”Villreinfjellet som verdiskaper” – søknad for 2021

Miljødirektoratet opnar opp for ein ny søknadsrunde innafor verdiskapingsprogrammet ”Villreinfjellet som verdiskaper”. Om lag tre millionar kroner kan delast ut, søknadsfristen er 15. februar. Nokre få endringar er gjort frå fyrste utgåve av verdiskapingsprogrammet

”Villreinfjellet som verdiskaper” er eit program som kom i gang i 2017, og som har som mål å stimulere til brei verdiskaping knytt til dei 10 nasjonale villreinområda. Særleg rettar tilskotsordninga  seg mot reiselivet, i vid forstand. Programmet er tenkt å bidra til ei god gjennomføring av dei regionale planane, og til å utvikle og spreie kunnskap til ulike målgrupper. 

Kva meiner ein med ”brei verdiskaping”?

Meininga med bruken av omgrepet ”brei verdiskaping” er at ein ikkje berre skal telje i kroner og øre, men at ein ser for seg ei verdiskaping som i større og mindre grad inkluderer fire pilarar: miljømessig, sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping. Vektinga mellom dei fire formene kan vere ulik frå prosjekt til prosjekt.  Eit døme på miljømessig verdiskaping kan vera å fjerne menneskeskapte og problematiske barrierer for villreinen, til dømes ein veg eller ein stig. Sosial verdiskaping er utvikling av engasjement og det å høyre til som oppstår ved samarbeid, samhandling, dugnad, friviljug innsats og fellesskap som ein del av det å høyre til i et lokalsamfunn. Kulturell verdiskaping inneber å auke kunnskapen og bevisstheita om lokal kulturarv, særpreg, tradisjonar og symbol som gjev grunnlag for stadeigen identitet og stoltheit.

Krav til søkjarar

Søkjarar må ha tilstrekkeleg organisatorisk og administrativ kapasitet og kompetanse til å kunne drive eit prosjekt. Døme på relevante søkjarar kan vera: kommunar, fylke, verneområdestyre, villreinutval, større organisasjonar eller autoriserte besøkssenter for naturinformasjon.  Mindre aktørar som reiselivslag, friviljuge lag og foreningar, grunneigarlag og einskildpersonar med gode idear, men som ikkje fyller krava, kan eventuelt samarbeide med kommunar eller andre større aktørar om ein slik søknad. Det er i den samanheng tilrådd å ha med samarbeidspartnarar frå ulike interessefelt, t.d. forvaltning, utdanning, grunneigarar og reiseliv.

Søknaden

Søknadane må vera i samsvar med rammer og retningslinjer som ligg i den reviderte programplanen. Viktigaste endringane er at omgrepet ”hovudprosjekt” er teke ut, og at det er opna opp for at mindre prosjekt òg kan koma med, prosjekt med ramme innafor eitt til tre år. For meir detaljert informasjon om endringane som er gjort, sjå den reviderte programplanen.

Geografi

Ein søknad må ha tilknyting til eit avgrensa geografisk område eller konsentrere seg om eit tema som det skal arbeidast med i fleire geografiske område. Geografisk er søknadsområdet avgrensa til dei 60 kommunane i åtte fylke som er omfatta av dei regionale planane. Prosjektsøknader som legg vekt på geografisk spreiing og fleire problemstilingar og moglegheiter knytt til ulike nasjonale villreinområde, vil bli prioritert.

Kvart prosjekt skal innehalde fleire delprosjekt og/eller tiltak, som til saman skal oppfylle prosjektets målsetjing. 

Økonomi

Inntil 50% av utgiftene i prosjektet kan dekkast av midlar frå verdiskapingsprogrammet, resten må dekkast av eigeninnsats eller eigne eller andre eksterne midlar.Tilskot vert gjeve for eitt år om gongen, men det er høve til å søkje på nytt for neste år. Kostnadsoverslag for seinare år skal då følgje søknaden.

Søknadar skal fremjast gjennom Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter, og søknadsfristen er 15. februar 2021. 

Spørsmål / hjelp med søknaden kan rettast til Miljødirektoratet:

epost: esshjelp@miljodir.no eller tlf 951 23 500 (10.00-14.00) 


Skjermbilde 2020-12-17 kl. 12.02.46.png

Meir informasjon er å finne på fylgjande linkar:

villrein.no – Kjell Bitustøyl