Reinen som trekkdyr


Schefferus framstiller køyrerein på denne måten i boka si frå 1673. Her ser ein det eldste seletøyet og køyrestaven i bruk.

Schefferus framstiller køyrerein på denne måten i boka si frå 1673. Her ser ein det eldste seletøyet og køyrestaven i bruk.

Går me langt tilbake i tid, før tamreindrifta oppstod og breidde om seg, hadde samane nokre få tamme dyr. Kjeldene fortel om lokkerein og køyrerein langt tilbake i tid, i uminnelege tider kan ein kanskje snakke om. Her skal me sjå litt på korleis reinen har vore brukt som trekkdyr, dvs. det me oftast kallar køyrerein.

Ein kan gjerne sjå på lokkerein og køyrerein som ei begynnande form for tamreinhald. Sørsamane heldt seg med nokre få tamreinar frå jernalderen og inn i mellomalderen, skriv Leif Braseth i boka ”Samer sør for midnattssola”. Mange kjelder fortel om nordmannen Ottar som levde på 800-talet og var i teneste hjå kong Alfred den store av England. Denne Ottar gjorde ei reise til Nord-Noreg, til Kolahalvøya og til Kvitehavet. Kong Alfred skreiv ned historia, og i denne heiter det blant anna at Ottar hadde 600 tamme reinar, av desse var seks lokkereinar. Det er svært sannsynleg at dessse reinane blei passa på av samar.

Samane hadde god kjennskap til reinsdyras eigenskaper, og dei kunne dette med å temje reinsdyr, for tamme måtte reinsdyra vera når dei skulle setjast framfor ein pulk. Ein veit at samane i vikingtida dreiv med handel med fyrst og fremst skinn, men òg horn og kanskje kjøt. Det skal ikkje mykje fantasi til for å tenkje seg at køyrerein har vore brukt vinterstid til nettopp dette: Få fram varer og frakt av folk. Reinen er lett å temje og har spesielle eigenskapar ved at klauvene er breie og eignar seg godt i djup snø. Ein annan eigenskap er at reinsdyret lett finn fram i uvêr og kan fylgje eit spor som har føykt att. 

Skinnhandel

Braseth fortel om birkarlenes verksemd i byrjinga av 1300-talet. Dei dreiv med skinnhandel med samane både i innlandet og på kysten. Det er vel kjent at det skjedde ein kraftig auke i villreinfangst og fangst av pelsdyr i vikingtida og tidleg mellomalder,. Dette har ei klar samanheng med veksten i pelshandelen. Dei store massefangstanlegga for rein var i bruk på denne tida, og på 1200-talet nådde denne pelshandelen sitt høgdepunkt. Mykje talar for at massefangsten kan ha vore så effektiv at bestanden av rein minka kraftig. Den store skinnhandelen i sørsamiske område tok slutt omkring 1620, skriv Braseth, han meiner at både norrøne folk og samar deltok i denne aktiviteten. Og dette var ikkje berre sesongarbeid, men heilårsarbeid etter som ein måtte nytte ut desse store anlegga fullt ut. Slik var det eit stort transportbehov både sommar og vinter.


Jokkmokkmarknaden 2013, me ser eitt av høgdepunkta på marknaden, då Kuhmunenfamilien kjem med reinane sine inn på marknadsområdet og viser korleis ein rad (rajd) kunne arte seg. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå Sverige er det kjent at Jokkmokkmarknaden, Nordens eldste marknad – oppretta på 1600-talet, alltid gjekk føre seg fyrst i februar, og gjer det framleis. Dette av di det då var mogleg å bruke isen på dei store sjøane og elvane som transportruter med rein og pulk. 

Samane blir nomadar – rad (rajd)

Fangstaktiviteten fortsette utover på heile 1500-talet og inn på 1600-talet, men avtok litt etter litt, mykje truleg på grunn av at reinen var på veg til å bli utrydda. Det er her me ser kimen til utviklinga av reinnomadismen. Sverre Fjellheim snakkar om ei suksessiv, dvs. gradvis, overgang frå fangstbasert reindrift til nomadisk reindrift. Dette skjer frå ca. år 1500 i fylgje Fjellheim.  

Ørnulf Vorren og Ernst Manker, som har skrive mykje om samar og reindrift, fortel om dei store vandringane reinsdyra gjer mellom haust og vår. Dei dreg fram fleire grunnar til desse vandringane, mest vekt legg dei på rasjonell utnytting av beiteområda. Ein annan faktor er reinens trong til å oppsøkje dei same parings- og kalvingsområda frå år til år. Reinens naturlege vandringar har slik lagt grunnlaget for reinnomadismen ved at menneska har forstått å innrette hushaldet sitt etter desse vandringane. Med andre ord, tamreindrifta førte til ei livsform som innebar flytting saman med reinsflokkane mellom vinterbeitet og sommarbeitet. Det er kanskje her me kjenner aller mest til bruken av køyrerein vinterstid, gjerne kalla rad (rajd på svensk), dvs. mange køyrerein med pulkar som er knytt saman i ei lang lekkje. 


Dette er ein illustrasjon frå Ájtte – Svenskt Fjäll- og Samemuseum i Jokkmokk. Me ser godt dei ulike pulktypane. Foto: Kjell Bitustøyl

Dette er ein illustrasjon frå Ájtte – Svenskt Fjäll- og Samemuseum i Jokkmokk. Me ser godt dei ulike pulktypane. Foto: Kjell Bitustøyl


Ein vanleg pulktype til transport, me ser hempene på sidene. Foto: Kjell Bitustøyl

Fleire pulktypar

Overgangen frå fangstbasert reindrift til nomadisk reindrift er eit stort og komplisert tema. Me skal ikkje gå nærare inn på det her. Men berre nemne at fleire kjelder peikar på at kimen til denne reindrifta kanskje finst i Ume lappmark i Sverige, og at reindrifta spreidde seg både sørover og nordover frå dette området. Ei slik rad handla blant om at mange gjekk på ski, medan born og folk som ikkje greidde å fylgje med, sat i eigne pulkar. Køyrereinen som gjekk fremst måtte vera ekstra tam og blei leidd av ein person. Sist i ei slik rad kunne det gå ein rein utan pulk, denne reinen var mindre tam og strita i mot, slik heldt han pulken framanfor att når det gjekk utforbakke. Ein hadde pulkar til ulikt bruk: ein pulk for transport av folk, ein pulk med fast lok for transport av dei mest verdifulle sakene, ein open pulk som var den eigentlege lasspulken, berre med eit reinskinn som ein spente over med reimar, og bakarst i raden hadde ein ein pulk med open bakfjøl, det var her stengene til gamma blei frakta.


Her ser me eit eksempel på ein nyare seletype, med bogtre og eit krumt tre under buken. Dette er òg frå Jokkmokkmarknaden. Foto: Kjell Bitustøyl

Seletypar

Den eldste seletypen for rein ein kjenner til, er uhyre enkel og var laga av ein skinnkrage som blei lagt rundt halsen på dyret og festa i underkant. Ei dragreim blei hekta i denne og gjekk under buken og mellom bakbeina på dyret og blei fest til ei lykkje i framenden av pulken. Blant sørsamane blei denne patenten brukt heilt til det siste, medan det nordpå alt ved hundreårsskiftet 1900, blei teke i bruk ei ny seletøyform som hadde bogtre og eit krumt tre under buken.

Korleis styrer ein ein tamrein? Der er til vanleg éin styretaum som er festa på hovudet til reinen og som går bakover til pulken om nokon sit i denne. Ved å kaste taumen frå side til side kunne ein lære opp reinen til å svinge til venstre eller til høgre, til vanleg hekk denne langs venstre side.  Å halde balansen i ein pulk kan vera vanskeleg, i eldre tid hadde dei difor ein køyrekjepp som både kunne hjelpe til med å halde balansen og samtidig kunne brukast til å bremse ned i utforbakkar.

Slede

I fleire samiske område i nord blei pulken tidleg erstatta med ein køyreslede. Denne var stødigare og kunne ta eit større lass, dessutan kunne han brukast med to sjæker slik at det heile blei stivare og stødare å køyre med, særleg i ope terreng kunne det vera ein fordel. I reinkappkøyring er det sleden som er i bruk, då ein kan ha behov for å hoppe av for å ordne med eitt eller anna praktisk. Den fyrste offisielle reinkappkøyringa gjekk føre seg i Kautokeino 27. mars 1954. Seinare har denne aktiviteten breidd om seg og er til dømes eit fast og uhyre populært innslag på den årlege Jokkmokkmarknaden i Nord-Sverige. (sjå foto)

Tunga ut av munnen

Reinsdyret blir ofte plaga av varme sommarstid, men også ein køyrerein kan bli varm dersom han blir drive hardt. Ein del varme blir ventilert gjennom pelsen, men ein del gjeng òg ut med utpust og avkjøling av tunga, som kan henge langt ut av kjeften viss det blir for varmt. Reinen kan òg kjøle tunga i snøen.

Historia om køyrereinen inkluderer òg store delar av dagens sørnorske villreinfjell, dette i samband med den omfattande tamreindrifta som hadde sitt utspring i mange fjellbygder i si tid, frå Setesdal i sør til Tafjordfjella i nord. Me kjem tilbake til dette temaet.


Grønland torg anno 1884, den kjende fjellmannen Lars Berunuten frå Vinje i Telemark er innom i Kristiania på veg frå Trøndelag til Hardangervidda med ein tamreinflokk og samar han hadde med seg, i pulken Anna Julie Jonsdotter frå Vefsn. Foto utlånt …

Grønland torg anno 1884, den kjende fjellmannen Lars Berunuten frå Vinje i Telemark er innom i Kristiania på veg frå Trøndelag til Hardangervidda med ein tamreinflokk og samar han hadde med seg, i pulken Anna Julie Jonsdotter frå Vefsn. Foto utlånt av Eivind Gardsteig.

villrein.no – Kjell Bitustøyl