Viktige tema på fagdagar i Bykle


Om lag halvparten av innlegga på fagdagane var via storskjerm, her Endre Lægreid og Bjørnar Ytrehus. Foto: Kjell Bitustøyl

Om lag halvparten av innlegga på fagdagane var via storskjerm, her Endre Lægreid og Bjørnar Ytrehus. Foto: Kjell Bitustøyl

Dei årlege fagdagane til Villreinrådet blei avvikla 21. og 22. oktober i Bykle, omlag fire månader forsinka pga. korona-situasjonen. Dei 70 påmelde som hadde fått plass, fekk med seg to dagar med føredrag og underhaldning med tre rettars middag i Bykle samfunnshus om kvelden. Sosialt liv var det òg på Bykle hotell, alt i samsvar med gjeldande korona-reglar. Det var engasjement blant deltakarane, særleg i pausar og om kvelden, ettersom det i liten grad er lagt opp til debatt på dagtid.

Ein hadde sett strek ved 70 deltakarar på fagdagane i Bykle, det var ventelister, fleire hadde ynskt å vera med. Eit luksusproblem ville vel mange kalla dette, interessa for temadagane var med andre ord upåklageleg. Endre Lægreid, leiar for Villreinrådet frå og med 2019, stod for innleiinga av fagdagane. Han minna om Villreinrådets oppgåver: Arrangere årlege fagdagar og gje ut årboka Villreinen. “Fagdagane til Villreinrådet skal vera fagleg påfyll for folk med interesse for villreinen,” sa Lægreid. Han var òg såvidt innom skrantesjukeproblematikken, og at den nye situasjonen som har oppstått naturleg nok ville bli omtala i løpet av dei to dagane, sjølv om dette opphavleg ikkje stod på planen.

Via skjerm

I sekretariatet for fagdagane sat Christian Hillmann og redaktør av Villreinen Fred Ivar Aasand. Dei hadde ei spesiell utfordring i år med det tekniske, i og med at i underkant av halvparten av foredraghaldarane deltok via storskjerm, altså digitalt. Med få unntak fungerte dette bra, folk begynnar etter kvart å bli vane med dette no. Samtidig er det sjølvsagt ok å få møte folk ansikt til ansikt, slik at ein eventuelt seinare lettare kan ta kontakt direkte.

Ordførar i ein hyttekommune

Ordførar i Bykle Jon Rolf Næss fekk æren av å vera “vertskap” på vegne av kommunen. Han kom sjølvsagt inn på ei svært aktuell problemstilling for Bykle i samband med pågåande prosessar: Korleis balansere hytteutbygging og omsynet til villreinen? Ja, takk begge delar, svara Næss på ekte politikarvis og kunne fortelja at Bykle har ca. 2800 hytter. Han visste godt at forsamlinga han hadde framfor seg var villreinvener, og gav då òg uttrykk for at omsynet til villreinens behov for areal så absolutt blir teke med i kommunens vurderingar og planprosessar. Samtidig la han ikkje skjul på at potensialet for å skape arbeid og trygge arbeidsplassar i Bykle nettopp ligg i hyttebransjen. Argumenta hans var at Bykle ikkje ligg i pendlaravstand til alternative arbeidsplassar, og det faktum at hyttefolka legg att pengar. Han viste difor til fortetting av hytter og kanalisering av trafikk som farbare vegar for at ein skulle kunne finne løysingar på utfordringane ein har. Å auke kunnskapen og informasjonen om reinen meinte han var ein viktig og farbar veg. Her viste han til verdiskapingsprogrammet “Villreinfjellet som verdiskapar” som er med på å “skape respekt for villreinens levesett”, slik han uttrykte det.

Klima- og miljødepartementet (KLD)

KLD var representert på skjerm ved statssekretær Maren Hersleth Olsen. Ho snakka blant anna om villrein og utfordringane med skrantesjuke, og om at villreinen er ein nøkkelart i det fjelløkologiske systemet. Villreinen er ein norsk ansvarsart, og ved å ta vare på reinen tek me òg vare på andre artar, sa statssekretæren. Om skrantesjuke sa ho at me ikkje må forhaste oss, og at viktige avgjerder må byggjast på faglege råd i nært samarbeid med lokal forvaltning. Ho sa òg at arbeidet med reetablering i Nordfjella skal takast opp att ”når tida er inne.” Norsk villreinsenters (NVS) rolle var ho òg innom, ho meinte at NVS har klart å fylle rolla som tilretteleggjar av kunnskap og som bindeled mellom ulike instansar i villreinverda. Konkret trekte ho fram verdiskapingsprosjektene og arbeidet med regionale planar, ho nemnde òg naturrestaureringsprosjektet på Hjerkinn der NVS Nord har hatt ei rolle.

Hersleth Olsen var òg innom den pågåande revisjonen av konsesjonsvilkåra knytt opp til vasskraft. Både med omsyn til dette og den komande kvaltetsnormen for villrein, la ho vekt på ein må ta tak i den hittil manglande heilskapstanken – bit for bit politikken – som har vore dominerande. Med tanke på løyvingar til villreinformål og auken som har kome midlertidig, vil KLD gjera dette til ei varig ordning, noko til dømes villreinnemndene kan glede seg over, sa Hersleth Olsen.

Det norske hytteberget

Og apropos heilskapleg tankegang omkring villrein og areal, så var dette òg eit sentralt tema for Torgeir W. Skancke, tidlegare redaktør og journalist i bladet Jakt og Fiske, også han på skjerm. Han viste til ein fokus dei har hatt i bladet om nettopp den manglande heilskaplege planen i utbygginga av hytter her i landet. 6000 nye hytter blir bygt kvart år og 90 000 tomter ligg klare for vidare utbygging. Og tempoet i hytteutbygginga har aldri vore så stort, sa Skancke. Oppsplittinga av villreinområda relaterte han blant anna til denne manglen på ein samla oversikt over konsekvensane av det stadig veksande ”hytteberget” som han kallar det. Kokrete døme han viste fram var frå Rondane og frå Setesdal. Han etterlyste meir fokus på naturvern/tap av areal i høve til dagens miljødebatt der 97 % handlar om klima og berre 3 % handlar om naturvern, i fylgje Skancke.

OneImpact – ny reiskap for arealforvaltning

På skjerm var òg forskar hjå Norsk institutt for naturforskning (NINA) Manuela Panzacchi. Hennar innlegg kom òg høveleg inn med tanke på ”hytteberget” og fokus på tap av areal og manglande heilskapleg tankegang. OneImpact er definert slik, henta frå NINA’s eigne nettsider: ”Sammen med internasjonale eksperter på datavitenskap, matematikk, supercomputere og økologi, har teamet (ved NINA) utviklet analyseverktøyet OneImpact. Det beregner de samlede effektene som både menneskelige og naturlige påvirkningsfaktorer har for enkeltarter innen et område. I tillegg til å beregne dagens situasjon og belastningsgrad, kan OneImpact også brukes til å finne ut hvordan planlagte utbygginger eller miljøtiltak vil påvirke naturen”.

Panzacchi kallar summen av ulike typar inngrep sett i samanheng for ”elefanten i romet”, eller sagt med hennar eigne ord: ”Infrastrukturtiltak som hver for seg kan ha begrenset effekt vil til sammen kunne føre til store negative effekter.” Ei overordna fagformulering ho brukar om tiltak knytt til pågåande revisjon av vasskraftkonsesjonar er denne: ”Innovasjoner i bærekraftig arealplanlegging for å balansere hensynet til reinen og fornybar energiproduksjon”. Konkret viste ho oss resultat av GPS-baserte undersøkingar av villrein i Setesdal Ryfylke, rundt Blåsjømagasinet. Ho stilte spørsmåla: ”Kva er att for reinsdyra? Og korleis kan dyra krysse for å utnytte større beiteområde, område som før kraftutbygginga var i bruk av reinen?” Forskinga basert på GPS-data gjev tydlege svar på kva som skaper barrierer for reinen, til ulike årstider. For moro skuld viste ho oss eit tankeeksperiment om korleis stoda hadde vore dersom Blåsjømagasinet ikkje hadde funnest, og all infrastruktur hadde vore fjerna. Elles var ho òg innom liknande problemstillingar knytt til Snøhetta, Nordfjella og Rondane.

Svein Ekre – Setesdal Austhei Villreinlag


Svein Ekre snakka om reinen på Setesdal Austhei. Foto: Kjell Bitustøyl

Svein Ekre snakka om reinen på Setesdal Austhei. Foto: Kjell Bitustøyl

Som seg hør og bør slapp det lokale Setesdal Austhei Villreinlag (SAVL) til med ein presentasjon av villreinen i dette området. Leiar Svein Ekre gjekk gjennom villreinhistoria til laget. SAVL har vore aktive sidan 1990 og blant anna stått for kjevemålingar og vekter i periodar. Dei har òg hatt kalveteljingar og strukturteljingar i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO). Ekre sa at ein no står framfor utfordringar, blant anna med fokusområde Bjørnevatn, der migrasjonstrekket mellom kalvingsområdet i sør og vinterbeita i nord går gjennom. Ein annan trekkkorridor med akse aust-vest er over Øvre Langeidvatn og ved Lundane-Viermyr. I alle desse områda har det vore stort press på trekkorridorane frå hytteutbygging og næringsinteresser.

Jørn T. Haug om Setesdal Vesthei, Ryfylke- og Frafjordheiane (SVR)


Verneområdeforvaltar Jørn T. Haug tok for seg Setesdal Ryfylke, han var òg innom adaptiv løypeforvaltning i Bykle. Foto: Kjell Bitustøyl

Verneområdeforvaltar Jørn T. Haug tok for seg Setesdal Ryfylke, han var òg innom adaptiv løypeforvaltning i Bykle. Foto: Kjell Bitustøyl

Vernområdeforvaltar for SVR Jørn T. Haug tok utgangspunkt i reinen på vestsida av Setesdal og sa at ein i praksis har to villreinstammer i vest på grunn av ”flaskehalsen” i Steinbuskaret. Konkret tok han mest for seg vegen til Store-Urar som har blitt ein barriere for villreinen. Difor diskuterer ein no lokalt å innføre ferdselsrestriksjonar på denne vegen. Målet med stenging er at reinen både på sørsida og nordsida ikkje skal bli forstyrra av biltrafikk. Dette er i tråd med kva grunneigarane har ynskt, men kommunen har så langt ikkje gjort noko vedtak. Bakgrunnen er nok at vegen i si tid blei sett på som eit gode for dei lokale som har blitt ramma av kraftutbygginga. Men planen no er altså er å prøvestenge i fem år. Men lokale folk vil framleis ha tilgang.

Jørn T. Haug var òg innom prosjektet med adaptiv løypeforvaltning, eit omgrep som har sitt opphav i nettopp Bykle og ferdsel vinterstid knytt til hytteområda. GPS-merkeprosjekta har gjort det mogleg å prøve ut løypetrasear for å unngå konfliktar med reinens vandringsvegar, blant anna mot kalvingsplassar i sør. Også her er det snakk om ei prøveordning med årlege evalueringar.

Ei utflukt til Hovden og Fjellreinskulens nye trecontainer stod på agendaen ettermiddagen. Ragnhild Bjåen stod for omvisning og orientering. Dette vil me koma tilbake til i ein eigen artikkel.


Utflukta dette året gjekk til Hovden og den nye trecontaineren som Fjellreinskulen har fått sett opp i sentrum, her representert ved Ragnhild Bjåen, dei andre er f.v. Lars Nesse, Asle Øydvin og leiar for Villreinrådet Endre Lægreid. Foto: Kjell Bitu…

Utflukta dette året gjekk til Hovden og den nye trecontaineren som Fjellreinskulen har fått sett opp i sentrum, her representert ved Ragnhild Bjåen, dei andre er f.v. Lars Nesse, Asle Øydvin og leiar for Villreinrådet Endre Lægreid. Foto: Kjell Bitustøyl

Miljødirektoratet – Erik Lund

Erik Lund frå tok for seg nytt frå Miljødirektoratet. Han var innom fleire tema, blant anna modernisering av viltloven. Han var òg innom VKM, vitenskapskomiteen som i desse dagar arbeider med skrantesjukeproblematikken. Den nye situasjonen som har oppstått vil blant anna vil føre eit større behov for GPS-merking av rein, sa Lund. Å hindre utveksling mellom villreinområde der ein tidlegare arbeidde for det motsette, var eit konkret tiltak han var innom, t.d. E 134 over Haukelifjell.

Lund tok òg for seg digitalisering av villreinforvaltninga som handlar om at meir og meir av jegerens kvardag skal kunne ordnast via appar på telefonen, ei døme på ein slik app er Miljødirektoratets “Sett og skutt”.

Kvalitetsnorm for villrein

Vemund Jaren frå Miljødirektoratet orienterte om det pågåande arbeidet med ei ”Kvalitetsnorm for villrein”. Kort oppsummert handlar dette om at ein skal gå grundig i gjennom alle dei 24 villreinområda i landet og gje dei ”karakteren” grøn, gul eller raud, alt etter korleis dei kjem ut i ei slik grundig kvalitetsvurdering. Planen er at at ein i løpet av 2021 skal leggje fram rapportane for dei 10 nasjonale villreinområda medan dei andre må vente til 2023. Jaren understreka at det i slike vurderingar blant anna skal leggjast til grunn både data frå GPS-sendarane og erfaringbasert lokal kunnskap.


Vemund Jaren frå Miljødirektoratet orienterte om kvalitetsnormen for villrein. Foto: Kjell Bitustøyl

Vemund Jaren frå Miljødirektoratet orienterte om kvalitetsnormen for villrein. Foto: Kjell Bitustøyl

Jaren var òg innom Verdiskapingsprogrammet “Villreinfjellet som verdiskaper”, der ein no har i alt 17 prosjekt i gang. Viktig for alle desse prosjekta er at dei skal inkludere ei miljømessig verdiskaping, t.d. tiltak som kan betre levekåra for villreinen. Jaren slo fast at prosjektet har kome inn på statsbudsjettet med ei varig løyving, og at 3 mill. kr. er sett av for 2021. Søknadsfristen for komande år blir truleg 2. februar.

Landbruks og Matdepartementet (LMD)

Anders Sandnes, opphavleg frå Bygland, er direktør i LMD. Han hadde i oppgåve å melde om nytt frå LMD. Me fekk ei presisering på skilnaden, ansvarsdelinga, mellom KLD og LMD: LMD forvaltar haustbare artar, medan KLD tek seg av resten av viltet og naturen. Sandnes kunne stadfeste at det blir færre jegerar, færre som tek jaktprøve. Også han var innom revisjon av viltloven.

Bjørnar Ytrehus og Vegard Gundersen

Dei to siste innlegga, båe på skjerm, var nok dei som fanga møtelyden aller sterkast, i kraft av temaene som var oppe. Veterinær og forskar Bjørnar Ytrehus kom med siste nytt om skrantesjuke. Det var musestille i møtesalen under presentasjonen hans. Interessa var etter alt å døme òg stor då forskar Vegard Gundersen i NINA hadde sin statusrapport om villrein og ferdsel, eit prosjekt han har drive med i lengre tid. Det er ikkje få som ventar på dei endelege konklusjonane hans. Båe desse innlegga skal me koma tilbake til med eigne referat.

Avslutning

Avslutningsvis tok leiar Endre Lægreid i Villreinrådet og medlem i redaksjonsrådet for årboka Tor Punsvik ordet. Punsvik minna forsamlinga om at dei må ta med seg kunnskapen tilbake, til dømes til arbeidet i nemndene, for som han sa det: “Mykje av sakene de får til handsaming har med fotavtrykka våre å gjera, difor viktig å bruke aktivt til dømes den dokumentasjonen om ferdsel som Vegard Gundersen har kome med. Me veit at motkreftene ikkje manglar argument dei heller”.

Endre Lægreid takka alle bidragsytarane og meinte at alle no dreg heim att med ny og oppdatert kunnskap. Og engasjement som vil vera viktig for å gjera dei rette vala eller ”aksjonane” som han kalla det. At fagdagane òg fører folk saman på tvers av område la han òg vekt på. Å fylgje med på kva som skjer med skrantesjukeproblematikken framover såg han på som noko av det han var mest spent på, med klar adresse til Bjørnar Ytrehus og co.

Heilt på tampen var det spørsmål om ting ein kunne ha utelate eller gløymt. Jan Øvregård frå Røldal kom med eit hjartesukk, han etterlyste at tiltak blir sett ut i livet, han meinte at mykje av det same kjem opp att gong etter gong utan at noko skjer. Han viste til koronaperioden i vår då det så seie ikkje var folk i fjellet, og kva som skjedde med reinen då. Men noko meir debatt var det ikkje lagt opp til i denne omgang.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing