Arkiv - nettsaker fra gamle villrein.no

NVS søkjer etter ny nettredaktør/innhaldsprodusent – 100 % stilling

NVS søkjer etter ny nettredaktør/innhaldsprodusent - 100 % stilling

Publisert: 9.12.2021

Vil du vere med på å utvikle Norsk villreinsenters digitale formidling, med base på Skinnarbu eller på Hjerkinn?

Villreinkalv fotografert i Bordalen, Hardangervidda Foto: Kjell Bitustøyl

Stiftinga Norsk villreinsenter (NVS) blei oppretta i 2006 og har ei nøkkelrolle i arbeidet for å sikre villreinstammene og villreinområdene i Noreg.. Villreinen er ein viktig del av natur- og kulturarven vår, og Noreg har et særskilt ansvar for å sikre framtida for Europas siste villreinstammer og deira leveområde. Stiftinga Norsk villreinsenter har to driftseiningar, ei på Skinnarbu (NVS Sør) og ei på Hjerkinn (NVS Nord).

NVS digitale formidling har i fleire år omfatta nettstaden villrein.no og dei siste åra òg arbeid med Instagram og Facebook (Norsk villreinsenter).

Me ynskjer å styrke dette arbeidet ved å jobbe enda meir målretta med naturrettleiing gjennom nemnde kanalar, samt at me er opne for å utforske andre plattformer. Målet er å formidle kunnskap på ein lettfatteleg og personleg måte, noko som kan bidra til at flest mogleg ynskjer ta vare på villreinen og leveområda til villreinen. Det vil være helt essensielt at ein nettredaktør/innhaldsprodusent har evne til å sjå dei ulike plattformene i samanheng, og produsere målretta, kanaltilpassa og variert innhald.

NVS Nord på Hjerkinn ligg midt mellom dei store verneområda på Dovrefjell. Senteret er eitt av dei største forvaltningsknutepunkta i landet og husar i dag dagleg leiar, to fagkonsulentar, to naturrettleiarar og ein informasjonsrådgjevar, alle jobbar for Norsk villreinsenter. Kontorfellesskapet inkluderer òg nasjonalparkforvaltarar for Dovrefjell og Rondane-Dovre, Statens naturoppsyn, Pilegrimssenter Dovrefjell, Dovre fjellstyre, Folldal fjellstyre og Statens vegvesen. Norsk villreinsenters publikumsdel, “Besøkssenter villrein” ligg òg her. Besøkssenteret består i dag av viewpoint SNØHETTA (etablert i 2011) og Portalen med tilhøyrande uteområde.

NVS Sør på Skinnarbu ligg mellom Rjukan og Rauland, på fjellet med utsikt til Hardangervidda, Gaustatoppen og Brattefjell-Vindeggen. Her består staben av dagleg leiar, fire fagkonsulentar, ein naturrettleiar, samt innleigd nettredaktør. Kontorfellesskapet inkluderer også Statens naturoppsyn, verneområdeforvaltar og sekretær for villreinnemnda for Hardangerviddaområda. Totalt 11 personer i tillegg til tilsette ved Hardangervidda nasjonalparksenter.

Om stillinga:

Vår nye medarbeidar i 100 % stilling vil få hovudansvar for å revitalisere nettsida vår villrein.no, produsere innhald og drifte denne sida som nettredaktør. Du vil òg få eit hovudansvar for drift og vidareutvikling av NVS` kanalar i sosiale medier.

 Me søkjer deg som:

·       Kan informasjonsarbeid og er kreativ i formidlingsarbeidet

·       Har erfaring med innhaldsproduksjon for sosiale medier (Facebook og Instagram)

·       Har journalistisk erfaring

·       Har god digital forståing, meistrar relevant programvare og raskt kan sette deg inn i nye tekniske løysingar

·       Har god skriftlig formidlingsevne

·       God analytisk evne

·       Har interesse for villrein, natur- og verneområde

·       Kan bruke foto og video i formidlingsarbeidet

·       Har gode samarbeidsevne og kan jobbe godt både sjølvstendig og i team

·       Har formell kompetanse innan informasjonsarbeid. Det er også ynskjeleg, men ikkje eit krav, til formell kompetanse innan biologi/naturforvaltning og/eller kulturminne/kulturminneforvaltning

·       Skriv og snakker godt norsk og engelsk, og meistrar gjerne andre språk

·       Har førerkort og ynskjer å jobbe fra Hjerkinn eller Skinnarbu

Me tilbyr:

·       Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver

·       Kreativt, fagleg sterkt og triveleg arbeidsmiljø

·       Høg grad av sjølvstende i gjennomføring av arbeidsoppgåver

·       Lønns- og pensjonsvilkår etter avtale

·       Kontorplass ved NVS enten på Skinnarbu eller på Hjerkinn

Med omsyn til lokalisering må du i søknaden skrive om du ynskjer kontorstad Skinnarbu eller Hjerkinn.

Ynskjeleg oppstart: snarast mogleg.

Søknadsfrist: 31. desember 2021.

Kontakt

dagleg leiar ved NVS Nord, Raymond Sørensen (91 62 37 15) eller

dagleg leiar ved NVS Sør, Peter Köller (95 30 06 40) ved spørsmål.

Meir info om Norsk Villreinsenter på  www.villrein.no

Søknad med CV og tre referansar sendast til: post@villrein.no         

Ny bok om rein og reindrift i sørsamiske område

Ny bok om rein og reindrift i sørsamiske område

Publisert: 7.12.2021

Forfattar Nils Roger Duna frå Namsos står bak ei ny bok «Sørsamisk reindrift gjennom ett år». Dette er ei bok som i tillegg til å omhandle sørsamane og tamreinen i historisk perspektiv og i geografisk utbreiing, også inneheld fleire passasjar som er relevante for dei som er opptekne av villrein og villreinens ve og vel

Illustrasjon henta frå boka.

 

 

Villreinstammer – forvilla tamrein

Tek ein for seg dei ulike villreinområda i Noreg og historia til reinen i desse områda, vil ein i svært mange tilfelle støyte på villreinstammer som heilt eller delvis er bygd opp av forvilla tamrein, det er nok å nemne Forollhogna, Reinheimen, Norefjell og Setesdal Austhei. Villreinområde med «blandingsrein» er slike som Nordfjella, Hardangervidda og Setesdal Vesthei, for å nemne dei største områda. Felles for alle desse er at utan unntak er dette tamrein frå sørsamiske område, mest frå norsk side, men òg ein del frå svensk side. Dette i seg sjølv kan vera ein grunn til å lese boka, for alle dei sørsamiske områda i Noreg der tamreinen kom frå, er omtalt i denne boka.

Nils Roger Duna gav i 2020 ut boka «Samer og reindrift ved Namsenfjorden». Der handlar det om reindrifta meir lokalt i dette området, medan forfattaren i denne nye boka har teke steget heilt ut og har omtale av heile det norske sørsamiske området, og litt frå Sverige. Mange aspekt ved denne særprega kulturen er med, oppdatert til stoda i dag med blant anna Sannhets- og forsoningkommisjon og profilerte nolevande samiske kunstnarar og kulturpersonlegdomar.

Grundig omtale av sjølve reinsdyret

Me får ein gjennomgang av alle reinbeiteområda og mest relevant for oss: grundig omtale av sjølve reinsdyret og kva som særpregar reinen: levemåte, biologi, beitetilgang, sjukdom, pluss eit aktuelt tema som opptek både villreinfolk og tamreinfolk: tap av areal og konsekvensane av klimaendringar. Ei så langt svært stor utfordring for samisk tamreindrift er òg den pågåande vindkraft-utbygginga som har lagt beslag på store areal. Og sjølv om villreinområda stort sett er skåna frå dette så langt, kan ein heller ikkje her vera sikker på kva framtida vil bringe med seg.

Fleire parallellar mellom vill og tam rein

Ein del generelt stoff om sjølve reinsdyret vil vera kjent frå før, likevel er det ein heil del å hente her, til døme slikt som forskjell/likskap mellom tam og vill rein, reinens diett, om rein og reindriftas arealbehov – for eksempel krav til gode kalvingsplassar, i denne perioden treng kanskje tamreinen like godt vern som villreinen. Vidare må òg nemnast at rovdyr kan vera svært krevjande for dei som driv med tamrein, men også her er det tangerande utfordringar med villreinen, særleg bestanden av ørn med tanke på kalvetap. Gode råd om korleis ein skal oppføre seg i nærleiken av ein reinsflokk kan òg vera verdt å ta meg seg. Nok ein gong klare parallellar mellom tamrein og villrein, sjølv om tamreinen toler meir av menneskeleg aktivitet. Eit poeng her er omgrepa fryktavstand og fluktavstand.

Tittelen på boka er henta frå eit eige kapittel som tek for seg reindrifta gjennom dei åtte årstidene: vårvinter, vår, vårsommar, sommar, haustsommar, haust, haustvinter og vinter.

Framtida

Eit punkt verdt å nemne er at like viktig som reinen har vore for sørsamane tilbake til tida der også dei var fangstfolk og jakta på rein, er reinsdyret i dag: «..uten reindriften hadde sørsamene, deres språk og kultur trolig vært utdødd». Dette blir kopla saman med eit framtidsperspektiv som handlar om at dersom storsamfunnet held fram med å byggje ned beite- og bruksområde for tamreinen, blir det av einskilde spådd at reindrifta vil vera borte om 50 år. Dette verkar til å vera ei kjent problemstilling. Dette gjer òg denne boka viktig, for i dette perspektivet er tamrein og villrein langt på veg «i same båt».

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Villreinjakt på Møsstrond

Villreinjakt på Møsstrond

Publisert: 1.12.2021

I 1973 kom ei magisteravhandling i folkelivsgransking skriven av Turid Taksdal Fundlid, ”Rundt Møsvatn”, om Møsstrond, denne veglause fjellbygda oppunder Hardangervidda. I denne avhandlinga finn me blant anna stoff om tidlegare tiders villreinjakt i denne fjellbygda, bygd på intervju med folk som no er borte. Det fylgjande er henta frå denne avhandlinga.

Dyrejakt på Argehovd, Åsmund Løvås d.e. t.v. Foto utlånt av Åsmund Løvås.

Eit kjenneteikn ved Møsstrond er at det har vore eit typisk sjølvforsyningssamfunn, dette handlar sjølvsagt òg om å hauste av villreinstamma. Det heiter i boka at på Møsstrond, som elles i bygdene rundt Hardangervidda, har folk henta seg kjøt i fjellet når dei trong det. Ein som blei intervjua, sa det slik: «Dyrejakta har betydd mykje, ikkje til sal, men det har vore vanleg å hente dyr i fjellet når ein blei kjøtlaus.»

Også etter jaktloven av 1899, som avgrensa jaktrettane til å gjelde grunneigarar, heiter det at «i praksis omfatta den (lova) ikkje dyrejakti». Til det var brotet med eldgamle lover og sedvanar for sterkt. Dette kom blant anna fram fleire gonger i vitneprova for Høgfjellskommisjonen. Men medan jakt på rein stilltiande blei godteke, har slik jakt på rådyr og elg meir vore sett på som verkelege lovbrot. Når det gjeld villreinjakta som oftast har handla om å «ta seg eit matdyr», har det likevel vore ei uskriven lov at ein skulle fara fint og ikkje skjote meir enn ein trong og heller ikkje selje kjøt av dyr som var skotne utanom jakttida.

Villreinflokk i Hyttenuten, opp for Mogen turisthytte. Foto: Kjell Bitustøyl
Folkevandringstid: 95 % av knoklane var frå reinsdyr

At dyrejakt har vore viktig for dei fyrste som slo seg ned her, er grundig dokumentert blant anna av dei arkeologiske utgravingane ved Mogen. Ein analyse av innhaldet i ei utgraven tuft der frå rundt folkevandringstid, viser at 95 % av knoklane skreiv seg frå reinsdyr, og berre 3 % frå tamdyr. Elles finn ein dyregraver og bogastille rundt i fjella her, som så mange andre stadar. I den samanheng får me greie på at det var ikkje så mange dyregraver pr. gard, éin gard hadde til dømes berre éi dyregrav.

Børsene

Møsstrendingane var elles tidlege med å skaffe seg børser. Taksdal Fundlid skriv at ein reknar med at skjotevåpen har vore vanlege på Møsstrond i alle fall i frå tidleg på 1700-talet. Og det blir fortalt om ein kar, ein møsstrending, som fekk seg Remingtonrifle i 1872, ein typen våpen som kom til landet i 1867. Det heiter elles at dyrejakta har gjenge føre seg om hausten, i september og oktober. Ein ser òg at det blei drive noko jakt om vinteren, men då i andre trakter enn om hausten. Det heiter elles frå ein heimelsmann at dyra var feitast midt på vinteren. Og jegerane drog dit det var dyr, utan omsyn kven som åtte grunnen.

Medan nokon fortel at det beste var å vera åleine på jakt, var likevel det vanlegaste at ein var to eller fleire på villreinjakt. Om berre den eine fekk dyr, var det praksis somme stadar på Møsstrond at då dela dei kjøtet. Taksdal Fundlid skriv: «Dette er vel helst utslag av grannehjelp i eit sjølvbergingssamfunn, men ein kan òg undrast på om det ikkje kan vera restar av ein eldgamal jegerkultur.»

Eivind Lien, mangeårig styrar av Mogen turishytte, har skote ein rein og er i ferd med å gjera opp dyret. Foto utlånt av Rauland lokalhistoriske arkiv.
Partering, fletting og bruk av kjøtet Kva gjorde ein når ein hadde skote eit dyr langt inne i fjellet? Sjølvsagt var det fletting og partering som no. Og om dei hadde skote meir enn dei greidde å bera med seg, var det vanleg å urde ned kjøtet, ein metode som nok framleis er i bruk somme stadar. Det galdt å finne ei stad der det var lite sol, altså best i ei «bakhadd», det skulle vera luftig nedantil. Så måtte bruke små steinar for jerven når ein lesste ned kjøtet, dette fordi jerven lempa vekk få store steinar, medan om det var mange små steinar, gjekk han lei og rusla sin veg. Før i tida var det vanleg å salte dyrekjøtet og let det stå i lake ein månads tid. Så blei det hengd opp til tørk, utan å røykje det. Ei tid var det vanleg å hermetisere kjøt, då la ein det rått på glas og let det koke i fire timar. 

Einar Vågen med ein reinskinnspose frå Møsstrond, det var ofte nekkeskinn (kalveskinn) som blei bruka til dette. Foto: Kjell Bitustøyl

 

Reinsdyrskinn

Reinsdyrskinna blei både selde og bruka heime til ulike føremål. Blant anna høyrer ein om frå eit skifte frå 1784 at reinshud var oppført under sengeklede. Medan Wille (1786) skriv at reinskinn blei bruka til underdyner. Og i jaktbuene var det som regel dyrehuder til å liggje på. Desse blei ikkje barka, ein skrapa berre av «kjøtska» og tørka skinna. Av fitine (skinnet på føtene) blei det laga hudsko. Desse blei av somme kalla for finnsko.

Dyrejakta var «uvissa»

Ein spesiell periode på Møsstrond var då store eigedomar, det vil seie mange av gardane, hamna på utanbygds hender. Dette var mot slutten av 1800-talet, og noko inn på 1900-talet. Då handla det om råderett over veidemarker, og dette saman med skiftande viltmengder og vêrtilhøve, førte til at utbyttet av jakt og fangst svinga mykje. Ein av heimelsmennene til Taksdal Fundlid kalla dyrejakta for «uvissa». Det var rypejakta som fyrst og fremst kasta av seg, og når nokon skulle opplyse om kva yrke dei hadde, er det «rypefanger» som stundom dukkar opp i folketeljingane. Og fisket sjølvsagt, det var langt meir stabilt enn noko form for jakt.

Jakt og fangst har vore viktig

Når det gjeld villreinjakt, nemner Taksdal Fundlid at fleire av dei som kjøpte att gardar av kommunen etter 1917, sette bort jakta på åremål, og at dei som sit på jakta då denne avhandlinga blei til, dvs. slutten av 1960-talet, byrjinga av 1970-talet, har leigd bort jakta for ein viss sum pr. jaktløyve, eit velkjent system.  Taksdal Fundlid konkluderer med at alt i alt har jakt og fangst spela ei viktig rolle for levemåten på Møsstrond: «Ved sida av at folk som regel skaffa seg det kjøtet dei trong, attåt kjøtet frå husdyra, har dei i gode år hatt viltvarer til sal.»

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Villreinen på raudlista!

Villreinen på raudlista!

Publisert: 24.11.2021

Raudlista for norske artar blei lagt fram i dag. Og no er villreinen hamna på denne lista. Kva skal til for å hamne på denne lista, og kvifor har villreinen enda opp her? 

Foto: Kjell Bitustøyl

Villreinen har kome på Artsdatabankens raudliste for 2021 under kategorien NT, dvs. nær truga. Grunnen er reduksjon i storleiken på bestandane, liten populasjonsstorleik og ein pågåande nedgang. Ekspertisen skriv bl.a. fylgjande om raudlistinga: “Opprinnelig fantes villreinen sannsynligvis i fjellområdene i hele landet, men som følge av utstrakt jakt og fangst fantes villreinen ved slutten av attenhundretallet kun i de mest sentrale delene av Langfjella og Dovre/Rondane-regionen. Villreinen er kategorisert som VU etter kriterium etter A2(a) på den globale rødlisten på grunn av observert 40% nedgang i populasjonsstørrelse over tre generasjoner innenfor det globale utbredelsesområdet.”

Summen av dei estimerte vinterstammene i alle villreinområda i Noreg var på ca 32 000 dyr før avskyting i Nordfjella. Det heiter vidare at villreinens leveområde er under press på grunn av samfunnets arealbruk og menneskeleg ferdsel i og omkring fjellområda. Vidare at villreinen på grunn av bit-for-bit utbygging av hytter og infrastruktur som jernbane, vegar og vasskraftverk ikkje lenger kan fylgje dei tradisjonelle trekkvegane og difor no er delt inn i 24 så godt som isolerte forvaltingsområde.

Ekspertane nemner òg skrantesjuken som blei påvist i Noreg for fyrste gong i 2016. Oppsummert er villreinen blitt raudlista etter fleire kriteriar og endringa frå 2015 – LC=livskraftig, til 2021 – NT=nær truga, kjem på grunn av populasjonsendring.

Ein omfattande bakgrunnsartikkel er å finne finne på artsdatabanken .

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Reinbeiteovervaking – 3D skanning, fjernmålingsbasert kartlegging og bakkeskanning

Reinbeiteovervaking – 3D skanning, fjernmålingsbasert kartlegging og bakkeskanning

Publisert: 22.11.2021

I 2008 blei det arrangert eit seminar på Norsk villreinsenter sør om «Fjernmålingsbasert kartlegging for overvåking av reinbeiter og fjellvegetasjon». Sidan den gong har det runne mykje vatn i havet, og ikkje minst: ny teknologi har opna opp for nye metodar. Me har gjort ein intervjurunde med nokre av dei som er involvert i temaet.

Kolle med rikt lavbeite. Fra kartlegginga i Nordfjella. Foto: Leif Kastdalen

Anders Mossing, fagkonsulent ved Norsk villreinsenter sør (NVS), deltok på nemnde seminar og var òg med å skrive rapporten frå 2008I høve til temaet stiller han fylgjande spørsmål: Kva er det me vil fortelje med slike typar beiteundersøkingar? Svaret er: Det handlar om å undersøkje kvalitet og volum på beita som finst, og det handlar om å kartleggje og dokumenter dei endringane me ser over tid, ofte knytt til klimaproblematikk, men òg til svingingar i reinbestandane. Til det siste kan sjølvsagt føyast til at nedbeiting av lavmatter og vinterbeiteproblematikk var eit tema innafor villreinforskinga lenge før dagens teknologi kom i bruk.

I 2008 skriv ein at bruken av fjernmålingsdata til kartlegging av areal er inne i ei rask utvikling, noko som er særs relevant for villreinforvaltninga. Og hovudmålet for seminaret i 2008 var å samle fagfolk og prøve å koma fram til eigna metodar og eventuelle samarbeidspartnarar for å få til meir permanente overvakingsprogram basert på fjernmåling.

Professor ved USN Jan Heggenes
Tråkkskader på beite Trass i at dette er mange år sidan, har ein enno ikkje fått meir permanente overvakingsprogram basert på fjernmåling. Men mykje har likevel skjedd. Kvalitetsnorm 2 omhandlar dette temaet. Og for tida er det to doktorgradsstudentar, Leif Kastdalen og Marijanne Holtan, ved Universitetet i Sør-Øst Norge (USN) som driv med kartlegging av beiteforholda til villreinen, litt på kvar sin måte og med ulike metodar. Han som samordnar dette og har det overordna blikket, er professor Jan Heggenes ved USN. Saman med to andre forskarar ved USN, Dag K. Bjerketvedt og Arvid Odland, har Heggenes blant anna drive med kartlegging av lavmatter på snøfattige rabbar. Eit tema har vore tråkkeffekt og spill i slike lavmatter. I dette arbeidet har dei blant anna nytta 3D-laserskanning for å rekne ut endringar i volum, altså eit forsøk på å kvantifisere effekten av at reinsdyra trør i «maten». Slikt tap viser seg å kunne vere vesentleg. Men ein særs viktig variabel her er kor fuktige slike lavmatter er med tanke på om lavet reiser seg att etter tråkk, eller om lavet går «til spille». Det skal ikkje mykje fuktigheit til før tapet blir sterkt redusert eller borte. Ein interessant detalj verdt å nemne er at om volumtapet er stort, skjer det at det i botnen av slike «klauvavtrykk» i lavet vil liggje att små lavfragment. Desse kan bli spreidd med vinden og med det bli opphav til spreiing av lav. Eit anna moment som Jan Heggenes er inne på i ei samtale, er dette med at forstyrring kan vera éin grunn til at reinen trør ned beitet. Vidare lesing: Heggenes_et_al-2017-Ecology_and_Evolution

Leif Kastdalen Foto: Randi Storaas

Fjernanalyse av beitetilhøve – nye metodar

Leif Kastdalen er den eine av dei to nemnde doktorgradsstudentane. Han har over tid arbeidd med temaet fjernanalyse av beite basert på fly- og satellitt foto. Å analysere detaljerte flyfoto over store fjellområde krev mykje datakraft. Til dømes utgjer eit samansett bilete berre av Hardangervidda ein datamengd på meir enn 2,5 Tb, og slike datamengder kan ikkje analyserast på egne datamaskinar. For å få bearbeidd flyfoto over villreinområda i sør drog Kastdalen heilt til Australia for nokre år sidan. Der fekk han frå meir enn 12 000 enkeltfoto laga nokre få samanhengande fotomosaikkar til ein oppløysing på 25 cm.

Det utsnittet viser områda der ein fekk tilrettelagt flyfoto i Australia. For dette området har ein no bilete frå flyfoto i 25 cm oppløysing som er tilrettelagt slik at dei kan analyserast på same måte som for satellittdata.

Kastdalen arbeider no mest med Hardangervidda. Det handlar om å kjenne att kva som finst på bakken gjennom fly- og satellittfoto, slik at vegetasjon i store fjellområder kan kartleggast ned til ein meter eller betre. Den nye teknologien gjer det mogleg å kjenne att lavbeite, fylgje med på tidspunkt for snøsmelting, og med det kva plantesamfunn som smeltar fram. Spesielt interessant med tanke på klimaendringane er, på detaljert nivå, å kunne rekne ut tidspunkt for snøsmelting, ein av dei viktigaste faktorar som avgjer kva planter som kan vekse på ein gjeven stad. Noko anna er måling av beiteressursar, som til dømes lavbeite. Ved opptak gjennom snøsmeltingsperioden frå dei nyaste satellittane, som fotograferer med ein detaljrikdom heilt ned til ei oppløysing på 30 cm, jobbar Kastdalen med å utvikle ein modell der snøsmeltingstidspunkt for eit areal på 1×1 meter kan bli berekna utifrå nedbør og temperatur.

Kastdalen nyttar seg òg av eldre satellittfoto. Heilt sidan 1985 har Noreg blitt fotografert med satellittar, og når ein sett desse saman til ein tidsserie, kan det fortelje mykje om dei endringar i vegetasjonen som har skjedd dei siste 35 åra, og ved koplingar til nedbør og temperatur kan ein lage ulike framtidsscenario.

Marijanne Holtan

Den andre doktorgradsstipendiaten Marijanne Holtan har lenge vore interessert i økologi og natur, og reinsdyret som ein kulturberar for oss nordmenn spesielt. Hennar doktorgradsarbeid dreier seg rundt tolking av kva villreinen et utifrå det ein kan sjå av video-opptak gjort av dyra sjølve. Dette er i nært samarbeid med Norsk Institutt for Naturforskning. Nokre av dei villreinområda ho konsentrerer seg om er Setesdal Austhei og Brattefjell-Vindeggen. Desse områda er ikkje tilfeldig valt etter som reinen i båe desse områda trekkjer ned i skogen for å beite. Og kva beiter villreinen på i eit skogområde? Dei to områda er også ulike med omsyn til  lavressursar. Det er lite lav til vinterbeite i Setedal Austhei, men dyra synes likevel greie seg godt. Korleis?

Marijanne Holtan Foto: Kjell Bitustøyl

Holtan har Jan Heggenes som hovud-rettleiar og villreinforskar Olav Strand (NINA) som ekstern rettleiar i denne delen av doktorgradsarbeidet. Dei eldste videoopptaka Holtan nyttar er frå 2012, dei nyaste er frå 2020. Det er svært mange timar med film å gå gjennom, og dette har teke mykje av tida hennar i dette doktorgradsarbeidet. Ho har no med seg ein masterstudent (Leah Bjørkmo Gjerdin) til gjennomgangen av det nyaste materialet, noko som har gjort arbeidet lettare.

Men kva leitar ho etter? Det handlar om beiteplanter og vegetasjonstypar, både i bjørkeskog og på snaue rabbar. Holtan fortel at det er fyrste gong slike studiar blir gjort i skog når det gjeld villreinforskinga i Noreg. Arbeidet hennar skal inn i ein større samanheng der det handlar om estimering og overvaking av beite og tilgjengelege ressursar i dei ulike vegetasjonsområda. I høve til Leif Kastdalen sitt prosjekt ser ho for seg at materialet ho samlar inn kan tolkast inn i liknande resultat basert på fjernmåling gjennom nye høg-oppløyselege satellittfoto. GPS-posisjonar og gjevne tidspunkt vil gjere det mogleg å samanlikne data og få eit meir fullstendig bilete på kva for vegetasjonstypar som er spesielt viktige for beiting og kva den faktisk beiter på i desse områda.

Simle på besøk i “lav-kafeteriaen”. Foto: Marijanne Holtan

Ei anna prosjekt ved Holtan sitt arbeide, er beite-undersøkelsar på semi-domestisert rein i Finland. Dette skjer i samarbeid med professor Øystein Holand ved NMBU og forskar Jouko Kumpula ved Institutt for Naturressursar i Finland. Saman med ein annan masterstudent (Kristian Kvaalen Herregården), drog dei til Nord-Finland og eit forskingssenter for reinsdyr for undersøkje kva reinsdyra prefererte av ulike lavtypar. Dette blei gjort gjennom ein metode dei kallar «kafeteria-forsøk». Enkelt sagt handlar dette om at ein mindre reinflokk, med 26 simler, i ei innhegning fekk «tilbod» om litt forskjellige lavtypar servert side om side. Så var det opp til forskarane å studere kva dyra valde, kva dei lika best. Dei hadde gjort denne avgrensinga, altså lav som vinterbeite for reinsdyra.

Eitt av spørsmåla Marianne Holtan stiller seg er òg kva reinsdyra beiter på i område der det ikkje er så mykje lav? Ved hjelp av denne nye teknologien, både videofilm gjort av dyra sjølve og fjernmåling gjennom satellittfoto, håpar ho at ein kan kome nærare eit svar på dette spørsmålet. Som hjå Leif Kastdalen handlar det hjå Holtan også om modellar for klimaendringar. Ho fortel at ein fryktar at lav, med eit varmare klima, vil tape for andre vekstar. Eit anna scenario er det som kan skje ved nedising av beite, noko som har vore kjent over tid, men noko som kanskje vil bli eit hyppigare fenomen med eit varmare og meir skiftande klima.

Avslutningsvis kan nemnast at Anders Mossing ved Norsk villreinsenter var inne på tanken at kanskje tida no er inne for å samle fagmiljøa på nytt til eit felles seminar når det gjeld dette med beitekartlegging, dette ikkje minst med tanke på den rivande teknologiske utviklinga på dette feltet som me har vore vitne til i dei seinare åra.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Oppsiktsvekkande og samanfallande forskingsresultat på villrein i Knutshø

Oppsiktsvekkande og samanfallande forskingsresultat på villrein i Knutshø

Publisert: 11.11.2021

Høgfjellet er fostringsplass for mange artar, mellom anna villrein og sau. Knutshø, som ligg mellom Oppdal, Folldal og Tynset kommunar, har gjennom årtusenar vore leveområde for villreinen, og etter kvart også sauen. Men dei siste åra har det vore observert ei endring i kalvetilveksten hjå villrein. Det er også sett mager rein, og statistikken viser at kalvetala er nesten halvert frå midt på 1980-talet til 2019, samanlikna med til dømes villrein i Snøhetta-området.

Mager rein i Knutshø, slik vi ikkje vil sjå han, og ein av grunnane til at forskingsprosjektet vart sett i gang », seier Bjørnar Ytrehus. FOTO: Ingolf Røtvei 2007 – Oppdal Bygdeallmenning

Ein ser at villreinstammen i området har redusert funksjon, seier Bjørnar Ytrehusforskar ved Veterinærfakultet ved Sveriges Lantbruksuniversitet. Han seier òg at villreinen i Noreg i sum blir påverka av mange ytre faktorar, som til dømes fragmentering av leveområda, stress som følgje av forstyrringar, inngrep i naturen, auka parasittbelasting grunna klimaendringar, infeksjonssjukdommar, konkurranse frå andre drøvtyggarar om beiteareal osv., der alle faktorane etter kvart er med på å forsterke kvarandre.

Del éin av studiet – har reinen saueparasittar?

Forskarar frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) rapporterte inn dei nedslåande tala i 2014, og det vart sett i gang eit brett forskingsarbeid for å finne svar på kva årsaka til kalvereduksjonen er, og kvifor ein observerer mange magre rein i Knutshø-området. Folk som ferdast mykje i dette området har også sett mange reinskalvar med diaré og møkk på bakparten og bakbeina. Mykje av arbeidet er utført av  Kjersti S. Utaaker, Per Anders Robertsen, Bjørnar Ytrehus, Geir Rune Rauset, Olav Strand mfl. 

Ei hypotese som vart framsett var at reinen kunne vere infisert av parasittar frå sau på saltplassane i fjellet. Talet på sau i Knutshø-området har auka med 27% sidan 2000. Samtidig kan det sjå ut som om talet på saltplassar i høgfjellet har auka dei seinare åra. Dette er plassar som står i områda der fostringsflokkane til Knutshøreinen oppheld seg. 

Reinen har reinparasittar han er vant til å leve med. Det same har sauen. På 1980-talet vart det gjort parasittologiske undersøkingar på villreinen i Knutshø og Forollhogna. Rapporten den gongen konkluderte med at det ikkje var overføring av saueparasittar mellom rein og sau (Bye, 1985). Men under Villreinrådets fagdagar på Geilo, la Bjørnar Ytrehus fram resultat frå Per-Anders Robertsen sitt master- studie (https://brage.inn.no/inn-xmlui/handle/11250/2660559 ) og talmateriale frå prøvar teke i 2018/2019 av mage- og tarminnhaldet hjå villrein. Desse prøvene vart teke mellom anna i Knutshø, Nordfjella sone 2 og Forollhogna, samt hjå tamrein i Finnmark. Tilsvarande undersøkingar vart også gjort av tarminnhaldet hjå sau i dei same områda. Resultatet viste at villreinen i Knutshø ber rundorm som til vanleg finst i sauens mage-tarmsystemet. (Teladorsagia circumcincta og Nematodirus battus). Den eine parasitten (Teladorsagia circumcincta ) bidreg til at sau mellom anna får redusert allmenntilstand og produserer mindre mjølk til lamma. Dette skjer som regel på våren når søya har redusert immunforsvar og allmenntilstand grunna lamming. Parasitten blir årsak til betennelse i løypemagen. 

NINA har sett opp kamera som filmar reinen som trekkjer til saltplassane for sau, og et jorda som er infisert med egg av saueparasittar og utklekte nematodar. FOTO: viltkamera frå NINA

Den andre rundormen (Nematodirus battus) er ein framand art i Noreg, og vart importert til Noreg på 50-talet med sau frå Storbritannia (https://artsdatabanken.no/Fab2018/N/2672).  Denne kan forårsake tarmbetennelse og diaré hjå lam, redusert allmenntilstand og i nokre høve lammedød. Denne rundormen har synkronisert eggklekking, som vil sei at alle parasittegga klekker samtidig ved 10 grader ute på beite, noko som kan gjere at immunsystemet til lamma vert overmanna av ei stor dose parasittar. Begge saueparasittane lever som snyltarar i mage og tynntarm til sau og lam, og ein ser dei som små rundormar. Det er vanleg å behandle sau og lam med antihelmintika for å motverke sjukdom av snyltarane. Det er endå uvisst  om parasittane har same effekt på rein, men det er samanfallande hendingar, der reinskalvane er magre. Mange kalvar slit med å legge på seg, og fleire og fleire simler i området går utan mjølk i juret, fortel Bjørnar Ytrehus. I dei tilsvarande studia gjort på andre reinstammar, vart det også funne saueparasittar i villreinområda, men førekomst og byrde av disse var høgast i Knutshø.

Del to av studiet – ligg det parasittegg i jorda på saltplassane?

Ytrehus viser òg til del to i studiet, som gjekk ut på at ein undersøkte førekomst og tal på egg frå saueparasittar i jord på saltplassar for sau, og tilsvarande i jord 300-500 meter unna saltplassane – såkalla kontrollprøver. Jordprøver i Knutshø viste at det finst førekomstar av egg av saueparasittar i jorda på 19 av dei 20 saltplassane dei undersøkte. På det meste fann ein så mykje som 43 egg pr. 15 gram jord, noko Bjørnar Ytrehus meiner er særs oppsiktsvekkande. Til samanlikning finn forskarane berre sjeldan nokre få parasittegg i kontrollprøvene. 

Ein ser altså at villreinen i Knutshø, Forollhogna og Nordfjella er infisert med saueparasittar, men i størst grad i Knutshø, og at dei dermed har ein annan parasittfauna samanlikna med tamrein i Finnmark, men også samanlikna med undersøkingar gjort i 1985. Forskarane trur òg at saltplassane er særs gunstige for overleving og overføring av parasittar og truleg fungerer som kjelde for smitte mellom beitande dyr på utmark. På saltplassane smeltar snøen tidleg, og den mørke jorda gjev gunstig temperatur for snyltarane. I tillegg trivst parasittane der det er fuktig, og eit fuktigare klima gjer at snyltarane har større sjanse til å overleve.  

Saltplassar har ei rolle som møtepunkt der smitte mellom drøvtyggarar i fjellet skjer, og dess fleire drøvtyggarar, dess større kontaktflata mellom dyra. Samstundes er dette plassar der mange dyr er innom i løpet av kort tid, og dei et jorda som er forureina med parasittane. 

Det vart også isolert N. battus – egg frå villrein. Disse egga viste seg å klekke, og levende larver kom til verda under mikroskopet. Dette viser at denne rundormen er i stand til å legge egg med levedyktig avkom, trass i at verten er ein villrein, og ikkje ein sau. Om disse larvene er i stand til å infisere sau eller villrein er framleis ukjent. 

 

Saueparasitt (Nematodirus battus) som blir klekt ut av egget ved 10 grader. Video: Kjersti Selstad Utaaker, Nord Universitet.

Forskinga er ikkje over for Bjørnar Ytrehus, Kjersti S. Utaaker, Olav Strand og dei andre i teamet. Dei skal jobbe vidare med studien, og vil finne ut meir om det er samanheng mellom mengde sau og talet på parasittar i jorda, om førekomsten av saueparasittar i kalvane hjå reinen i Knutshø, kva for slags skade desse gjer på dyra, og om korleis rein og sau brukar saltplassane.

Referansar

–      Bye, Karstein. “Abomasal nematodes from three Norwegian wild reindeer populations.” Canadian Journal of Zoology 65.3 (1987): 677-680.

–       Per Anders Robertsen si masteroppgåve: https://brage.inn.no/inn-xmlui/handle/11250/2660559

–       https://www.artsdatabanken.no/Fremmedarter/2018/N/2672

villrein.no – Kristin Gansmo Brenna

Vassdragskonsesjonar skal fornyast

Vassdragskonsesjonar skal fornyast

Publisert: 9.11.2021

Siri W. Bøthun frå Sogn Naturforvaltning AS heldt eit viktig innlegg under fagdagane på Geilo om eit litt komplisert saksfelt: Revisjon av vassdragskonsesjonar. Litt enkelt sagt handlar dette om at det no er råd å kanskje forbetre livsvilkåra for einskilde reinstammer gjennom ein prosess der det vil verte stilt nye krav til dei som har fått lov til å byggje ut vasskraft i leveområda til villreinen.

Illustrasjon henta frå Siri Bøthuns prentasjon

 

Siri Bøthun Foto: Kjell Bitustøyl

Aursjøen

Ein litt tung materie tenkjer ein kanskje når ein møter omgrep som «vilkårsrevisjon av vassdragskonsesjonar». Den beste inngangen må kanskje vera å ta tak dei einskilde konkrete vassdraga og sjå på kva som «er i spel». Eit eksempel som blei brukt av Siri Bøthun er Aurareguleringa, dvs. oppdemming av Aursjøen som ligg delvis i Lesja kommune – her blei kraftstasjonen sett i drift i 1953. Kraftverket er eitt av dei største i landet. Bøthun viste fram litt historikk om denne kraftutbygginga som har fått store konsekvensar for gamle villreintrekk, desse har blitt demt ned, til stor skade for villreinens trekkruter og beiteområde. Aurareguleringa har vore tema på mange villreinmøte opp gjennom åra, og ein eigen NINA-rapport om reetablering av villreintrekk kom alt i 2007. I juni i år blei vilkårsrevisjonen for Aurareguleringa endeleg avslutta, då nye vilkår for konsesjonane blei fastsett ved Kongeleg resolusjon.

Mange vilkårsrevisjonar på gang

Tida er komen for mange villreinområde: «Vilkårsrevisjonane kjem til eit villreinområde nær deg», sa Bøthun og viste til at mange av dei revisjonssakene som er under handsaming inneheld reguleringar innanfor villreinområde (2 av i alt 17 revisjonssaker som er ferdighandsama i Olje- og energidepartementet (OED), 3 av i alt 16 saker som er til handsaming i OED pr. dato, og 4 av 6 saker som er ute på høyring no).

Illustrasjon henta fra Siri Bøthuns presentasjon.
Kraftutbygging i villreinområde er eit kjent fenomen, det same gjeld utfordringane desse fører med seg: vinteropne elvar, kanalar med rette kantar, neddemte trekkruter og anleggsvegar med mykje ferdsle. Saman med andre inngrep byr dette på store utfordringar for villreinen, det vere seg vegar av ulike slag, stigar og skiløyper, og/eller fritidsbustadar. Bøthun viste døme på nettopp dette frå Fjellheimen villreinområde. 

Bøthun lista opp kva ein kan arbeide for og kanskje oppnå i samband med desse revisjonane. Dette handlar blant anna om korleis ein kan dempe det ein kallar «samvirkende effekt». Ei utfordring her er om ein har tilstrekkeleg med kunnskap til å setje i gang med kostbare avbøtande tiltak? Utfordringa er òg å finne ut kva for aktørar som skal på banen, for dette handlar ikkje berre om kraftselskapa.

Eit stort gjennomslag

Bøthun viste til NINA-forskar Manuela Panzacchi som har stått i spissen for å utvikle ein ny metode, gjennom RenRein-prosjektet, ved hjelp av simulerte modellar. Med dette nye digitale verktøyet bygd på GPS-data kan ein lage seg modellar som kan brukast i høve til ulike scenario, altså ved å simulere kva framtidige konsekvensar ulike tiltak vil få, det vere seg stenging av anleggsvegar, flytting av turiststigar e.l.

Bøthun meinte at kravet frå villreinmiljøet må vera

·       at påverknaden på eit villreinområde må sjåast på som ein heilskap.

·       at avbøtande tiltak òg må til utanfor sjølve konsesjonsområdet.

·       at ein må involvere andre aktørar, og at mangel på kunnskap ikkje må brukast som påskot for å ikkje gjera noko.

Desse punkta er då òg kome inn i departementets formuleringar i Kgl. res. for dei nye vilkåra  for konsesjonane i Auravassdraget, noko som må sjåast som eit stort gjennomslag.

Ikkje for seint å påverke

Bøthun sa avslutningsvis at det ikkje er for seint å påverke dei pågåande prosessane gjennom høyringar, eller eventuelt be om å få kome med tilleggsmerknadar, dersom ein oppdagar at viktige moment, og særleg då eventuell ny kunnskap, ikkje er kome fram under høyringa. På NVE si nettside kan ein finne ei liste over vassdraga med dei respektive konsesjonane. Her kan du leite fram dei som ligg i ditt eige villreinområde og sjå om det er opna revisjonssak og eventuelt kor langt dei er komne i prosessen. Om du lurar på kva revisjonar som ligg til ditt villreinområde, kan du finne dette på denne linken.

Siri Bøthun, kom òg med nokre tips for hjelp undervegs: Ta kontakt med RenRein, eller spør om hjelp frå Norsk villreinsenter. Ho oppmoda òg til å sende inn kopi av høyringssvar som gjeld villrein til villreinsenteret, så det kan leggjast til i databasen. Elles så kan du berre ringe til Siri Bøthun!

Nyttig nettside:

•       https://nve.no/konsesjon/konsesjonssaker/

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Ber om meir forsking på CWD

Ber om meir forsking på CWD

Publisert: 3.11.2021

Ei rad med organisasjonar har kome med eit utspel om at det no er behov  for meir forsking på skrantesjuke. I eit brev stila til Energi- og miljøkomiteen og Næringskomiteen på Stortinget heiter det at det er heilt nødvendig å setje i verk eit breitt fagleg forskingsprosjekt. Dette bør skje før ein vel strategi for vidare tiltak, heiter det i brevet.

Foto: Kjell Bitustøyl
 
Organisasjonane som stiller seg bak dette brevet er mange. Her finn me i tillegg til ei rad med villreinorganisasjonar – villreinnemnder og villreinutval, Villreinrådet mm – tunge organisasjonar som NJFF, DNT, Norges Naturvernforbund, WWF, Statsskog, Norges Bondelag, Norsk Friluftsliv og Norges fjellstyresamband.  Det blir vist til den alvorlege situasjonen der det er påvist skrantesjuke både i Nordfjella og på Hardangervidda. For å kunne handtere denne utfordringa heiter det i brevet at det er nødvendig med ei betydeleg oppgradering av kunnskapsgrunnlaget og at det er viktig å setje i gang eit omfattande kartleggings- og overvåkingsprogram. Formålet med eit forskingsprosjekt er å skaffe fram tilstrekkeleg med kunnskap for å kunne gjennomføre «en adaptiv, læringsbasert forvaltning der man setter inn tiltak og løpende overvåker og evaluerer disse før man velger strategi for videre tiltak».  I tillegg ber ein om at dette forskingsprosjektet skal styrke kunnskapsgrunnlaget i arbeidet med ei reetablering av villreinstamma i Nordfjella. Med andre ord: Eit slikt forskingsprosjekt bør ha ein lang tidshorisont.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Heiplanen – «ein muskel som må trimmast»

Heiplanen – «ein muskel som må trimmast»

Publisert: 28.10.2021

Det er fem år sidan me skreiv om Heiplanen, den regionale planen for villreinområda i Setesdal-Ryfylke. No har dei på ny avvikla ei årleg samling, det skjedde i Bykle 20. og 21. oktober. Mykje folk deltok, ikkje minst mange politikarar frå kommunar og fylke, planen omfattar fire fylke og 17 kommunar. Det lovar godt at engasjementet lokalt er stort for villreinens ve og vel i desse områda. Temaet om avbøtande tiltak i Setesdal Vesthei i samband med revisjon av vassdragskonsesjonar var av det mest interessante som var oppe.

Jarle Lunde, sekretær for Villreinnemnda for Setesdalsområdet. Foto: Kjell Bitustøyl

Kart over planområdet til Heiplanen.
Dag éin under Heiplansamlinga handla mykje om distriktspolitikk og kva som må til for å få levande og livskraftige bygder i framtida. Her var også ungdom invitert til å halde innlegg.  Frå den meir byråkratiske sida, om ein kan kalle det det, var det fleire innlegg, både om regionplanarbeidet generelt og om Heiplanen spesielt. Viktigaste bodskapen var nok at denne planen må reviderast som andre tilsvarande planar: «Revidering av ein slik rådgjevande plan vil langt på veg vera ein føresetnad for forankring av planen hjå nye politikarar». Eller sagt på ein annan måte: Ein regional plan er «ein muskel som må trimmast».
Dette kartet viser meir enn noko anna kvifor villreinen er så hardt ramma av menneskeleg påverknad i form av kraftutbygging og anleggsvegar i Setesdal Vesthei, Blåsjø nede til venstre i biletet. Dei blå stripene viser villreintrekk som er demt ned, dei gule viser trekk som enno er i bruk.

Villrein og vilkårsrevisjonar

Slike regionalplan-samlingar kan ofte bera preg av heller tørt stoff. Då står og fell det mykje på den som legg det fram. Jarle Lunde, sekretær for Villreinnemnda for Setesdalsområdet, fekk fram alvoret i situasjonen for villreinen i Setesdal Vesthei. Basisen er «berekraftig forvaltning», mantraet som dei fleste er innom, og som dei fleste byggjer på. Lunde fekk gjort temaet synleg gjennom kart og illustrasjonar kor sterkt reinen i Setesdal Vesthei/Ryfylkeheiane er ramma av kraftutbygging og tilhøyrande anleggsvegar. Andre utbyggingar som hyttefelt og aukande trafikk i heiane gjer ikkje situasjonen betre. Dette er i og for seg ikkje noko nytt, det som er nytt er at ein no er i gang med det som heiter vilkårsrevisjonar i høve til kraftutbygging og villrein. Dette er forhandlingar som opnar opp for å setje i gang avbøtande tiltak som kan «hjelpe» villreinen, utvide leveområda eller rettare: Vinne tilbake ein del tapte areal gjennom å gjera dei meir attraktive for reinen, altså skape ei meir livskraftig reinstamme. Slik sett er det god «timing» at ein del av desse konsesjonane no er opp til nye forhandlingar, slik like i førekant av at klassifiseringa innafor Kvalitetsnorma skal realiserast på nyåret. Sett utanfrå kan det store fokuset på temaet Kvalitetsnorm og klassifisering vera eit godt forhandlingskort å ha på hand for dei som talar villreinens sak. Det er nærliggjande å tenkje at ingen vil slå seg til ro med at området deira kjem ut med dårlegaste klassifisering. Slikt kan verke mobiliserande.

Mange barrierar – handling må til

Dette temaet er komplisert materie, ikkje lett å setje seg inn i for folk flest. Det som derimot er lett å forstå er dei barrierar som Lunde gjorde synlege på eit kart frå Setesdal Vesthei, dette gjeld særleg området rundt det store magasinet Blåsjø, men òg andre område i nærleiken. Her er landskapet totalt endra og ei mengd trekkruter er borte. Men kva kan gjerast av avbøtande tiltak? Å gjera om på sjølve vassdragsreguleringane er utenkjeleg, men vegar inn i området og trafikkerte turiststigar som til saman er med på å skape barrierar, trekte Lunde fram som viktige tiltak. Her er sjølvsagt eit nært samarbeid mellom fylke, kommunar, grunneigarar, berørte partar osv. avgjerande. Eit tiltak som ikkje har direkte med vassdragsreguleringar å gjera, er forslaget om å flytte DNT-hytta Øyuvsbu, som ligg litt sør for Suleskarvegen, for å opne meir opp for eit villreintrekk. Frå Jarle Lunde si side blei det lagt vekt på at det me no treng er handling, ting har teke for lang tid, meinte han. Og han kunne melde at Statkraft er positive. Kva lokale kraftselskap stiller opp med var litt meir usikkert, men han kunne fortelje at der er oppretta eit «villreinfond» som skal gjelde for blant anna Ulla-Førre og Øvre Otra. Det som er sikkert er at dette er og kjem til å vera eit heitt tema i desse områda i tida framover. Og det er ingen tvil om at framtida for villreinen for alvor har blitt eit tema som engasjerer, ikkje minst politikarar både på kommunalt nivå og på fylkesnivå. Slik sett vil ein revisjon og ei oppdatering av Heiplanen òg kunne tvinge seg fram.

Per Kjetil Omholt representerte Stasforvaltaren i Agder. Foto: Kjell Bitustøyl

«RenRein»

Per Kjetil Omholt frå Statsforvaltaren i Agder viste m.a. til NINA-prosjektet «RenRein», der forskar Manuela Panzacchi er leiar. Kort fortalt handlar dette om at ein ved hjelp av kunnskap frå GPS-merkeprosjekta kan simulere moglege konsekvensar av avbøtande tiltak, t.d. stenging av ein veg eller flytting av ein turiststig. Eit konkret tiltak Omholt nemnde var å erstatte autovern med stabbesteinar på utstette parti langs Suleskarvegen over fjellet mellom Setesdal og Sirdal, dette for at villreinen lettare skal kunne krysse vegen. Omholt meinte elles at Heiplansamlinga er ein av dei viktigaste møteplassar ein har i denne regionen.

I ordskiftet kom det fram at GPS-merkinga ikkje er meint som forvaltningsmerking, men at dette handlar mest om å hente inn meir kunnskap om villreinens arealbruk. Frå turistforeninga blei det uttrykt at dei er oppriktig opptekne av villreinen, men at dei ventar til Kvalitetsnorma kjem, før dei set i gang omfattande tiltak.

Kulturminne og verdiskaping

Av andre tema ein var innom kan nemnast kulturminne og Verdiskapingsprosjektet for villrein. Under sistnemnde «etikett» var det fleire innlegg som lyfte fram lokale prosjekt. Kulturminne er desse fjellområda svært rike på, og mykje er gjort med kartlegging og registrering. Å lyfte fram desse vil i så måte kunne bidra positivt til å gjera opplevingane for dei som vandrar i desse fjella rikare, samtidig som ein lokalt skaper engasjement. For sjølv om mykje dreier seg om villreinen og dei farar som trugar, er der likevel mykje ein kan fokusere på og stolt vise fram for tilreisande. Dyregraver og andre fangstminne, buer og hellerar høyrer slik òg med til fjellets ressursar for bygdene som ligg rundt.

Avslutningsvis kan ein trekkje fram eit tema som òg blei diskutert: Har dei ulike aktørane lik tolking av Heiplanen? Her kom det ingen svar, men ein revisjon av planen vil garantert måtta ta opp dette temaet.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Fagdagane del 2: Kvalitetsnorm pluss pluss


Kristin Lund Austvik snakka om lokale erfaringar med kvalitetsnormarbeidet. Foto: Kjell Bitustøyl

Kvalitetsnorma for villrein var tema for fleire innleiarar under Villreinrådets Fagdagar på Geilo. I denne artikkelen skal me omtale både dette og litt av det andre som skjedde.

Villreinen på raudlista?

Kvalitetsnorma for villrein er enno ikkje avslutta, det skjer ikkje før på nyåret. Difor bar presentasjonane under fagdagane på Geilo meir preg av undervegsrapportar. Vemund Jaren frå Miljødirektoratet kom inn på Kvalitetesnorma under si årlege framlegging av nytt frå Miljødirektoratet. Men fyrst var han innom det faktum at villreinen kan koma til å bli raudlista av Artsdatabanken. Denne raudlista skal leggjast fram i november, og villreinen kjem i tilfelle under kategorien «nær truga».


Christian Moe Rolandsen fra NINA. Foto: Kjell Bitustøyl

Kvalitetsnorma

Jaren tok eit tilbakeblikk på bakgrunnen for etablering av kvalitetsnorma, som kom som eit resultat av det tapet av leveområde som har gått føre seg i form av oppsplitting av villreinområde. Kvalitetsnorma er kunnskapsbasert og omfattar dei 10 nasjonale villreinområda våre i fyrste omgang. Jaren fortalde om arbeidet som går for seg med blant anna samordning av feltinnsats, t.d. kalveteljingar og strukturteljingar. Ei nasjonal ekspertgruppe er etablert og saman med lokal kompetanse skal ein altså klassifisere dei ulike villreinområda. Christer Moe Rolandssen frå NINA er leiar for klassifiseringsgruppa. Dette arbeidet skal vera ferdig rundt mars 2022. Klassifisering av dei andre villreinområda skal leggjast fram hausten 2023. Viss eit villreinområde kjem ut med dårleg kvalitet (raud farge) utifrå ei heilskapsvurdering, skal tiltak setjast i verk. 

Imingfjell blir ikkje vinteropen 

Jaren var òg innom status for dei sju vedtekne retningsgjevande regionale planane, den siste blei vedteke i 2017 (Dovrefjell). Han la vekt på at det er viktig å halde desse planane levande gjennom rulleringar, den siste i så måte er regional plan for Hardangervidda som blei godkjent av KMD 1.10.2021. Eit viktig punkt her var at det ikkje blir noko vinterbrøyting over Imingfjell. Eit stikkord for rulleringa av desse planane er elles samordning av tiltak.

Verdiskapingsprogramma

Status for verdiskapingsprogramma er at det er ca 20 prosjekt som er etablert, og at det i fylgje Jaren verkar som desse er positivt mottekne. Nokon prosjekt er avslutta, difor er det nye friske midlar til prosjekt for 2022. Søknadsfristen i år er 15. januar. Meir info er å finne på nettsidene til Norsk villreinsenter. 


Raymond Sørensen NVS nord. Foto: Kjell Bitustøyl

Kvalitetsnorm NVS og lokale erfaringar

Leiar for Norsk villreinsenter nord, Raymond Sørensen, hadde ein presentasjon der han bl.a. var innom kvalitetsnormarbeidet ved NVS. Han viste til arbeidet som er i gang og forklarte eit omgrep som er mykje brukt: Kva er eit funksjonsområde? Svaret er slik: Det er kartflater som viser reinens arealbruk, dvs. kalvings-og oppvekstområde, sommar- og vinterbeite og trekkpassasjar. Altså ei kartforteljing. Han la vekt på at ein i dette arbeidet er heilt avhengig av lokalkjente deltakarar.


Sekretær for Forollhogna og Knutshø villreinområde, Kristin Lund Austvik. Foto: Kjell Bitustøyl

Kristin Lund Austvik, dagleg leiar og fjelloppsyn for Kvikne Utmarksråd, som omfattar Forollhogna og Knutshø, heldt eit innlegg om kvalitetsnormarbeidet sett frå lokal synsstad. Ho viste oss bl.a. GPS-data frå Knutshø, medan Forollhogna ikkje har slikt merkeprosjekt. Omgrepet «sett rein» er difor viktig og har vore brukt der i mange tiår. Med tanke på jaktuttak og kvalitetsnorm hadde ho eit poeng som kanskje òg andre bør merke seg: I Forollhogna har ein oppmoda jegerar til velje å skyte små kalvar, og der har det faktisk blitt litt status at ein på denne måten bidreg og får fokus litt vekk frå dette med heile tida å ta ut dei største dyra. Ho var òg inne på at det er ei utfordring å få inn tilstrekkeleg med data i samband med jakt, noko som har blitt endå meir komplisert etter at CWD-en kom. Ei løysing på dette meinte ho vil vera å kutte ut fysiske kontrollkort, altså berre bruke digitale løysingar. Ho oppsummerte med at teamsmøta i samband med kvalitetsnormarbeidet har fungert bra, og at det har vore inspirerande med samarbeid, men at der er utfordringar blant anna med artsobservasjoner, som er ein god database, men at det er eit problem at ein ikkje kan leggje inn ein blandingsflokk til dømes.


Hildegunn Mugås, leiar i Fjellheimen villreinutval

Fjellheimen villreinområde 

Hildegunn Mugås, leiar i Fjellheimen villreinutval, fortalde om dette villreinområdet mellom Voss og Sogn. Blant anna kom ho inn på utfordringane dei har med vinteropne vegar og trekkruter for rein. Elles kunne ho melde at dei har gode slaktevekter, og at delar av området har bra med dyr medan andre område strevar med å få opp reintalet. Som i mange andre villreinområde blir det også her stilt spørsmål ved kvifor stamma ikkje veks. Er det utvandring? Er det for store uttak? Eller er det tjuvjakt? Ho understreka at dei er sårbare fordi dei er små, dette har blant anna ført til at for 2021 var alle flokkane i området freda, dette for å få opp reintalet. Sjå Rapport Norsk Villreinsenter.

Kva er forskjellen på villrein og tamrein?

Pensjonert veterinær Kåre Rudningen heldt eit grundig innlegg om dette temaet. Ettersom dette innlegget langt på veg identisk med ein artikkel som står i siste nummer av bladet Villreinen, skal me ikkje gå særleg inn i dette temaet her. Berre nemne at Rudningens hovudpoeng er at det i samband med reetableringsprosessen i Nordfjella vil vera klokt å bruke rein med ein type genetisk profil som ser ut til å tole CWD betre, altså tamreinsimler, gjerne i kombinasjon med bukk frå til dømes Rondane eller Dovrefjell. Dette temaet vil garantert kome opp att i samband med at Reetableringsnemnda for Nordfjella skal ha eit møte no i desse dagar.


Pensjonert veterinær Kåre Rudningen (t.v.) og Villreinrådets sekretær Christian Hillmann. Foto: Kjell Bitustøyl

Av andre tema som var oppe kan nemnast at Christer Moe Rolandsen frå NINA fortalde om GPS-merking på villrein, hjort og elg på Hardangervidda, at Vegard Gundersen orienterte om «Kunnskapsstatus for ferdsel og forstyrrelse», at Bjørnar Ytrehus hadde eit innlegg om «Sjukdomssmitte på saltplassar» og at Siri Bøthun snakka om «Revisjon av vassdragskonsesjonar». Når det gjeld dette siste temaet vil me kome tilbake til dette med ein eigen artikkel. Det kan òg nemnast at dette òg stod på dagsorden for Heiplanmøtet i Bykle som gjekk føre seg veka etter Geilomøtet. 

På bladet Villreinen sine facebooksider finn du live-stream frå Fagdagane.

villrein.no – Kjell Bitustøyl