Bjørnar Ytrehus om CWD: Kvar er me, og kvar skal me gå?

Interessa for kva som skjer omkring skrantesjuken var stor då veterinær og forskar Bjørnar Ytrehus hadde innlegget sitt på Fagdagane i Bykle. Grunnen er sjølvsagt funnet av CWD-smitte i ein reinsbukk på Hardangervidda, og kva ein no skal foreta seg. Ytrehus er kjent som ein framifrå pedagog som greier å leggje fram kompliserte tema på ein lett forståeleg måte.


Bjørnar Ytrehus har vore sentral i forskinga heilt sidan CWD blei oppdaga. Han deltok på Fagdagane på storskjerm.

Bjørnar Ytrehus har vore sentral i forskinga heilt sidan CWD blei oppdaga. Han deltok på Fagdagane på storskjerm.

Rapportar har kome

Ytrehus tok i foredraget sitt eit steg tilbake og oppsummerte kva som skjedde då CWD blei påvist hjå ei simle i Nordfjella den 15. mars 2016. “Det lamslo oss totalt”, sa han og viste oss kva for tiltak som då blei sett i verk. Og då som no var det VKM, Vitenskapskomiteen for mat og miljø, som stod i sentrum for risikovurderinga som blei lagt fram. Me veit alle kva som skjedde, og Ytrehus viste til rapportane som har kome i etterkant. Desse rapportane baserer seg på samtalar og e-postutveksling med forskarar og forvaltarar i Canada og USA, norske forskarar og forvaltarar, og generell kunnskap om sjukdomar hjå viltlevande dyr og korleis ein skal handtere desse.

CWD – oppsummert

Ei rask oppsummering av kva ein visste om CWD:

  1. Det er ein prionsjukdom, dyra blir ikkje immune, men døyr.

  2. Smitteoverføring kan skje både direkte og via miljøet. Det tek svært lang tid frå eit dyr blir smitta til det viser teikn til sjukdom.

  3. I tida før dyret viser teikn til sjukdom er dyret ein stille smittespreiar.

  4. Smitten overlever mange år i miljøet.

Frå USA og Canada er det kjent at sjukdomen i einskilde bestandar fører til begynnande nedgang, slik at i løpet av 40 år kan heile bestanden døy ut.

Kva alternativ finst?

Ytrehus skisserte opp to alternativ:

  1. Om ein ikkje gjer noko, kan det føre til at ein aukande del av dyra blir sjuke, det blir dårleg dyrevelferd og fleire dyr døyr enn dei som blir født. Og ein kan risikere spreiing til andre reinsdyrstammer. Faren er òg til stades for at ein kan få overføring til andre hjortedyr med dei fylgjer det kan få.

  2. Prøve å gjera noko. Dette var det ein landa på når det galdt Nordfjella, og som kjent blei alle dyra i sone 1 slakta ned, samtidig som ein sette i gang ei landsdekkjande kartlegging og prøvetaking for å finne ut om sjukdomen fanst i andre område. Sone 1 blei avstengd for annan rein, pluss at ein arbeidde for reduksjon av bestandane i granneområda. Ein viktig faktor var òg å ta bort såkalla “hot spots” for smitteoverføring, t.d. saltsteinar.


Døme på simle der geviret er gnagd på, berre to stubbar står att. Foto frå Hardangervidda 18. mai 2010, teke av Kjell Bitustøyl.

Døme på simle der geviret er gnagd på, berre to stubbar står att. Foto frå Hardangervidda 18. mai 2010, teke av Kjell Bitustøyl.

Genetisk mottakelege dyr

Eit moment som ikkje har vore framme så mykje før, er korleis genetisk samansetjing i reinsdyra kan ha samanheng med om ein utviklar CWD eller ikkje. Her viste Ytrehus nok ein gong til forsking frå USA og Canada. Dette er forsking på kvithalehjort der det handlar om fleire variable, ikkje berre genetikken, men òg kva slags type prion me har med å gjera, og kor stor dose av smitte dyret får i seg. Sagt på ein annan måte: Nokre dyr er sterkare smitteberarar enn andre. Grovt rekna opererte Ytrehus med tre ulike typar genetikk hjå dyra:

  1. Dei som lett blir sjuke og spreier sjukdomen lett vidare.

  2. Dei som meir sjeldan blir sjuke og dermed spreier sjukdomen mindre.

  3. Dei dyra som er ikkje blir smitta og heller ikkje utviklar sjukdomen.

Når det gjeld Nordfjella, meinte Ytrehus at desse dyra var av den fyrste typen, altså dei som lett blir sjuke og som lettast spreier sjukdomen, særleg gjeld dette bukkar som vandrar mykje.

Mykje er usikkert

Han var òg innom korleis sjukdomen kunne spreie seg på ulike måtar, også av menneske. Elles slo han fast det som mange veit: at mykje er usikkert. Blant anna om sjukdomen kan spreie seg til andre hjortedyr som elg, hjort og rådyr. Når det gjeld sau, meinte han at ein ikkje trur dei er mottakelege for smitte, men at dei kan vera det ein kallar passive smitteberarar.

Bukken på Vidda

Funnet av CWD på ein bukk på Hardangervidda har snudd opp ned på mykje. Forskarane har enno ingen klare svar, men Ytrehus sa at ut i frå det me så langt veit om skrantesjuke, var denne bukken truleg i det ein kallar preklinisk fase, altså på veg til å bli skrantesjuk. Og mest sannsynleg har dette å gjera med utbrotet i Nordfjella i fylgje Ytrehus. Men det er mykje ein ikkje veit: Når kan bukken ha blitt smitta, og kor ofte har bukkar bevega seg frå Nordfjella til Hardangervidda? Det ein derimot veit er at det er svært få dyr som har testa positivt på Vidda. Veterinærinstituttet opererer med ein snitteprosent hjå bukkar på om lag 0,06 %, altså forsvinnande få dyr.

Viss bukken ikkje er smitta i Nordfjella, kva då…?

Viss det skulle vise seg at bukken ikkje er smitta i Nordfjella, kan det tenkjast at der finst andre forklaringar, spurde Ytrehus og slo fast at då er dette noko nytt. Og der er fleire spørsmål enn svar: Kan det ha vore liten smitte over lengre tid og at smitten er mindre sjukdomsframkallande? Han brukte talet 52.527 om reinsdyr som har testa negativt på landsbasis, og altså berre 19 av dyra i Nordfjella som har testa positivt, det vil seie ca 1% av stamma som blei slakta ned i Nordfjella.


Kan gevirgnaging ha ein samanheng med CWD?
Foto: Skjermdump frå presentasjonen.

Kan det vera ein samanheng med gevirgnaging?

Det store spørsmålet som melder seg i fylgje Ytrehus er sjølvsagt: Kan smitten på Hardangervidda ha oppstått uavhengig av Nordfjella? Kan det finnast ei felles smittekjelde, eller kan skrantesjuke ha oppstått spontant, på grunn av gjevne miljøfaktorar? Kan det vera at nokre dyr er genetisk samansett slik at dei er meir utsette for ein slik sjukdom? Av miljøfaktorar han nemnde var dette med svært tette bestandar, noko som lett kan føre til smitteoverføring, eller kan det vera sjølve ressursgrunnlaget? Eit fenomen som mange har stilt spørsmål ved i nyare tid, er dette med gevirgnaging som er meir utbreidd i nokon område enn andre, til dømes Hardangervidda og Nordfjella. Ytrehus spurde: Kva er dette eit uttrykk for? Og kan dette disponere for CWD? Kan det lettare føre til smitteoverføring? Det er ikkje mangel på spørsmål, og eitt er sikkert: Blant dei fremste forskarane på reinsdyr er der førebels stor usikkerheit knytta til dette temaet.


Kan gevirgnaging ha ein samanheng med CWD? Simla med den nyfødte kalven har geviret intakt, medan dei to simlene lengst framme berre har att nokre stubbar på grunn av gevirgnaging. Foto frå Hardangervidda 18. mai 2014, teke av Kjell Bitustøyl.

Kan gevirgnaging ha ein samanheng med CWD? Simla med den nyfødte kalven har geviret intakt, medan dei to simlene lengst framme berre har att nokre stubbar på grunn av gevirgnaging. Foto frå Hardangervidda 18. mai 2014, teke av Kjell Bitustøyl.

Kva gjer ein no?

Bjørnar Ytrehus viste til ny rapport frå VKM som skal koma. Han skisserte opp ulike konsekvensar av strategiar for å handtere klassisk skrantesjuke:

  1. Ingen tiltak

  2. Avgrensa tiltak

  3. Utrydde smitte

Han tok for seg dei to siste punkta, vurdering av tiltak for å avgrense og utrydde smitte. Her trekte han inn moment som forventa effekt, tidsaspektet, kva som må til for at ein kan lykkast, konsekvensar og kva som er usikkert. I høve til ein ny rapport la han vekt på at rapporten må vera kortfatta og lett forståeleg på godt norsk. Han viste til at ein av dei tidlegare rapportane om CWD, berre låg føre på engelsk. Vidare sa han at rapporten må vera objektiv og nøytral og tufta på veterinærmedisinsk kunnskap og økologi. Ytrehus avslutta med å understreke kva rapporten ikkje kan koma med: Konkrete råd eller tilrådingar, vurdering av samfunnsmessige, økonomiske eller kulturelle konsekvensar, samt verdibaserte val.

——————————————————————————————

villrein.no – Kjell Bitustøyl