CWD viktigaste tema på Fagdagane


Bjørnar Ytrehus i aksjon. Foto: Kjell Bitustøyl

Oppmøtet var svært bra på Fagdagane til Villreinrådet på Geilo, ca 140 deltakarar hadde møtt fram. At dette var det fyrste større fysiske villreinmøtet etter koronaperioden, var sjølvsagt til å ta og føle på. Det dominerande temaet dreia seg rundt CWD/skrantesjuke, og engasjementet var det ingen ting å seie på. Ein paneldebatt om CWD viste at frontane er relativt steile og at der er fleire spørsmål enn svar. Kvalitetsnorma var òg eit viktig tema, det vil bli omtala i ein eigen artikkel.

I denne fyrste artikkelen frå Fagdagane skal me ta for oss innlegg og utspel som kom om det mest aktuelle temaet om dagen i villreinverda: CWD-problematikken og kva som har skjedd og kva som skal skje i næraste framtid.  

Bjørnar Ytrehus – i ei klasse for seg

Når spesialist i vilthelse og CWD-ekspert Bjørnar Ytrehus entrar scenen på eit villreinmøte, blir det musestille i salen. Alle lyttar intens for å få med seg alt som blir sagt. Trehus er ein fagmann med stor autoritet og truverd, ein framifrå pedagog som greier å framstille vanskelege og kanskje til og med uinteressante tema på ein slik måte at det blir verdt å lytte til enten du er forskar eller meinigmann. Under Fagdagane på Geilo representerte han Vitenskapskomiteen for Mat og Miljø og Sveriges Lantbruksuniversitet (SLU).


Foto: Kjell Bitustøyl

Verst tenkjelege sjukdomen

Ytrehus understreka i innlegget sitt at der framleis er mange spørsmål ein ikkje har svar på når det gjeld CWD. Han oppsummerte historia frå det fyrste tilfellet av skrantesjuke blei oppdaga i 2016 og fram til i dag, inkludert erfaringane ein gjorde seg etter uttaket i Nordfjella og funnet av ein smitta reinsbukk på Hardangervidda under jakta i 2020.  

Ytrehus henta eit eksempel frå krigsutbrotet i 1940 då den tyske kryssaren Blücher blei senka av norske kanonar utanfor Oscarsborg i Oslofjorden: Der måtte ein, som tilfellet var med Nordfjella, setje i gang drastiske tiltak på bakgrunn av eit avgrensa kunnskapsgrunnlag, dette av den enkle grunn at dei potensielle konsekvensane kunne bli enorme. Ytrehus minna forsamlinga om at CWD er den verst tenkjelege sjukdomen som kan ramme eit dyr. Han forklarte kva ein modell er, noko forskarar brukar for å forklare ein situasjon, eller sagt på ein annan måte: Ein slik modell kan hjelpe oss til å forstå kompliserte samanhengar. 

Eit eksempel på ein modell: Ytrehus brukte ein analogi frå menneskeverda: Brystkreft hjå kvinner. Ein har mistanke om ein svulst, pasienten blir behandla og det ser ut til å gå bra. Så vil nokon i ettertid seie at det ikkje hadde vore nødvendig med slik brutal behandling. Så blir éi ny prøve positiv, men pasienten føler seg frisk. Men legane meiner ho må begynne på ei ny aggressiv behandling.

Overført på bukken som blei skoten på Hardangervidda, summerte Ytrehus opp ein del av den vurderinga som så langt er gjort: Bukken er mest sannsynleg smitta på Hardangervidda og mest sannsynleg er det ein del av same utbrotet som i Nordfjella. Dette tilfellet har difor slått fast at skrantesjuken ikkje er utrydda, og at ein er usikker om smitten òg finst i andre bestandar av hjortevilt. 


Villreinen på Hardangervidda var i fokus på Geilo-møtet til Villreinrådet. Dette er frå Kråmdalane i Rauland april 2021. Foto: Kjell Bitustøyl

Kven er pasienten? 

Ytrehus stilte ei mengd med spørsmål som forskarane prøvar finne svar på: Kven er pasienten? Kvar kan det vera prion i miljøet? Kan det vera dårlege miljøforhold både i Nordfjella og på Hardangervidda? Kan det finnast smitta hjort, elg eller rådyr? Kan sau spreie smitte? Med utgangspunkt i den såkalla VKM-rapporten viste Ytrehus til dei tiltaka som har blitt foreslått for om mogleg greie å utrydde eller avgrense skrantesjuke i Noreg. 

Ekstraordinære tiltak?

I april 2021 kom Mattilsynet med sine tilrådingar når det gjeld Hardangervidda, sitat: «vi velger å begrense med en forsatt mulighet for å utrydde smitten. Det krever at tiltakene som iverksettes blir effektive nok, iverksettes raskt nok og på mange nok områder, slik at de til sammen gir en ønsket effekt». Konklusjon: ein bør redusere delen vaksen bukk ned mot 0-3% og gjera ein vesentleg reduksjon av bestanden av simler. I kjølvatnet av dette er det foreslått ei rad med tiltak. Essensen av desse tiltaka er at det etter at årets jakt på Vidda skal avgjerast om talet på innkomne prøver er tilstrekkeleg, eller om ein må setje inn ekstraordinære tiltak, dvs. i praksis vinterjakt, for å få inn det talet prøver som styresmaktene meiner er nødvendig. Her rørte Ytrehus ved sakas kjerne og det som kom til å prege debatten i etterkant: for eller mot uttak av dyr etter ordinær jakt.  


Siri W. Bøthun, sekretær i villreinnemnda for Nordfjella. Foto: Kjell Bitustøyl

Overraskande: Positiv jordprøve frå sone 2 i Nordfjella

Me fekk ei orientering om kva som er gjort så langt og denne lista var lang, eit døme: Salteplassar er undersøkt, jordprøver er sendt til Canada. Så langt har ein gjort eit overraskande funn: éi positiv jordprøve i Nordfjella sone 2, dvs. i eit område der ingen dyr er påvist smitta, og der ein ikkje forventa å finne ei slik. “Det gjekk kaldt nedover ryggen på meg då eg høyrde om det,” har sekretær for villreinnemnda i Nordfjella, Siri W. Bøthun, fortalt til avisa Hallingdølen. Dette og mykje til vil bli eit tema når reetableringsgruppa for Nordfjella snart skal møtast.

Ytrehus sin konklusjon

Bjørnar Ytrehus konkluderte med at me no er inne i ein slitsam og demotiverande ventefase, fordi pasienten ser frisk ut, behandlinga har vore hard og prognosen er usikker. Han la vekt på at dette vil ta tid, at ein må tole slitasje, og at dette blir gjort for dei som kjem etter oss. Han tok òg med at så langt må ein støtte seg på kunnskapen frå Nord-Amerika, sjølv om ein kan håpe på og ynskje at norske prion oppfører seg annleis i norsk natur og gjev lågare smittetal. Og han slo fast at det ikkje er noko alternativ å ikkje gjera noko. Ein konklusjon er at han som forskar på CWD ynskjer seg fleire prøver frå Hardangervidda, men at han samtidig signaliserer at han lyttar til dei kritiske røystene som hevar seg.

Paneldebatt om CWD


Fem alvorlege menn i paneldiskusjon, f.v. Jørn Våge, Bjørnar Ytrehus, Stein Lier Hansen, Vemund Jaren og Torbjørn Lange. Foto: Kjell Bitustøyl

Desse sat i panelet då skrantesjuken blei debattert med utgangspunkt i innlegget til Bjørnar Ytrehus: Jørn Våge frå Veterinærinstituttet, Bjørnar Ytrehus, Stein Lier Hansen – jeger og mangeårig engasjert i villreinspørsmål, Vemund Jaren frå Miljødirektoratet og Torbjørn Lange frå Klima- og miljødepartementet Det blei ein interessant debatt som viste oss litt kvar frontane går, for her er meiningane delte, særleg knytt til spørsmålet om ekstraordinært uttak på Hardangervidda eller ikkje. 


Ende Lægreid, leiar i Villreinrådet. Foto: Kjell Bitustøyl

Leiar for Villreinrådet, Endre Lægreid, var ordstyrer, han la ikkje skjul på kva han meinte, han høyrer til dei, og truleg har han mange med seg, som er sterkt i mot vinterjakt. Men han slo fast ingen er CWD-fornektarar. Stein Lier Hansen meinte at tiltaka mot CWD ikkje må bli til meir skade for reinen enn sjølve sjukdomen. Bodskapen hans var klar: Ein må ta vare på støtta som finst i lokal forvaltning og må ha inn meir kunnskap før ein set i gang med drastiske tiltak. Lægreid etterlyste kva kunnskap som må til, Bjørnar Ytrehus svara at dette med ulik genetikk hjå reinsdyra og kor mottakelege dei er for smitte, er viktig. Vidare dette ein veit lite om: Korleis oppfører prion seg i jordsmonnet?

Det blei snakk om årets jakt på Hardangervidda og at denne har vore bra. For sjølv om ein ikkje har fått inn det talet på prøver ein håpa på, er der likevel stor lette over at ingen positive prøver er registrert så langt. Jørn Våge var likevel djupt bekymra, han tok tak i det som Ytrehus var inne på at CWD med bakgrunn i utviklinga i USA er eit stort trugsmål mot villreinen og framtidige generasjonars moglegheit til å drive med villreinjakt. Torbjørn Lange på si side uttrykte klart at det er lagt opp til ein prosess der dei lokale skal bli høyrt. Vemund Jaren supplerte med at ein ikkje kjem vidare utan lokale medhjelparar.


Jørn Våge – Veterinærinstituttet. Foto: Kjell Bitustøyl

Det blei snakk om at dette med friske hjorteviltbestandar i Noreg aldri har eksistert, her meinte Lier Hansen at der er ulike ideologiar som står mot kvarande, ein teori er at i naturen er sjukdom normalt. Her må det meir forsking til for å forstå heile økosystemet, sa Lier Hansen. Våge på si side meinte at ein må handle ut frå den kunnskapen som finst, og at det er feil å seie at me har god tid. Frå salen kom der òg innlegg, bl.a. sa Svein Erik Lund, sekretær i villreinutvalet for Hardangervidda, at der er ein fare for at jegerar kan koma til å seie nei til å bidra dersom Staten pressar gjennom vinterjakt, og at ein med det kan tape meir enn ein oppnår.

Opphavet til CWD i Noeg er naturleg nok eit tilbakevendande tema. Ingen har så langt noko svar. Men temaet sau og skrapesjuke blei teke opp i debatten. Kan det tenkjast at opphavet til skrantesjuken kan knytast til utbrotet av skrapesjuke hjå sau i desse fjellområda midt på 1990-talet? Våge var òg her inne på at det ein kallar sporadisk CWD kan ha utvikla seg til smittsam CWD. Stikkord i denne debatten var òg artsbarrierar mellom sau og rein, kva veit me om det? Eit anna spørsmål var kvifor tamrein ser ut til å vera mindre utsett for smitte enn villrein. Her meinte Ytrehus at der er to forklaringar: 1. Reindrifta har selektert for andre eigenskapar enn det ein gjer gjennom villreinjakt 2. Genetikken hjå tamrein kan vera annleis, det kan òg ha å gjera med bestandsstruktur.

Avslutningsvis blei det annonsert at der skal vera fleire viktige møte, og at mykje vil bli bestemt innan næraste framtid. Og til sjuande og sist er det opp til politikarane i den nye regjeringa å avgjera dette stridspørsmålet. Dette var vel konklusjonen på denne debatten, men mykje talar for at temaet dukka opp att i samtalene utover i dei små timar.

På bladet Villreinen sin facebooksider finn du live-stream frå Fagdagane.

villrein.no – Kjell Bitustøyl