diverse

”Villreinfjellet som verdiskaper” – søknad for 2021

Miljødirektoratet opnar opp for ein ny søknadsrunde innafor verdiskapingsprogrammet ”Villreinfjellet som verdiskaper”. Om lag tre millionar kroner kan delast ut, søknadsfristen er 15. februar. Nokre få endringar er gjort frå fyrste utgåve av verdiskapingsprogrammet

”Villreinfjellet som verdiskaper” er eit program som kom i gang i 2017, og som har som mål å stimulere til brei verdiskaping knytt til dei 10 nasjonale villreinområda. Særleg rettar tilskotsordninga  seg mot reiselivet, i vid forstand. Programmet er tenkt å bidra til ei god gjennomføring av dei regionale planane, og til å utvikle og spreie kunnskap til ulike målgrupper. 

Kva meiner ein med ”brei verdiskaping”?

Meininga med bruken av omgrepet ”brei verdiskaping” er at ein ikkje berre skal telje i kroner og øre, men at ein ser for seg ei verdiskaping som i større og mindre grad inkluderer fire pilarar: miljømessig, sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping. Vektinga mellom dei fire formene kan vere ulik frå prosjekt til prosjekt.  Eit døme på miljømessig verdiskaping kan vera å fjerne menneskeskapte og problematiske barrierer for villreinen, til dømes ein veg eller ein stig. Sosial verdiskaping er utvikling av engasjement og det å høyre til som oppstår ved samarbeid, samhandling, dugnad, friviljug innsats og fellesskap som ein del av det å høyre til i et lokalsamfunn. Kulturell verdiskaping inneber å auke kunnskapen og bevisstheita om lokal kulturarv, særpreg, tradisjonar og symbol som gjev grunnlag for stadeigen identitet og stoltheit.

Krav til søkjarar

Søkjarar må ha tilstrekkeleg organisatorisk og administrativ kapasitet og kompetanse til å kunne drive eit prosjekt. Døme på relevante søkjarar kan vera: kommunar, fylke, verneområdestyre, villreinutval, større organisasjonar eller autoriserte besøkssenter for naturinformasjon.  Mindre aktørar som reiselivslag, friviljuge lag og foreningar, grunneigarlag og einskildpersonar med gode idear, men som ikkje fyller krava, kan eventuelt samarbeide med kommunar eller andre større aktørar om ein slik søknad. Det er i den samanheng tilrådd å ha med samarbeidspartnarar frå ulike interessefelt, t.d. forvaltning, utdanning, grunneigarar og reiseliv.

Søknaden

Søknadane må vera i samsvar med rammer og retningslinjer som ligg i den reviderte programplanen. Viktigaste endringane er at omgrepet ”hovudprosjekt” er teke ut, og at det er opna opp for at mindre prosjekt òg kan koma med, prosjekt med ramme innafor eitt til tre år. For meir detaljert informasjon om endringane som er gjort, sjå den reviderte programplanen.

Geografi

Ein søknad må ha tilknyting til eit avgrensa geografisk område eller konsentrere seg om eit tema som det skal arbeidast med i fleire geografiske område. Geografisk er søknadsområdet avgrensa til dei 60 kommunane i åtte fylke som er omfatta av dei regionale planane. Prosjektsøknader som legg vekt på geografisk spreiing og fleire problemstilingar og moglegheiter knytt til ulike nasjonale villreinområde, vil bli prioritert.

Kvart prosjekt skal innehalde fleire delprosjekt og/eller tiltak, som til saman skal oppfylle prosjektets målsetjing. 

Økonomi

Inntil 50% av utgiftene i prosjektet kan dekkast av midlar frå verdiskapingsprogrammet, resten må dekkast av eigeninnsats eller eigne eller andre eksterne midlar.Tilskot vert gjeve for eitt år om gongen, men det er høve til å søkje på nytt for neste år. Kostnadsoverslag for seinare år skal då følgje søknaden.

Søknadar skal fremjast gjennom Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter, og søknadsfristen er 15. februar 2021. 

Spørsmål / hjelp med søknaden kan rettast til Miljødirektoratet:

epost: esshjelp@miljodir.no eller tlf 951 23 500 (10.00-14.00) 


Skjermbilde 2020-12-17 kl. 12.02.46.png

Meir informasjon er å finne på fylgjande linkar:

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Rudolf – korleis oppstod myten?


Dei mest tamme reinsdyra i Cairngorm Reindeer Herd i Skottland blir gjort klare for oppdrag. Dette er ei årleg hending. Foto utlånt frå Cairngorm Reindeer Centre. Foto: Hen Robinson

Dei mest tamme reinsdyra i Cairngorm Reindeer Herd i Skottland blir gjort klare for oppdrag. Dette er ei årleg hending. Foto utlånt frå Cairngorm Reindeer Centre. Foto: Hen Robinson

Ein skal ikkje bevege seg mykje i julebutikkane før ein støyter på ulike variantar av reinsdyr, dvs. Rudolf, som mange ungar vil kalle reinsdyret. Dette er utan samanlikning den perioden i året då reinsdyr i alle mogleg former blir gjort synlege for folk. Det er difor god grunn til å gå litt nærare inn på kvifor dette har fest seg som eit typisk julefenomen. Samane har spela ei sentral rolle i denne forteljinga.

Historia om ”Rudolf the reindeer” har blitt fortalt mange gonger før og i ulike variantar. Det heile peikar mot USA og ikkje minst Alaska. Her kjem ein kortversjon basert på litt forskjellige kjelder. Bakgrunnen for denne historia handlar om samar frå Finnmark med reinsdyr som var hyra til Alaska rundt 1900 for å hjelpe gullgravarar med mat og transport, og gje inuittane eit nytt levebrød. Eit kommersielt selskap i Alaska drive fram av Lomenfamilien frå Valdres, starta etter kvart opp med tamreindrift i samarbeid med samane og byrja å selje reinskjøt i stor skala. Dette blei så kopla opp mot den amerikanske forteljinga om julenissen, Santa Claus, som heldt til ved Nordpolen. Han kom kvart år ned for å dele ut julegåver, køyrande i ein slede dregen av eit spann av reinsdyr.

Åtte reinsdyr 

Det eldste me kjenner til omkring julenissen og reinsdyr, skriv seg frå den amerikanske poeten Clement C. Moore som i 1822 skreiv eit dikt om julenatta for ungane sine. Her blandar poeten inn likt og ulikt, blant anna skytshelgenen St. Nicolas og element frå Norrøn mytologi. Eitt vers lyder slik:

The moon on the breast of a new fallen snow,

Gave a lustre of midday to objects below;

When, what to my wonderings eyes should appear,

But a miniature sleigh and eight tiny reindeer.

Tilly Smith, forfattar av boka ”The real Rudolf” (2006), og leiar av Cairngorm Reindeer Center i Skottland i mange år, skriv at ideen om at St. Nick (Santa Claus) kom med ein slede med åtte små reinsdyr, kan Moore ha fått frå norrøn mytologi og Odins raske hest Sleipner som hadde åtte bein. Kanskje i kombinasjon med ei eldgamal finsk legende om ”old man winter”, som dreiv reinsdyr ned frå fjellheimen til låglandet med kulde og snø. Diktet til Moore fekk mykje verksemd og lever den dag i dag i ulike variantar.


Per Kuhmunen med ein av køyrereinane sine på Jokkmokk marknad. Familien hans kom opphaveleg fra langt nord i Sverige og kan godt vera i slekt med samar som drog til Alaska i 1898. Foto: Kjell Bitustøyl

Per Kuhmunen med ein av køyrereinane sine på Jokkmokk marknad. Familien hans kom opphaveleg fra langt nord i Sverige og kan godt vera i slekt med samar som drog til Alaska i 1898. Foto: Kjell Bitustøyl

Samane og Lomen Company

Boka ”Redningsmenn og lykkejegere” av forfattar og historikar Roy Andersen kom i  2011 og omhandlar både historia om samane som kom som redningsmenn med reinsflokkane sine til Alaska, og den samtidige historia om gullgravarane som fløymde innover landet. NRK gjorde òg ein fjernsynsserie basert på denne boka”Reinsdyr, gull og julenissen” (2011-2012). Det fylgjande er henta frå boka til Andersen. 

Initiativtakar til ekspedisjonen var ein misjonær, Sheldon Jackson. Han ynskte blant anna at hardt ramma inuitsamfunn kunne lære seg tamreindrift etter mønster frå Noreg. I 1898 gjekk så eit skip ”Manitoban” frå Alta lasta med 539 rein, alle kastrerte bukkar, og 418 pulkar med seletøy, og med 113 samar, kvenar og nordmenn om bord. Desse var hyra som reinsgjetarar med to-års kontrakt. Stutt fortalt kom både folk og reinsdyr fram til Alaska, men mange av reinsdyra strauk med undervegs, særleg etter at dei hadde kome til Seattle og skulle gjetast nordover Alaska. Likevel blei dette oppstarten på eit tamreineventyr i Alaska. Køyrereinane gjorde nytte for seg som transportdyr, men ikkje i det omfang som fyrst planlagt. Men samane var ekspertane, og med utgangspunkt i deira kompetanse blei så reinsdyr kjøpt inn i fleire omgangar frå Sibir. I 1900 hadde tamreinflokken vakse til 3000 dyr fordelt på ni flokkar, nokon var eigd av misjonsstasjonane, andre av inuittane.

Lomen-familien frå Valdres hadde utvandra frå Lome i Vestre Slidre i 1850. Også dei blei med på gullrushet i Alaska. Nokre år etter at dei kom dit, blei dei merksame på dei stadig veksande reinsflokkane og kjøpte seg inn på eigarsida. Ettersom reinsflokkane vaks år for år, melde behovet seg for å selje meir reinskjøt, og Lomen Company blei stifta. Lomen-familien blei dei store pionerane på dette feltet. Det blir fortalt at dei på det meste eigde 500 000 rein. Den store utfordringa var difor: Korleis få tilgang til den store marknaden i sør, i dei store amerikanske byane?


Lomen Bros eller Lomen Company var stasjonert i Nome i Alaska, dette var selskapet som sette i gang prosessen med reinsdyr og julenisse i amerikanske storbyar for å reklamere for reinsdyrkjøt og reinsdyrskinn. Kvar dette fotoet er teke, er ukjent. F…

Lomen Bros eller Lomen Company var stasjonert i Nome i Alaska, dette var selskapet som sette i gang prosessen med reinsdyr og julenisse i amerikanske storbyar for å reklamere for reinsdyrkjøt og reinsdyrskinn. Kvar dette fotoet er teke, er ukjent. Foto utlånt frå Roy Andersen.

Jolenissen kjem med reinsdyr

Det var då Carl Lomen kom til å tenkje på den gamle barnesongen ”The night before Christmas” (jf. Moore) som handla om Santa Claus som kom over himmelen med presangar til borna i ein slede som blei trekt av reinsdyr. Utgangspunktet var at under jolehandelen i byane stod det ein jolenisse på kvart hjørne. Kva om det blei arrangert eit opptog med jolenissen og reinsdyra hans? tenkte Carl Lomen. Dette var noko reklamefolk tente på, og ideen blei sendt rundt til ulike sponsorar og aviser, og skulle så setjast ut i livet. Samar hadde fått i oppdrag å temje køyrereinane slik at dei blei vane med folk og støy slik at dei ikkje fekk panikk under opptoga. Berre dei beste reinsdyrgjetarane blei sette til å styre reinsdyra. 

I oktober 1925 var det klart for premiere i byen Portland, og blant anna eit lite brev frå ei lita jente blei publisert: ”Er det sant at jolenissen finst?”. Dermed var kampanjen i gang. Avisene sende ut reporterar til Alaska for å sjekke ut og kunne melde at jolenissen hadde takka ja til å koma til Portland, og at han håpa at mange born ville møte fram. Titusenvis av folk hadde samla seg langs gatene då kortesjen kom. I sleden sat ein av gjetarane kledd i jolenissedrakt. Og framom gjekk seks reinsdyr, alle med kvar sin oppassar i skinndrakt. Dette ble eit joleshow for heile byen, det fyrste i sitt slag, for dette spreidde seg som eld i turt gras, og slike show kom i stand over heile USA. Det var ikkje berre samar som deltok, også inuittar deltok i desse juleshowa. 

Suksessen var sikra, for etterspørselen etter reinsdyrkjøt og reinskinn skaut i vêret. I 1926 blei 3600 reinskrottar sendt sørover med fryseskip, året etter hadde dette stige til 9000. Og millionar av menneske fekk sjå jolenissen og reinsdyra hans toge gjennom gatene. ”Slik bidro Lomen-familien til å utbre verdenes mest kjente julemyte”, skriv Roy Andersen. Og her kan ein òg tilføya at samane bidrog sterkt. 

Men ingenting varer evig, og i 1937 sette Kongressen ein stoppa for suksessenEtter sterkt press frå kvegindustrien blei det bestemt at berre urfolk (i Alaska) fekk eige reinsdyr. Dette ramma både samane og Lomenfamilien, og i 1950 var det berre 25 000 tamrein att i Alaska.


Kvar jol har dei tilsette ved Cairngorm Reindeer Centre som jobb å reise rundt i dei skotske byane med reinsdyr, slede og julenisse for å glede store og små. Ikkje vanskeleg å skjønne at dette er eit populært innslag. Foto utlånt frå Cairngorm Reind…

Kvar jol har dei tilsette ved Cairngorm Reindeer Centre som jobb å reise rundt i dei skotske byane med reinsdyr, slede og julenisse for å glede store og små. Ikkje vanskeleg å skjønne at dette er eit populært innslag. Foto utlånt frå Cairngorm Reindeer Centre. Foto: Hen Robinson.

Rudolf 

Me må til 1939 for å finne opphavet til bruken av namnet Rudolf. Ein amerikansk forfattar og reklamemann, Robert L. May, gav då ut ei bok, Rudolf the Red-Nosed Reindeer. May hadde plukka opp historia om Lomenfamilien og samane, og Tilly Smith fortel at han kombinerte dette med ein idé frå eventyret ”Den stygge andungen” av H. C. Andersen. Historia handla då om eit ungt reinsdyr som skilde seg ut fordi det hadde raud nase. Boka selde i over 2,5 millionar eksemplar. Det tok likevel ikkje av før 10 år etter, i 1949. Då skreiv musikaren Johnny Marks ein song med same namn som boka, og ved hjelp av songaren Gene Austry blei denne gjeve ut på plate og gjekk til topps på hitlistene. Rudolff the Red-Nosed reindeer har seinare blitt ein av dei største jolesviskene gjennom tidene. Det høyrer med til historia at store selskap som Walt Disney og Coca-Cola har brukt historia om Rudolf, jolenissen og reinsdyra inn i jolereklamer og spreidd dette til resten av verda. Dette skriv Roy Andersen

Cairngorm

Cairngorm Reindeer Center i Skottland har teke tak i denne myten, og kvart år i november og desember køyrer dei rundt i ulike skotske byar med slede, køyrereinar og ein Santa Claus, i god amerikansk stil. Slik lever myten om Rudolf og reinsdyra vidare, til glede for mange, og kanskje til ergrelse for andre.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Skrevet for: Turgåere, Jegere, Grunneiere, Forvaltere

Tags: Rudolf, Alaska, Lomen-familien, reinsdyr, rein, tamrein, køyrerein, reinskinn, reinskjøt, Cairngorm

Villreinfjellet som verdiskaper – digital samling


Villrein og istid, eitt av dei elleve prosjekta som blei presentert.

Villrein og istid, eitt av dei elleve prosjekta som blei presentert.

Torsdag 3. desember var det digital presentasjon av alle prosjekta innafor “Villreinfjellet som verdiskaper”. Presentasjonane viste at mangfaldet er stort både geografisk og tematisk, pluss at nokon er i sluttfasen medan andre så vidt har begynt.

Sist møte i 2019

Opphaveleg skulle det ha vore ei samling for alle verdiskapingsprosjekta i april 2020, då det var nesten eit heilt år sidan førre samling våren 2019, den gong med fysisk frammøte. Så skjedde det som alle veit, og alt blei skuva på inn i framtida. Men no fann dei sentrale aktørane, Norsk villreinsenter og Miljødirektoratet, ut at tida var mogen for å samlast att, og det på den måten som er mogleg i desse tider: Å møtest på ei digital plattform der alle får høyre om kvarandre sine prosjekt. 10 minutt var sett av til kvart prosjekt. Det var nøye tilmålt tid og avviklinga gjekk etter planen. Etter tre timar der Raymond Sørensen styrte med stø hand, var alle eit godt hakk betre informert om kva som rører seg rundt om i villrein-Noreg når det gjeld villrein og verdiskaping. Ein god del handla om økonomi, ein må gå inn på dei ulike prosjekta for å få meir informasjon om akkurat dette.

Miljødirektoratet – endringar

Vemund Jaren frå Miljødirektoratet stod for den generelle innleiinga, eit stykke på veg identisk med det han la fram under Fagdagane i Bykle. Viktigast var sjølvsagt nyhendet frå Klima- og miljødepartementet om meir varige løyvingar til verdiskapingsprosjektet, ikkje berre frå år til år. Desse viktige og positive endringane har Jaren fått stadfest etter kontakt med departementet. Ei anna viktig endring er at ein har opna opp for at mindre og meir kortvarige prosjekt på 1 til 3 år òg skal kunne få støtte. Og nemninga ”hovudprosjekt” skal vekk. Tilskot skal framleis berre gjevast for eitt år av gongen, men det er råd å søkje om vidareføring samtidig med at ein rapporterer frå fyrste prosjektåret.


IMG_6917 jj.png

Ikkje gje auka belastning på villreinen

Jaren tok eit tilbakeblikk på oppstarten i 2017, då dei fyrste løyvingane kom. Og han tok opp att basispunkta i prosjektet: Alle søknader som kjem inn og skal godkjennast, må ha i seg element av desse fire ”knaggane”: økonomisk verdiskaping, miljømessig verdiskaping, kulturell verdiskaping og sosial verdiskaping. Og ikkje minst understreka han ein viktig føresetnad for alle: Prosjekta skal ikkje gje auka negativt press på villreinen og sårbare leveområde. Det er snarare svært positivt dersom tiltak og prosjekt reduserer negativ belastning frå ferdsel og bruk som alt eksisterer. Han var òg innom at i løpet av dette «koronaåret» har Visit Norway dreia fokus etter at utanlandske turistar forsvann, slik at ein no i større grad må konsentrere seg om ”den norske turisten”. Les meir av Vemund Jarens presentasjon her.

Mange ulike prosjekt

Så kom dei etter tur, både dei som har drive på ei stund og kanskje er i avslutningsfasen, dei som er midt i med mange ballar i lufta, og dei som så vidt har kome i gang, og der mykje enno er på idé- og planleggingsstadiet. 

Her er resymé av presentasjonane:

Torill Olsson tok for seg ”Menneske og reinen” som omfattar Hardangervidda og Nordfjella. Om ein tek med ei omorganisering undervegs, har dei vore med frå fyrste året. Dei har fire pilotprosjekt: Halne Fjellstugu på Rv7, Finse, Solheimstulen og Vasstulan 1100. Viktige mål for prosjektet er auka villreinkompetanse og etablering av reiselivsaktørar som villreinambassadørar. I samarbeid med Norsk villreinsenter Sør (NVS) skal ein tilby kurs for eigarar og tilsette i reiselivsbedrifter. Ein ser for seg at ein tilpassa versjon av denne ”kurspakka” òg kan koma til nytte i andre villreinområde. Delar av prosjektet har kome godt i gang, blant anna har ein fått bygd ein kopi av ei dyregrav inne på turisthytta Vasstulan på Dagalifjellet. I det heile handlar det her om kulturminne knytt til både jakt/fangst og tamreindrift. Les meir av Torill Olssons presentasjon her.


Dyregrava som er bygt innadørs på Vasstulan 1100. Foto: Kjell Bitustøyl

Dyregrava som er bygt innadørs på Vasstulan 1100. Foto: Kjell Bitustøyl

Jørn Haug frå Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, SVR, la fram deira prosjekt ”Kunnskapsformidling om villrein og villreinfjell”. Også SVR har vore med i fleire år. Dei har fire delprosjekt.:

  1. Kunnskapsformidling

  2. Møteplass villreinfjellet

  3. Villreinen og kulturarven

  4. Sti- og løypeplan

Mange aktørar er involvert, prosjekteigar er verneområdestyret i SVR. Haug gav oss smakebitar på ymse konkrete tiltak som er gjennomført, men innrømte samtidig at dei kanskje hadde ”putta litt vel mykje i gryta”. Samtidig har dei fått til aktivitet som har blitt lagt merke til, blant anna har ein kome godt i gang med sti- og løypeplanarbeid rundt om i kommunane. Dei har òg prøvd ut pedagogiske prosjekt mot ungdom på fleire alderstrinn, blant anna i samarbeid med Fjellreinskulen. Les meir av Jørn Haugs presentasjon her.


Verdiskap-6945.png

Frå Setesdal gjekk turen til nasjonalparksforvaltar Astrid Alise Haug og  prosjektet ”Forollhogna – det hele fjellet– som omfattar film og digitale forteljingar, samt temamøte og nettmøte. Og sjølv om det er nasjonalparkstyret som er prosjekteigar, handlar det ikkje berre om nasjonalparken i Forollhogna, som har 20 årsjubileum i 2021, men òg om stølsdalane opp mot fjellet. Eit døme er Budalen og Storbekklia, der ein har fått til ein kultursti og har planar, når koronaperioden er over, om å utarbeide eigne digitale skjermar langs kulturstigen. Eit anna delprosjekt i Budalen er å utvikle Storbekkøya museumsseter. Her samarbeider ein med lokale aktørar og fjelloppsynet. Tilrettelegging av kulturminne i Kvikne knytt til turområde, er eit anna delprosjekt, også her er ein godt i gang og har planar om ferdigstilling i 2021. Uteskule i Dalsbygda må òg nemnast. Lokal verdiskaping er stikkordet. Les meir av Astrid Alise Haugs presentasjon her.


Verdiskap-6962.png

”Villreinfjellet Rondane som verdiskaper”  er sett i gang av Innlandet fylke og blei presentert av Tuva Eikeli. Fyrste delprosjekt, flytting av Gråhøgdbu, er snart gjennomført. Delprosjekt 2 handlar om å utvikle Rondane villreinområde, særleg innretta mot reiselivet, der villreinen skal vera teken godt vare på. Mysuseter som innfallsport og knutepukt står sentralt. Kanalisering av trafikk er stikkord, men ei utfordring her er at ulike interesser støyter mot kvarande, lokale ynskje står mot nasjonale rammer for vern av villreinen. Forvaltning og formidling av kulturarven står sentralt i delprosjekt 3, dette handlar om fangstminne og kva ein skal velje ut, og kva ein skal velje vekk. Å oppdatere ein kulturminnedatabase er eit grunnlag for vidare forvaltning og formidling knytt til nasjonalparken. Oppsummert handlar dette mykje om å formidle kulturarven utanfor desse sårbare villreinområda. Les meir av Tuva Eikelis presentasjon her.

Hans-Jacob Dahl stod for presentasjonen av «Dovrefjellaksen – samarbeid om formidling». Prosjektleiar for dette prosjektet er Trøndelag fylke. Samarbeidspartnarar er NVS Nord og Pilegrimssenter Dovrefjell. Prosjektet er delt i tre separate delprosjekt. 1. Det eine handlar om Kongevegen over Dovrefjell. Her er det fokus på kanalisering av ferdsel med målretta tilrettelegging og formidling. Turen over Hjerkinnhø og langs Vårstigen er viktige i dette delprosjektet. Overordna er det også eit ynskje om at formidlinga av alle Kongevegar – som var namnet på den tids hovudvegar – skal ha same design over heile landet.

2. Det andre delprosjektet er NVS Nord sitt arbeid med guidehefte. Det blir tre ulike guidehefte som skal vera til hjelp for dei som tek med seg besøkande på turar i Dovrefjellområdet. Det eine heftet handlar om Dovrefjell generelt. Det andre heftet tek for seg turen opp til viewpoint SNØHETTA. Der får dei som guidar «meir kjøt på beinet» til historia som blir fortalt gjennom dei 20 steinhellene i stien på vegen opp. Det tredje heftet handlar om innhaldet i NVS Nord sin nye attraksjon Fjellportalen. Denne skal stå ferdig i løpet av 2021. 

3. Det tredje delprosjektet heiter «Gravfeltet på Vang: Standardheving med målretta tilrettelegging og formidling. I dette prosjektet er m.a. formidling av filmar gjennom Kulmin.no. Dette er Trøndelag fylkes digitale formidling av kulturminne. På Vang er det også sett opp eit nytt servicebygg. Dovrefjellaksen er eit prosjekt som har kome langt og som har mange medaktørar. Målet er å fullføre mykje i løpet av 2021. Som i Rondane handlar det i «Dovrefjellaksen» mykje om kulturminne, og mange av dei er knytt til «fjellets og utmarkas rikdom» – villreinfangsten. Les meir av Hans-Jacob Dahls presentasjon her.

Villreinløypa er knytt opp mot Gudbrandsdalsmusea. Line Horvli la fram dette prosjektet, som handlar om tradisjon og identitet, auka kompetanse knytt til rein – tam eller vill.  Næringsutvikling i bygdene er målet, og som i Viken fylke (”Mennesket og reinen”) handlar det her òg om reislivsaktørane, som skal kartleggjast og involverast ved hjelp av kurs og seminar. Formidling av fagkunnskap er stikkord. Konkrete destinasjonar i samband med formidling er Bygdatunet i  Lesja, Slådalen med Verket, dyrefigurar langs ruta til Tussheim. Samarbeidspartnar er i tillegg til dei ulike musea, Norsk Villreinsenter Nord. Les meir av Line Horvilis presentasjon her.


Raymond Sørensen, dagleg leiar for Norsk Villreinsenter Nord.

Raymond Sørensen, dagleg leiar for Norsk Villreinsenter Nord.

Raymond Sørensen orienterte om Norsk villreinsenter si rolle i dei ulike prosjekta, han var innom guideheftet for Dovrefjell, Besøkssenter Villrein på Hjerkinn, naturrettleiing i ulike former, NVS som knutepunkt/møteplass, og ikkje minst den rolla som NVS har i verdiskapingsprosjektet som rådgjevar og ansvarleg for oppfylgjing, gjennomføring av samlingar m.m. Og som me alt har høyrt, NVS kan òg vera direkte involvert som partnar i einskilde prosjekt. Les meir av Raymond Sørensens presentasjon her.

Kristin Aa, naturrettleiar ved Hardangervidda nasjonalparksenter, presenterte Forbedring av sti- og løypenettet på Skinnarbu, eitt av dei mindre prosjekta. Prosjektet er fullført i 2020. Samarbeidspartnar har vore Grasfjell tur- og løypelag som har bidrege med dugnadstimar i form av utbetring av turstigane i området med klopper og skilt. Vidare har ein utvikla ein app for naturstigen (Voice of Norway) som skal gje tilbod til dei besøkjande på Hardangervidda nasjonalparksenter. Gjennom bruk av denne appen kan ein kartlegge til dømes kvar dei besøkjande kjem i frå, når på året dei kjem og kor mange som har lasta ned appen. Les meir av Kristin Aas presentasjon her.

Eit prosjekt som er i oppstartfasen er ”Budeiene og villreinfjellet”, som Olav Ulleren frå Tinn la fram. Initiativet har kome frå det som heiter Budeieveven, eit samarbeid mellom tre aktive stølsbruk i området i nærleiken av Rjukan. Utgangspunktet er aktiviteten på desse stølane, men at ein set dette inn i ein større samanheng der ein fyrst skal kartleggje kva som finst av lokal kompetanse, særleg knytt til villrein og verdiskaping. Målet er å få med fleire aktørar og byggje vidare på det engasjementet og den begeistringa som er skapt gjennom Budeieveven, og med det òg styrke næringsgrunnlaget for stølsbruk og beitebruk i området. Ein har samarbeidd med Hardangervidda nasjonalparksenter om ei spørjeundersøking om kva dei som kjem dit etterspør av naturopplevingar, kulturopplevingar og lokal matkultur. Dette for å leggje til rette for meir målretta tiltak. Stikkord er kunnskap og oppleving knytt til villrein, og samspel mellom landbruk og naturforvaltning. Les meir av Olav Ullerens presentasjon her.


IMG_7060.png

DNT i villreinfjellet handlar om korleis DNT kan bidra til ei berekraftig forvaltning av villreinen ved å leggje til rette for eit friluftsliv som tek meir omsyn til villreinen. Ingeborg Wessel Findstad stod for presentasjonen der det kom fram at DNT er viljuge til å redusere ferdsla i ekstra sårbare område, vidare vil dei informere gjestene sine om å ta omsyn til både tamrein og villrein og ikkje minst bidra til auka kunnskap om reinsdyr og ferdsle. Seks ulike tiltak er i gang: 1. Flytting av Gråhøgdbu er alt nemnt. 2. Omlegging av stig ved Reinvassbu i Romsdalsfjella er gjort og ei mogleg flytting kan skje. 3. Ein skal auke formidlinga gjennom nettsida ut.no og er alt i gang med å setje opp plakater m.m. på hyttene til DNT.  4. DNT legg stor vekt på samarbeid med ulike aktørar basert på regionale planar og besøksstrategiar. 5. Fokus på lokal mat er alt i gang, her blei to DNT-hytter nemnde: Sota Sæter og Rauhelleren. I denne samanheng er reinsdyrkjøt og kunnskap om reinsdyrkjøt viktig.  Dette skal knytast opp mot kunnskap om jakt og fangst av villrein. 6. Kulturminne ved DNT sine hytter skal sikrast og formidlast av bestyrarar eller lokale foreningar, konkret døme: Fangstanlegg ved Krækkja og Vetåbua. Les meir av Ingeborg Wessel Findstads presentasjon her.


Verdiskap-7073.png

”Tradisjon og destinasjon” er tittelen på eit prosjekt knytt til fjellbygd og villreinfjell med Vinje kommune som konkret aktør. Norsk Villreinsenter Sør er sentral i prosjektet, samarbeidspartnarar er Universitetet i Sørøst-Norge (USN) og Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU). Ein vil hente inn kompetanse frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) og Telemarkforsking. Marianne Singsaas la fram dette prosjektet, som har blitt noko forsinka pga. koronasituasjonen, særleg gjeld dette planlagte folkemøte med opne diskusjonar. Prosjektet handlar om sosial berekraft med tanke på moglege konfliktar mellom hyttefolk og lokal befolkning. Mange fjellbygder opplever press på den lokale kulturen og naturen, arealplanlegging er eit stikkord. Målet er å opparbeide ein rettleiar/ein guide der villrein og reiseliv står sentralt. Ringebu og Stor-Elvdal er òg med som relevante kommunar. Besøkssstrategi er eit anna stikkord i denne samanhengen. Vegar Gundersen frå NINA er med i prosjektet, han vil vera kjent for mange gjennom omfattande studiar av ferdsel i villreinfjellet. Ei viktig målsetting med prosjektet er å vise kva for verkemiddel kommunane har for å balansere verdiskaping og bevaring av naturgrunnlaget på hardt pressa utmarksareal. Les meir av Marianne Singsaas’ presentasjon her.

Sist ute av prosjekta var Olav Strand med Villrein og istid, det einaste verdiskapingsprosjektet som peikar ut av landet. Strand, som i denne samanhengen representerer både NINA og NVS, har alliert seg med Reidar Andersen, direktør ved Vitenskapsmuseet i Trondheim (NTNU). Ideen er å hente inn kunnskap og illustrasjonar for å formidle historia om istida, villrein og menneska i Europa. Innbakt i søknaden låg ein del utgifter til reising, men reising var uaktuelt i dette koronaåret. Difor har ein ikkje kome så langt. Utgangspunktet er at ein kjenner til brotstykke av historia tilbake i tid. Strand la vekt på at me her i Noreg kjenner ein del til kva som skjedde lenger tilbake i tid på kontinentet, men at at kunnskapen om ”vår” del av historia er lite kjent hin vegen. Ein klar referanse til det som i Noreg heiter europeiske villreinregioner høyrer med her. I tillegg til digital nettbasert forteljing, ser ein for seg at eit temahefte kan gjera stoffet meir tilgjengeleg. Ein vil òg etablere kontaktar med fleire aktuelle institusjonar ute i Europa. Klima og klimaendringar vil vera ei viktig side av denne historieforteljinga. Les meir av Olav Strands presentasjon her.

Oppsummering

Ei viktig avklaring frå Miljødirektoratet kom mot slutten av møtet: Prosjekt som har blitt forsinka på grunn av koronasituasjonen kan få overført ubrukte midlar frå det eine året til det andre. Elles oppsummerte ein med at desse presentasjonane vitnar om eit stort mangfald av tiltak, og at Verdiskapingprogrammet genererer stor aktivitet og engasjement lokalt, både sosialt og kulturelt. Ord som trivsel og bulyst blei òg brukt.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Skrevet for: Turgåere, jegere, grunneiere, forvaltere

Tags: reinsdyr, rein, villrein, tamrein, norsk villreinsenter, verdiskaping, verdiskapingsprogrammet, miljødirektoratet, prosjekter, prosjektleder, villreinfjellet, organisering, nettverk, midler, kontakt, kontaktpersoner, prestasjoner, samarbeid,

Pinnekjøt av rein er populært


Pinnekjøt av rein. Det ferdige produktet. Foto: Aina Nordfjell

Pinnekjøt av rein. Det ferdige produktet. Foto: Aina Nordfjell

Reinskjøt er etterspurt meir enn nokon gong, og i desse vekene før jul er det sjølvsagt ekstra fokus på pinnkjøt av rein. Bedrifta Rørosrein var fyrste ute med dette produktet, dei hadde det fyrste pinnkjøtet av rein på marknaden i 2016.

I samisk kultur er dette med å tørke kjøt ein eldgamal tradisjon og ein måte å konservere kjøt på som stadig vekk er i bruk, dette gjeld òg sidene av reinsdyret. Rørosrein har etablert seg som ein viktig aktør i marknaden, og dei har vunne fleire prisar for reinskjøtprodukta sine. Eva Nordfjell i Rørosrein fortel at då dei satsa på å bruke tørka reinsdyrsider på denne måten, handla det om å ta opp att ein gamal samisk tradisjon med å bruke tørka kjøt, samtidig som dei tilpassa produktnamnet til eit innarbeidd omgrep som pinnekjøt. Det må nemnast at i 2018 gjekk pinnekjøtet til Rørosrein til finalen i Det Norske Måltid.

Treng ikkje røykje kjøtet


Pinnekjøt til tørk. Foto: Aina Nordfjell

Pinnekjøt til tørk. Foto: Aina Nordfjell

Eva Nordfjell fortel: “Frå gamalt av bruka dei helst sidene av gjeldsimler og gjeldbukkar til slikt, dette fordi desse var feite og tørka fort. Det har òg vore tradisjon å koke og bruke krafta frå slike tørka sider, gjerne brukt i supper saman med ferskt kjøt for å få variasjon i kosten. Det blir ei fantastisk kraft”.

Kva med å røyke kjøtet? Det er mange som gjer det? “På Røros er det så tørt klima at det ikkje er nødvendig med røyking for å konservere kjøtet. Me brukar å vente til februar, då det er på det tørraste på vinteren, med å henge opp kjøtet som fyrst har vore salta. Då henger me det opp i ca 1 månad. Sidene må ikkje henge for lenge, for då kan det bli hardt. Kjøtet blir så lagt i frysaren og teke opp att i september for å førebu det ferdige produktet av pinnekjøt som kjem i sal i oktober, i god tid før jul..

Kva er største forskjellen på pinnekjøt av sau/lam og reinsdyr? “Mange synest at pinnekjøt av sau og lam kan bli for feitt, då er reinskjøt eit godt alternativ fordi det er magrare. Men me må velje blant dei feitaste og største reinsdyra, det er ein av grunnane til at me kjøper rein og reinskalvar frå Vågå tamreinlag som er av dei laga som er kjent for å ha store og feite dyr. Det same gjeld for Lom Tamreinlag”.

Etterspørselen har auka


Eva Nordfjell, dagleg leiar i Rørosrein. Her fotografert i samband med kalvemerking på Riasten. Foto: Kjell Bitustøyl

Eva Nordfjell, dagleg leiar i Rørosrein. Her fotografert i samband med kalvemerking på Riasten. Foto: Kjell Bitustøyl

Etterspørselen etter pinnekjøt av rein har auka år for år, og fleire aktørar har kome på banen med produktet ”pinnekjøt av rein”, naturleg nok. For Rørosrein førte dette til at omsetninga gjekk kraftig ned. I år hadde me ein mindre produksjon enn året før, men no er alt pinnekjøtet allerie utselt, seier Eva Nordfjell, som fortel at dei alt no er i gang med å førebu neste års produksjon.

Oppskrift

I eit intervju frå 2016 har Eva Nordfjell fortalt om korleis dei lagar til pinnekjøtet: Fordi rein er magrare enn sau og lam må det tørka kjøtet bløytast opp litt lenger, gjerne tre døgn i oppbløyting før ein kokar det. Så blir det kokt på vanleg måte i 3-4 timar. Det kan bli litt mindre salt på denne måten. Når det gjeld tilbehør, tilrår Eva Nordfjell mandelpotet, rotstappe og tytebær. Samt at krafta altså kan brukast til supper og sausar.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Reinen som trekkdyr


Schefferus framstiller køyrerein på denne måten i boka si frå 1673. Her ser ein det eldste seletøyet og køyrestaven i bruk.

Schefferus framstiller køyrerein på denne måten i boka si frå 1673. Her ser ein det eldste seletøyet og køyrestaven i bruk.

Går me langt tilbake i tid, før tamreindrifta oppstod og breidde om seg, hadde samane nokre få tamme dyr. Kjeldene fortel om lokkerein og køyrerein langt tilbake i tid, i uminnelege tider kan ein kanskje snakke om. Her skal me sjå litt på korleis reinen har vore brukt som trekkdyr, dvs. det me oftast kallar køyrerein.

Ein kan gjerne sjå på lokkerein og køyrerein som ei begynnande form for tamreinhald. Sørsamane heldt seg med nokre få tamreinar frå jernalderen og inn i mellomalderen, skriv Leif Braseth i boka ”Samer sør for midnattssola”. Mange kjelder fortel om nordmannen Ottar som levde på 800-talet og var i teneste hjå kong Alfred den store av England. Denne Ottar gjorde ei reise til Nord-Noreg, til Kolahalvøya og til Kvitehavet. Kong Alfred skreiv ned historia, og i denne heiter det blant anna at Ottar hadde 600 tamme reinar, av desse var seks lokkereinar. Det er svært sannsynleg at dessse reinane blei passa på av samar.

Samane hadde god kjennskap til reinsdyras eigenskaper, og dei kunne dette med å temje reinsdyr, for tamme måtte reinsdyra vera når dei skulle setjast framfor ein pulk. Ein veit at samane i vikingtida dreiv med handel med fyrst og fremst skinn, men òg horn og kanskje kjøt. Det skal ikkje mykje fantasi til for å tenkje seg at køyrerein har vore brukt vinterstid til nettopp dette: Få fram varer og frakt av folk. Reinen er lett å temje og har spesielle eigenskapar ved at klauvene er breie og eignar seg godt i djup snø. Ein annan eigenskap er at reinsdyret lett finn fram i uvêr og kan fylgje eit spor som har føykt att. 

Skinnhandel

Braseth fortel om birkarlenes verksemd i byrjinga av 1300-talet. Dei dreiv med skinnhandel med samane både i innlandet og på kysten. Det er vel kjent at det skjedde ein kraftig auke i villreinfangst og fangst av pelsdyr i vikingtida og tidleg mellomalder,. Dette har ei klar samanheng med veksten i pelshandelen. Dei store massefangstanlegga for rein var i bruk på denne tida, og på 1200-talet nådde denne pelshandelen sitt høgdepunkt. Mykje talar for at massefangsten kan ha vore så effektiv at bestanden av rein minka kraftig. Den store skinnhandelen i sørsamiske område tok slutt omkring 1620, skriv Braseth, han meiner at både norrøne folk og samar deltok i denne aktiviteten. Og dette var ikkje berre sesongarbeid, men heilårsarbeid etter som ein måtte nytte ut desse store anlegga fullt ut. Slik var det eit stort transportbehov både sommar og vinter.


Jokkmokkmarknaden 2013, me ser eitt av høgdepunkta på marknaden, då Kuhmunenfamilien kjem med reinane sine inn på marknadsområdet og viser korleis ein rad (rajd) kunne arte seg. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå Sverige er det kjent at Jokkmokkmarknaden, Nordens eldste marknad – oppretta på 1600-talet, alltid gjekk føre seg fyrst i februar, og gjer det framleis. Dette av di det då var mogleg å bruke isen på dei store sjøane og elvane som transportruter med rein og pulk. 

Samane blir nomadar – rad (rajd)

Fangstaktiviteten fortsette utover på heile 1500-talet og inn på 1600-talet, men avtok litt etter litt, mykje truleg på grunn av at reinen var på veg til å bli utrydda. Det er her me ser kimen til utviklinga av reinnomadismen. Sverre Fjellheim snakkar om ei suksessiv, dvs. gradvis, overgang frå fangstbasert reindrift til nomadisk reindrift. Dette skjer frå ca. år 1500 i fylgje Fjellheim.  

Ørnulf Vorren og Ernst Manker, som har skrive mykje om samar og reindrift, fortel om dei store vandringane reinsdyra gjer mellom haust og vår. Dei dreg fram fleire grunnar til desse vandringane, mest vekt legg dei på rasjonell utnytting av beiteområda. Ein annan faktor er reinens trong til å oppsøkje dei same parings- og kalvingsområda frå år til år. Reinens naturlege vandringar har slik lagt grunnlaget for reinnomadismen ved at menneska har forstått å innrette hushaldet sitt etter desse vandringane. Med andre ord, tamreindrifta førte til ei livsform som innebar flytting saman med reinsflokkane mellom vinterbeitet og sommarbeitet. Det er kanskje her me kjenner aller mest til bruken av køyrerein vinterstid, gjerne kalla rad (rajd på svensk), dvs. mange køyrerein med pulkar som er knytt saman i ei lang lekkje. 


Dette er ein illustrasjon frå Ájtte – Svenskt Fjäll- og Samemuseum i Jokkmokk. Me ser godt dei ulike pulktypane. Foto: Kjell Bitustøyl

Dette er ein illustrasjon frå Ájtte – Svenskt Fjäll- og Samemuseum i Jokkmokk. Me ser godt dei ulike pulktypane. Foto: Kjell Bitustøyl


Ein vanleg pulktype til transport, me ser hempene på sidene. Foto: Kjell Bitustøyl

Fleire pulktypar

Overgangen frå fangstbasert reindrift til nomadisk reindrift er eit stort og komplisert tema. Me skal ikkje gå nærare inn på det her. Men berre nemne at fleire kjelder peikar på at kimen til denne reindrifta kanskje finst i Ume lappmark i Sverige, og at reindrifta spreidde seg både sørover og nordover frå dette området. Ei slik rad handla blant om at mange gjekk på ski, medan born og folk som ikkje greidde å fylgje med, sat i eigne pulkar. Køyrereinen som gjekk fremst måtte vera ekstra tam og blei leidd av ein person. Sist i ei slik rad kunne det gå ein rein utan pulk, denne reinen var mindre tam og strita i mot, slik heldt han pulken framanfor att når det gjekk utforbakke. Ein hadde pulkar til ulikt bruk: ein pulk for transport av folk, ein pulk med fast lok for transport av dei mest verdifulle sakene, ein open pulk som var den eigentlege lasspulken, berre med eit reinskinn som ein spente over med reimar, og bakarst i raden hadde ein ein pulk med open bakfjøl, det var her stengene til gamma blei frakta.


Her ser me eit eksempel på ein nyare seletype, med bogtre og eit krumt tre under buken. Dette er òg frå Jokkmokkmarknaden. Foto: Kjell Bitustøyl

Seletypar

Den eldste seletypen for rein ein kjenner til, er uhyre enkel og var laga av ein skinnkrage som blei lagt rundt halsen på dyret og festa i underkant. Ei dragreim blei hekta i denne og gjekk under buken og mellom bakbeina på dyret og blei fest til ei lykkje i framenden av pulken. Blant sørsamane blei denne patenten brukt heilt til det siste, medan det nordpå alt ved hundreårsskiftet 1900, blei teke i bruk ei ny seletøyform som hadde bogtre og eit krumt tre under buken.

Korleis styrer ein ein tamrein? Der er til vanleg éin styretaum som er festa på hovudet til reinen og som går bakover til pulken om nokon sit i denne. Ved å kaste taumen frå side til side kunne ein lære opp reinen til å svinge til venstre eller til høgre, til vanleg hekk denne langs venstre side.  Å halde balansen i ein pulk kan vera vanskeleg, i eldre tid hadde dei difor ein køyrekjepp som både kunne hjelpe til med å halde balansen og samtidig kunne brukast til å bremse ned i utforbakkar.

Slede

I fleire samiske område i nord blei pulken tidleg erstatta med ein køyreslede. Denne var stødigare og kunne ta eit større lass, dessutan kunne han brukast med to sjæker slik at det heile blei stivare og stødare å køyre med, særleg i ope terreng kunne det vera ein fordel. I reinkappkøyring er det sleden som er i bruk, då ein kan ha behov for å hoppe av for å ordne med eitt eller anna praktisk. Den fyrste offisielle reinkappkøyringa gjekk føre seg i Kautokeino 27. mars 1954. Seinare har denne aktiviteten breidd om seg og er til dømes eit fast og uhyre populært innslag på den årlege Jokkmokkmarknaden i Nord-Sverige. (sjå foto)

Tunga ut av munnen

Reinsdyret blir ofte plaga av varme sommarstid, men også ein køyrerein kan bli varm dersom han blir drive hardt. Ein del varme blir ventilert gjennom pelsen, men ein del gjeng òg ut med utpust og avkjøling av tunga, som kan henge langt ut av kjeften viss det blir for varmt. Reinen kan òg kjøle tunga i snøen.

Historia om køyrereinen inkluderer òg store delar av dagens sørnorske villreinfjell, dette i samband med den omfattande tamreindrifta som hadde sitt utspring i mange fjellbygder i si tid, frå Setesdal i sør til Tafjordfjella i nord. Me kjem tilbake til dette temaet.


Grønland torg anno 1884, den kjende fjellmannen Lars Berunuten frå Vinje i Telemark er innom i Kristiania på veg frå Trøndelag til Hardangervidda med ein tamreinflokk og samar han hadde med seg, i pulken Anna Julie Jonsdotter frå Vefsn. Foto utlånt …

Grønland torg anno 1884, den kjende fjellmannen Lars Berunuten frå Vinje i Telemark er innom i Kristiania på veg frå Trøndelag til Hardangervidda med ein tamreinflokk og samar han hadde med seg, i pulken Anna Julie Jonsdotter frå Vefsn. Foto utlånt av Eivind Gardsteig.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Kulturbua ”Fjellreinen” på Hovden

I sentrum av Hovden i Bykle kommune kom det i haust opp ein heilt spesiell container laga av tre. Det er ”Fjellreinskulen” ved Ragnhild Bjåen og Tove Hertzberg som står bak denne kulturbua. Me har tidlegare omtalt boka ”Der reinen går er jorda freda” (24.7.2020), ei bok om reinsdyret og mennesket som er pedagogisk tilrettelagt for den yngre garde der biletkunst og tekst er integrert. Utstillinga ”Fjellreinen” i containeren byggjer for ein stor del på same innhaldet som boka.


Ragnhild Bjåen framfor kulturbua ”Fjellreinen”. Foto Kjell Bitustøyl

Ragnhild Bjåen framfor kulturbua ”Fjellreinen”. Foto Kjell Bitustøyl


Ein solid gjeng frå villreinmiljøet samla framfor kulturbua i Hovden sentrum, f.v. Ragnhild Bjåen, Lars Nesse frå Borgund, Asle Øydvin frå Ulvik/Eidfjord og Endre Lægreid, eifjordingen som no er leiar for Villreinrådet. Foto Kjell Bitustøyl

Deltakarane på Fagdagane i Bykle fekk med seg ei utflukt til Hovden og kulturbua ”Fjellreinen”. Ragnhild Bjåen var til stades og orienterte om det ferske byggeprosjektet og innhaldet. Boka ”Der reinen går er jorda freda” tek utgangspunkt i dei åtte årstidene, slik er det òg med utstillingscontaineren som er innreidd med åtte seksjonar.

 

Container av tre

Kunstnar Tove Hertzberg har blant anna arbeidd med stål og shipping, og ideen til containeren som formidlingsarena kom frå henne. Medan det var Ragnhild Bjåen som tok dette eit steg i lokal retning og meinte at ein container av tre vil passe betre i ei fjellbygd. Slik gjekk det til at mannen til Ragnhild, Anders Dalseg, handverkar og fagleg ansvarleg for bygningsvern ved Setesdalsmuseet, tok på seg oppdraget med å snikkere containeren, som på linje med andre containerar skal kunne fraktast rundt på ein lastebil. Ser ein nøye etter er reisverket i containeren skanta med øks. Det er eit pionerprosjekt som her ligg føre: Ei utstilling om mennesket og reinen som kan fraktast rundt utan at ein treng å pakke ned saker og ting. Og etter alt å dømme den fyrste i sitt slag i landet, i alle fall når det gjeld temaet reinsdyr.

Ragnhild Bjåen fortel at dei likar å arbeide med dei åtte årstidene. Dei skriv då òg i boka at: ”Når ein fylgjer reinen gjennom året, ser ein at han har åtte årstider. Samane som tradisjonelt har levd med rein og levd nær naturen i generasjonar, har delt inn året på same måte: vinter, vårvinter, vår, vårsommar, sommar, haustsommar, haust og haustvinter.”

 

Pedagogisk opplegg – fakkelkvinner

Containeren er innreidd slik at han kan brukast av både store og små. I utstillinga er det boksar nedst som Ragnhild Bjåen kallar ”sanseskåp”, med bl.a. anna ting ein kan kjenne på, gevir, skinn osv. Men førebels er ikkje dette teke i bruk av smittevernomsyn.


Inni kulturbua finn med seksjonar med dei ulike årstidene, åtte i talet. Her ser me vår, vårsommar og sommar. Foto Kjell Bitustøyl

Inni kulturbua finn med seksjonar med dei ulike årstidene, åtte i talet. Her ser me vår, vårsommar og sommar. Foto Kjell Bitustøyl

Når dei har barnehagar eller skular på besøk, stiller dei ein del sentrale spørsmål, til dømes: Kva er fordelen for reinen med å gå i flokk? Og er det reinen som fører mennesket eller er det mennesket som fører reinen? Dei brukar å samtale omkring dette med reinen som kulturberar, kulturen knytt til reinen, både tam og vill. Som illustrasjon brukar kunstnar Tove Hertzberg fakkelen. Her har ho teke utgangspunkt i temaet ”urkvinne”. Ragnhild Bjåen viser til kva Mari Boine sa til Ella Marie Hætta då ho deltok i Stjernekamp i NRK: ”Hugs at urkvinnene hevar faklane sine når det trengs”. Dette skjedde samtidig med at Ragnhild og Tove starta opp med arbeidet med Fjellreinskulen.

 

Jentene i fjellet

Dei to jentene synest det er viktig å fortelje jentehistoriene som knyter seg til fjellet. Dette sjølvsagt med bakgrunn i at det oftast er karar og jakt som står i fokus i forteljingane. Men som Ragnhild seier det: ”Det er òg kvinner og ungar som har budd her, og dei har òg vore viktige. Me synest det er viktig å få fram det feminine elementet i det ein tenkjer om fjell og alt rundt.” Ho legg òg vekt på at ein må få fram kjensledelen av historia, ikkje berre harde fakta. Slik ho ser det er det mykje anna som òg er knytt til fjellet, landskapet og historiene.

Containeren står open døgnet rundt, men det er vanskeleg å finne ut kor mange som er innom, fortel Ragnhild. For på grunn av koronaen er der ikkje gjestebok. Likevel har ho eit inntrykk av at mange stikk innom.

 

Bok og container

Eigentleg var det ideen om kulturbua som kom fyrst. Likevel blei det boka som blei ferdig ei lita stund før containeren, boka kom i august. Felles for dei to er det kunstnariske elementet i bileta. Og dei to bak ”Fjellreinskulen” og kulturbua ser for seg at folk skal få ei litt anna oppleving når dei ser eit vakkert bilete av fjell og rein, samtidig med at dei veit at det faktisk finst villrein her oppe på fjellviddene i Bykle. Slik kan ein kanskje oppleva å koma litt nærare reinen og lære meir utan at du må sjå reinen i levande live. På denne måten kan alle folka som bevegar seg i sentrum i Hovden elles les i boka, kanskje få ein ekstra ”input” om dette temaet, seier Ragnhild Bjåen.

Dette harmonerer godt med det synet ordførar i Bykle Jon Rolf Næss gjorde seg til talsmann for då han snakka om at at ein må auke kunnskapen og informasjonen om reinen, og med det skape respekt for villreinens levesett.  Og her viste han til ”Villreinfjellet som verdiskapar”, eit prosjekt som nettopp var startpunktet for Fjellreinskulen. Ser ein på kva som så langt har kome ut av konkrete prosjekt, er det liten tvil om at Fjellreinskulen med både bok og utstillingscontainer ligg langt framme i løypa.

 

Boka godt mottatt

Boka ”Der reinen går er jorda freda” er ikkje berre blitt spreidd i Setesdal, men òg vidare utover. Alt tyder på at denne boka, som ein av dei fyrste i sitt slag om reinsdyret tilrettelagt for born og unge, har blitt godt mottatt. Ulike omtaler i aviser har vore udelt positive, til dømes skriv Agderposten at ”Nå har de to kvinnene laget en praktfull bok, spekket med fakta om reinsdyrene som de er så glade i.”


Ein av dei som besøkte kulturbua ”Fjellreinen” var Martine Hårstad, informasjonsrådgjevar ved Norsk Villreinsenter Nord. Her sammen med Ragnhild Bjåen. Foto Kjell Bitustøyl

Ein av dei som besøkte kulturbua ”Fjellreinen” var Martine Hårstad, informasjonsrådgjevar ved Norsk Villreinsenter Nord. Her sammen med Ragnhild Bjåen. Foto Kjell Bitustøyl

Både boka og containeren er tenkt å kunne nå eit større publikum enn lokalt. Til dømes har Norsk Villreinsenter, som har vore ein viktig støttespelar for både bokprosjektet og kulturbua Fjellreinen, kjøpt inn mange eksemplar av boka til bruk for naturrettleiarane ved NVS som driv innafor skuleverket. I den samanheng skal Fjellreinskulen òg få laga ei lærarrettleiing.

———————————————————————————-

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Bjørnar Ytrehus om CWD: Kvar er me, og kvar skal me gå?

Interessa for kva som skjer omkring skrantesjuken var stor då veterinær og forskar Bjørnar Ytrehus hadde innlegget sitt på Fagdagane i Bykle. Grunnen er sjølvsagt funnet av CWD-smitte i ein reinsbukk på Hardangervidda, og kva ein no skal foreta seg. Ytrehus er kjent som ein framifrå pedagog som greier å leggje fram kompliserte tema på ein lett forståeleg måte.


Bjørnar Ytrehus har vore sentral i forskinga heilt sidan CWD blei oppdaga. Han deltok på Fagdagane på storskjerm.

Bjørnar Ytrehus har vore sentral i forskinga heilt sidan CWD blei oppdaga. Han deltok på Fagdagane på storskjerm.

Rapportar har kome

Ytrehus tok i foredraget sitt eit steg tilbake og oppsummerte kva som skjedde då CWD blei påvist hjå ei simle i Nordfjella den 15. mars 2016. “Det lamslo oss totalt”, sa han og viste oss kva for tiltak som då blei sett i verk. Og då som no var det VKM, Vitenskapskomiteen for mat og miljø, som stod i sentrum for risikovurderinga som blei lagt fram. Me veit alle kva som skjedde, og Ytrehus viste til rapportane som har kome i etterkant. Desse rapportane baserer seg på samtalar og e-postutveksling med forskarar og forvaltarar i Canada og USA, norske forskarar og forvaltarar, og generell kunnskap om sjukdomar hjå viltlevande dyr og korleis ein skal handtere desse.

CWD – oppsummert

Ei rask oppsummering av kva ein visste om CWD:

  1. Det er ein prionsjukdom, dyra blir ikkje immune, men døyr.

  2. Smitteoverføring kan skje både direkte og via miljøet. Det tek svært lang tid frå eit dyr blir smitta til det viser teikn til sjukdom.

  3. I tida før dyret viser teikn til sjukdom er dyret ein stille smittespreiar.

  4. Smitten overlever mange år i miljøet.

Frå USA og Canada er det kjent at sjukdomen i einskilde bestandar fører til begynnande nedgang, slik at i løpet av 40 år kan heile bestanden døy ut.

Kva alternativ finst?

Ytrehus skisserte opp to alternativ:

  1. Om ein ikkje gjer noko, kan det føre til at ein aukande del av dyra blir sjuke, det blir dårleg dyrevelferd og fleire dyr døyr enn dei som blir født. Og ein kan risikere spreiing til andre reinsdyrstammer. Faren er òg til stades for at ein kan få overføring til andre hjortedyr med dei fylgjer det kan få.

  2. Prøve å gjera noko. Dette var det ein landa på når det galdt Nordfjella, og som kjent blei alle dyra i sone 1 slakta ned, samtidig som ein sette i gang ei landsdekkjande kartlegging og prøvetaking for å finne ut om sjukdomen fanst i andre område. Sone 1 blei avstengd for annan rein, pluss at ein arbeidde for reduksjon av bestandane i granneområda. Ein viktig faktor var òg å ta bort såkalla “hot spots” for smitteoverføring, t.d. saltsteinar.


Døme på simle der geviret er gnagd på, berre to stubbar står att. Foto frå Hardangervidda 18. mai 2010, teke av Kjell Bitustøyl.

Døme på simle der geviret er gnagd på, berre to stubbar står att. Foto frå Hardangervidda 18. mai 2010, teke av Kjell Bitustøyl.

Genetisk mottakelege dyr

Eit moment som ikkje har vore framme så mykje før, er korleis genetisk samansetjing i reinsdyra kan ha samanheng med om ein utviklar CWD eller ikkje. Her viste Ytrehus nok ein gong til forsking frå USA og Canada. Dette er forsking på kvithalehjort der det handlar om fleire variable, ikkje berre genetikken, men òg kva slags type prion me har med å gjera, og kor stor dose av smitte dyret får i seg. Sagt på ein annan måte: Nokre dyr er sterkare smitteberarar enn andre. Grovt rekna opererte Ytrehus med tre ulike typar genetikk hjå dyra:

  1. Dei som lett blir sjuke og spreier sjukdomen lett vidare.

  2. Dei som meir sjeldan blir sjuke og dermed spreier sjukdomen mindre.

  3. Dei dyra som er ikkje blir smitta og heller ikkje utviklar sjukdomen.

Når det gjeld Nordfjella, meinte Ytrehus at desse dyra var av den fyrste typen, altså dei som lett blir sjuke og som lettast spreier sjukdomen, særleg gjeld dette bukkar som vandrar mykje.

Mykje er usikkert

Han var òg innom korleis sjukdomen kunne spreie seg på ulike måtar, også av menneske. Elles slo han fast det som mange veit: at mykje er usikkert. Blant anna om sjukdomen kan spreie seg til andre hjortedyr som elg, hjort og rådyr. Når det gjeld sau, meinte han at ein ikkje trur dei er mottakelege for smitte, men at dei kan vera det ein kallar passive smitteberarar.

Bukken på Vidda

Funnet av CWD på ein bukk på Hardangervidda har snudd opp ned på mykje. Forskarane har enno ingen klare svar, men Ytrehus sa at ut i frå det me så langt veit om skrantesjuke, var denne bukken truleg i det ein kallar preklinisk fase, altså på veg til å bli skrantesjuk. Og mest sannsynleg har dette å gjera med utbrotet i Nordfjella i fylgje Ytrehus. Men det er mykje ein ikkje veit: Når kan bukken ha blitt smitta, og kor ofte har bukkar bevega seg frå Nordfjella til Hardangervidda? Det ein derimot veit er at det er svært få dyr som har testa positivt på Vidda. Veterinærinstituttet opererer med ein snitteprosent hjå bukkar på om lag 0,06 %, altså forsvinnande få dyr.

Viss bukken ikkje er smitta i Nordfjella, kva då…?

Viss det skulle vise seg at bukken ikkje er smitta i Nordfjella, kan det tenkjast at der finst andre forklaringar, spurde Ytrehus og slo fast at då er dette noko nytt. Og der er fleire spørsmål enn svar: Kan det ha vore liten smitte over lengre tid og at smitten er mindre sjukdomsframkallande? Han brukte talet 52.527 om reinsdyr som har testa negativt på landsbasis, og altså berre 19 av dyra i Nordfjella som har testa positivt, det vil seie ca 1% av stamma som blei slakta ned i Nordfjella.


Kan gevirgnaging ha ein samanheng med CWD?
Foto: Skjermdump frå presentasjonen.

Kan det vera ein samanheng med gevirgnaging?

Det store spørsmålet som melder seg i fylgje Ytrehus er sjølvsagt: Kan smitten på Hardangervidda ha oppstått uavhengig av Nordfjella? Kan det finnast ei felles smittekjelde, eller kan skrantesjuke ha oppstått spontant, på grunn av gjevne miljøfaktorar? Kan det vera at nokre dyr er genetisk samansett slik at dei er meir utsette for ein slik sjukdom? Av miljøfaktorar han nemnde var dette med svært tette bestandar, noko som lett kan føre til smitteoverføring, eller kan det vera sjølve ressursgrunnlaget? Eit fenomen som mange har stilt spørsmål ved i nyare tid, er dette med gevirgnaging som er meir utbreidd i nokon område enn andre, til dømes Hardangervidda og Nordfjella. Ytrehus spurde: Kva er dette eit uttrykk for? Og kan dette disponere for CWD? Kan det lettare føre til smitteoverføring? Det er ikkje mangel på spørsmål, og eitt er sikkert: Blant dei fremste forskarane på reinsdyr er der førebels stor usikkerheit knytta til dette temaet.


Kan gevirgnaging ha ein samanheng med CWD? Simla med den nyfødte kalven har geviret intakt, medan dei to simlene lengst framme berre har att nokre stubbar på grunn av gevirgnaging. Foto frå Hardangervidda 18. mai 2014, teke av Kjell Bitustøyl.

Kan gevirgnaging ha ein samanheng med CWD? Simla med den nyfødte kalven har geviret intakt, medan dei to simlene lengst framme berre har att nokre stubbar på grunn av gevirgnaging. Foto frå Hardangervidda 18. mai 2014, teke av Kjell Bitustøyl.

Kva gjer ein no?

Bjørnar Ytrehus viste til ny rapport frå VKM som skal koma. Han skisserte opp ulike konsekvensar av strategiar for å handtere klassisk skrantesjuke:

  1. Ingen tiltak

  2. Avgrensa tiltak

  3. Utrydde smitte

Han tok for seg dei to siste punkta, vurdering av tiltak for å avgrense og utrydde smitte. Her trekte han inn moment som forventa effekt, tidsaspektet, kva som må til for at ein kan lykkast, konsekvensar og kva som er usikkert. I høve til ein ny rapport la han vekt på at rapporten må vera kortfatta og lett forståeleg på godt norsk. Han viste til at ein av dei tidlegare rapportane om CWD, berre låg føre på engelsk. Vidare sa han at rapporten må vera objektiv og nøytral og tufta på veterinærmedisinsk kunnskap og økologi. Ytrehus avslutta med å understreke kva rapporten ikkje kan koma med: Konkrete råd eller tilrådingar, vurdering av samfunnsmessige, økonomiske eller kulturelle konsekvensar, samt verdibaserte val.

——————————————————————————————

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Viktige tema på fagdagar i Bykle


Om lag halvparten av innlegga på fagdagane var via storskjerm, her Endre Lægreid og Bjørnar Ytrehus. Foto: Kjell Bitustøyl

Om lag halvparten av innlegga på fagdagane var via storskjerm, her Endre Lægreid og Bjørnar Ytrehus. Foto: Kjell Bitustøyl

Dei årlege fagdagane til Villreinrådet blei avvikla 21. og 22. oktober i Bykle, omlag fire månader forsinka pga. korona-situasjonen. Dei 70 påmelde som hadde fått plass, fekk med seg to dagar med føredrag og underhaldning med tre rettars middag i Bykle samfunnshus om kvelden. Sosialt liv var det òg på Bykle hotell, alt i samsvar med gjeldande korona-reglar. Det var engasjement blant deltakarane, særleg i pausar og om kvelden, ettersom det i liten grad er lagt opp til debatt på dagtid.

Ein hadde sett strek ved 70 deltakarar på fagdagane i Bykle, det var ventelister, fleire hadde ynskt å vera med. Eit luksusproblem ville vel mange kalla dette, interessa for temadagane var med andre ord upåklageleg. Endre Lægreid, leiar for Villreinrådet frå og med 2019, stod for innleiinga av fagdagane. Han minna om Villreinrådets oppgåver: Arrangere årlege fagdagar og gje ut årboka Villreinen. “Fagdagane til Villreinrådet skal vera fagleg påfyll for folk med interesse for villreinen,” sa Lægreid. Han var òg såvidt innom skrantesjukeproblematikken, og at den nye situasjonen som har oppstått naturleg nok ville bli omtala i løpet av dei to dagane, sjølv om dette opphavleg ikkje stod på planen.

Via skjerm

I sekretariatet for fagdagane sat Christian Hillmann og redaktør av Villreinen Fred Ivar Aasand. Dei hadde ei spesiell utfordring i år med det tekniske, i og med at i underkant av halvparten av foredraghaldarane deltok via storskjerm, altså digitalt. Med få unntak fungerte dette bra, folk begynnar etter kvart å bli vane med dette no. Samtidig er det sjølvsagt ok å få møte folk ansikt til ansikt, slik at ein eventuelt seinare lettare kan ta kontakt direkte.

Ordførar i ein hyttekommune

Ordførar i Bykle Jon Rolf Næss fekk æren av å vera “vertskap” på vegne av kommunen. Han kom sjølvsagt inn på ei svært aktuell problemstilling for Bykle i samband med pågåande prosessar: Korleis balansere hytteutbygging og omsynet til villreinen? Ja, takk begge delar, svara Næss på ekte politikarvis og kunne fortelja at Bykle har ca. 2800 hytter. Han visste godt at forsamlinga han hadde framfor seg var villreinvener, og gav då òg uttrykk for at omsynet til villreinens behov for areal så absolutt blir teke med i kommunens vurderingar og planprosessar. Samtidig la han ikkje skjul på at potensialet for å skape arbeid og trygge arbeidsplassar i Bykle nettopp ligg i hyttebransjen. Argumenta hans var at Bykle ikkje ligg i pendlaravstand til alternative arbeidsplassar, og det faktum at hyttefolka legg att pengar. Han viste difor til fortetting av hytter og kanalisering av trafikk som farbare vegar for at ein skulle kunne finne løysingar på utfordringane ein har. Å auke kunnskapen og informasjonen om reinen meinte han var ein viktig og farbar veg. Her viste han til verdiskapingsprogrammet “Villreinfjellet som verdiskapar” som er med på å “skape respekt for villreinens levesett”, slik han uttrykte det.

Klima- og miljødepartementet (KLD)

KLD var representert på skjerm ved statssekretær Maren Hersleth Olsen. Ho snakka blant anna om villrein og utfordringane med skrantesjuke, og om at villreinen er ein nøkkelart i det fjelløkologiske systemet. Villreinen er ein norsk ansvarsart, og ved å ta vare på reinen tek me òg vare på andre artar, sa statssekretæren. Om skrantesjuke sa ho at me ikkje må forhaste oss, og at viktige avgjerder må byggjast på faglege råd i nært samarbeid med lokal forvaltning. Ho sa òg at arbeidet med reetablering i Nordfjella skal takast opp att ”når tida er inne.” Norsk villreinsenters (NVS) rolle var ho òg innom, ho meinte at NVS har klart å fylle rolla som tilretteleggjar av kunnskap og som bindeled mellom ulike instansar i villreinverda. Konkret trekte ho fram verdiskapingsprosjektene og arbeidet med regionale planar, ho nemnde òg naturrestaureringsprosjektet på Hjerkinn der NVS Nord har hatt ei rolle.

Hersleth Olsen var òg innom den pågåande revisjonen av konsesjonsvilkåra knytt opp til vasskraft. Både med omsyn til dette og den komande kvaltetsnormen for villrein, la ho vekt på ein må ta tak i den hittil manglande heilskapstanken – bit for bit politikken – som har vore dominerande. Med tanke på løyvingar til villreinformål og auken som har kome midlertidig, vil KLD gjera dette til ei varig ordning, noko til dømes villreinnemndene kan glede seg over, sa Hersleth Olsen.

Det norske hytteberget

Og apropos heilskapleg tankegang omkring villrein og areal, så var dette òg eit sentralt tema for Torgeir W. Skancke, tidlegare redaktør og journalist i bladet Jakt og Fiske, også han på skjerm. Han viste til ein fokus dei har hatt i bladet om nettopp den manglande heilskaplege planen i utbygginga av hytter her i landet. 6000 nye hytter blir bygt kvart år og 90 000 tomter ligg klare for vidare utbygging. Og tempoet i hytteutbygginga har aldri vore så stort, sa Skancke. Oppsplittinga av villreinområda relaterte han blant anna til denne manglen på ein samla oversikt over konsekvensane av det stadig veksande ”hytteberget” som han kallar det. Kokrete døme han viste fram var frå Rondane og frå Setesdal. Han etterlyste meir fokus på naturvern/tap av areal i høve til dagens miljødebatt der 97 % handlar om klima og berre 3 % handlar om naturvern, i fylgje Skancke.

OneImpact – ny reiskap for arealforvaltning

På skjerm var òg forskar hjå Norsk institutt for naturforskning (NINA) Manuela Panzacchi. Hennar innlegg kom òg høveleg inn med tanke på ”hytteberget” og fokus på tap av areal og manglande heilskapleg tankegang. OneImpact er definert slik, henta frå NINA’s eigne nettsider: ”Sammen med internasjonale eksperter på datavitenskap, matematikk, supercomputere og økologi, har teamet (ved NINA) utviklet analyseverktøyet OneImpact. Det beregner de samlede effektene som både menneskelige og naturlige påvirkningsfaktorer har for enkeltarter innen et område. I tillegg til å beregne dagens situasjon og belastningsgrad, kan OneImpact også brukes til å finne ut hvordan planlagte utbygginger eller miljøtiltak vil påvirke naturen”.

Panzacchi kallar summen av ulike typar inngrep sett i samanheng for ”elefanten i romet”, eller sagt med hennar eigne ord: ”Infrastrukturtiltak som hver for seg kan ha begrenset effekt vil til sammen kunne føre til store negative effekter.” Ei overordna fagformulering ho brukar om tiltak knytt til pågåande revisjon av vasskraftkonsesjonar er denne: ”Innovasjoner i bærekraftig arealplanlegging for å balansere hensynet til reinen og fornybar energiproduksjon”. Konkret viste ho oss resultat av GPS-baserte undersøkingar av villrein i Setesdal Ryfylke, rundt Blåsjømagasinet. Ho stilte spørsmåla: ”Kva er att for reinsdyra? Og korleis kan dyra krysse for å utnytte større beiteområde, område som før kraftutbygginga var i bruk av reinen?” Forskinga basert på GPS-data gjev tydlege svar på kva som skaper barrierer for reinen, til ulike årstider. For moro skuld viste ho oss eit tankeeksperiment om korleis stoda hadde vore dersom Blåsjømagasinet ikkje hadde funnest, og all infrastruktur hadde vore fjerna. Elles var ho òg innom liknande problemstillingar knytt til Snøhetta, Nordfjella og Rondane.

Svein Ekre – Setesdal Austhei Villreinlag


Svein Ekre snakka om reinen på Setesdal Austhei. Foto: Kjell Bitustøyl

Svein Ekre snakka om reinen på Setesdal Austhei. Foto: Kjell Bitustøyl

Som seg hør og bør slapp det lokale Setesdal Austhei Villreinlag (SAVL) til med ein presentasjon av villreinen i dette området. Leiar Svein Ekre gjekk gjennom villreinhistoria til laget. SAVL har vore aktive sidan 1990 og blant anna stått for kjevemålingar og vekter i periodar. Dei har òg hatt kalveteljingar og strukturteljingar i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO). Ekre sa at ein no står framfor utfordringar, blant anna med fokusområde Bjørnevatn, der migrasjonstrekket mellom kalvingsområdet i sør og vinterbeita i nord går gjennom. Ein annan trekkkorridor med akse aust-vest er over Øvre Langeidvatn og ved Lundane-Viermyr. I alle desse områda har det vore stort press på trekkorridorane frå hytteutbygging og næringsinteresser.

Jørn T. Haug om Setesdal Vesthei, Ryfylke- og Frafjordheiane (SVR)


Verneområdeforvaltar Jørn T. Haug tok for seg Setesdal Ryfylke, han var òg innom adaptiv løypeforvaltning i Bykle. Foto: Kjell Bitustøyl

Verneområdeforvaltar Jørn T. Haug tok for seg Setesdal Ryfylke, han var òg innom adaptiv løypeforvaltning i Bykle. Foto: Kjell Bitustøyl

Vernområdeforvaltar for SVR Jørn T. Haug tok utgangspunkt i reinen på vestsida av Setesdal og sa at ein i praksis har to villreinstammer i vest på grunn av ”flaskehalsen” i Steinbuskaret. Konkret tok han mest for seg vegen til Store-Urar som har blitt ein barriere for villreinen. Difor diskuterer ein no lokalt å innføre ferdselsrestriksjonar på denne vegen. Målet med stenging er at reinen både på sørsida og nordsida ikkje skal bli forstyrra av biltrafikk. Dette er i tråd med kva grunneigarane har ynskt, men kommunen har så langt ikkje gjort noko vedtak. Bakgrunnen er nok at vegen i si tid blei sett på som eit gode for dei lokale som har blitt ramma av kraftutbygginga. Men planen no er altså er å prøvestenge i fem år. Men lokale folk vil framleis ha tilgang.

Jørn T. Haug var òg innom prosjektet med adaptiv løypeforvaltning, eit omgrep som har sitt opphav i nettopp Bykle og ferdsel vinterstid knytt til hytteområda. GPS-merkeprosjekta har gjort det mogleg å prøve ut løypetrasear for å unngå konfliktar med reinens vandringsvegar, blant anna mot kalvingsplassar i sør. Også her er det snakk om ei prøveordning med årlege evalueringar.

Ei utflukt til Hovden og Fjellreinskulens nye trecontainer stod på agendaen ettermiddagen. Ragnhild Bjåen stod for omvisning og orientering. Dette vil me koma tilbake til i ein eigen artikkel.


Utflukta dette året gjekk til Hovden og den nye trecontaineren som Fjellreinskulen har fått sett opp i sentrum, her representert ved Ragnhild Bjåen, dei andre er f.v. Lars Nesse, Asle Øydvin og leiar for Villreinrådet Endre Lægreid. Foto: Kjell Bitu…

Utflukta dette året gjekk til Hovden og den nye trecontaineren som Fjellreinskulen har fått sett opp i sentrum, her representert ved Ragnhild Bjåen, dei andre er f.v. Lars Nesse, Asle Øydvin og leiar for Villreinrådet Endre Lægreid. Foto: Kjell Bitustøyl

Miljødirektoratet – Erik Lund

Erik Lund frå tok for seg nytt frå Miljødirektoratet. Han var innom fleire tema, blant anna modernisering av viltloven. Han var òg innom VKM, vitenskapskomiteen som i desse dagar arbeider med skrantesjukeproblematikken. Den nye situasjonen som har oppstått vil blant anna vil føre eit større behov for GPS-merking av rein, sa Lund. Å hindre utveksling mellom villreinområde der ein tidlegare arbeidde for det motsette, var eit konkret tiltak han var innom, t.d. E 134 over Haukelifjell.

Lund tok òg for seg digitalisering av villreinforvaltninga som handlar om at meir og meir av jegerens kvardag skal kunne ordnast via appar på telefonen, ei døme på ein slik app er Miljødirektoratets “Sett og skutt”.

Kvalitetsnorm for villrein

Vemund Jaren frå Miljødirektoratet orienterte om det pågåande arbeidet med ei ”Kvalitetsnorm for villrein”. Kort oppsummert handlar dette om at ein skal gå grundig i gjennom alle dei 24 villreinområda i landet og gje dei ”karakteren” grøn, gul eller raud, alt etter korleis dei kjem ut i ei slik grundig kvalitetsvurdering. Planen er at at ein i løpet av 2021 skal leggje fram rapportane for dei 10 nasjonale villreinområda medan dei andre må vente til 2023. Jaren understreka at det i slike vurderingar blant anna skal leggjast til grunn både data frå GPS-sendarane og erfaringbasert lokal kunnskap.


Vemund Jaren frå Miljødirektoratet orienterte om kvalitetsnormen for villrein. Foto: Kjell Bitustøyl

Vemund Jaren frå Miljødirektoratet orienterte om kvalitetsnormen for villrein. Foto: Kjell Bitustøyl

Jaren var òg innom Verdiskapingsprogrammet “Villreinfjellet som verdiskaper”, der ein no har i alt 17 prosjekt i gang. Viktig for alle desse prosjekta er at dei skal inkludere ei miljømessig verdiskaping, t.d. tiltak som kan betre levekåra for villreinen. Jaren slo fast at prosjektet har kome inn på statsbudsjettet med ei varig løyving, og at 3 mill. kr. er sett av for 2021. Søknadsfristen for komande år blir truleg 2. februar.

Landbruks og Matdepartementet (LMD)

Anders Sandnes, opphavleg frå Bygland, er direktør i LMD. Han hadde i oppgåve å melde om nytt frå LMD. Me fekk ei presisering på skilnaden, ansvarsdelinga, mellom KLD og LMD: LMD forvaltar haustbare artar, medan KLD tek seg av resten av viltet og naturen. Sandnes kunne stadfeste at det blir færre jegerar, færre som tek jaktprøve. Også han var innom revisjon av viltloven.

Bjørnar Ytrehus og Vegard Gundersen

Dei to siste innlegga, båe på skjerm, var nok dei som fanga møtelyden aller sterkast, i kraft av temaene som var oppe. Veterinær og forskar Bjørnar Ytrehus kom med siste nytt om skrantesjuke. Det var musestille i møtesalen under presentasjonen hans. Interessa var etter alt å døme òg stor då forskar Vegard Gundersen i NINA hadde sin statusrapport om villrein og ferdsel, eit prosjekt han har drive med i lengre tid. Det er ikkje få som ventar på dei endelege konklusjonane hans. Båe desse innlegga skal me koma tilbake til med eigne referat.

Avslutning

Avslutningsvis tok leiar Endre Lægreid i Villreinrådet og medlem i redaksjonsrådet for årboka Tor Punsvik ordet. Punsvik minna forsamlinga om at dei må ta med seg kunnskapen tilbake, til dømes til arbeidet i nemndene, for som han sa det: “Mykje av sakene de får til handsaming har med fotavtrykka våre å gjera, difor viktig å bruke aktivt til dømes den dokumentasjonen om ferdsel som Vegard Gundersen har kome med. Me veit at motkreftene ikkje manglar argument dei heller”.

Endre Lægreid takka alle bidragsytarane og meinte at alle no dreg heim att med ny og oppdatert kunnskap. Og engasjement som vil vera viktig for å gjera dei rette vala eller ”aksjonane” som han kalla det. At fagdagane òg fører folk saman på tvers av område la han òg vekt på. Å fylgje med på kva som skjer med skrantesjukeproblematikken framover såg han på som noko av det han var mest spent på, med klar adresse til Bjørnar Ytrehus og co.

Heilt på tampen var det spørsmål om ting ein kunne ha utelate eller gløymt. Jan Øvregård frå Røldal kom med eit hjartesukk, han etterlyste at tiltak blir sett ut i livet, han meinte at mykje av det same kjem opp att gong etter gong utan at noko skjer. Han viste til koronaperioden i vår då det så seie ikkje var folk i fjellet, og kva som skjedde med reinen då. Men noko meir debatt var det ikkje lagt opp til i denne omgang.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

Ein dag i reinfjellet med SNO


Morten Elgaaen er seniorrådgjevar i Statens naturoppsyn og har blant anna ansvar for oppsyn i Brattefjell-Vindeggen. Foto: Kjell Bitustøyl

Morten Elgaaen er seniorrådgjevar i Statens naturoppsyn og har blant anna ansvar for oppsyn i Brattefjell-Vindeggen. Foto: Kjell Bitustøyl

Morten Elgaaen, seniorrådgjevar i Statens naturoppsyn (SNO) på Skinnarbu, har ansvar for oppsyn i Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde og Hardangervidda nasjonalpark. 14. oktober var siste jaktdagen etter den utvida jakta i Brattefjell-Vindeggen villreinområde. Her fylgjer ein reportasje frå ein dag med SNO-oppsynsmann Morten Elgaaen i felt.

I fleire år no har ein måtta ty til unntaksregelen frå ordinær jakttid for å kunne avvikle eit brukbart jaktuttak i Brattefjell-Vindeggen villreinområde. Problemet er og har vore at dyra står nedi skogen utanfor jaktområdet store delar av tida, eit problem som har forverra seg litt frå år til år. Det kan sjå ut som om dyra kjem seinare og seinare opp i det “lovlege” jaktområdet opp mot sjølve fjellpartiet. Dette fekk eg langt på veg stadfest då eg blei med Morten Elgaaen på oppsynstur siste jaktdagen i området. Samtidig fekk eg eit lite innblikk i korleis ein “vanleg dag på jobben” kan arte seg for ein jaktoppsynsmann.

Som å vera forballdommar

Å førebu seg til ein heil dag ute i fjellet i oktober krev sitt, ein kan møte ulike typar vêr og må vera kledd for nettopp skiftande vind og vêr. Snø og kulde kan fort koma på ein så seint på hausten. Men me var heldige denne dagen midt i oktober, sjølv om kvikksylvet hadde krabba under null på natta. Lite vind og sol over haustbrune vidder gjer det mindre kaldt å sitje i ro, for å sitje ro og vente på dyra, det lærte eg at ligg til oppsynets rolle, akkurat som til jegerens rolle. Å vandre rundt som oppsyn midt i jaktområdet kan fort føre til at ein kjem i vegen for dei som jaktar, noko som sjølvsagt ikkje er populært. Å vera jaktoppsyn blir litt det same som å vera dommar på ein fotballkamp; ein skal vera med der det skjer og fylgje godt med på kva som skjer, samtidig skal ein ikkje springe i vegen for dei som spelar.

Det er mange alternative vegar inn i Brattefjell-Vindeggen villreinområde. Morten valde å dra inn via Breivatn i Hjartdal kommune denne dagen, inn til bommen nær enden av vegen. Ikkje heilt tilfeldig at han valde dette området, her er du nær grenseområda der dyra plar å vandre ned i skogane, og der dei ofte kjem opp frå når dei trekkjer til fjells. Difor var det òg ein god del jegerar samla i dette området denne siste jaktdagen, håpefulle var dei med eitt eller fleire jaktkort i lomma, eit siste håp om å felle eit dyr dette året.

Jaktradioen

Me fylgjer ein traktorveg eit stykke, men etter å ha passert stølen Skardstul tek me opp lia for å koma opp på eit godt utkikkspunkt Morten har peika seg ut, Skardstulnuten. Dette var ein utkikksplass der ein ser store delar av jaktområdet på søraustsida av dei meste markerte nutane Brattefjell, Robekknuten og Vindeggen. Frå me steig ut av bilen var det på med jaktradioen, der tikkar inn med samtaler på kanal 4, der alle jegarene i dette området er på. Slik kan både jeger og oppsyn på eit tidleg stadium orientere seg om kva som skjer i heile villreinområdet, kvar det er dyr, om nokon får skyte og om det er moglegheiter for at dyra på utsida nærmar seg området der det er lovleg å jakte på dei. For ein som ikkje er jeger sjølv, er dette interessant å fylgje med på av fleire grunnar. Det fyrste som slår meg er ei mengd med stadnamn som krev at ein nesten er lokalkjent eller at ein har eit godt kart. Kvar er Storsteindalen til dømes? Eit godt kart er viktig, men ikkje alle lokale namn står der. Og sjølv om SNO-aren har vore her oppsyn her i mange år, må han stadig vekk ty til kartet for å finne stadane dei snakkar om på radioen.

Så oppdagar eg raskt at oppsynsmannen kjenner att folk på stemmene, ja, der er han på jakt, ja, og der er dei. Men han snakkar ikkje sjølv inn i radioen, ikkje som eg fekk med meg i alle fall. Han legg likevel ikkje skjul på han at er inne i området, folk er vane med at jaktoppsynet er med og dukkar opp i ulike delar av området, alt etter kvar det er mest aktuelt at det vil gå føre seg jakt.


Skogsområde sør for Brattefjell og Marigrønuten. Foto: Anders Mossing

Skogsområde sør for Brattefjell og Marigrønuten. Foto: Anders Mossing

Kontroll

Alt før me når toppen av Skardstulnuten har Morten funne ut at der sit ein jeger. Eg held meg litt i bakgrunnen mens oppsynsmannen gjeng fram til jegeren, presenterer seg og ber fram ærendet sitt, han spør òg om det er ok at journalisten får ta eit foto av situasjonen. Det er ok. Av tidlegare erfaring tek han kontrollen aller fyrst når han møter folk slik på post, betre enn å fyrst ha litt kaffikos og godprat, og så stramme seg opp for å kontrollere jaktkortet. Men alt er på stell. Jegeren, som heiter Stein Olav Lie og er frå Oslo, er debutant som jeger i dette villreinområdet, men han har vore på villreinjakt fleire andre stadar, fortel han. Han har vore oppe her i området fleire turar i haust, har lege i telt og opplevd både kulde og snø og vind, men ikkje fått dyr. Men han gjev ikkje opp og sit på post med kikkert, kart og jaktradio og ventar på den store augneblinken, at det skal koma eit dyr på skothald. God oversikt over det som heiter Flottin fuglefredingsområde og store område i kring, kombinert med jaktradioen, gjer at om det skulle det dukka opp noko i nærleiken, er han klar. Ein fora jervenduk gjer nytten som vern mot haustkulda, som trass i sol kan merkast når du må halde deg slik i ro.


Morten kontrollerar ein jeger, som hadde alle papirer i orden. Foto: Kjell Bitustøyl

Morten kontrollerar ein jeger, som hadde alle papirer i orden. Foto: Kjell Bitustøyl

Me plasserer oss litt ned for toppen, men med stor og vid utsikt. Ingen dyr å sjå. Det gjeld å skanne området, som Morten kallar det. Han er ikkje på kikk etter dyr på same måten som jegerane, han har vore opp her for ein del dagar sidan og sett ein bukk som er halt, den skulle han gjerne funne att, med tanke på at han kanskje måtte avlivast. Oppsynsmannen ber med seg børse til slike formål.

Stille, stille

Timane gjeng og det tikkar inn beskjedar om dyr som fell, men det er langt vekk, på andre sida mot Skinnarbu og Tinn kommune. Me får etterkvart ein viss oversikt over kvar folk sit på post. Morten visar meg på kartet kvar der plar sitje folk på ein slik dag, særleg no som store delar av flokken er på utsida av jaktområdet. På nutane mot aust skimtar me då òg inniblant jegerar mot horisonten. Og om det skulle koma dyr og krysse grenasa, ville det bli fort kjent. Men det er stille, stille.

Ettersom sola dalar er det nok ein og annan som melder at dei dreg på heimveg, dei har mista trua på at der kjem dyr. Kanskje er dyra for langt vekk for at det er sannsynleg at dei kjem i nærleiken innafor tida som er att av denne jaktdagen. Likevel, dei som ventar, får kanskje ein moglegheit, det blir i alle fall meldt om ein flokk på 100 dyr som er på veg oppover på vestsida av Skjesvatn, flokken delar seg i to får me greie på og då kikrar me intenst for om mogleg å sjå noko, men nei, ingenting. Men nokon skyt og det fell eitt eller fleire dyr. “Vår” mann vil halde ut dagen, og sit like støtt då me vandrar nedover att. Litt etterpå får me vita at der har kome opp ein flokk, men han fekk ikkje skyte.

Eg spør Morten kva han gjer om det blir felt eit dyr i nærleiken. Då ville han ha gjenge retning jaktstaden etter fyrst å ha orientert seg om det var ein god og akseptabel jaktsituasjon. Så ville han ha gjort sin rutinemessige kontroll. Det er òg viktig å ta med at SNO ikkje berre ser etter at jakt går føre seg etter gjeldane lovar og reglar, dei skal òg informere om eitt og hitt og vera til nytte for jegerane. Slik kan det bli bygt gode bruer mellom den som jaktar og oppsynet. Dette handlar sjølvsagt om å etablere tillit, då gjeld det for oppsynet å vera kloke, men sjølvsagt heilt klare på om noko uakseptabelt har gått føre seg.

GPS-dyra

Jaktradioen står på heile tida, og det stilnar av etterkvart, i takt med ei dalande sol. Så er det nesten som om reinsdyra òg har ein slags innebygd jaktradio, for ryktet vil ha det til at ein del dyr er på veg opp i det siste jaktdagen tek slutt. Ser ein på vandringane til den eine simla med GPS-klave, blir dette langt på veg stadfest. Om ein tek eit søk som omfattar heile jakta frå 20. august, for simle 257, ser ein at denne har vore nede i skogomrada i Hjartdal lenge, og berre så vidt har vore innanfor grensa til jaktområdet rundt 11. 12. og 13. september, men frå der utanfor heilt til den 13.-14. oktober. Det er interessant å sjå langt kor ho har flytt seg, truleg saman med ein del andre dyr, i dagen og dagane etter jaktslutt. Rett opp i høgaste Vindeggen gjeng turen, eit langt strekk, som om ho veit at no er det trygt, børsene er lagt ned og faren er over.


GPS-simle 257 sine posisjonar frå 19. september til 15. oktober. Skjermdump frå dyreposisjoner.no.


Ei av GPS-klavane slutta å virke og måtte fjernavløysast. Foto: Morten Elgaaen

Den andre simla har ein liknande ferdselsmønster, men ho var ein tur heilt oppe i Vindeggen tidlegare i jakta, men drog ned att. Så kom ho opp att litt før den andre, ca. 10. oktober og på veg ned att siste jaktdagen, då skjedde det fatale at ho blei skoten med klaven på. Svært uheldig for dei som etter mykje om og men har fått til dette merkeprosjektet, og sjølvsagt ulykkeleg for alle partar, forvaltinga ikkje minst. Men det er slikt som kan skje når uhellet er ute. Av fire opphavelege simler som blei merkte vinteren 2019, er det no berr éi att, ein av klavane slutta å virke og måtte fjernavløysast vinteren 2020, og éi blei felt under jakta 2019.

Held seg i skogen

For ein som ikkje er jeger sjølv var dette ein uvanleg lærerik og opplevingsrik dag, trass i at me ikkje såg dyr. Særleg har eg fått større forståing for problematikken omkring dyra som held seg i skogen under jakta, no når eg ved sjølvsyn har vore der og sett området og møtt jegeren som sat og venta forgjeves. For stamma i Brattefjell-Vindeggen er dette eit stort tankekors, avskytinga har gått litt ned år for år, og faren for at stamma kan bli for stor er absolutt til stades. Og no må forskarar og lokale forvaltarar setje sin lit til at den eine simla med klave kan bidra med harde fakta om det som ofte er det store diskusjonstemaet: Kvar er dyra året gjennom? Korleis brukar dei området, og kva har jakt og andre aktivitetar å seie for vandringsrutene og utnytting av beitet?

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing