Reinteljingane – kor mykje er dei å lite på?


Minimumsteljing på Hardangervidda 2013 Foto: Kjell Bitustøyl

Minimumsteljing på Hardangervidda 2013 Foto: Kjell Bitustøyl

Eit tema som dukkar opp år etter år i villreinmiljøet er diskusjonen om dei årlege flyteljingane av rein og kor presise dei kan vera. Kva kan dei eigentleg fortelje oss om bestanden i eit villreinområde?

Få har så lang erfaring med teljing av villrein som reinsdyrforskar Olav Strand – enten det er minimumsteljing, kalveteljing eller strukturteljing. Difor er det nærliggjande å be om hans meining når det kjem meldingar om bestandsnedgang i eit område. Slike bestandstal byggjer ofte på det me kallar minimumsteljingar.

Minimumsteljing


Olav Strand. Foto: Kjell Bitustøyl

Olav Strand. Foto: Kjell Bitustøyl

– Kva er ei minimumsteljing? spør eg..

– Det er ei teljing på vinteren for å finne ut kor mykje rein ein har i eit villreinområde. Det er det du finn av dyr under teljinga. Så er det eit spørsmål knytt til dette: Kor mange av dyra som høyrer til i området har du fått med deg i teljinga? Altså minimum er vesentleg mindre enn det du har, og det faktum at du kan koma til å telje same dyret to gonger, då får ein for høge tal. Det er i det heile ein betydeleg usikkerheit rundt slike teljingar. Men det er det beste ein har, så ein bør bruke teljingane, seier Strand.

Han understrekar at NINA, der han jobbar, har ansvar for kalveteljingane og strukturteljingane i overvåkingsprogrammet i samarbeid med villreinutvalet, medan minimumsteljingane eine og åleine går i regi av villreinutvalet.

Få undersøkingar på dødstal

Strand stadfester at ei minimumsteljing kan slå båe vegar. Men korleis ser han for seg at dette får innverknad på fastsetjing av jaktkvotar?

– Ein tek utgangspunkt i det ein meiner ein har i vinterbestand. Vidare kjem ei kalveteljing i juli med kalv pr. simle og ungdyr, og så har du strukturteljinga om hausten. Då kan ein finne ut kor mykje dei simlene ein har produserer av kalv, og kor stor del av stamma simlene utgjer. Utifrå dette lagar ein seg eit reknestykke på neste års forventa produksjon av kalv. Dette er ei utfordring: For kva er det me trur me får produsert av kalv til neste år. I nokre villreinområde område kan dette variere mykje frå år til år, med vêr og føre, vinterforhold osv. Og likeins vil talet på døde dyr kunne variere ein del. Dødstala har me få undersøkingar på. Å estimere dødstala på eit presisjonsnivå slik at dei er veldig relevante for forvaltninga, er utruleg krevjande. Er dødstala på 3% eller er dei på 12%? Dette kan gje eit stort utslag i eit bestandsrekneskap over tid. 

Strand seier at det er mykje som kan føre til variasjon i bestanden. Difor er det ofte slik at det er ei nokså urealistisk forventning om kor føreseieleg bestandsutviklinga er. Ein får seg overraskingar, ein kan ha mindre rein enn ein trudde.

Kunnskapen finst lokalt

At mange dyr manglar når minimumsteljinga er unnagjort, er altså vanleg. 

– Kva svarar du som forskar når du får spørsmål om akkurat dét temaet?

– Akkurat der trur eg dei er best rusta til å vurdere dette sjølve i eit villreinområde. Dei har slik sett ikkje noko anna val enn å leggje tala dei har til grunn for forvaltninga. Men er det frykteleg overraskande tal – det kan ha vore dårlege vêrtilhøve og greier – så legg ein litt mindre vekt på teljinga enn om ein synest at «det her var ei knallbra teljing, med suverene snøtilhøve, i år hadde vi verkeleg kontroll på sakene.» Då vil ein leggje større vekt på denne teljinga. Men dette er ikkje ei beint fram matematisk sak.

– At dyr kan ha vandre over til eit anna område er vel eit moment ein må ta med?

– Ein kan ikkje avvise det, men at hundrevis av dyr har vore på rømmen til stadigheit og kryssar vegar, hyttefelt o.l. utan å bli oppdaga, det er ikkje særleg sannsynleg.


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Å forvalte villrein er vanskeleg

– Kva slags råd bør ein gje til dei som er bekymra for villreinstamma si?

– Viss dei heile tida finn færre dyr enn kva dei bør finne, så kan det tyde på at dødstala er større enn dei har rekna med. Men det er heilt håplaust for ein utanfrå å seie nokon anna enn at viss det er for lite dyr, då er det berre å redusere jaktuttaket og samtidig investere meir i teljingar og finne betre ut kvar dyra er.

Slik er det å forvalte rein.  

Stor hjelp frå GPS-data

– I nokre område har det til tider òg vore det motsette problemet: at ein har vore redd for at det blir for mykje dyr i høve til tilgjengeleg beite?

– Dette har prega forvaltninga på Hardangervidda, ein har vore redd for at stamma skal bli så stor at jakta er eit lite effektivt forvaltningsverktøy. Til vanleg greier du maksimalt å ta ut 2-3000 dyr utan ekstraordinære tiltak. 

Strand understrekar at ein i dei seinare åra har hatt god hjelp frå GPS-data i samband med teljing.  

– Ta for eksempel viss du har to forskjellige flokkar, og så viser GPS-en at det er same flokken, altså har ein talt dobbelt. Det er ikkje enkelt det der, for eitt av problema med all slik estimeringa av rein, er at dei gjeng i flokkar og at den «oppdagbare» eininga i ei teljing er ein flokk der det kan vera alt frå to dyr til 1000 dyr. 

I dei store villreinområda kan i fylgje Strand bruken av GPS-sendarar minske feilmarginen. Han nemner Setesdal som eit døme på korleis det har blitt etter at ein slutta med GPS-sendarar.

– No er det mykje vanskelegare å få gjennomført ei god kalveteljing og ei god strukturteljing.

Presisjon er vanskeleg

Konklusjonen til Strand er relativ enkel:

– Er ein redd for at ein har alt for lite dyr, så må ein berre jakte litt mindre, samtidig som ein brukar meir energi i samband med teljingane. Så har me eksempel på at ein har plussa på: «Me har sikkert meir enn kva me har». Og så går det to år til og stamma er redusert til halvparten av det som var stipulert.

– Så er det dette med forventningar?

– Ja, ein forventar at det her skal bli så presist, slik som f.eks. på Hardangervidda der ein sit og diskuterer 500 eller 1000 dyr. Og ein må gjerne drive med det, men å ha nokon sikkerheit for det, det er noko heilt anna. Om me brukar Hardangervidda som eksempel og har ei eksakt vinterteljing gå ut frå, og så legg inn variasjon på kalveproduksjon og jaktuttak, då er feilmarginen pluss-minus 1000 dyr i forhold til utgangspunktet. Difor må ein heile tida justere og bruke dei tala ein får.

Omsynet til jegerar og grunneigarar er styrande

Olav Strand seiar at det kanskje er slik at forvaltarar og rettshavarar har eit ønskje om større stabilitet og framsynt planlegging enn det som er mogleg.

– Éin ting er omsyn til stabilitet og bestandsstorleik utifrå grunneigar-, rettshavar- og jegersynspunkt, ein annan ting er omsyn utifrå meir økologiske variablar. Om du nok ein gong ser til Hardangervidda, så er det mange som ønskjer seg ein stor bestand for å få mykje jaktkort, men kalvane er 12 kg, så det er ikkje så mykje som tilseier at bestanden er for liten. 

Strand avsluttar slik:

– Eg trur at det i forvaltninga ofte er omsynet til ønskja frå jegerar og grunneigarar som styrer, og med tanke på bestandsmål er det mykje trongare det intervallet dei synest er greitt enn kva som er greitt reint biologisk.


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

villrein.no – Kjell Bitustøyl