Heiplanen – «ein muskel som må trimmast»

Heiplanen – «ein muskel som må trimmast»

Publisert: 28.10.2021

Det er fem år sidan me skreiv om Heiplanen, den regionale planen for villreinområda i Setesdal-Ryfylke. No har dei på ny avvikla ei årleg samling, det skjedde i Bykle 20. og 21. oktober. Mykje folk deltok, ikkje minst mange politikarar frå kommunar og fylke, planen omfattar fire fylke og 17 kommunar. Det lovar godt at engasjementet lokalt er stort for villreinens ve og vel i desse områda. Temaet om avbøtande tiltak i Setesdal Vesthei i samband med revisjon av vassdragskonsesjonar var av det mest interessante som var oppe.

Jarle Lunde, sekretær for Villreinnemnda for Setesdalsområdet. Foto: Kjell Bitustøyl

Kart over planområdet til Heiplanen.
Dag éin under Heiplansamlinga handla mykje om distriktspolitikk og kva som må til for å få levande og livskraftige bygder i framtida. Her var også ungdom invitert til å halde innlegg.  Frå den meir byråkratiske sida, om ein kan kalle det det, var det fleire innlegg, både om regionplanarbeidet generelt og om Heiplanen spesielt. Viktigaste bodskapen var nok at denne planen må reviderast som andre tilsvarande planar: «Revidering av ein slik rådgjevande plan vil langt på veg vera ein føresetnad for forankring av planen hjå nye politikarar». Eller sagt på ein annan måte: Ein regional plan er «ein muskel som må trimmast».
Dette kartet viser meir enn noko anna kvifor villreinen er så hardt ramma av menneskeleg påverknad i form av kraftutbygging og anleggsvegar i Setesdal Vesthei, Blåsjø nede til venstre i biletet. Dei blå stripene viser villreintrekk som er demt ned, dei gule viser trekk som enno er i bruk.

Villrein og vilkårsrevisjonar

Slike regionalplan-samlingar kan ofte bera preg av heller tørt stoff. Då står og fell det mykje på den som legg det fram. Jarle Lunde, sekretær for Villreinnemnda for Setesdalsområdet, fekk fram alvoret i situasjonen for villreinen i Setesdal Vesthei. Basisen er «berekraftig forvaltning», mantraet som dei fleste er innom, og som dei fleste byggjer på. Lunde fekk gjort temaet synleg gjennom kart og illustrasjonar kor sterkt reinen i Setesdal Vesthei/Ryfylkeheiane er ramma av kraftutbygging og tilhøyrande anleggsvegar. Andre utbyggingar som hyttefelt og aukande trafikk i heiane gjer ikkje situasjonen betre. Dette er i og for seg ikkje noko nytt, det som er nytt er at ein no er i gang med det som heiter vilkårsrevisjonar i høve til kraftutbygging og villrein. Dette er forhandlingar som opnar opp for å setje i gang avbøtande tiltak som kan «hjelpe» villreinen, utvide leveområda eller rettare: Vinne tilbake ein del tapte areal gjennom å gjera dei meir attraktive for reinen, altså skape ei meir livskraftig reinstamme. Slik sett er det god «timing» at ein del av desse konsesjonane no er opp til nye forhandlingar, slik like i førekant av at klassifiseringa innafor Kvalitetsnorma skal realiserast på nyåret. Sett utanfrå kan det store fokuset på temaet Kvalitetsnorm og klassifisering vera eit godt forhandlingskort å ha på hand for dei som talar villreinens sak. Det er nærliggjande å tenkje at ingen vil slå seg til ro med at området deira kjem ut med dårlegaste klassifisering. Slikt kan verke mobiliserande.

Mange barrierar – handling må til

Dette temaet er komplisert materie, ikkje lett å setje seg inn i for folk flest. Det som derimot er lett å forstå er dei barrierar som Lunde gjorde synlege på eit kart frå Setesdal Vesthei, dette gjeld særleg området rundt det store magasinet Blåsjø, men òg andre område i nærleiken. Her er landskapet totalt endra og ei mengd trekkruter er borte. Men kva kan gjerast av avbøtande tiltak? Å gjera om på sjølve vassdragsreguleringane er utenkjeleg, men vegar inn i området og trafikkerte turiststigar som til saman er med på å skape barrierar, trekte Lunde fram som viktige tiltak. Her er sjølvsagt eit nært samarbeid mellom fylke, kommunar, grunneigarar, berørte partar osv. avgjerande. Eit tiltak som ikkje har direkte med vassdragsreguleringar å gjera, er forslaget om å flytte DNT-hytta Øyuvsbu, som ligg litt sør for Suleskarvegen, for å opne meir opp for eit villreintrekk. Frå Jarle Lunde si side blei det lagt vekt på at det me no treng er handling, ting har teke for lang tid, meinte han. Og han kunne melde at Statkraft er positive. Kva lokale kraftselskap stiller opp med var litt meir usikkert, men han kunne fortelje at der er oppretta eit «villreinfond» som skal gjelde for blant anna Ulla-Førre og Øvre Otra. Det som er sikkert er at dette er og kjem til å vera eit heitt tema i desse områda i tida framover. Og det er ingen tvil om at framtida for villreinen for alvor har blitt eit tema som engasjerer, ikkje minst politikarar både på kommunalt nivå og på fylkesnivå. Slik sett vil ein revisjon og ei oppdatering av Heiplanen òg kunne tvinge seg fram.

Per Kjetil Omholt representerte Stasforvaltaren i Agder. Foto: Kjell Bitustøyl

«RenRein»

Per Kjetil Omholt frå Statsforvaltaren i Agder viste m.a. til NINA-prosjektet «RenRein», der forskar Manuela Panzacchi er leiar. Kort fortalt handlar dette om at ein ved hjelp av kunnskap frå GPS-merkeprosjekta kan simulere moglege konsekvensar av avbøtande tiltak, t.d. stenging av ein veg eller flytting av ein turiststig. Eit konkret tiltak Omholt nemnde var å erstatte autovern med stabbesteinar på utstette parti langs Suleskarvegen over fjellet mellom Setesdal og Sirdal, dette for at villreinen lettare skal kunne krysse vegen. Omholt meinte elles at Heiplansamlinga er ein av dei viktigaste møteplassar ein har i denne regionen.

I ordskiftet kom det fram at GPS-merkinga ikkje er meint som forvaltningsmerking, men at dette handlar mest om å hente inn meir kunnskap om villreinens arealbruk. Frå turistforeninga blei det uttrykt at dei er oppriktig opptekne av villreinen, men at dei ventar til Kvalitetsnorma kjem, før dei set i gang omfattande tiltak.

Kulturminne og verdiskaping

Av andre tema ein var innom kan nemnast kulturminne og Verdiskapingsprosjektet for villrein. Under sistnemnde «etikett» var det fleire innlegg som lyfte fram lokale prosjekt. Kulturminne er desse fjellområda svært rike på, og mykje er gjort med kartlegging og registrering. Å lyfte fram desse vil i så måte kunne bidra positivt til å gjera opplevingane for dei som vandrar i desse fjella rikare, samtidig som ein lokalt skaper engasjement. For sjølv om mykje dreier seg om villreinen og dei farar som trugar, er der likevel mykje ein kan fokusere på og stolt vise fram for tilreisande. Dyregraver og andre fangstminne, buer og hellerar høyrer slik òg med til fjellets ressursar for bygdene som ligg rundt.

Avslutningsvis kan ein trekkje fram eit tema som òg blei diskutert: Har dei ulike aktørane lik tolking av Heiplanen? Her kom det ingen svar, men ein revisjon av planen vil garantert måtta ta opp dette temaet.

villrein.no – Kjell Bitustøyl