Fagdagane del 2: Kvalitetsnorm pluss pluss


Kristin Lund Austvik snakka om lokale erfaringar med kvalitetsnormarbeidet. Foto: Kjell Bitustøyl

Kvalitetsnorma for villrein var tema for fleire innleiarar under Villreinrådets Fagdagar på Geilo. I denne artikkelen skal me omtale både dette og litt av det andre som skjedde.

Villreinen på raudlista?

Kvalitetsnorma for villrein er enno ikkje avslutta, det skjer ikkje før på nyåret. Difor bar presentasjonane under fagdagane på Geilo meir preg av undervegsrapportar. Vemund Jaren frå Miljødirektoratet kom inn på Kvalitetesnorma under si årlege framlegging av nytt frå Miljødirektoratet. Men fyrst var han innom det faktum at villreinen kan koma til å bli raudlista av Artsdatabanken. Denne raudlista skal leggjast fram i november, og villreinen kjem i tilfelle under kategorien «nær truga».


Christian Moe Rolandsen fra NINA. Foto: Kjell Bitustøyl

Kvalitetsnorma

Jaren tok eit tilbakeblikk på bakgrunnen for etablering av kvalitetsnorma, som kom som eit resultat av det tapet av leveområde som har gått føre seg i form av oppsplitting av villreinområde. Kvalitetsnorma er kunnskapsbasert og omfattar dei 10 nasjonale villreinområda våre i fyrste omgang. Jaren fortalde om arbeidet som går for seg med blant anna samordning av feltinnsats, t.d. kalveteljingar og strukturteljingar. Ei nasjonal ekspertgruppe er etablert og saman med lokal kompetanse skal ein altså klassifisere dei ulike villreinområda. Christer Moe Rolandssen frå NINA er leiar for klassifiseringsgruppa. Dette arbeidet skal vera ferdig rundt mars 2022. Klassifisering av dei andre villreinområda skal leggjast fram hausten 2023. Viss eit villreinområde kjem ut med dårleg kvalitet (raud farge) utifrå ei heilskapsvurdering, skal tiltak setjast i verk. 

Imingfjell blir ikkje vinteropen 

Jaren var òg innom status for dei sju vedtekne retningsgjevande regionale planane, den siste blei vedteke i 2017 (Dovrefjell). Han la vekt på at det er viktig å halde desse planane levande gjennom rulleringar, den siste i så måte er regional plan for Hardangervidda som blei godkjent av KMD 1.10.2021. Eit viktig punkt her var at det ikkje blir noko vinterbrøyting over Imingfjell. Eit stikkord for rulleringa av desse planane er elles samordning av tiltak.

Verdiskapingsprogramma

Status for verdiskapingsprogramma er at det er ca 20 prosjekt som er etablert, og at det i fylgje Jaren verkar som desse er positivt mottekne. Nokon prosjekt er avslutta, difor er det nye friske midlar til prosjekt for 2022. Søknadsfristen i år er 15. januar. Meir info er å finne på nettsidene til Norsk villreinsenter. 


Raymond Sørensen NVS nord. Foto: Kjell Bitustøyl

Kvalitetsnorm NVS og lokale erfaringar

Leiar for Norsk villreinsenter nord, Raymond Sørensen, hadde ein presentasjon der han bl.a. var innom kvalitetsnormarbeidet ved NVS. Han viste til arbeidet som er i gang og forklarte eit omgrep som er mykje brukt: Kva er eit funksjonsområde? Svaret er slik: Det er kartflater som viser reinens arealbruk, dvs. kalvings-og oppvekstområde, sommar- og vinterbeite og trekkpassasjar. Altså ei kartforteljing. Han la vekt på at ein i dette arbeidet er heilt avhengig av lokalkjente deltakarar.


Sekretær for Forollhogna og Knutshø villreinområde, Kristin Lund Austvik. Foto: Kjell Bitustøyl

Kristin Lund Austvik, dagleg leiar og fjelloppsyn for Kvikne Utmarksråd, som omfattar Forollhogna og Knutshø, heldt eit innlegg om kvalitetsnormarbeidet sett frå lokal synsstad. Ho viste oss bl.a. GPS-data frå Knutshø, medan Forollhogna ikkje har slikt merkeprosjekt. Omgrepet «sett rein» er difor viktig og har vore brukt der i mange tiår. Med tanke på jaktuttak og kvalitetsnorm hadde ho eit poeng som kanskje òg andre bør merke seg: I Forollhogna har ein oppmoda jegerar til velje å skyte små kalvar, og der har det faktisk blitt litt status at ein på denne måten bidreg og får fokus litt vekk frå dette med heile tida å ta ut dei største dyra. Ho var òg inne på at det er ei utfordring å få inn tilstrekkeleg med data i samband med jakt, noko som har blitt endå meir komplisert etter at CWD-en kom. Ei løysing på dette meinte ho vil vera å kutte ut fysiske kontrollkort, altså berre bruke digitale løysingar. Ho oppsummerte med at teamsmøta i samband med kvalitetsnormarbeidet har fungert bra, og at det har vore inspirerande med samarbeid, men at der er utfordringar blant anna med artsobservasjoner, som er ein god database, men at det er eit problem at ein ikkje kan leggje inn ein blandingsflokk til dømes.


Hildegunn Mugås, leiar i Fjellheimen villreinutval

Fjellheimen villreinområde 

Hildegunn Mugås, leiar i Fjellheimen villreinutval, fortalde om dette villreinområdet mellom Voss og Sogn. Blant anna kom ho inn på utfordringane dei har med vinteropne vegar og trekkruter for rein. Elles kunne ho melde at dei har gode slaktevekter, og at delar av området har bra med dyr medan andre område strevar med å få opp reintalet. Som i mange andre villreinområde blir det også her stilt spørsmål ved kvifor stamma ikkje veks. Er det utvandring? Er det for store uttak? Eller er det tjuvjakt? Ho understreka at dei er sårbare fordi dei er små, dette har blant anna ført til at for 2021 var alle flokkane i området freda, dette for å få opp reintalet. Sjå Rapport Norsk Villreinsenter.

Kva er forskjellen på villrein og tamrein?

Pensjonert veterinær Kåre Rudningen heldt eit grundig innlegg om dette temaet. Ettersom dette innlegget langt på veg identisk med ein artikkel som står i siste nummer av bladet Villreinen, skal me ikkje gå særleg inn i dette temaet her. Berre nemne at Rudningens hovudpoeng er at det i samband med reetableringsprosessen i Nordfjella vil vera klokt å bruke rein med ein type genetisk profil som ser ut til å tole CWD betre, altså tamreinsimler, gjerne i kombinasjon med bukk frå til dømes Rondane eller Dovrefjell. Dette temaet vil garantert kome opp att i samband med at Reetableringsnemnda for Nordfjella skal ha eit møte no i desse dagar.


Pensjonert veterinær Kåre Rudningen (t.v.) og Villreinrådets sekretær Christian Hillmann. Foto: Kjell Bitustøyl

Av andre tema som var oppe kan nemnast at Christer Moe Rolandsen frå NINA fortalde om GPS-merking på villrein, hjort og elg på Hardangervidda, at Vegard Gundersen orienterte om «Kunnskapsstatus for ferdsel og forstyrrelse», at Bjørnar Ytrehus hadde eit innlegg om «Sjukdomssmitte på saltplassar» og at Siri Bøthun snakka om «Revisjon av vassdragskonsesjonar». Når det gjeld dette siste temaet vil me kome tilbake til dette med ein eigen artikkel. Det kan òg nemnast at dette òg stod på dagsorden for Heiplanmøtet i Bykle som gjekk føre seg veka etter Geilomøtet. 

På bladet Villreinen sine facebooksider finn du live-stream frå Fagdagane.

villrein.no – Kjell Bitustøyl