Rášša – forskingsprosjekt om reinen i to forskjellige landskap


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Eit nytt  forskingsprosjekt om «forvaltning, forhandling og samskaping for rettferdig og berekraftig arealbruk i reinens landskap» har sett dagens ljos og hatt sitt fyrste møte. Fire aktørar er involvert: NIVA – Norsk institutt for vannforskning, Nordlandsforskning, Internasjonalt reindriftssenter og Norsk Villreinsenter Sør. Dei to hovudfokus-områda er Hardangervidda og Finnmarksvidda.

Dette er eit litt uvanleg samarbeidsprosjekt i den forstand at ein har valt ut eitt forvaltningsområde der det er villrein, og eitt der det er tamrein, altså Hardangervidda og Finnmarksvidda. To av aktørane kan trygt seiast å operere innafor det ein kan kalle tamreinområda her i landet, Nordlandsforskning  i Bodø og Internasjonalt reindriftssenter i Kautokeino, medan Norsk Villreinsenter Sør representerer villreinområda. NIVA har rolla som leiar i prosjektet. Prosjektleiar er Kathrine Ivsett Johnsen frå NIVA. 


Finnmarksvidda, det eine av to reinsdyrlandskap som er med i Rášša. Foto: Kjell Bitustøyl

Finnmarksvidda, det eine av to reinsdyrlandskap som er med i Rášša. Foto: Kjell Bitustøyl

Prosjektet har fått namnet Rášša, som er eit nordsamisk omgrep for eit høgtliggjande beiteområde med spreidd vegetasjon. For reinsdyra er slike område viktige i periodar når det er varmt. Innafor forvaltning og konsekvensutgreiing blir desse områda kategorisert som unyttige for reinen, men nyttige for utbygging av vindturbinar og utbygging av gruvedrift. Slik vil tydinga av ordet vera avhengige av kven som brukar det, altså relevant med tanke på problemstillinga i dette prosjektet der ulike kunnskapssystem og ulike diskursar skal under lupa. 

To administrative sfærer

I dette forskingsprosjektet skal ein undersøkje forvaltninga av areal der det i dag er konfliktar mellom verne- og bruksinteresser. Det som er felles for dei to utvalde områda er at det er leveområde for reinsdyret (vill og tam rein) med flytteleier, kalvings- og brunstområde. Men forvaltninga av dei to «reinsdyrlandskapa» er forskjellig, ein har ulike politiske mål og ulike leverandørar av kunnskap. Ein snakkar gjerne om «to administrative sfærer» som blir styrt av ulike sektorar og blir påverka av ulike språklege framstillingar (diskursar).


Hardangervidda, det andre reinsdyrlandskapet som er med i Rášša. Foto: Kjell Bitustøyl

Hardangervidda, det andre reinsdyrlandskapet som er med i Rášša. Foto: Kjell Bitustøyl

Lokale rettshavarar blir ikkje høyrt

Rášša-prosjektet ser for seg at god forvaltning er avgjerande for å ta vare på Europas villreinbestand, samisk reindrift og biologisk mangfald generelt. Samtidig ser ein at landskapa er utsett for aukande press frå ulike arealbrukinteresser samtidig som klimaendringane også er ein faktor. På den andre sida opplever lokale rettshavarar som grunneigarar og reineigarar at deira behov, kunnskap og perspektiv ofte blir oversett i arealforvaltninga.

Etablere ein møteplass

Ideen er at ein gjennom deltakande metodar og tett samarbeid med grunneigarar og reineigarar, skal samanlikne temaet arealforvaltning innafor villrein- og tamreinområde. Ein vil sjå på korleis reinsdyrlandskapa blir forvalta i samspelet mellom rettshavarar, arealbrukinteresser og dei som gjer vedtaka. Prosjektet vil på denne måten undersøkje kva for verdiar og kunnskapssystem som avspeglar seg i arealplanlegginga og i dei vedtaka som blir gjort. Planen er å etablere ein møteplass der aktørar frå «ville» og «tamme» reinsdyrlandskap kan utveksle erfaringar og drøfte felles utfordringar. Prosjektet har som mål å få til ei meir inkluderande, rettferdig og meir heilskapleg forvaltning av både villrein og tamrein, på vegen mot å minske arealbrukskonfliktane i det ein kallar eit framtidig «lågutsleppssamfunn». 

Rášša-prosjektet har hatt sitt fyrste digitale møte der aktørane fyrst og fremst blei betre kjent med kvarandre, pluss at ein har skissert opp arbeidsoppgåver og møteverksemd for 2021. Planen er å møtast fysisk fyrste gong på Norsk Villreinsenter Sør på Skinnarbu i slutten av august. 

villrein.no – Kjell Bitustøyl