i høgfjellsøkologi som er eit viktig fag fyrste året. Ane Guro har nærast vakse opp på fjellet ettersom far hennar i mange år har drive firmaet “Fjellhest” som held til på Kalhovd.

1. klassingane kjem for det meste frå Tinn, medan ein på dei andre trinna har meir blanding, fortel Ane Guro. Ho seier at fjellturen dei nyleg har vore på er ein av to-tre slike turar dei har i løpet av eit skuleår. I år var jakt ein viktig del av opplegget. Og for to år sidan var klassa med på eit liknande opplegg. No fekk dei tilbod frå Tinn kommune om reinsjakt i Skarfjell innafor Kalhovd. Dei var tre lærarar med og klassa blei delt i to grupper, ei gruppe som drog på reinsjakt og ei gruppe som konsentrerte seg om planter, biologi m.m. Overnattinga skjedde i lavvo i nærleiken av Graveidet, ein kjent kryssingsplass for reinen før oppdemminga.


Middagstid. Fra venstre: Jan Erik Larsen (lærer og jeger), Kristin Soldal, Sunniva Rausand, Henrik Engen Ødegård, Truls Grindalen Stang, William Sønstebø, Laureen Wakera Mbogoh og Mumbi Wanyoike Mork Dalen. I midten: friluftslivveileder Jø…

Middagstid. Fra venstre: Jan Erik Larsen (lærer og jeger), Kristin Soldal, Sunniva Rausand, Henrik Engen Ødegård, Truls Grindalen Stang, William Sønstebø, Laureen Wakera Mbogoh og Mumbi Wanyoike Mork Dalen. I midten: friluftslivveileder Jørgen Aamot. Foto: Ane Guro Moen

Jegerane måtte lenger inn, til Skarfjellhytta. “Men årets jakt blei utan resultat, dyra var lenger vest i år”, fortel Ane Guro. Slik er det å vera jeger, også ei erfaring. For to år sidan derimot då blei det felt dyr.

Så fekk dei prøve seg som fiskarar, for ein grunneigar i området hadde gjeve dei lov til det, men heller ikkje dette gav resultat. “Det blei reinsdyrkarbonader me hadde med oss som blei løysinga denne gongen,” seier Ane Guro.


Laureen Wakera Mbogoh prøver fiskelykka for første gong. Foto: Ane Guro Moen

Laureen Wakera Mbogoh prøver fiskelykka for første gong. Foto: Ane Guro Moen

Likevel var dette eit opplegg som elevane var svært godt fornøgde med. Dei fekk erfare naturforvaltning i praksis, til dømes at det ikkje berre er å reise ut i naturen og hente heim kjøt og fisk. Dei fekk òg oppleve korleis det er å vera ute i all slags vêr og ikkje minst: Ane Guro legg vekt på at den sosiale sida ved eit slikt opplegg i oppstarten på eit skuleår er svært viktig. Klassa blir sveisa saman på ein annan måte enn gjennom klasseromsundervisninga. “Det at ein søv og har måltida saman ute i naturen, gjer at elevane blir betre kjent med kvarandre, og det er positivt”, seier Ane Guro Moen.


Laureen Wakera Mbogoh og Mumbi Wanyoike Mork Dalen nyter solnedgangen ved Graveide (basecampen). Foto: Ane Guro Moen

Laureen Wakera Mbogoh og Mumbi Wanyoike Mork Dalen nyter solnedgangen ved Graveide (basecampen). Foto: Ane Guro Moen

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Hugs å registrere CWD-prøver på www.settogskutt.no !

Villreinjakta er godt i gang og det same er innsamlinga av CWD-prøver frå felte rein. Frå Hardangervidda hadde Veterinærinstituttet ved månadsskiftet august/september så langt motteke 300 prøver, men berre 187 av desse var då registrert på nettsida www.settogskutt.no.

Dette kan truleg ha opphav i ei mistyding ved informasjonen som blei sendt ut og gitt i møta i forkant av jakta. Det var då sagt at det var tilstrekkeleg å fylle ut merkelappen og sende denne saman med prøvene til Veterinærinstituttet. Det korrekte her skal vera at jegeren beheld merkelappen og sjølv registrerer prøva med strekkode, direkte på nettsida www.settogskutt.no etter at prøva er sendt inn.

Jegerane oppmodast difor no til å fylle ut merkelappen som anvist (for meir info sjå www.villrein.no/cwd) og registrere den innsendte prøva på «sett og skutt» så snart som råd etter postlegging!

Dette er viktig for å så raskt som råd kunne kople jeger og det felte dyret, i tilfelle positivt prøveresultat. I så fall vil veterinærinstituttet raskt ta kontakt med den aktuelle jeger for innhenting av kjøt samt påvising av fellingsstad.


Settogskutt.no

 

villrein.no – Lena Romtveit

 

Presisering frå Nordfjella og Fjellheimen Villreinnemnd ang. saneringsplan for skrantesjuke


Lars Nesse, leiar i Nordfjella og Fjellheimen Villreinnemnd. Foto: Kjell Bitustøyl

Lars Nesse, leiar i Nordfjella og Fjellheimen Villreinnemnd. Foto: Kjell Bitustøyl

Dei siste nyhende-meldingane i media om utspelet frå villreinnemnda i Nordfjella og Fjellheimen vedrørande den såkalla saneringsplanen for Nordfjella sone 1, er svært ”spissformulerte” og einskilde ting er direkte feil i fylgje sekretæren i villreinnemnda Siri Bøthun. For at folk skal få direkte informasjon publiserer me her ein link til brevet som er sendt Landsbruks- og matdepartementet datert 28. august.


Siri Bøthun, sekretær i Villreinnemnda. Foto: privat

Siri Bøthun, sekretær i Villreinnemnda. Foto: privat

Nordfjella og Fjellheimen Villreinnemnd etterlyser eit formelt vedtak med tilvising til lovverk om at denne villreinstamma skal takast ut i sin heilskap. Dei viser til at departementet har bedt om adaptivitet – adaptiv tilnærming til planen – det vil seie at ny kunnskap skal kunne påverke avgjerslene undervegs. Villreinnemnda ber difor om at ”det endelege vedtaket om fullstendig stammeavvikling inneheld ei opning for å endre planane dersom ny kunnskap tilseier at avviklinga likevel ikkje vil kunne føre til eit CWD-fritt villreinområde i framtida”. Med dette meiner dei at ein bør vente på testresultata frå andre villreinområde, Nordfjella sone 2, Hardangervidda m.m.

Villreinnemnda viser til at det i pressa har blitt framstilt som om avgjersla om stammeavvikling er endeleg avgjort. Dei etterlyser òg oppfylgjing av Mattilsynet si stadige understreking av ynsket om samarbeid og god dialog med lokale aktørar. Og dei understrekar at dersom det er rett at Landbruksministeren har fatta eit vedtak som er nedfelt i eit dokument, vil dei gjerne ha tilsendt ein kopi av dette dokumentet.

Les heile brevet her.


Nordfjella sett frå området ved Breistølen

Nordfjella sett frå området ved Breistølen

villrein.no / Kjell Bitustøyl og Ingrid Nerhoel

Informativ animasjonsfilm om skrantesjuke

Hva er skrantesjuke og hvordan smitter sykdommen mellom dyr og fra dyr til naturen? En ny animasjonsfilm fra NINA og Norsk villreinsenter skal få flere til å forstå den dødelige dyresykdommen og hvorfor den er utfordrende å bekjempe.

Det pågår i dag en omfattende prøveinnsamling fra alle felte dyr i Nordfjella villreinområde i et forsøk på å kartlegge sykdommen. Det er også startet egne innsamlingsprogram blant villrein på Hardangervidda og i Forollhogna.

Det er ingen tvil om at jegere og andre har spørsmål om og lurer på hva skrantesjuke egentlig er. Håpet er at denne filmen, som på enklest mulig vis forsøker å forklare hva denne alvorlige sykdommen er og hvordan den smitter, kan svare på noen av disse.

Se filmen øverst i denne saken eller klik her: Skrantesjuke – hva er det og hvordan smitter det?

villrein.no – Anders Mossing

Sperregjerdet over Hemsedalsfjellet tek form


Sperregjerdet over Hemsedalsfjellet er no ferdig fram til Eldrevatn. Foto: Kjell Bitustøyl

Det planlagt sperregjerdet over Hemsedalsfjellet mellom Nordfjella villreinområde sone 1 og tamreinområdet til Filefjell reinlag er no snart ferdig bygd. Petter Braaten, seniorrådgjevar i SNO og operativ leiar for gjennomføringa av saneringsplanen, seier i eit intervju at i løpet av ei til to veker skal ein vera ferdige med gjerdet på heile strekninga.

Som ein del av arbeidet med å avgrense smittefaren i høve til skrantesjuke blir det i desse dagar bygd eit sperregjerde over Hemsedalsfjellet. Dette gjerdet skal forhindre at villrein frå Nordfjella sone 1 kjem over på feil side av grensa, og vice versa; forhindre at tamrein frå Filefjell kjem over i villreinterrenget. Gjerdet er no ferdig bygd frå vestsida og fram til Eldrevatn. Starten på gjerdet er nedi dalen ca. 2 km vest for Breistølen Fjellstue. Gjerdet ligg på vestsida av vegen. Petter Braaten seier at det no står berre att to skar på Hemsedalssida som skal sperrast med dette reinsgjerdet, Stongeskaret og Bjøbergskaret. Dette arbeidet reknar ein med å vera ferdige med innan ei til to veker. Vidare nedover på Hemsedalssida forbi Bjøberg er det liten fare for at reinen kryssar, difor er det ikkje planlagt noko gjerde i dette området i fylgje Braaten. Det er eit firma frå Karasjok frå tamreinnæringa der som står for sjølve bygginga av gjerdet. Og Petter Braaten er imponert over innsatsen dei har lagt ned. “Dei som byggjer gjerdet har strenge restriksjonar på bruk av klede o.l. Arbeidarane er svært opptekne av at denne smitten ikkje skal spreiast til andre område”, seier Braaten. Han fortel òg at det i desse dagar er synfaring på eit tilsvarande gjerde mellom Nordfjella sone 1 og sone 2, her er planen at det skal opp eit gjerde over tunnellen ved Geiterygghytta, samt i området nord for Vestredalstjørna.


Fjellgarden Bjøberg med Stongeskaret bak, her skal det opp eit sperregjerde. Foto: Kjell Bitustøyl

Stolpar til inndrivingsgjerdet
Det skal i haust òg setjast opp stolpar til leidegjerde til eit inndrivingsanlegg. Dette skal liggje på sognesida av fjellet, inni dalen ned frå Øljusjøen mot Eldrevatn. 9 km leidegjerde skal opp her. Braaten seier at ein er avhengig av fleire faktorar for at dette skal lykkast: Ein lyt ha med ekspertise frå tamreinnæringa, vêret må vera godt, og ein er òg avhengig av ein god del snø. Og sperregjerdet som snart er ferdig bygd, er òg ein viktig føresetnad for at inndriving kan gjennomførast. “Dette vil gjera arbeidet med inndriving mogleg, utan sperregjerdet hadde ein ikkje våga å satse på inndriving på denne måten”, seier Braaten. Han viser til at planen er å “temje” reinen i 2-3 veker, og så i fyrste omgang drive inn ein flokk på 150-200 dyr.


Petter Braaten, seniorrådgjevar i SNO og operativ leiar for gjennomføring av saneringsplanen for Nordfjella sone 1. Foto: Kjell Bitustøyl

Petter Braaten, seniorrådgjevar i SNO og operativ leiar for gjennomføring av saneringsplanen for Nordfjella sone 1. Foto: Kjell Bitustøyl

Reduksjon av hjorte- og elgstamma
Braaten kan òg fortelje om endå eit tiltak: Mattilsynet har bedt kommunane som ligg rundt Nordfjella om å gjennomføre ein reduksjon av hjorte- og elgstamma i haust. Dette også for å reduserer smittefaren. Han presiserer at alle desse tiltaka er gjort for at ein skal vera mest mogleg føre var og gjera så mykje det er råd å gjera for å hindre at denne sjukdommen spreier seg. “Ein viktig del av arbeidet er òg å informere publikum om kva som skjer, det handlar om å få folk til å ta inn kunnskapen, og dette er noko som tek tid”, avsluttar han.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Skrantesjukekartlegging i Ulvik


Prøveinnsamlingsregimet justeres i tråd med nye erfaringer. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Prøveinnsamlingsregimet justeres i tråd med nye erfaringer. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Villreinjegere i Ulvik kommune bes nå om å levere hele hoder av alle felte dyr. Dette gjelder både på Hardangervidda og i Nordfjella.

Opprinnelig plan var at jegerne skulle ta hjerne- og møkkprøve selv. Med bakgrunn i påvisning av skrantesjuke i lymfeprøve på to nye dyr i Nordfjella, bes jegerne i Ulvik kommune nå om å levere hele hoder istedenfor.

Dyr i Nordfjellas sone 2 bruker med jevne mellomrom områder sør for Bergensbanen. Disse områdene ligger administrativt under Hardangervidda. Gjennom det nye innsamlingsregimet håper man å få et mest mulig optimalt bilde på eventuell forekomst i disse områdene.

Jegerne bes om å levere hodet og møkkprøven i store blå kasser utplassert på Finse og Hallingskeid. Merk hodet og møkkprøven med merkelapp, og legg i plastsekk du finner ved kassene. Legg ved utfylt merkelapp, også den delen som skal festes til hjerneprøven. Ta av klistrelappen «Beholdes av innsender» for å senere finne svar på prøven. Registrer dyret på settogskutt.no. Ta eventuelt bilde av merkelappen dersom du må registrere på settogskutt.no senere. Send melding til Erling Nesbø (tlf 957 65 777) når hodet er levert. Han frakter det til prøvetaking. Alle jegere som har kjøpt kort i Ulvik får en sms om endringen. Mer info om kartleggingen på www.nina.no/cwd. Christer Moe Rolandsen er CWD-prosjektleder i Norsk institutt for naturforskning. Ta kontakt med han på tlf 416 13 266 om du har spørsmål.

villrein.no – Anders Mossing

Prøvetakingsutstyr på Hardangervidda


Prøvesettene på Hardangervidda inneholder nødvendig utstyr for korrekt prøvetaking. Foto: Knut Nylend

Prøvesettene på Hardangervidda inneholder nødvendig utstyr for korrekt prøvetaking. Foto: Knut Nylend

Etter påvisning av skrantesjuke i Nordfjella er det høsten 2017 satt i gang et omfattende prøveinnsamlingsregime i flere andre villreinområder. Hardangervidda er et av disse områdene. Trenger du flere prøvesett, så er dette tilgjengelig en rekke steder.

Villreinjegerne på Hardangervidda skal høsten 2017 ta skrantesjukeprøver fra alle felte villrein 1,5 år og eldre (ikke kalv). Det er delt ut 4.200 prøvesett fordelt på 6.000 kontrollkort. Dette medfører at noen jegere kan mangle prøvesett i løpet av jakta.

Jegere som trenger ekstra prøvesett kan få dette på følgende steder:

  • Oppsynssentralen Skinnarbu – tlf. 815 32 450 (kl. 08.00 – 19.00)
  • Villreinnemnda for Hardangervidda – Utmarkssenteret Rødberg. mh@noreuvdal.no
  • Kalhovd
  • Tinnhølen – fjellstyrehytta
  • Airlift – Kinsarvik
  • Fonnafly – Haukelister
  • Fjellfly – Songadammen

Jegerne oppfordres til å dele på prøvesett i fjellet dersom noen mangler prøvesett og har felt dyr. Det er viktig å prioritere prøvetaking av allerede felte dyr, ikke de som skal felles.

Lurer du på hvordan prøvene skal tas, les mer her.

villrein.no – Anders Mossing

Mistanke om to nye skrantesjuketilfeller


Villrein med skrantesjuke. Illustrasjonsfoto: Lars Nesse

Villrein med skrantesjuke. Illustrasjonsfoto: Lars Nesse

Mattilsynet har i dag publisert en nyhetssak der de omtaler to nye mulige skrantesjuketilfeller. Begge dyrene er felt under den ordinære jakta som startet 10. august.

Det er et omfattende regime for prøveinnsamling i forbindelse med årets reinsjakt i Nordfjella. Sålangt er det felt rundt 150 dyr, og alle dyrene er testet eller testes i skrivende stund. Av disse er det nå altså mistanke om to nye positive tilfeller. Diagnosen forventes å bli endelig bekreftet i løpet av få dager.

Les mer her: Mistanke om to nye tilfeller av skrantesjuke i Nordfjella.

Les mer om prøveinnsamling i forbindelse med villreinjakt her.

villrein.no – Anders Mossing