Kulturbua ”Fjellreinen” på Hovden

I sentrum av Hovden i Bykle kommune kom det i haust opp ein heilt spesiell container laga av tre. Det er ”Fjellreinskulen” ved Ragnhild Bjåen og Tove Hertzberg som står bak denne kulturbua. Me har tidlegare omtalt boka ”Der reinen går er jorda freda” (24.7.2020), ei bok om reinsdyret og mennesket som er pedagogisk tilrettelagt for den yngre garde der biletkunst og tekst er integrert. Utstillinga ”Fjellreinen” i containeren byggjer for ein stor del på same innhaldet som boka.


Ragnhild Bjåen framfor kulturbua ”Fjellreinen”. Foto Kjell Bitustøyl

Ragnhild Bjåen framfor kulturbua ”Fjellreinen”. Foto Kjell Bitustøyl


Ein solid gjeng frå villreinmiljøet samla framfor kulturbua i Hovden sentrum, f.v. Ragnhild Bjåen, Lars Nesse frå Borgund, Asle Øydvin frå Ulvik/Eidfjord og Endre Lægreid, eifjordingen som no er leiar for Villreinrådet. Foto Kjell Bitustøyl

Deltakarane på Fagdagane i Bykle fekk med seg ei utflukt til Hovden og kulturbua ”Fjellreinen”. Ragnhild Bjåen var til stades og orienterte om det ferske byggeprosjektet og innhaldet. Boka ”Der reinen går er jorda freda” tek utgangspunkt i dei åtte årstidene, slik er det òg med utstillingscontaineren som er innreidd med åtte seksjonar.

 

Container av tre

Kunstnar Tove Hertzberg har blant anna arbeidd med stål og shipping, og ideen til containeren som formidlingsarena kom frå henne. Medan det var Ragnhild Bjåen som tok dette eit steg i lokal retning og meinte at ein container av tre vil passe betre i ei fjellbygd. Slik gjekk det til at mannen til Ragnhild, Anders Dalseg, handverkar og fagleg ansvarleg for bygningsvern ved Setesdalsmuseet, tok på seg oppdraget med å snikkere containeren, som på linje med andre containerar skal kunne fraktast rundt på ein lastebil. Ser ein nøye etter er reisverket i containeren skanta med øks. Det er eit pionerprosjekt som her ligg føre: Ei utstilling om mennesket og reinen som kan fraktast rundt utan at ein treng å pakke ned saker og ting. Og etter alt å dømme den fyrste i sitt slag i landet, i alle fall når det gjeld temaet reinsdyr.

Ragnhild Bjåen fortel at dei likar å arbeide med dei åtte årstidene. Dei skriv då òg i boka at: ”Når ein fylgjer reinen gjennom året, ser ein at han har åtte årstider. Samane som tradisjonelt har levd med rein og levd nær naturen i generasjonar, har delt inn året på same måte: vinter, vårvinter, vår, vårsommar, sommar, haustsommar, haust og haustvinter.”

 

Pedagogisk opplegg – fakkelkvinner

Containeren er innreidd slik at han kan brukast av både store og små. I utstillinga er det boksar nedst som Ragnhild Bjåen kallar ”sanseskåp”, med bl.a. anna ting ein kan kjenne på, gevir, skinn osv. Men førebels er ikkje dette teke i bruk av smittevernomsyn.


Inni kulturbua finn med seksjonar med dei ulike årstidene, åtte i talet. Her ser me vår, vårsommar og sommar. Foto Kjell Bitustøyl

Inni kulturbua finn med seksjonar med dei ulike årstidene, åtte i talet. Her ser me vår, vårsommar og sommar. Foto Kjell Bitustøyl

Når dei har barnehagar eller skular på besøk, stiller dei ein del sentrale spørsmål, til dømes: Kva er fordelen for reinen med å gå i flokk? Og er det reinen som fører mennesket eller er det mennesket som fører reinen? Dei brukar å samtale omkring dette med reinen som kulturberar, kulturen knytt til reinen, både tam og vill. Som illustrasjon brukar kunstnar Tove Hertzberg fakkelen. Her har ho teke utgangspunkt i temaet ”urkvinne”. Ragnhild Bjåen viser til kva Mari Boine sa til Ella Marie Hætta då ho deltok i Stjernekamp i NRK: ”Hugs at urkvinnene hevar faklane sine når det trengs”. Dette skjedde samtidig med at Ragnhild og Tove starta opp med arbeidet med Fjellreinskulen.

 

Jentene i fjellet

Dei to jentene synest det er viktig å fortelje jentehistoriene som knyter seg til fjellet. Dette sjølvsagt med bakgrunn i at det oftast er karar og jakt som står i fokus i forteljingane. Men som Ragnhild seier det: ”Det er òg kvinner og ungar som har budd her, og dei har òg vore viktige. Me synest det er viktig å få fram det feminine elementet i det ein tenkjer om fjell og alt rundt.” Ho legg òg vekt på at ein må få fram kjensledelen av historia, ikkje berre harde fakta. Slik ho ser det er det mykje anna som òg er knytt til fjellet, landskapet og historiene.

Containeren står open døgnet rundt, men det er vanskeleg å finne ut kor mange som er innom, fortel Ragnhild. For på grunn av koronaen er der ikkje gjestebok. Likevel har ho eit inntrykk av at mange stikk innom.

 

Bok og container

Eigentleg var det ideen om kulturbua som kom fyrst. Likevel blei det boka som blei ferdig ei lita stund før containeren, boka kom i august. Felles for dei to er det kunstnariske elementet i bileta. Og dei to bak ”Fjellreinskulen” og kulturbua ser for seg at folk skal få ei litt anna oppleving når dei ser eit vakkert bilete av fjell og rein, samtidig med at dei veit at det faktisk finst villrein her oppe på fjellviddene i Bykle. Slik kan ein kanskje oppleva å koma litt nærare reinen og lære meir utan at du må sjå reinen i levande live. På denne måten kan alle folka som bevegar seg i sentrum i Hovden elles les i boka, kanskje få ein ekstra ”input” om dette temaet, seier Ragnhild Bjåen.

Dette harmonerer godt med det synet ordførar i Bykle Jon Rolf Næss gjorde seg til talsmann for då han snakka om at at ein må auke kunnskapen og informasjonen om reinen, og med det skape respekt for villreinens levesett.  Og her viste han til ”Villreinfjellet som verdiskapar”, eit prosjekt som nettopp var startpunktet for Fjellreinskulen. Ser ein på kva som så langt har kome ut av konkrete prosjekt, er det liten tvil om at Fjellreinskulen med både bok og utstillingscontainer ligg langt framme i løypa.

 

Boka godt mottatt

Boka ”Der reinen går er jorda freda” er ikkje berre blitt spreidd i Setesdal, men òg vidare utover. Alt tyder på at denne boka, som ein av dei fyrste i sitt slag om reinsdyret tilrettelagt for born og unge, har blitt godt mottatt. Ulike omtaler i aviser har vore udelt positive, til dømes skriv Agderposten at ”Nå har de to kvinnene laget en praktfull bok, spekket med fakta om reinsdyrene som de er så glade i.”


Ein av dei som besøkte kulturbua ”Fjellreinen” var Martine Hårstad, informasjonsrådgjevar ved Norsk Villreinsenter Nord. Her sammen med Ragnhild Bjåen. Foto Kjell Bitustøyl

Ein av dei som besøkte kulturbua ”Fjellreinen” var Martine Hårstad, informasjonsrådgjevar ved Norsk Villreinsenter Nord. Her sammen med Ragnhild Bjåen. Foto Kjell Bitustøyl

Både boka og containeren er tenkt å kunne nå eit større publikum enn lokalt. Til dømes har Norsk Villreinsenter, som har vore ein viktig støttespelar for både bokprosjektet og kulturbua Fjellreinen, kjøpt inn mange eksemplar av boka til bruk for naturrettleiarane ved NVS som driv innafor skuleverket. I den samanheng skal Fjellreinskulen òg få laga ei lærarrettleiing.

———————————————————————————-

villrein.no – Kjell Bitustøyl