Rudolf – korleis oppstod myten?


Dei mest tamme reinsdyra i Cairngorm Reindeer Herd i Skottland blir gjort klare for oppdrag. Dette er ei årleg hending. Foto utlånt frå Cairngorm Reindeer Centre. Foto: Hen Robinson

Dei mest tamme reinsdyra i Cairngorm Reindeer Herd i Skottland blir gjort klare for oppdrag. Dette er ei årleg hending. Foto utlånt frå Cairngorm Reindeer Centre. Foto: Hen Robinson

Ein skal ikkje bevege seg mykje i julebutikkane før ein støyter på ulike variantar av reinsdyr, dvs. Rudolf, som mange ungar vil kalle reinsdyret. Dette er utan samanlikning den perioden i året då reinsdyr i alle mogleg former blir gjort synlege for folk. Det er difor god grunn til å gå litt nærare inn på kvifor dette har fest seg som eit typisk julefenomen. Samane har spela ei sentral rolle i denne forteljinga.

Historia om ”Rudolf the reindeer” har blitt fortalt mange gonger før og i ulike variantar. Det heile peikar mot USA og ikkje minst Alaska. Her kjem ein kortversjon basert på litt forskjellige kjelder. Bakgrunnen for denne historia handlar om samar frå Finnmark med reinsdyr som var hyra til Alaska rundt 1900 for å hjelpe gullgravarar med mat og transport, og gje inuittane eit nytt levebrød. Eit kommersielt selskap i Alaska drive fram av Lomenfamilien frå Valdres, starta etter kvart opp med tamreindrift i samarbeid med samane og byrja å selje reinskjøt i stor skala. Dette blei så kopla opp mot den amerikanske forteljinga om julenissen, Santa Claus, som heldt til ved Nordpolen. Han kom kvart år ned for å dele ut julegåver, køyrande i ein slede dregen av eit spann av reinsdyr.

Åtte reinsdyr 

Det eldste me kjenner til omkring julenissen og reinsdyr, skriv seg frå den amerikanske poeten Clement C. Moore som i 1822 skreiv eit dikt om julenatta for ungane sine. Her blandar poeten inn likt og ulikt, blant anna skytshelgenen St. Nicolas og element frå Norrøn mytologi. Eitt vers lyder slik:

The moon on the breast of a new fallen snow,

Gave a lustre of midday to objects below;

When, what to my wonderings eyes should appear,

But a miniature sleigh and eight tiny reindeer.

Tilly Smith, forfattar av boka ”The real Rudolf” (2006), og leiar av Cairngorm Reindeer Center i Skottland i mange år, skriv at ideen om at St. Nick (Santa Claus) kom med ein slede med åtte små reinsdyr, kan Moore ha fått frå norrøn mytologi og Odins raske hest Sleipner som hadde åtte bein. Kanskje i kombinasjon med ei eldgamal finsk legende om ”old man winter”, som dreiv reinsdyr ned frå fjellheimen til låglandet med kulde og snø. Diktet til Moore fekk mykje verksemd og lever den dag i dag i ulike variantar.


Per Kuhmunen med ein av køyrereinane sine på Jokkmokk marknad. Familien hans kom opphaveleg fra langt nord i Sverige og kan godt vera i slekt med samar som drog til Alaska i 1898. Foto: Kjell Bitustøyl

Per Kuhmunen med ein av køyrereinane sine på Jokkmokk marknad. Familien hans kom opphaveleg fra langt nord i Sverige og kan godt vera i slekt med samar som drog til Alaska i 1898. Foto: Kjell Bitustøyl

Samane og Lomen Company

Boka ”Redningsmenn og lykkejegere” av forfattar og historikar Roy Andersen kom i  2011 og omhandlar både historia om samane som kom som redningsmenn med reinsflokkane sine til Alaska, og den samtidige historia om gullgravarane som fløymde innover landet. NRK gjorde òg ein fjernsynsserie basert på denne boka”Reinsdyr, gull og julenissen” (2011-2012). Det fylgjande er henta frå boka til Andersen. 

Initiativtakar til ekspedisjonen var ein misjonær, Sheldon Jackson. Han ynskte blant anna at hardt ramma inuitsamfunn kunne lære seg tamreindrift etter mønster frå Noreg. I 1898 gjekk så eit skip ”Manitoban” frå Alta lasta med 539 rein, alle kastrerte bukkar, og 418 pulkar med seletøy, og med 113 samar, kvenar og nordmenn om bord. Desse var hyra som reinsgjetarar med to-års kontrakt. Stutt fortalt kom både folk og reinsdyr fram til Alaska, men mange av reinsdyra strauk med undervegs, særleg etter at dei hadde kome til Seattle og skulle gjetast nordover Alaska. Likevel blei dette oppstarten på eit tamreineventyr i Alaska. Køyrereinane gjorde nytte for seg som transportdyr, men ikkje i det omfang som fyrst planlagt. Men samane var ekspertane, og med utgangspunkt i deira kompetanse blei så reinsdyr kjøpt inn i fleire omgangar frå Sibir. I 1900 hadde tamreinflokken vakse til 3000 dyr fordelt på ni flokkar, nokon var eigd av misjonsstasjonane, andre av inuittane.

Lomen-familien frå Valdres hadde utvandra frå Lome i Vestre Slidre i 1850. Også dei blei med på gullrushet i Alaska. Nokre år etter at dei kom dit, blei dei merksame på dei stadig veksande reinsflokkane og kjøpte seg inn på eigarsida. Ettersom reinsflokkane vaks år for år, melde behovet seg for å selje meir reinskjøt, og Lomen Company blei stifta. Lomen-familien blei dei store pionerane på dette feltet. Det blir fortalt at dei på det meste eigde 500 000 rein. Den store utfordringa var difor: Korleis få tilgang til den store marknaden i sør, i dei store amerikanske byane?


Lomen Bros eller Lomen Company var stasjonert i Nome i Alaska, dette var selskapet som sette i gang prosessen med reinsdyr og julenisse i amerikanske storbyar for å reklamere for reinsdyrkjøt og reinsdyrskinn. Kvar dette fotoet er teke, er ukjent. F…

Lomen Bros eller Lomen Company var stasjonert i Nome i Alaska, dette var selskapet som sette i gang prosessen med reinsdyr og julenisse i amerikanske storbyar for å reklamere for reinsdyrkjøt og reinsdyrskinn. Kvar dette fotoet er teke, er ukjent. Foto utlånt frå Roy Andersen.

Jolenissen kjem med reinsdyr

Det var då Carl Lomen kom til å tenkje på den gamle barnesongen ”The night before Christmas” (jf. Moore) som handla om Santa Claus som kom over himmelen med presangar til borna i ein slede som blei trekt av reinsdyr. Utgangspunktet var at under jolehandelen i byane stod det ein jolenisse på kvart hjørne. Kva om det blei arrangert eit opptog med jolenissen og reinsdyra hans? tenkte Carl Lomen. Dette var noko reklamefolk tente på, og ideen blei sendt rundt til ulike sponsorar og aviser, og skulle så setjast ut i livet. Samar hadde fått i oppdrag å temje køyrereinane slik at dei blei vane med folk og støy slik at dei ikkje fekk panikk under opptoga. Berre dei beste reinsdyrgjetarane blei sette til å styre reinsdyra. 

I oktober 1925 var det klart for premiere i byen Portland, og blant anna eit lite brev frå ei lita jente blei publisert: ”Er det sant at jolenissen finst?”. Dermed var kampanjen i gang. Avisene sende ut reporterar til Alaska for å sjekke ut og kunne melde at jolenissen hadde takka ja til å koma til Portland, og at han håpa at mange born ville møte fram. Titusenvis av folk hadde samla seg langs gatene då kortesjen kom. I sleden sat ein av gjetarane kledd i jolenissedrakt. Og framom gjekk seks reinsdyr, alle med kvar sin oppassar i skinndrakt. Dette ble eit joleshow for heile byen, det fyrste i sitt slag, for dette spreidde seg som eld i turt gras, og slike show kom i stand over heile USA. Det var ikkje berre samar som deltok, også inuittar deltok i desse juleshowa. 

Suksessen var sikra, for etterspørselen etter reinsdyrkjøt og reinskinn skaut i vêret. I 1926 blei 3600 reinskrottar sendt sørover med fryseskip, året etter hadde dette stige til 9000. Og millionar av menneske fekk sjå jolenissen og reinsdyra hans toge gjennom gatene. ”Slik bidro Lomen-familien til å utbre verdenes mest kjente julemyte”, skriv Roy Andersen. Og her kan ein òg tilføya at samane bidrog sterkt. 

Men ingenting varer evig, og i 1937 sette Kongressen ein stoppa for suksessenEtter sterkt press frå kvegindustrien blei det bestemt at berre urfolk (i Alaska) fekk eige reinsdyr. Dette ramma både samane og Lomenfamilien, og i 1950 var det berre 25 000 tamrein att i Alaska.


Kvar jol har dei tilsette ved Cairngorm Reindeer Centre som jobb å reise rundt i dei skotske byane med reinsdyr, slede og julenisse for å glede store og små. Ikkje vanskeleg å skjønne at dette er eit populært innslag. Foto utlånt frå Cairngorm Reind…

Kvar jol har dei tilsette ved Cairngorm Reindeer Centre som jobb å reise rundt i dei skotske byane med reinsdyr, slede og julenisse for å glede store og små. Ikkje vanskeleg å skjønne at dette er eit populært innslag. Foto utlånt frå Cairngorm Reindeer Centre. Foto: Hen Robinson.

Rudolf 

Me må til 1939 for å finne opphavet til bruken av namnet Rudolf. Ein amerikansk forfattar og reklamemann, Robert L. May, gav då ut ei bok, Rudolf the Red-Nosed Reindeer. May hadde plukka opp historia om Lomenfamilien og samane, og Tilly Smith fortel at han kombinerte dette med ein idé frå eventyret ”Den stygge andungen” av H. C. Andersen. Historia handla då om eit ungt reinsdyr som skilde seg ut fordi det hadde raud nase. Boka selde i over 2,5 millionar eksemplar. Det tok likevel ikkje av før 10 år etter, i 1949. Då skreiv musikaren Johnny Marks ein song med same namn som boka, og ved hjelp av songaren Gene Austry blei denne gjeve ut på plate og gjekk til topps på hitlistene. Rudolff the Red-Nosed reindeer har seinare blitt ein av dei største jolesviskene gjennom tidene. Det høyrer med til historia at store selskap som Walt Disney og Coca-Cola har brukt historia om Rudolf, jolenissen og reinsdyra inn i jolereklamer og spreidd dette til resten av verda. Dette skriv Roy Andersen

Cairngorm

Cairngorm Reindeer Center i Skottland har teke tak i denne myten, og kvart år i november og desember køyrer dei rundt i ulike skotske byar med slede, køyrereinar og ein Santa Claus, i god amerikansk stil. Slik lever myten om Rudolf og reinsdyra vidare, til glede for mange, og kanskje til ergrelse for andre.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Skrevet for: Turgåere, Jegere, Grunneiere, Forvaltere

Tags: Rudolf, Alaska, Lomen-familien, reinsdyr, rein, tamrein, køyrerein, reinskinn, reinskjøt, Cairngorm