diverse

Ferdselsrapport for Hardangervidda – dagsturar aukar mykje


ferdsel på ski-3992.jpg

Tilbake i 2016 blei det sett i gang eit prosjekt som skulle beskrive ferdselen på Hardangervidda. Rapporten skulle omfatte både dei positive sidene ved ferdselen, men òg kva for negativet påverknader ferdsla kan ha på villreinen. No er rapporten som dokumenterer denne ferdselen klar. Seniorforskar Vegard Gundersen i Norsk institutt for naturforskning (NINA) har stått i spissen for dette arbeidet.

Det er ein etterlengta rapport som no kjem, men når det gjeld framlegg til tiltak må me enno vente ei stund til. Dette er ikkje med i denne rapporten. Vegard Gundersen seier i ei pressemelding i samband med framlegging av rapporten at «hyttefolk og turister bruker stadig mer tid i fjellet. På Hardangervidda har særlig antall dagsturer økt voldsomt de siste årene.» Her trekkjer han fram blant anna den eksplosive auken i turistar på veg til Trolltunga. 


Talet på dagsturar til Trolltunga har stige dramatisk. Ferdselsrapporten fortel om at det er registrert omtrent like mange turistar på veg til Trolltunga som summen av 70 andre innfallsporter til Hardangervidda. Foto: Kjell Bitustøyl

Talet på dagsturar til Trolltunga har stige dramatisk. Ferdselsrapporten fortel om at det er registrert omtrent like mange turistar på veg til Trolltunga som summen av 70 andre innfallsporter til Hardangervidda. Foto: Kjell Bitustøyl

Dagsturar

Sett over litt tid har bruken av randsonene til Hardangervidda i fylgje rapporten endra karakter og auka drastisk mange stader. Dette har bakgrunn i satsing på lokal næringsutvikling, gjennom turisme og omfattande hyttebygging, noko som har gjort utmarksareala til dei nye fritidslandskapa for folk busett i byar og for tilreisande turistar. Ei slik todeling av arbeid/kvardag, og utmarksareal som arena for fritid, har ført med seg ein stor auke i talet på dagsturar frå stader der du kan parkere bilen. Kor langt ein går innover fjellet varierer sjølvsagt mykje, avhengig av kor tilgjengelege områda er. Tilrettelegging i dagstursona er ein viktig faktor i så måte, ikkje minst viktig for livskvalitet og naturoppleving for mange i fylgje rapporten.

Hytteutbygging kombinert med utbygging av anna infrastruktur har endra dagstursona dei seinare åra, samtidig med at tilrettelegging for friluftsliv og turisme har auka på. Rapporten konkluderer med at ein av dei viktigaste motivasjonane for å bruke Hardangervidda, er å få oppleve fred og ro i urørte omgjevnader der det er få folk. Gundersen skisserer opp dette dilemmaet: Korleis kombinere det at folk skal få gode opplevingar med å unngå ei uønskt utvikling av fjellområdet? Stikkord her er graden av tilrettelegging og kanalisering av trafikken.

Lokale folk

Undersøkingane som er gjort i samband med Ferdselsrapporten viser at lokale folk brukar Hardangervidda både på tradisjonelle og nye måtar. Her kan det oppstå konfliktar mellom dei lokale og turistar/hyttefolk i samband med dei store turistdestinasjonane og hyttefelta, konfliktar som handlar om bruken av areal. Det kan bli for folksamt samtidig med at lokale reagerer på slitasje og søppel i terrenget. Motsett kan òg turistar reagere på lokal byggjeaktivitet og motorferdsel.


Lokale folk brukar Hardangervidda blant anna i samband med fiske, både yrkesfiske og meir fritidsbasert fiske. Frå Langavatn.  Foto: Kjell Bitustøyl

Lokale folk brukar Hardangervidda blant anna i samband med fiske, både yrkesfiske og meir fritidsbasert fiske. Frå Langavatn. Foto: Kjell Bitustøyl

Telt og villmark

Når det gjeld bruk av dei meir sentrale delar av Hardangervidda, har denne halde seg meir stabil over dei siste tiåra, det vere seg fotturistar som går frå hytte til hytte, eller lokale folk som brukar buer og hytter i området. Likevel påpeikar rapporten at mykje tyder på at telting utanfor allfarveg har auka dei siste åra, på Hardangervidda er det mogleg med lange turar med telt og fiskestong og naturopplevingar langt frå folk der fred og ro rår, og der talet på besøkande er langt færre enn i randsona.  

Innsamling av data

Korleis har ein så greidd å kartleggje folks bruk av Hardangervidda? Forskarane har brukt data frå mange kjelder, rapporten nemner fleire spørjeundersøkingar, observasjonsstudiar i utvalde område, og automatiske teljingar på ei rad med stigar og skiløyper. I tillegg har ein registrert mobildata og overnattingsstatistikk. Stipendiat Sofie Selvaag i NINA seier dette: «I dag er det så mange som sporer turen sin med GPS at ferdselsmønsteret for Hardangervidda gjenspeiler fotturistene på en veldig god måte. Dette gir noen helt nye muligheter for å beskrive ferdselsmønteret i fremtiden.»

Kven er brukarne?

Rapporten gjev kunnskap om kven brukarane er, kva for aktivitetar dei driv med, kva for haldningar dei har til fjellet – naturen og forvaltninga, og kvifor dei dreg på tur. Denne kunnskapen skal i neste omgang brukast for å leggje til rette for gode opplevingar samtidig som ein skal vurdere korleis villreinen blir påverka. Gundersen understrekar at det er viktig at dei besøkande har gode opplevingar slik at det blir mogleg å ta vare på verneverdiane i fjellet på sikt. Det innsamla datamaterialet fortel om stor forståing frå folk med tanke på å setje i verk nødvendige tiltak. For dei som driv med tradisjonelt, enkelt friluftsliv er verneverdiane sjølve grunnlaget for dei gode naturopplevingane i fylgje Gundersen.

Rapporten er tilgjengeleg her: https://brage.nina.no/nina


Korleis kan ein sikre dei besøkande gode opplevingar samtidig som ein skal ta vare på villreinen? Foto: Kjell Bitustøyl

Korleis kan ein sikre dei besøkande gode opplevingar samtidig som ein skal ta vare på villreinen? Foto: Kjell Bitustøyl

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Reintrekket – livet som nomade har endra seg radikalt


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Frå tidenes morgon har reinsdyret vore ein nomade, eit dyr som er på trekk fleire gonger i året, mellom sommarbeite og vinterbeite, mellom vidde og kyst i nokre område, mellom austlege vinterbeite og vestelege sommarbeite i andre område. I somme område er framleis delar av slike trekk intakte, i andre er desse trekka sterkt reduserte eller borte.

Reintrekket er kanskje noko av det som kjenneteiknar reinsdyret aller mest, og overalt der det finst villrein er det snakk om at ein må ta vare på og verne om dei gamle trekkrutene. Samtidig veit me at nettopp slike trekkruter er avskorne av utbygging av infrastruktur, forstyrringar osv., stutt sagt, det me kallar arealfragmentering. Korleis trekkrutene for reinen var før landet vårt blei utbygd med vegar, jernbane, kraftanlegg, hyttefelt m.m., veit me ein del om, men mykje er òg ukjent. Me skal her berre ta med døme frå tre område. 


Illustrasjon henta fra “Spor fra gamle fangstmarker”. Kartet viser Østerdalsfjella aust for Glomma og fangstanlegg i raudt . Kartillustarsjon: P.O. Mathisen. (Trykk på biletet for større versjon av kart)

Østerdalen

Metoden for å kartleggje korleis trekkruter har vore i eldre tid er oftast knytt til avdekking av fangstanlegg, og då gjerne store massefangstanlegg. Per Olav Mathisen er den som har arbeidd mest med å avdekke og kartlegge slike massefangstanlegg i Østerdalsfjella aust for Glomma. Han viser til historiske kjelder som kan fortelje om at ein alt på 1700-talet i store delar av Østerdalen gjekk inn for forbod mot vinterjakt på villrein og elg, dvs. forbod mot bruk av dyregraver òg. Dette må bety at ein har drive rovdrift på viltressursane, noko dei seinare funna av massefangstanlegga stadfester. 

Slike spor etter gamal villreinfangst avdekker trekkmønster og arealbruk gjennom tidene. Mathisen skriv at villrein frå sommarbeita i Forollhogna, Tydalsfjella og kanskje andre område i nord, har bevega seg sørover til vinterlandet, og det på ei farefull ferd, ettersom dei møtte rekkjer med fangstgroper på veg sørover. Slik dreiv veidefolk fangst i samband med trekket sørover seinhaustes, men òg i første del av vinteren. Det er vel kjent at Nord-Østerdalen har lite nedbør og gode lavbeite, og med det lettare tilgang  til gode vinterbeite. Korleis kan ein sjå at fangsten skjedde når dyra var på veg sørover? Fangarmane knytt til fangsgropene fortel oss dette, for dei ligg på nordsida av anlegget. Mathisen meiner at ikkje alle fangstfolka i fordums tid drog tilbake til kysten når det nærma seg vinter: «For et fangstfolk ville det jo egentlig være dumt å dra sin vei på den årstida da villreinen kom i mengder til dette vinterlandet, og den virkelige fangsten startet…».

Om ein ser på dagens trekkruter for dei som drive med tamrein i Røros-Femundområdet, er der stadig vandring langs gamle trekkruter mellom vinterbeita i sør i Femundsmarka og sommarbeita nord for Aursunden, retning meir kystnære strøk. Men sjølvsagt er dette i eit mindre omfang enn tidlegare. Me kan her sjå for oss eit villreintrekk som gjekk over langt fleire mil enn tamreintrekket i dag.


Leveområde og trekkvegar i Dovre- Rondane før og no. Kjelde: NINA (Trykk på biletet for større versjon av kart)

Dovreregionen

Per Jordhøy er den som har arbeidd mest med kartlegging av fangstanlegg i Dovreregionen. Han skriv at migrerande rein har kryssa over dalstrekningane mellom høgareliggjande fjellparti, til dømes mellom Snøhettaområdet og Knutshø. Han meiner at fangstsystema og økologiske haldepunkt/faktorar støttar hypotesen om eit eldre aust/vest-trekk i Dovreaksen, dvs. mellom sommarbeite i vest og vinterbeite i aust. Denne beitestyrte migrasjonen er eit trekk som det er heilt slutt på, grunna aukande tog- og biltrafikk over Dovre. I tillegg kjem det faktum at ein no har eit kontrollert og etter måten lågare dyretal. Ei side ved desse trekka er at kalvingslandet i regionen var i dei vestlege områda, nær reinens sommarbeiteområde, i fylgje Skogland som Jordhøy referer til. «Dette har truleg vore ein viktig faktor for reinen sin trekkmotivasjon på våren, frå vinterbeita i Rondane og Knutshø», skriv Jordhøy.


Kart som viser trekkvegane for villreinen mellom Jøkulområdet og flatvidda på Hardangervidd, på tvers av riksveg 7. Kartet er henta frå NOU Hardangervidda 1974. (Trykk på biletet for større versjon av kart)

Hardangervidda

Som det største villreinområdet i landet er Hardangervidda eitt av svært få område som er att med relativt intakte moglegheiter for ein nomadisk livsførsel. Ei side ved dette er at kalvingsområda har flytta på seg over tid. Samtidig finn me også på Hardangervidda eit tydleg trekkmønster mellom beiteområde med lett tilgjengelege lavmatter i aust og gode vår- og sommarbeite i sørvest og vest. Likevel finn me også rundt Vidda døme på tidlegare trekk som no er borte, eller som er i ferd med å bli borte. Arkeolog Svein Indrelid har forska på reinsdyrfangst på Hardangervidda i eldre tid. Gjennom utgravingane særleg på Sumtangen og ved Krækkja nord for riksveg 7, har ein kunna avdekke eit mønster som fortel om eit årvisst villreintrekk mellom Jøkulmassivet i nord og flatvidda i sør. Dette er ein godt dokumentert fangst basert på at dyra på veg sørover om hausten blei drivne ut i vatnet og avliva av veidemenn i båtar. Dyregraver og andre fangstfunn vitnar om veiding og fangst frå hundrevis av år tilbake i tid. Denne spesielle massefangsten fekk ein brå slutt rundt 1250-1300, og mykje talar for at denne rovdrifta førte til ein sterk reduksjon av villreinbestanden og med det ei mogleg endring av trekkrutene. Samtidig veit me at Jøkulområdet i manns minne blei rekna for å vera eit av dei beste jaktområda på Vidda, noko det blei slutt på då riksvegen mellom Eidfjord og Haugastøl kom, trekkrutene blei med det meir eller mindre avskorne. 

 (Mesteparten av stoffet i denne artikkelen er henta frå heftet «Spor fra gamle fangstmarker» av Per Olav Mathiesen og Torill Andreassen 2009.) 

I neste artikkel om reintrekk skal me sjå nærare på vandringa mot kalvingsplassane, eit trekk som no er i gang.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Nordfjella under lupa


CWD i Nordfjella, fyrste dag med felling. Foto: Statens naturoppsyn/Miljødirektoratet

CWD i Nordfjella, fyrste dag med felling. Foto: Statens naturoppsyn/Miljødirektoratet

Eit omfattande forskingsprosjekt, «Govout», som inkluderer Nordfjella villreinområde, har vore i gang eitt års tid. Prosjektet er i regi av fleire forskingsinstitusjonar og samarbeidspartarar, og Nordfjella villreinområde er eitt av tre studieområde. Tema for prosjektet er «Norsk utmark i endring: Mellom tradisjonelt landbruk, moderne konsum og grønn industrialisering». Ei som er involvert i dette prosjektet i regi av Telemarkforsking, er Marianne Singsaas, tidlegare leiar ved Norsk Villreinsenter (NVS) Sør og no seniorforskar ved Telemarksforsking i Bø.

«Govout» er definert som eit kompetanse- og samarbeidsprosjekt, og det generelle målet for prosjektet er å evaluere ordningane rundt og presset på utmarka. Resultatet av forskingsprosjektet skal kunna gje gode råd til forvaltninga av slike område. Me skal her konsentrere oss om Nordfjella, som er det området som omhandlar villrein, og det med villreinproblematikk i ein heilt spesiell situasjon, ettersom stamma i sone 1 blei skoten ned i samband med forsøket på å slå ned CWD-smitten i området


Marianne Singsaas. Foto: Kjell Bitustøyl

Marianne Singsaas. Foto: Kjell Bitustøyl

Mange aktørar

Det breitt samansette prosjektet vitnar om ei undersøking som går grundig til verks. For lista er lang over partnarane i prosjektet: Ruralis (tidlegare Norske senter for bygdeforskning), NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi), Telemarksforsking, UiO, NTNU, NINA, Statsforvaltaren i Nordland, Trøndelag, Viken og Vestland, Norsk Villreinsenter Sør, University of Gloucestershire og Umeå universitet.

Tidlegare leiar ved NVS Sør og no seniorforskar ved Telemarkforsking i Bø, Marianne Singsaas, fortel at studieområda i tillegg til Nordfjella, som er «hennar» område, er Fosen og Orkland (Trøndelag) og Indre Salten (Nordland). Eirik Fuglestad i Ruralis er prosjektleiar. Eitt år er gjort unna, tre år står att. Singsaas skissere opp dei tre problemstillingane slik: 

1.     Korleis kan utmarksforvaltninga planlegge og forvalte den samla belastninga som er eit resultat av bit-for-bit politikken ført over mange år.

2.     Korleis ta vare på og bygge opp tillit med tanke på den sosiale berekrafta i lokalsamfunna.

3.     Korleis kan ein på best mogleg måte handtere dei interessekonfliktane i utmarka som ligg der. 

Samfunnsblikk

Marianne Singsaas seier at målet om «anvendt forskning» står sentralt i dette prosjektet. Sjølv representerer ho samfunnsforskinga.  Med tanke på problematikken knytt til CWD og Nordfjella, er hennar fokus eit samfunnsblikk på det som har skjedd. Samtidig vil ho arbeide tett på Norsk Villreinsenter og deira kompetansefelt. Eit viktig blikk er på tilhøvet og tilliten mellom lokal og sentral forvaltning. Har løysinga av CWD-saka i Nordfjella konkretisert ved nedslaktinga av 2000 dyr i 2017 svekka eller styrkt denne tilliten? spør Singsaas, eit typisk spørsmål ein forskar må stille seg. 

Berekraftig utvikling

Singsaas understrekar det overordna med å få med folk inn i prosessen omkring omstillinga til ei berekraftig utvikling, og i den samanheng brukar forskarane omgrepet «sosial berekraft»  kanskje ei omskriving av det som politikarar ofte kallar livskraftige bygdesamfunn.

Konkrete oppgåver

Men kor langt har ein kome, midt i desse koronatider, for eitt år har alt gjenge? Til det svarar Singsaas at dei så langt har hatt éin intervjurunde i kommunane rundt Nordfjella: Hol, Ål, Hemsedal, Lærdal og Aurland. Intervjuobjekta har vore ymse: folk frå reiselivet, bønder, grunneigarar, kommunepolitikarar, oppsynsfolk m.m. Nokre grupper står att, blant anna representantar for tamreinnæringa, dvs. Filefjell reinlag, som grensar opp til Nordfjella. 

Marianne Singsaas nemner ulike moment knytt til forskargruppa ho arbeider innafor: Dei har gått gjennom og analysert medieomtala av CWD-saka, både lokalmedia og media på nasjonalt plan. Mykje av reaksjonane ein har kartlagt handlar om kjenslemessige tilhøve: sinne, sorg, frustrasjon, men òg engasjement, seier ho. Eit «funn» ho nemner spesielt er kor sterkt villreinen kjenslemessig er og har vore for bygdefolk rundt Nordfjella. Villreinjakta er utover det reint matnyttige noko som bind generasjonane saman. For dei som har vakse opp i eit slikt miljø, er dette kanskje sjølvsagt, men det blir synleg på ein annan måte no når dette «fellesskapet» er borte, ifylgje Singsaas.

Ho har som observatør òg fått vore med på fyrste møtet i ekspertgruppa som skal arbeide for reetablering av ei reinstamme for Nordfjella sone 1. Dette var riktig nok eit digitalt møte, og Singsaas konkluderer med at det var gode samtaler, men at det framover vil vera kjempeviktig å møtast rundt eit bord, personlege frammøte, og at der bør etablerast fleire slike møteplassar.

Identitet knytt til villrein

Som tidlegare leiar av Norsk Villreinsenter Sør i åtte år har Singsaas blant anna fått erfare at der er mange ulike interesser i utmarka, interesser som ofte kjem i konflikt med kvarandre, for aktørane er mange: kraftutbyggjarar, vind- og vatn, kraftindustri, fritidsinteresser som vil nytte fjellet, lokale folk som har ei lang tradisjon med å utnytte utmarka osv. Og mange opplever frykt for at ting er i endring, ting forsvinn. I høve til villreinen i Nordfjella handlar det no om å halde levande ideen om Nordfjella som villreinområde, det handlar om ein identitet knytt til villreinen, ein del av kulturen i mange lokalsamfunn. Singsaas hevdar at det blir viktig for forvaltninga å ta omsyn til nettopp slike fenomen, og at ein må få til gode tiltak ved ta inn over seg denne kompleksiteten. 

Singsaas er elles klar på at interessekonfliktane er der, og at forskarane ikkje ser på omgrepet «konflikt» som negativt, men at ein gjennom gode prosessar mellom det lokale og statlege forvaltningsnivået må få folk til å kjenne seg inkludert og tatt med på råd.

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Villreinen på rødlista?


Illustrasjonsfoto: Anders Mossing.

Illustrasjonsfoto: Anders Mossing.

Nedgang i bestanden på landsbasis er hovedårsaken til at villreinen nå vurderes til kategorien «nær truet» på rødlista.

Rødlista beskriver arters risiko for å dø ut eller forsvinne fra et område. Dyrene som er aktuelle for lista plasseres i følgende kategorier: «gått tapt CO», «kritisk truet CR», «sterkt truet EN», «sårbar VU», «nær truet NT» og «datamangel DD». Kategoriene viser risikoen for at dyrene dør ut dersom de lever under samme forhold som i dag. Hvis en art plasseres i en av de tre kategoriene «kritisk truet», «sterkt truet» eller «sårbar» regnes arten som truet. Lista revideres hvert sjette år. Revideringen er nå i gang og i dag la Artsdatabanken, som leder arbeidet, frem noen foreløpige vurderinger for rødlista.

Færre dyr
Villrein har hatt en nedgang i bestanden på landsbasis. Grunnet funn av skrantesjuke i 2016 ble hele bestanden i Nordfjella Sone 1 skutt ut som et ledd i smittebekjempelsen. Høsten 2020 ble skrantesjuke oppdaget på Hardangervidda, hos en bukk felt i Vinje i Telemark. Hvordan smitten på Hardangervidda skal bekjempes er enda ikke bestemt, men mulige scenarioer innebærer en større eller mindre reduksjon i bestanden. Noe som igjen vil føre til en ytterligere nedgang villreinbestanden på landsbasis.

Press på leveområder
Villreinens leveområder har vært og er under stadig press. Utbygging av fritidsbebyggelse og annen infrastruktur fratar dyrene viktige leveområder. I tillegg hindres dyrenes muligheter til å vandre innad i og mellom viktig beite- og kalvingsområder. Sammen med klimaendringer utgjør tap av leveområder de største truslene for villreinen i Norge i dag. Fragmentering av leveområder var et av kriteriene som ble vurdert i arbeidet med rødlista. Dette vurderes etter IUCN (International Union for Conservation of Nature) sine kriterier, men ut fra disse er reinen over grenseverdiene for utbredelsesområde og forekomstareal. Reinen er dermed etter denne definisjonen ikke kraftig fragmentert.

Har du innspill?
Artsdatabanken la i dag frem foreløpige resultater for rødlista for at alle som måtte ha utfyllende informasjon om artene som vurderes, skal få muligheten til å bidra. Det er flere komiteer med i alt 91 eksperter som deltar i arbeidet med å vurdere hvilke arter som skal inn på rødlista. De foreløpige resultatene ble lagt frem i et webinar i dag. Det er mulig å komme med innspill til ekspertgruppene frem til 2. mai.

SØK TILTAKSMIDLER I SNØHETTA OG KNUTSHØ


Villrein_Fred_Ivar_Aasand.jpg

Villreinnemnda for Snøhetta og Knutshø disponerer midler som kan brukes til tiltak som styrker forvaltningen av villreinstammene, styrker kunnskapen om villreinens arealbruk i både nåtid og fortid – og ikke minst, som fremmer befolkningens forståelse og kunnskap om villreinens bruk av fjellområdene. Nå oppfordres interesserte om å søke.

Søknadsfrist er 9. april 2021.

Les mer


villrein.no – Fred Ivar Aasand

Kva betyr bukken for simlene vinterstid?


Frå Brattefjell-Vindeggen villreinområde i november, mesteparten simler. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå Brattefjell-Vindeggen villreinområde i november, mesteparten simler. Foto: Kjell Bitustøyl

Eit tema som opptek fleire er kor viktig det er med bukk og storbukk for ein reinsflokk vinterstid når det gjeld å grave fram beite til simler og kalvar. Men kva er sant og kva er myte? I denne artikkelen skal me prøve å nærme oss eit slags svar på dette spørsmålet.

Terje Skogland

Om ein startar med reinsdyrforskar Terje Skogland, er han innom temaet vinterbeiting i boka si «Villreinen – fra urinnvåner til miljøbarometer». Skogland fylgde villreinen heile året og skaffa seg slik ein kunnskap som ikkje så mange andre i samtida kunne måle seg med. Han skriv til dømes om ein tur han har i nærleiken av Mårvatn vinterstid: «Bukkene har mistet sine store gevir og sin status. De har søkt ut av simleflokkene og beiter for seg sjøl for ikke bli dominert av de drektige simlene. Det er bare disse som har gevir å denne årstiden. De bruker dem til å true til seg de beste beitegropene, noe som kommer de voksende fostrene til gode.» Lenger ute i boka skriv han meir om temaet under overskrifta «Kamp om maten», her stadfester han langt på veg observasjonane sine. Han skriv òg om at det er sjeldan at beitegroper er djupare  30 cm i høgfjellet. Han skriv vidare: «Dyr av lav rang taper oftest og må vike plass i kampen om beitet. Når en drektig simle er ferdig med en grop, vurderer hun status på de nærmeste individer. På avstander opptil 30 m ser hun om det er dyr som er underlegne, går mot dem og gjør en rask sleng med geviret hvis gropholderen nøler, og overtar deretter gropen.» Vidare fortel han om bukkane at «For å unngå for mange overordnede, fortrekker voksne bukker å beite i småflokker med «likemenn». 

Det er verdt å merke seg at Skogland ikkje nemner noko om at bukkane kan vera viktige ved å grave fram beite for simlene. 


Her må det gravast for å koma ned til beitet. Foto: Anders Mossing

Her må det gravast for å koma ned til beitet. Foto: Anders Mossing

Magne Hallanger frå Ulvik i Hardanger var fjelloppsyn på Hardangervidda mange år, frå 1982 og framover. Han var blant anna med Terje Skogland i fleire år då dei dreiv med kalveundersøkingar/kalveteljing I Veigdalen og områda omkring. Han stadfester det som Skogland skriv at bukkane samlar seg i eigne flokkar på ettervinteren for å beite. Han er klar på dette med simlene: dei greier heilt fint å finne seg mat på eiga hand utan hjelp frå bukkane. Jon Mårdalen frå Tinn, mangeårig villreinjeger og erfaren fjellmann, gjev uttrykk for noko liknande. Han vil i tillegg understreke at slik saken er no på Hardangervidda, er det sommarbeitet og ikkje vinterbeitet som er problemet.

Erfaring frå tamreindrifta

Geir Egil Slettom er sjefsgjetar i Lom tamreinlag og har drive som reinsgjetar i mange år. Han stadfester langt på veg det som Skogland er inne på, bukkane skil seg frå simlene og dannar eigne flokkar på ettervinteren. Han fortel at Lom, som så mange andre tamreinlag, innførte ny flokkstruktur i 1984 og nesten ikkje har eldre bukk i flokkane. Større bukk har tradisjonelt vore bruka til leiebukk eller køyrebukk, det siste særleg blant samane. Det høyrer med til historia at Lom tamreinlag er av dei som har høgast kalvevekter her i landet.

 Men Slettom har eit anna poeng når det gjeld bukkens rolle, bukkeflokkane er «flinkare» til å søkje seg ut i utkantane av eit beiteområde og på den måten utnytte eit beite som elles ikkje er i bruk. Han fortel elles at det er mindre kamp mellom bukkane når dei har 11/2-årige bukkar i avlen. Eldre bukk har han observert er svakare til å tole vinteren. Frå tida då dei hadde meir storbukk  i flokkane, hugsar han at dei kunne finne attliggjande bukkar når dei flytte med flokken, han meiner der var eit stort svinn etter brunsten. I tillegg meiner han at for dei som driv med tamrein har det vore ein annan stor fordel med yngre bukk, nemleg mindre problem med at bukkar på våren bryt seg inn på seterkve o.l. på våren.


Vinterbeiting i januar, Lom Tamreinlag. Foto: Kjell Bitustøyl

Vinterbeiting i januar, Lom Tamreinlag. Foto: Kjell Bitustøyl

Professor ved NMBU Øystein Holand har publisert mykje knytt til reinens livshistorie, han står blant anna bak artikkelen «Villreinen – en suksessfull art» saman med Tor Punsvik i boka om «Villreinen»  (2016). Han seier at han sjølv ikkje kjenner godt nok til denne problematikken, men at der er ein forskjell på tam og vill rein i den forstand at hjå samane i nord, som han kjenner best til, har vore ein tradisjon med å styre bukkeflokkane dit dei andre dyra held seg, og at ein ser for seg at større og sterkare dyr kan ha ein funksjon i høve til graving av beitegroper. Ivar Tørresdal frå Røros, som har drive innafor sørsamisk reindrift ein mannsalder, hugsar godt tida då dei hadde storbukk. Slik han hugsar det hadde dei storbukk utifrå ein tanke om at store bukkar avlar store kalvar, noko ein heilt har gått bort frå i avlen dei seinare åra, nokon stad heilt sidan 1960-åra. Tørresdal meiner at storbukkane ikkje har nokon funksjon på denne måten, bukkane blir jaga bort av simlene som greier seg godt på eiga hand, seier han.

Litteratur om rein

Ein gjennomgang av litteratur om emnet både når det gjeld tam og vill rein, har ikkje ført fram med tanke på å dokumentere at bukkane er viktige for å grave fram mat for simlene vinterstid, heller ikkje i samband med at isdekke og vanskelege gravetilhøve er nemnt. Det faktum at reindrifta etter strukturendringa i nyare tid, berre nyttar seg av 1 1/2 -åringar i avlen, stadfester dette. Vinterstid er der svært få storbukk i tamreinflokkane, det er nesten berre årskalvar i bukkesegmentet. Konklusjonen blir at det er lite hald i påstandane om at ein er avhengig av storbukk i flokkane vinterstid, altså er dette langt på veg ein myte. 

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Reinheimen-Breheimen: Viktig å vera føre var


Reinheimen mot Tverrådalskyrkja. Foto Per Dagsgard

Reinheimen mot Tverrådalskyrkja. Foto Per Dagsgard

Medan fokus den seinare tida har vore mykje på villreinområde som Hardangervidda, Nordfjella og Rondane, er det på høg tid òg å få ei oppdatering på korleis stoda er i Noregs tredje største villreinområde, Reinheimen-Breheimen. Stikkordet der er å vera føre var, eller sagt med andre ord: ein ynskjer ikkje å koma opp i same situasjon som dei verst ramma fjellområda i høve til belastning på villreinstammene frå auka ferdsel. 

Me har teke ein prat med to sentrale personar i forvaltninga av dette villreinområdet, Randi Rust frå Skjåk, nestleiar i villreinnemnda for Reinheimen-Breheimen, ho sit òg i Villreinrådet i Noreg. Og Knut Granum, også han frå Skjåk, sekretær for villreinutvalet og oppsyn i området gjennom mange år.

Randi Rust

Eg spør Randi Rust kva for utfordringar dei står overfor i deira villreinområde. Ho fortel at Reinheimen-Breheimen er prega av at dei ikkje har så mykje tilrettelegging for ferdsel i sine område samanlikna med andre villreinområde. Det er få og små DNT-hytter i nasjonalparkane og med det eit avgrensa nett av DNT-stigar. Reinheimen- Breheimen er slik mindre tilgjengeleg. 

Den store endringa i bruken er at folk dreg på turar og toppturar nærast til alle årstider no til dags. Bruken av utmarka har endra seg totalt ifylgje Rust, før var bruken tradisjonell hausting av utmarksressursar i form av jakt, fiske og ikkje minst sommarbeite for bufe, ei sesong-basert utnytting. Rust peikar på folk var ikkje var så mobile den gongen. Det er mykje villmark, Reinheimen Nasjonalpark er vel 1900 km2 og Breheimen Nasjonalpark er nesten 1700 km2 og Ottadalen ligg mellom desse to områda.  Det arealet som nå er nasjonalparkar, gjekk tidlegare under namnet  Ottadalen Villreinområde


Frå Breheimen - Tundradalen. Foto: Per Dagsgard

Frå Breheimen – Tundradalen. Foto: Per Dagsgard

Føre-var prinsippet

Villreinnemnda arbeider for at ein skal kunne leggje til rette for både rein og folk. Skjåk Almenning, som eig 95 % av arealet i Skjåk, ynskjer i likskap med andre grunneigarar inntekt på eigedomen. Og det er etablert hyttefelt i randsona til nasjonalparkane. 

– Korleis taklar de dette? spør eg.

– Det handlar om å balansere bruken av utmarka, lokal bulyst og lokal næringsutvikling er særdeles viktig, seier Rust.

Men med hyttefelt blir det meir folk i fjellet, og Rust poengterer kor viktig det er med samarbeid med alle partar. Det gjeld tilrettelegging av lokalt løypenett for å kanalisere ferdsel til robuste område og informasjon om korleis å ferdast i villreinfjellet. 

– Ferdsla til folk flest kan ofte bli styrt gjennom tilrettelegging av løyper og stigar. Slik kan ein til ein viss grad skjerme sårbare villreinområde sjølv med fleire folk til fjells.

Stikkord er her i fylgje Rust eit nært samarbeid med dei lokale løypelaga, hytteforeiningar og næringsutviklarar slik at ein kan bruke utmarka til beste både for villrein og folk. Og ho understrekar at dette har gjenge rimeleg greitt så langt. Reinheimen-Breheimen villreinområde ligg langt frå store befolkningskonsentrasjonar, dei næraste områda i så måte er Sunnmøre og Ålesund. Det er Grotli og Sota i Skjåk og Bjorli i Lesja som er hytteområda for både aust og vestland.

Rust opplyser elles at Villreinnemnda er ein høyringspart når til dømes  sjølvbetjente DNT hytter, beitelagsbuer og allmenningshytter skal endrast, renoverast eller det er andre tilretteleggingar i villreinområdet. 

– Me er kritiske og realistiske i innspela våre, avluttar Rust.  

Knut Granum

Ein som har lang fartstid i Reinheimen-Breheimen er sekretær for villreinutvalet og oppsynsmann Knut Granum. Det er naturleg å spørje han òg om kva for utfordringar villreinen her står overfor? Kva er nytt, kva er ved det gamle?

– Dei to siste åra har militæret tatt i bruk området her vinterstid, blant anna med litt bruk av snøskuter. Heimevernet i Møre- og Romsdal er blant dei som har vore med på dette. Dette kan fort bli ein uønskt aktivitet i villreinområdet, seier Granum, som føyer til at dei har god kontakt med nasjonalparkstyret, samt at dei òg kan hente erfaring frå miljøet på Hjerkinn der ein har lang erfaring med samarbeid med Forsvaret.


Breheimen - reinsbukk i nærleiken av Sota seter.  Foto: Per Dagsgard

Breheimen – reinsbukk i nærleiken av Sota seter. Foto: Per Dagsgard

Reiselivet – god dialog

Knut Granum snakkar òg om reiselivet og eit ønskje dei har for å ekspandere og ta meir av fjellet i bruk, noko som naturleg nok ikkje gagnar villreinen. Her ligg, som i mange andre område, ein kime til konflikt. Og slik har det vore lenge. Som Randi Rust nemner han at det er føre-var prinsippet som gjeld og som ein styrer etter, for her er fleire område med planar om meir hyttebygging.

Granum stadfester at dei siste åra har dette gått relativt bra, og nemner god planlegging av løyper vinterstid som eit døme på føre-var prinsippet. 

I høve til DNT har der vore forskjellige utfordringar.

– Me har hatt våre kampar med DNT, blant anna har det vore eit tema med auka trafikk på grunn av ei nyare turisthytte som ligg slik til at det er lettast å koma inn frå Skjåk. Her er det ei trekkrute aust-vest som kan vera ein barriere. Så har dei hatt tilfelle der turisthytter har måtte stenge 1. mai og fram til sommaren på grunn av kalvinga, fortel Granum.    

Men han legg vekt på at dei etter kvart har fått til ein god dialog både med DNT og grunneigarar og slik oppnådd større forståing for villreinens behov. Slik oppfattar han det òg i høve til reiselivet elles.


Reinsbukk i Lomshorrungen i Reinheimen. Foto: Per Dagsgard

Reinsbukk i Lomshorrungen i Reinheimen. Foto: Per Dagsgard

Villrein-tamrein

Breheimen grensar, som Vest-Jotunheimen, opp til Lom tamreinlag sitt beiteområde på Lomseggen og Sognefjellet Der har vore konfliktar lenger tilbake, men største utfordringa no er på sjølve Lomseggen der villreinbukkar frå Breheimen kan blande seg saman med lomsreinen. To bukkar gjorde dette i fjor, den eine bukken blei skoten av folk frå tamreinlaget – og hendinga førte til eit møte med bl.a. Miljødirektoratet og Statens naturoppsyn. Granum meiner at der er ein fare for at ein større villreinflokk kan koma saman med ein tamreinflokk dersom desse kjem inn i same område i 2000 m høgde og uvêr hindrar folk i koma inn og gjete flokkane.

Bestand

– Kva med villreinbestanden og svingingar der?

– Me har eit godt kontaktnett av folk og godt samarbeid med SNO for å fylgje med på bestanden. Og der er både plussar og minusar, kalvevektene har gått ned i både Reinheimen og i Breheimen, og i Breheimen har stamma vore litt for stor, slik at denne er justert ned. Slike svingingar har ført til årlege minimumsteljingar. I Breheimen prøvar me å snu ein negativ tendens. Eitt av grepa me har gjort er å få til eit uttak av små kalvar, slik at desse ikkje kjem inn i avlen.

Granum fortel elles at dei har hatt to år med fotròte i Breheimen, men i 2020 verka det som alle dyr har unngått denne sjukdommen. Som ei forklaring på fotròten nemner han dei to somrane 2018 og 2019, det var tørre somrar der reinen har flokka seg i myrhol, og med det lettare for utbrot av fotròte.

– Kva med klimaendringar?

– Med eit varmare klima vil områda i vest bli meir verdifulle, Stryn og Tafjordfjella særleg. Eit slikt trekk vestover vil kunne føre til at trekkrutene kan bli avskorne, der kan bli barrierar for villreinen.

Kvalitetsnormen

Knut Granum vil elles trekkje fram Kvalitetsnormen som eit positivt tiltak i regi av Norsk Villreinsenter. Dette handlar om tilstanden i dei ulike villreinområda, og der bidreg lokale folk med registreringsarbeid, seier han. Dette tiltaket vil kunne auke statusen til villreinen. Granum legg òg vekt på det gode samarbeidet dei har mellom villreinutval og villreinnemnd for Reinheimen-Breheimen. 

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Frå den eine villreinjobben til den andre


Morten Elgaaen på jaktoppsyn i Brattefjell-Vindeggen villreinområde, i bakgrunnen Gaustatoppen. Foto: Kjell Bitustøyl

Morten Elgaaen på jaktoppsyn i Brattefjell-Vindeggen villreinområde, i bakgrunnen Gaustatoppen. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå og med 1. mars er Morten Elgaaen, busett i Rauland, tilsett ved Norsk villreinsenter Sør som fagkonsulent i 50% stilling. Etter 14 år i SNO med den offisielle tittelen seniorrådgjevar, har han no bytt beite. Men eitt står fast: Han skal framleis arbeide med villrein. 

Oppsynsdrakta til SNO er erstatta av fagkonsulentfrakken eller kanskje anorakken, for som medansvarleg for gjennomføring av kvalitetsnormen for villrein, skal Morten Elgaaen drive ein del med feltarbeid: GPS-oppfylgjing, beiteregistering og liknande. Og er det noko han er vane med den erfarne utmarksforvaltaren, så er det å ha arbeidet sitt utandørs. Dette har han hatt med seg heilt sidan han som gutunge trødde i hælane på faren på jakt- og fisketurar heime i Elgå.  

Åmot utmarksråd

Gutedraumen for Morten Elgaaen var å bli oppsynsmann i Femundsmarka nasjonalpark. Slik hamna han på ei fireårig utdanning innanfor utmarksforvaltning på Evenstad, ei utdanning der økologi, biologi og all slags viltforvaltning var på timeplanen. Fyrste jobben var for Åmot utmarksråd i Rena i Østerdalen, her handla det mest om viltforvaltning og oppsyn knytt til elg, småvilt og fiske. I tillegg til dette hadde han hatt sesongarbeid to år som fjelloppsyn i Femundsmarka for Engerdal fjellstyre.

Til Setesdal

Men lagnaden ville det annleis enn gutedraumen, og Morten Elgaaen hamna i Bykle kommune der han fekk arbeid på planavdelinga og med reguleringsplanar. Her blei han kjent med eit villreinområde for fyrste gong, og forvaltning inn mot Setesdalsheiane blei ein del av arbeidsområdet


Morten Elgaaen på oppdrag for SNO - her handlar det om å peile ei bortkomen simle med radiosendar, dyret har falle utanfor ein skrent. Foto: Kjell Bitustøyl

Morten Elgaaen på oppdrag for SNO – her handlar det om å peile ei bortkomen simle med radiosendar, dyret har falle utanfor ein skrent. Foto: Kjell Bitustøyl

SNO i 14 år

1. januar 2007 blei eit vendepunkt, for då blei det lyst ut full stilling i SNO Skinnarbu. Morten Elgaaen søkte jobben og fekk han. Dei geografiske arbeidsområda har for ein stor del vore Hardangervidda og Brattefjell-Vindeggen, men òg mindre verneområde i Telemark. På Skinnarbu har han halde hus med kollega Knut Nylend over lang tid og under same tak som Norsk villreinsenter. Det er slik sett ikkje behov for bli-kjent-med veke for Elgaaen når han no går over i ein ny jobb. 50%-stilling har han hatt dei siste to åra òg innafor SNO, med permisjon frå halve stillinga. Grunnen er enkel: Han har enda opp med gard og stifta familie i Rauland, der storfehald har blitt ein viktig del av tilværet, ikkje heilt ulikt oppveksten i Elgå der sauen var husdyret.

Kva beste minna frå desse åra i SNO er? Han tenkjer tilbake på ei tid med spennande og interessante oppgåver, ikkje minst alle folk han har møtt og hatt med å gjera. Men der er òg ting han ikkje kjem til å sakne, aller mest er det kontrollarbeid i høve til motorferdsle i utmark. Elles inneheldt arbeidet desse åra, i tillegg til sjølve oppsynet, ein informasjonsbit samt det han kallar registreringsarbeid og skjøtsel. Eit prosjekt i så måte har vore knytt til utsetjing av fjellrev på Hardangervidda.   

Kvalitetsnormen

Elgaaen gler seg til å ta fatt i den nye jobben, han ser òg at ein fast 50% stilling er meir ideell for han. I SNO har han vore meir avhengig av å måtta ta omsyn til vekslande vêr og slikt. No med ein annan type jobb pluss fast stilling i 50% kan han lettare kombinere arbeid og gardsdrift og omsyn til familien. Arbeidet med kvalitetsnormen vil vera den viktigaste oppgåva for NVS dei komande åra, kvart villreinområde skal få ein type trafikkljos med grøn, gul eller raud status. Og Elgaaen vil vera ein del av teamet som skal drive dette arbeidet framover. Skal tru om reinsdyra i Brattefjell-Vindeggen og på Hardangervidda vil kjenne att Morten Elgaaen, no når SNO-habitten er lagt vekk for godt?

villrein.no – Kjell Bitustøyl

Svarthøskredet

Det er ikke bare vi mennesker som må passe oss for snøskred i vinterfjellet. Også reinen kan være uheldig å bevege seg inn i farlig terreng. År om annet rapporteres det om både vill og tam rein som er tatt av skred. I tillegg kan vi tenke oss at en del av disse hendelsene ikke blir oppdaget og kjent for oss.  Av de skredene vi kjenner til er Svarthøskredet i Lesja et av de som har tatt desidert flest villreinliv.

Raset gikk trolig omkring den 20. februar 2006, men ble ikke oppdaget før 2-3 uker etter. I områdene omkring Svarthø lever villreinen i Snøhetta Vest-stammen. Før ulykken var vinterbestanden her på omkring 600-650 dyr. Totalt omkom minst 245 dyr i skredet, 65 hanndyr (27 %), 166 hunndyr (68 %) og 14 ukjente. Altså døde ca. 40 % av bestanden. Dette er en dramatisk reduksjon for en villreinstamme. I tillegg til de dyrene som ble funnet døde, ble en håndfull dyr med skader fra raset avlivet i ettertid.


Totalt 245 dyr døde i snøskredet i Svarthø. Foto: Roy Andersen

Totalt 245 dyr døde i snøskredet i Svarthø. Foto: Roy Andersen

De døde dyrene lå slik til at en fryktet forurensning av drikkevannet i området.  I tillegg var de interessante å undersøke i forskningsøyemed. Lokalt mannskap, deriblant en del frivillige, sammen med mannskap fra kommunen, Fjellstyrene og NINA (Norsk institutt for naturforskning) tok jobben med å frakte ut til sammen 148 av de døde dyrene og ta prøver av de.


Reinen graves frem av snømassene og gjøres klar for uttransport og prøvetaking. Foto: Roy Andersen

Reinen graves frem av snømassene og gjøres klar for uttransport og prøvetaking. Foto: Roy Andersen

I 2005 var det en kvote på 400 dyr i dette området. Fra ulykkesåret i 2006 og frem til 2008 var kvota på 80 dyr. I årene som fulgte steg kvotene minimalt og ikke før i 2018 var kvota tilbake på samme nivå som før ulykken, altså 400 dyr. Vi kan trygt si at skredet har fått konsekvenser for forvaltning og jakt helt frem til i dag.

Foruten påvirkning på dyretallet i området har det også tatt 10-15 år før villreinen i Snøhetta Vest-stammen igjen har begynt å bruke området rundt der skredet gikk og nordvestover mot Rauma. Dette tyder på at dyrene som ble tatt i skredet var de som brukte dette området mest.


Foto: Roy Andersen

Foto: Roy Andersen

I dag starta flyttinga av Gråhøgdbu


Gråhøgdbu på flyttefot Foto: Ragnvald Jevne/DNT Lillehammer

Gråhøgdbu på flyttefot Foto: Ragnvald Jevne/DNT Lillehammer

Den tidlegare sjølvbetjeningshytta Gråhøgdbu på Venabygdfjellet er frå og med i dag av på flyttefot ved hjelp av spesialbygde sledar, hytta skal flyttast til Maihaugen. 

I samband med at DNT har eit eige prosjekt som ein del av Verdiskapingsprogrammet for villrein, «DNT i villreinfjellet», har ein no kome så langt at den tidlegare sjølvbetjeningshytta Gråhøgdbu er klar for flytting. Flyttinga startar i dag og hytta blir drege fram av ein spesialbygd kjelke. Planen er at hytta skal gjenreisast på Maihaugen og bli ein formidlingsarena. Grunnen til flyttinga er at ein skal redusere forstyrringa i viktige trekk- og beiteområde for villreinen i Rondane Sør.

Ei ny hytte blir bygd som erstatning, Veslefjellbua, og rutenettet blir lagt om. DNT har i høve til deltakinga i Verdiskapingsprosjektet dette som hovudmål: «Å bidra til ei berekraftig villreinforvaltning og tilrettelegging for friluftsliv som ta omsyn til villreinen.». 


Foto: Ragnvald Jevne/DNT Lillehammer

Foto: Ragnvald Jevne/DNT Lillehammer

villrein.no – Kjell Bitustøyl