Ein dag i reinfjellet med SNO


Morten Elgaaen er seniorrådgjevar i Statens naturoppsyn og har blant anna ansvar for oppsyn i Brattefjell-Vindeggen. Foto: Kjell Bitustøyl

Morten Elgaaen er seniorrådgjevar i Statens naturoppsyn og har blant anna ansvar for oppsyn i Brattefjell-Vindeggen. Foto: Kjell Bitustøyl

Morten Elgaaen, seniorrådgjevar i Statens naturoppsyn (SNO) på Skinnarbu, har ansvar for oppsyn i Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde og Hardangervidda nasjonalpark. 14. oktober var siste jaktdagen etter den utvida jakta i Brattefjell-Vindeggen villreinområde. Her fylgjer ein reportasje frå ein dag med SNO-oppsynsmann Morten Elgaaen i felt.

I fleire år no har ein måtta ty til unntaksregelen frå ordinær jakttid for å kunne avvikle eit brukbart jaktuttak i Brattefjell-Vindeggen villreinområde. Problemet er og har vore at dyra står nedi skogen utanfor jaktområdet store delar av tida, eit problem som har forverra seg litt frå år til år. Det kan sjå ut som om dyra kjem seinare og seinare opp i det “lovlege” jaktområdet opp mot sjølve fjellpartiet. Dette fekk eg langt på veg stadfest då eg blei med Morten Elgaaen på oppsynstur siste jaktdagen i området. Samtidig fekk eg eit lite innblikk i korleis ein “vanleg dag på jobben” kan arte seg for ein jaktoppsynsmann.

Som å vera forballdommar

Å førebu seg til ein heil dag ute i fjellet i oktober krev sitt, ein kan møte ulike typar vêr og må vera kledd for nettopp skiftande vind og vêr. Snø og kulde kan fort koma på ein så seint på hausten. Men me var heldige denne dagen midt i oktober, sjølv om kvikksylvet hadde krabba under null på natta. Lite vind og sol over haustbrune vidder gjer det mindre kaldt å sitje i ro, for å sitje ro og vente på dyra, det lærte eg at ligg til oppsynets rolle, akkurat som til jegerens rolle. Å vandre rundt som oppsyn midt i jaktområdet kan fort føre til at ein kjem i vegen for dei som jaktar, noko som sjølvsagt ikkje er populært. Å vera jaktoppsyn blir litt det same som å vera dommar på ein fotballkamp; ein skal vera med der det skjer og fylgje godt med på kva som skjer, samtidig skal ein ikkje springe i vegen for dei som spelar.

Det er mange alternative vegar inn i Brattefjell-Vindeggen villreinområde. Morten valde å dra inn via Breivatn i Hjartdal kommune denne dagen, inn til bommen nær enden av vegen. Ikkje heilt tilfeldig at han valde dette området, her er du nær grenseområda der dyra plar å vandre ned i skogane, og der dei ofte kjem opp frå når dei trekkjer til fjells. Difor var det òg ein god del jegerar samla i dette området denne siste jaktdagen, håpefulle var dei med eitt eller fleire jaktkort i lomma, eit siste håp om å felle eit dyr dette året.

Jaktradioen

Me fylgjer ein traktorveg eit stykke, men etter å ha passert stølen Skardstul tek me opp lia for å koma opp på eit godt utkikkspunkt Morten har peika seg ut, Skardstulnuten. Dette var ein utkikksplass der ein ser store delar av jaktområdet på søraustsida av dei meste markerte nutane Brattefjell, Robekknuten og Vindeggen. Frå me steig ut av bilen var det på med jaktradioen, der tikkar inn med samtaler på kanal 4, der alle jegarene i dette området er på. Slik kan både jeger og oppsyn på eit tidleg stadium orientere seg om kva som skjer i heile villreinområdet, kvar det er dyr, om nokon får skyte og om det er moglegheiter for at dyra på utsida nærmar seg området der det er lovleg å jakte på dei. For ein som ikkje er jeger sjølv, er dette interessant å fylgje med på av fleire grunnar. Det fyrste som slår meg er ei mengd med stadnamn som krev at ein nesten er lokalkjent eller at ein har eit godt kart. Kvar er Storsteindalen til dømes? Eit godt kart er viktig, men ikkje alle lokale namn står der. Og sjølv om SNO-aren har vore her oppsyn her i mange år, må han stadig vekk ty til kartet for å finne stadane dei snakkar om på radioen.

Så oppdagar eg raskt at oppsynsmannen kjenner att folk på stemmene, ja, der er han på jakt, ja, og der er dei. Men han snakkar ikkje sjølv inn i radioen, ikkje som eg fekk med meg i alle fall. Han legg likevel ikkje skjul på han at er inne i området, folk er vane med at jaktoppsynet er med og dukkar opp i ulike delar av området, alt etter kvar det er mest aktuelt at det vil gå føre seg jakt.


Skogsområde sør for Brattefjell og Marigrønuten. Foto: Anders Mossing

Skogsområde sør for Brattefjell og Marigrønuten. Foto: Anders Mossing

Kontroll

Alt før me når toppen av Skardstulnuten har Morten funne ut at der sit ein jeger. Eg held meg litt i bakgrunnen mens oppsynsmannen gjeng fram til jegeren, presenterer seg og ber fram ærendet sitt, han spør òg om det er ok at journalisten får ta eit foto av situasjonen. Det er ok. Av tidlegare erfaring tek han kontrollen aller fyrst når han møter folk slik på post, betre enn å fyrst ha litt kaffikos og godprat, og så stramme seg opp for å kontrollere jaktkortet. Men alt er på stell. Jegeren, som heiter Stein Olav Lie og er frå Oslo, er debutant som jeger i dette villreinområdet, men han har vore på villreinjakt fleire andre stadar, fortel han. Han har vore oppe her i området fleire turar i haust, har lege i telt og opplevd både kulde og snø og vind, men ikkje fått dyr. Men han gjev ikkje opp og sit på post med kikkert, kart og jaktradio og ventar på den store augneblinken, at det skal koma eit dyr på skothald. God oversikt over det som heiter Flottin fuglefredingsområde og store område i kring, kombinert med jaktradioen, gjer at om det skulle det dukka opp noko i nærleiken, er han klar. Ein fora jervenduk gjer nytten som vern mot haustkulda, som trass i sol kan merkast når du må halde deg slik i ro.


Morten kontrollerar ein jeger, som hadde alle papirer i orden. Foto: Kjell Bitustøyl

Morten kontrollerar ein jeger, som hadde alle papirer i orden. Foto: Kjell Bitustøyl

Me plasserer oss litt ned for toppen, men med stor og vid utsikt. Ingen dyr å sjå. Det gjeld å skanne området, som Morten kallar det. Han er ikkje på kikk etter dyr på same måten som jegerane, han har vore opp her for ein del dagar sidan og sett ein bukk som er halt, den skulle han gjerne funne att, med tanke på at han kanskje måtte avlivast. Oppsynsmannen ber med seg børse til slike formål.

Stille, stille

Timane gjeng og det tikkar inn beskjedar om dyr som fell, men det er langt vekk, på andre sida mot Skinnarbu og Tinn kommune. Me får etterkvart ein viss oversikt over kvar folk sit på post. Morten visar meg på kartet kvar der plar sitje folk på ein slik dag, særleg no som store delar av flokken er på utsida av jaktområdet. På nutane mot aust skimtar me då òg inniblant jegerar mot horisonten. Og om det skulle koma dyr og krysse grenasa, ville det bli fort kjent. Men det er stille, stille.

Ettersom sola dalar er det nok ein og annan som melder at dei dreg på heimveg, dei har mista trua på at der kjem dyr. Kanskje er dyra for langt vekk for at det er sannsynleg at dei kjem i nærleiken innafor tida som er att av denne jaktdagen. Likevel, dei som ventar, får kanskje ein moglegheit, det blir i alle fall meldt om ein flokk på 100 dyr som er på veg oppover på vestsida av Skjesvatn, flokken delar seg i to får me greie på og då kikrar me intenst for om mogleg å sjå noko, men nei, ingenting. Men nokon skyt og det fell eitt eller fleire dyr. “Vår” mann vil halde ut dagen, og sit like støtt då me vandrar nedover att. Litt etterpå får me vita at der har kome opp ein flokk, men han fekk ikkje skyte.

Eg spør Morten kva han gjer om det blir felt eit dyr i nærleiken. Då ville han ha gjenge retning jaktstaden etter fyrst å ha orientert seg om det var ein god og akseptabel jaktsituasjon. Så ville han ha gjort sin rutinemessige kontroll. Det er òg viktig å ta med at SNO ikkje berre ser etter at jakt går føre seg etter gjeldane lovar og reglar, dei skal òg informere om eitt og hitt og vera til nytte for jegerane. Slik kan det bli bygt gode bruer mellom den som jaktar og oppsynet. Dette handlar sjølvsagt om å etablere tillit, då gjeld det for oppsynet å vera kloke, men sjølvsagt heilt klare på om noko uakseptabelt har gått føre seg.

GPS-dyra

Jaktradioen står på heile tida, og det stilnar av etterkvart, i takt med ei dalande sol. Så er det nesten som om reinsdyra òg har ein slags innebygd jaktradio, for ryktet vil ha det til at ein del dyr er på veg opp i det siste jaktdagen tek slutt. Ser ein på vandringane til den eine simla med GPS-klave, blir dette langt på veg stadfest. Om ein tek eit søk som omfattar heile jakta frå 20. august, for simle 257, ser ein at denne har vore nede i skogomrada i Hjartdal lenge, og berre så vidt har vore innanfor grensa til jaktområdet rundt 11. 12. og 13. september, men frå der utanfor heilt til den 13.-14. oktober. Det er interessant å sjå langt kor ho har flytt seg, truleg saman med ein del andre dyr, i dagen og dagane etter jaktslutt. Rett opp i høgaste Vindeggen gjeng turen, eit langt strekk, som om ho veit at no er det trygt, børsene er lagt ned og faren er over.


GPS-simle 257 sine posisjonar frå 19. september til 15. oktober. Skjermdump frå dyreposisjoner.no.


Ei av GPS-klavane slutta å virke og måtte fjernavløysast. Foto: Morten Elgaaen

Den andre simla har ein liknande ferdselsmønster, men ho var ein tur heilt oppe i Vindeggen tidlegare i jakta, men drog ned att. Så kom ho opp att litt før den andre, ca. 10. oktober og på veg ned att siste jaktdagen, då skjedde det fatale at ho blei skoten med klaven på. Svært uheldig for dei som etter mykje om og men har fått til dette merkeprosjektet, og sjølvsagt ulykkeleg for alle partar, forvaltinga ikkje minst. Men det er slikt som kan skje når uhellet er ute. Av fire opphavelege simler som blei merkte vinteren 2019, er det no berr éi att, ein av klavane slutta å virke og måtte fjernavløysast vinteren 2020, og éi blei felt under jakta 2019.

Held seg i skogen

For ein som ikkje er jeger sjølv var dette ein uvanleg lærerik og opplevingsrik dag, trass i at me ikkje såg dyr. Særleg har eg fått større forståing for problematikken omkring dyra som held seg i skogen under jakta, no når eg ved sjølvsyn har vore der og sett området og møtt jegeren som sat og venta forgjeves. For stamma i Brattefjell-Vindeggen er dette eit stort tankekors, avskytinga har gått litt ned år for år, og faren for at stamma kan bli for stor er absolutt til stades. Og no må forskarar og lokale forvaltarar setje sin lit til at den eine simla med klave kan bidra med harde fakta om det som ofte er det store diskusjonstemaet: Kvar er dyra året gjennom? Korleis brukar dei området, og kva har jakt og andre aktivitetar å seie for vandringsrutene og utnytting av beitet?

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing