Pinnekjøt av rein er populært


Pinnekjøt av rein. Det ferdige produktet. Foto: Aina Nordfjell

Pinnekjøt av rein. Det ferdige produktet. Foto: Aina Nordfjell

Reinskjøt er etterspurt meir enn nokon gong, og i desse vekene før jul er det sjølvsagt ekstra fokus på pinnkjøt av rein. Bedrifta Rørosrein var fyrste ute med dette produktet, dei hadde det fyrste pinnkjøtet av rein på marknaden i 2016.

I samisk kultur er dette med å tørke kjøt ein eldgamal tradisjon og ein måte å konservere kjøt på som stadig vekk er i bruk, dette gjeld òg sidene av reinsdyret. Rørosrein har etablert seg som ein viktig aktør i marknaden, og dei har vunne fleire prisar for reinskjøtprodukta sine. Eva Nordfjell i Rørosrein fortel at då dei satsa på å bruke tørka reinsdyrsider på denne måten, handla det om å ta opp att ein gamal samisk tradisjon med å bruke tørka kjøt, samtidig som dei tilpassa produktnamnet til eit innarbeidd omgrep som pinnekjøt. Det må nemnast at i 2018 gjekk pinnekjøtet til Rørosrein til finalen i Det Norske Måltid.

Treng ikkje røykje kjøtet


Pinnekjøt til tørk. Foto: Aina Nordfjell

Pinnekjøt til tørk. Foto: Aina Nordfjell

Eva Nordfjell fortel: “Frå gamalt av bruka dei helst sidene av gjeldsimler og gjeldbukkar til slikt, dette fordi desse var feite og tørka fort. Det har òg vore tradisjon å koke og bruke krafta frå slike tørka sider, gjerne brukt i supper saman med ferskt kjøt for å få variasjon i kosten. Det blir ei fantastisk kraft”.

Kva med å røyke kjøtet? Det er mange som gjer det? “På Røros er det så tørt klima at det ikkje er nødvendig med røyking for å konservere kjøtet. Me brukar å vente til februar, då det er på det tørraste på vinteren, med å henge opp kjøtet som fyrst har vore salta. Då henger me det opp i ca 1 månad. Sidene må ikkje henge for lenge, for då kan det bli hardt. Kjøtet blir så lagt i frysaren og teke opp att i september for å førebu det ferdige produktet av pinnekjøt som kjem i sal i oktober, i god tid før jul..

Kva er største forskjellen på pinnekjøt av sau/lam og reinsdyr? “Mange synest at pinnekjøt av sau og lam kan bli for feitt, då er reinskjøt eit godt alternativ fordi det er magrare. Men me må velje blant dei feitaste og største reinsdyra, det er ein av grunnane til at me kjøper rein og reinskalvar frå Vågå tamreinlag som er av dei laga som er kjent for å ha store og feite dyr. Det same gjeld for Lom Tamreinlag”.

Etterspørselen har auka


Eva Nordfjell, dagleg leiar i Rørosrein. Her fotografert i samband med kalvemerking på Riasten. Foto: Kjell Bitustøyl

Eva Nordfjell, dagleg leiar i Rørosrein. Her fotografert i samband med kalvemerking på Riasten. Foto: Kjell Bitustøyl

Etterspørselen etter pinnekjøt av rein har auka år for år, og fleire aktørar har kome på banen med produktet ”pinnekjøt av rein”, naturleg nok. For Rørosrein førte dette til at omsetninga gjekk kraftig ned. I år hadde me ein mindre produksjon enn året før, men no er alt pinnekjøtet allerie utselt, seier Eva Nordfjell, som fortel at dei alt no er i gang med å førebu neste års produksjon.

Oppskrift

I eit intervju frå 2016 har Eva Nordfjell fortalt om korleis dei lagar til pinnekjøtet: Fordi rein er magrare enn sau og lam må det tørka kjøtet bløytast opp litt lenger, gjerne tre døgn i oppbløyting før ein kokar det. Så blir det kokt på vanleg måte i 3-4 timar. Det kan bli litt mindre salt på denne måten. Når det gjeld tilbehør, tilrår Eva Nordfjell mandelpotet, rotstappe og tytebær. Samt at krafta altså kan brukast til supper og sausar.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing