Villreinjakt på Møsstrond

Villreinjakt på Møsstrond

Publisert: 1.12.2021

I 1973 kom ei magisteravhandling i folkelivsgransking skriven av Turid Taksdal Fundlid, ”Rundt Møsvatn”, om Møsstrond, denne veglause fjellbygda oppunder Hardangervidda. I denne avhandlinga finn me blant anna stoff om tidlegare tiders villreinjakt i denne fjellbygda, bygd på intervju med folk som no er borte. Det fylgjande er henta frå denne avhandlinga.

Dyrejakt på Argehovd, Åsmund Løvås d.e. t.v. Foto utlånt av Åsmund Løvås.

Eit kjenneteikn ved Møsstrond er at det har vore eit typisk sjølvforsyningssamfunn, dette handlar sjølvsagt òg om å hauste av villreinstamma. Det heiter i boka at på Møsstrond, som elles i bygdene rundt Hardangervidda, har folk henta seg kjøt i fjellet når dei trong det. Ein som blei intervjua, sa det slik: «Dyrejakta har betydd mykje, ikkje til sal, men det har vore vanleg å hente dyr i fjellet når ein blei kjøtlaus.»

Også etter jaktloven av 1899, som avgrensa jaktrettane til å gjelde grunneigarar, heiter det at «i praksis omfatta den (lova) ikkje dyrejakti». Til det var brotet med eldgamle lover og sedvanar for sterkt. Dette kom blant anna fram fleire gonger i vitneprova for Høgfjellskommisjonen. Men medan jakt på rein stilltiande blei godteke, har slik jakt på rådyr og elg meir vore sett på som verkelege lovbrot. Når det gjeld villreinjakta som oftast har handla om å «ta seg eit matdyr», har det likevel vore ei uskriven lov at ein skulle fara fint og ikkje skjote meir enn ein trong og heller ikkje selje kjøt av dyr som var skotne utanom jakttida.

Villreinflokk i Hyttenuten, opp for Mogen turisthytte. Foto: Kjell Bitustøyl
Folkevandringstid: 95 % av knoklane var frå reinsdyr

At dyrejakt har vore viktig for dei fyrste som slo seg ned her, er grundig dokumentert blant anna av dei arkeologiske utgravingane ved Mogen. Ein analyse av innhaldet i ei utgraven tuft der frå rundt folkevandringstid, viser at 95 % av knoklane skreiv seg frå reinsdyr, og berre 3 % frå tamdyr. Elles finn ein dyregraver og bogastille rundt i fjella her, som så mange andre stadar. I den samanheng får me greie på at det var ikkje så mange dyregraver pr. gard, éin gard hadde til dømes berre éi dyregrav.

Børsene

Møsstrendingane var elles tidlege med å skaffe seg børser. Taksdal Fundlid skriv at ein reknar med at skjotevåpen har vore vanlege på Møsstrond i alle fall i frå tidleg på 1700-talet. Og det blir fortalt om ein kar, ein møsstrending, som fekk seg Remingtonrifle i 1872, ein typen våpen som kom til landet i 1867. Det heiter elles at dyrejakta har gjenge føre seg om hausten, i september og oktober. Ein ser òg at det blei drive noko jakt om vinteren, men då i andre trakter enn om hausten. Det heiter elles frå ein heimelsmann at dyra var feitast midt på vinteren. Og jegerane drog dit det var dyr, utan omsyn kven som åtte grunnen.

Medan nokon fortel at det beste var å vera åleine på jakt, var likevel det vanlegaste at ein var to eller fleire på villreinjakt. Om berre den eine fekk dyr, var det praksis somme stadar på Møsstrond at då dela dei kjøtet. Taksdal Fundlid skriv: «Dette er vel helst utslag av grannehjelp i eit sjølvbergingssamfunn, men ein kan òg undrast på om det ikkje kan vera restar av ein eldgamal jegerkultur.»

Eivind Lien, mangeårig styrar av Mogen turishytte, har skote ein rein og er i ferd med å gjera opp dyret. Foto utlånt av Rauland lokalhistoriske arkiv.
Partering, fletting og bruk av kjøtet Kva gjorde ein når ein hadde skote eit dyr langt inne i fjellet? Sjølvsagt var det fletting og partering som no. Og om dei hadde skote meir enn dei greidde å bera med seg, var det vanleg å urde ned kjøtet, ein metode som nok framleis er i bruk somme stadar. Det galdt å finne ei stad der det var lite sol, altså best i ei «bakhadd», det skulle vera luftig nedantil. Så måtte bruke små steinar for jerven når ein lesste ned kjøtet, dette fordi jerven lempa vekk få store steinar, medan om det var mange små steinar, gjekk han lei og rusla sin veg. Før i tida var det vanleg å salte dyrekjøtet og let det stå i lake ein månads tid. Så blei det hengd opp til tørk, utan å røykje det. Ei tid var det vanleg å hermetisere kjøt, då la ein det rått på glas og let det koke i fire timar. 

Einar Vågen med ein reinskinnspose frå Møsstrond, det var ofte nekkeskinn (kalveskinn) som blei bruka til dette. Foto: Kjell Bitustøyl

 

Reinsdyrskinn

Reinsdyrskinna blei både selde og bruka heime til ulike føremål. Blant anna høyrer ein om frå eit skifte frå 1784 at reinshud var oppført under sengeklede. Medan Wille (1786) skriv at reinskinn blei bruka til underdyner. Og i jaktbuene var det som regel dyrehuder til å liggje på. Desse blei ikkje barka, ein skrapa berre av «kjøtska» og tørka skinna. Av fitine (skinnet på føtene) blei det laga hudsko. Desse blei av somme kalla for finnsko.

Dyrejakta var «uvissa»

Ein spesiell periode på Møsstrond var då store eigedomar, det vil seie mange av gardane, hamna på utanbygds hender. Dette var mot slutten av 1800-talet, og noko inn på 1900-talet. Då handla det om råderett over veidemarker, og dette saman med skiftande viltmengder og vêrtilhøve, førte til at utbyttet av jakt og fangst svinga mykje. Ein av heimelsmennene til Taksdal Fundlid kalla dyrejakta for «uvissa». Det var rypejakta som fyrst og fremst kasta av seg, og når nokon skulle opplyse om kva yrke dei hadde, er det «rypefanger» som stundom dukkar opp i folketeljingane. Og fisket sjølvsagt, det var langt meir stabilt enn noko form for jakt.

Jakt og fangst har vore viktig

Når det gjeld villreinjakt, nemner Taksdal Fundlid at fleire av dei som kjøpte att gardar av kommunen etter 1917, sette bort jakta på åremål, og at dei som sit på jakta då denne avhandlinga blei til, dvs. slutten av 1960-talet, byrjinga av 1970-talet, har leigd bort jakta for ein viss sum pr. jaktløyve, eit velkjent system.  Taksdal Fundlid konkluderer med at alt i alt har jakt og fangst spela ei viktig rolle for levemåten på Møsstrond: «Ved sida av at folk som regel skaffa seg det kjøtet dei trong, attåt kjøtet frå husdyra, har dei i gode år hatt viltvarer til sal.»

villrein.no – Kjell Bitustøyl