Ny bok om rein og reindrift i sørsamiske område

Ny bok om rein og reindrift i sørsamiske område

Publisert: 7.12.2021

Forfattar Nils Roger Duna frå Namsos står bak ei ny bok «Sørsamisk reindrift gjennom ett år». Dette er ei bok som i tillegg til å omhandle sørsamane og tamreinen i historisk perspektiv og i geografisk utbreiing, også inneheld fleire passasjar som er relevante for dei som er opptekne av villrein og villreinens ve og vel

Illustrasjon henta frå boka.

 

 

Villreinstammer – forvilla tamrein

Tek ein for seg dei ulike villreinområda i Noreg og historia til reinen i desse områda, vil ein i svært mange tilfelle støyte på villreinstammer som heilt eller delvis er bygd opp av forvilla tamrein, det er nok å nemne Forollhogna, Reinheimen, Norefjell og Setesdal Austhei. Villreinområde med «blandingsrein» er slike som Nordfjella, Hardangervidda og Setesdal Vesthei, for å nemne dei største områda. Felles for alle desse er at utan unntak er dette tamrein frå sørsamiske område, mest frå norsk side, men òg ein del frå svensk side. Dette i seg sjølv kan vera ein grunn til å lese boka, for alle dei sørsamiske områda i Noreg der tamreinen kom frå, er omtalt i denne boka.

Nils Roger Duna gav i 2020 ut boka «Samer og reindrift ved Namsenfjorden». Der handlar det om reindrifta meir lokalt i dette området, medan forfattaren i denne nye boka har teke steget heilt ut og har omtale av heile det norske sørsamiske området, og litt frå Sverige. Mange aspekt ved denne særprega kulturen er med, oppdatert til stoda i dag med blant anna Sannhets- og forsoningkommisjon og profilerte nolevande samiske kunstnarar og kulturpersonlegdomar.

Grundig omtale av sjølve reinsdyret

Me får ein gjennomgang av alle reinbeiteområda og mest relevant for oss: grundig omtale av sjølve reinsdyret og kva som særpregar reinen: levemåte, biologi, beitetilgang, sjukdom, pluss eit aktuelt tema som opptek både villreinfolk og tamreinfolk: tap av areal og konsekvensane av klimaendringar. Ei så langt svært stor utfordring for samisk tamreindrift er òg den pågåande vindkraft-utbygginga som har lagt beslag på store areal. Og sjølv om villreinområda stort sett er skåna frå dette så langt, kan ein heller ikkje her vera sikker på kva framtida vil bringe med seg.

Fleire parallellar mellom vill og tam rein

Ein del generelt stoff om sjølve reinsdyret vil vera kjent frå før, likevel er det ein heil del å hente her, til døme slikt som forskjell/likskap mellom tam og vill rein, reinens diett, om rein og reindriftas arealbehov – for eksempel krav til gode kalvingsplassar, i denne perioden treng kanskje tamreinen like godt vern som villreinen. Vidare må òg nemnast at rovdyr kan vera svært krevjande for dei som driv med tamrein, men også her er det tangerande utfordringar med villreinen, særleg bestanden av ørn med tanke på kalvetap. Gode råd om korleis ein skal oppføre seg i nærleiken av ein reinsflokk kan òg vera verdt å ta meg seg. Nok ein gong klare parallellar mellom tamrein og villrein, sjølv om tamreinen toler meir av menneskeleg aktivitet. Eit poeng her er omgrepa fryktavstand og fluktavstand.

Tittelen på boka er henta frå eit eige kapittel som tek for seg reindrifta gjennom dei åtte årstidene: vårvinter, vår, vårsommar, sommar, haustsommar, haust, haustvinter og vinter.

Framtida

Eit punkt verdt å nemne er at like viktig som reinen har vore for sørsamane tilbake til tida der også dei var fangstfolk og jakta på rein, er reinsdyret i dag: «..uten reindriften hadde sørsamene, deres språk og kultur trolig vært utdødd». Dette blir kopla saman med eit framtidsperspektiv som handlar om at dersom storsamfunnet held fram med å byggje ned beite- og bruksområde for tamreinen, blir det av einskilde spådd at reindrifta vil vera borte om 50 år. Dette verkar til å vera ei kjent problemstilling. Dette gjer òg denne boka viktig, for i dette perspektivet er tamrein og villrein langt på veg «i same båt».

villrein.no – Kjell Bitustøyl